tirsdag 31. juli 2018

Rapallo


Etter hetebølge heime har vi sett nasen mot endå varmare strøk. Men her forventar vi varme!

Dagens middag var enkel. Vi var svoltne etter reisa, heldigvis, 

Eg skal prøve å få lagt ut eit par bilde om dagen.


mandag 30. juli 2018

Bok 32: Begynnelser


Livet må levast framlengs og forståast baklengs.

Miljøvernaren Terje ligg på sjukehuset etter å ha tatt sitt eige liv. Vi følger han bakover i tid, først som vaksen, deretter som ungdom og til slutt som barn. Gradvis blir vi kjente med ei sår familiehistorie, Terjes glødande kjærleik til naturen og alle vala han tok eller ikkje tok. Kvifor blir eigentleg livet som det blir, og kva er samanhengen mellom enkeltmennesket og det store kretsløpet vi alle er ein del av?

«Begynnelser» er ein vakker og svært aktuell roman om den komplekse menneskenaturen og naturen vi held på å øydelegge.

«Først da sommarfuglen letta frå raudkløveren og eg prøvde å følge han med blikket mens han flaksa med rykkvise sikksakkbevegelsar innover i skogen, merka eg at auga mine var fylte opp av tårer. Vi menneske burde utvide nestekjærleiksbodet, tenkte eg, vi burde leve slik at dei andre artane saknar oss den dagen vår art er borte frå kloden.»


Eg begynte på denne romanen for ein månads tid sida og la han vekk.  Språket plaga meg. Opplesaren er heilt sikkert flink å lese, men han les nynorsk på bokmål.  Intonasjonen vert feil.  Hadde trønderdialekt skine gjennom, ville det vore lettare å takle språket.  Alt vert lukka t.d. Eg får lyst til å be nokon late att noko , om ikkje anna som ein variasjon.

Men då det kom fram at slekta likte boka, så gav eg henne ein ny sjanse.Eg bestemte meg for å sile vekk det eg ikkje likte. 

Tiller skildrar godt psyken til Terje.  Med tilbakeblikk får vi innsikt i ekteskap og barndom. Sjølv vart eg riven med.  Romanen er innsiktsfull og gir mykje høve til refleksjon.

søndag 29. juli 2018

Holesanden


I dag kom barndomskompisar av manne  med følgje frå bya for å vere på Holesanden. Først var vi på matutsalet og kjøpte oss kaffi og kaker. Etterpå bada dei som ville. Vi hadde med oss fluktstolar. 

Alle var samde om at dette bør bli ein tradisjon.

fredag 27. juli 2018

Bok 31: Biskopens hemmelighet



I september 1972 søkte biskop Fridtjov Birkeli avskjed fra sin stilling som biskop i Oslo. Søknaden var begrunnet med alvorlig sykdom. Bak den tilsynelatende udramatiske avskjeden foregikk det en kamp med utpressing og løgner, intriger og lidenskaplig erotikk. Først nå blir historien fortalt i sin fulle bredde. Biskop Birkeli ble presset ut av bispestolen fordi han hadde en elskerinne.

Dette er en kjærlighetshistorie og en beretning om svik. Den livlige teologistudenten Fridtjov hadde fått seg kjæreste, den vakre Astri Toft. De forlovet seg, og Birkeli startet sine forberedelser som misjonær. Sammen skulle de dra til misjonsmarken på Madagaskar. Astris mor sa nei. Hun ville ikke la sin datter dø i Afrika, og Birkeli ble satt på sitt livs prøvelse; kallet eller kjærligheten? Han valgte kallet, og dro alene.

Det går tretti år, begge blir gift på hver sin kant. Men så møtes de, og kan ikke unnvære hverandre. De møtes i hemmelighet, i USA, Storbritannia og Oslo. Astri er stolt over endelig å ha kapret biskopen, og hun forteller om deres hete møter. Så griper en halvbror inn, og skriver brev til de øvrige biskoper om hva Birkeli driver med. I løpet av et par dramatiske dager er Birkeli ute av sitt embete.

"Biskopens hemmelighet" er den fengslende historien om den store misjonsstrategen Fridtjov Birkeli - oppvokst på et barnehjem, misjonær på Madagaskar, biskop i Stavanger og senere i Oslo.

Tomm Kristiansen er en populær og folkekjær forfatter som har skrevet mange bøker fra Afrika, nå vender han for første gang blikket mot Norge.


Denne boka greip meg.  Noko av det den skildrar har vi ei aning om.  Misjonæreane som plasserte borna på barneheim for å misjonere, har vi høyrt om.  At dei også der vart mishandla, burde kanskje ikkje overraske?

Eg har og eit vagt minne om denne utpressingshistoria.

Det som grip meg mest er kjærleikshistoria; desse som ikkje får kvarandre i ungdommen, men som treffest att og ikkje kan halde seg frå kvarandre i godt vaksen alder. Korleis kan biskopen i Oslo sette stillinga og ekteskapet sitt på spel?  Og så er det biskopane som vil dekke over.

Hadde dette vore oppdikta, ville vi nok ikkje trudd det... Eller vi ville sagt historia var full av klisjéar og fordommar.

søndag 22. juli 2018

22. juli 2018


Sju år har gått. Likevel kjem kjenslene fram att denne dagen. Det er sterkt å høyre namna på dei drepne bli opplesne. 

Mykje kan seiast. Eg hugsar eg sa til niesa mi som eigentleg skulle ha vore der, at eg var så glad for at ho ikkje var blant dei drepne, men og av dei som overlevde. Det siste forstod ho ikkje heilt. Eg tenkte på dei fysiske,og ikkje minst psykiske, skadene ho kunne ha fått.  At dei overlevande skulle bli sjikanerte og drapstruga på nett, hadde eg ikkje fantasi til å kome på kunne skje.

