torsdag 21. juli 2011

Bærsaus

 Eg driv og lagar noko eg kallar "rydderettar" for tida.  Eg ryddar i skåp og fryseboksar.  Konklusjonen er at om eg skal få det ryddigare, må eg ha færre ting.  Treng ein til dømes å ha sagogryn i huset til ei kvar tid?
 I staden for den vanlege saftsausen ville eg lage ein saus av friske bær.  Eg fann ca 700 g jordbær i åkeren.  Desse mosa eg saman med 1 dl melis og 1 dl vatn.
Sausen vart nydeleg!  Men eg synest ikkje den passa så godt til sagopudding.  Den tok for mykje merksemd. Den er sikkert nydeleg til is - og kanskje til riskrem?

3 kommentarer:

  1. Så lurt med rydde middagar!
    Har ein tendens til å hope seg opp ja.. :-)
    Har akkurat ete sein middag, herleg hyse frå havet utanfor byen Ulsteinvik ;-)

    SvarSlett
  2. Prøv ein mørk god og lett klissete brownie til sausen - oppskrifta liknar veldig den eg har nytta...

    SvarSlett
  3. Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift frå Nye boller til burritos. Den boka 9. klassingane får.
    Sikkert god til brownie og krem ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...