Eg håper alle som ser slikt reagerer!

Peacerosa har vorte eit symbol på 22. juli. I år hadde ei overlevd den harde vinteren.

torsdag 19. juli 2018

Lindtein-genser til Olaug


Olaug plukkar opp kva som er moderne innan strikking. Denne genseren var rask og strikke på pinnar 9, og så lærte eg eit par nye teknikkar på ermane.

Gult er visst blitt kult. Eg legg merke til at førstedama i USA har brukt mykje gult i det siste. 

Garnet er Pus. Bilda har Alexander tatt på Flø.

Moldejazz


I går stod vi tidleg opp for å kome oss til Molde før paraden. 

Middag på Egon; pizza!

Konser om kvelden. Sneik meg til eit bilde under Gloria.



tirsdag 17. juli 2018

Bok 30: Gudmoren


Nyttårsaften: Gudmoren ser på klokka. Det er nå. Hun skyter tre skudd og lar våpenet gli tilbake i lommen.

Wilma Lind står overfor en ny, intrikat drapsgåte. Uteliggeren og politikjenningen Bønna blir funnet skutt i Spikersuppa på selveste nyttårsaften. Snart dukker det opp enda en uhyggelig drapssak; en hardt trafikkskadet kvinne er brakt til sykehus for operasjon på intensivavdelingen. Neste morgen er pasienten forsvunnet. De finner henne etter hvert i sykehusets likkjeller. Hun er ennå ikke obdusert, men har et stort arr over brystet. Overlegen forklarer situasjonen til politiet: «Hun var i live helt til noen opererte ut hjertet hennes.» Wilma stirrer på den døde kvinnen. Et kaldt gufs går gjennom rommet.


Denne romanen har eg ikkje brukt mange dagane på.  Det er ei skikkeleg slukebok, lettlesen med god driv. Ho går nok inn i kategorien eventyr for vaksne. Eg trur ikkje heilt på personane i krimgåta.

Bok 29: Pandora


En ny thriller fra mesteren Tom Kristensen, der vi møter igjen Stine Lind fra spenningsbestselgeren «Profitøren».

Et cruiseskip i Karibia har fullsatt sal under kveldsshowet. I det forrykende avslutningsnummeret drysses gråhvitt miltbrannpulver over publikum, og det største bioterrorangrepet i Vesten er et faktum.

På Mallorca ankommer Omar Shakir familiens feriebolig etter endte studier i London. Han blir tvunget til å spionere for den amerikanske etterretningsorganisasjonen NSA, for NSA mistenker at Shakirs far er selveste Oksen - den islamske stats mektige og usynlige finansansvarlige.

I Oslo strever Stine Lind med å få til sin tredje dokumentar. Men når Shakir tar kontakt, øyner hun muligheten til å lage en verdenssensasjon av en dokumentar. Problemet er at den vil være avslørende for en av de mest barbariske terrororganisasjonene verden noen gang har sett
.

Denne krimromanen er noko av det beste eg har lese i sjangeren på ei stund!  Han er intrikat samansett. Ein metode for å tene pengar på terror til terror vert skildra slik at i alle fall denne lesaren trur på det. Omar, som er muslim og homofil, vert pressa i ulike retningar.  Slutten er logisk ...

torsdag 12. juli 2018

Bok 28: To komma åtte sekunder


«To komma åtte sekunder» er en ny Svend Foyn-roman, hvor vi kommer tett på virkelighetens skyggesider.

Tønsbergadvokaten Svend Foyn blir overraskende oppsøkt av en kvinne han en gang hadde et forhold til. Amanda Riley er en målbevisst gravejournalist som kompromissløst jager sannheten om virkelighetens mørke sider. Hun vil at Foyn skal følge henne til København, hun skal treffe en kilde der, men føler seg utrygg. Og det med rette. Kilden dukker ikke opp, i stedet ender Amanda Riley død på bakken fjorten etasjer nedenfor hotellrommet der møtet skulle ha funnet sted.

Politiet avskriver hendelsen som selvmord, men Svend Foyn tror ikke på den forklaringen. Da han begynner å nøste i sakene Amanda arbeidet med, blir han trukket inn i et nettverk av svarte penger, prostitusjon, menneskehandel og drap. Og han føres på sporet av en hendelse i København for mer enn tjue år siden, et mystisk dødsfall det aldri er blitt gitt noen tilfredsstillende forklaring på.

«To komma åtte sekunder» er den sekstende frittstående romanen i serien med tønsbergadvokaten Svend Foyn i hovedrollen.


Når eg ser ein kriminalroman av Jan Mehlum med Svend Foyn som etterforskar, er eg snar med å ta han med heim.  Eg begynte på ein meir krevjande roman, men treiv til denne som eg lytta til på turar og når eg gjer arbeid i og utanfor huset.  Romanen innfrir.  Den er lettlesen og spennande.  Som i så mange andre krimromanar vert eit samfunnsproblem sett fokus på.  Her er det utnytting av unge kvinner på flukt. 

onsdag 11. juli 2018

Post 10: Hjørungneshornet


Vi starta dagen med arbeid i og på huset. Sidan vi hadde bestemt middag før kampen, gjekk vi oss ein tur i firetida.

Utsikt mot Hjørungavåg. 

Mannen tok aeg ein dukkert på heimvegen. 

tirsdag 10. juli 2018

Finst det noko betre enn plommesylte?

 Etter ei veke i utlandet med anten engelsk eller italiensk frukost, kva er då betre enn å kome heim til heimebaka grovbød med plommesylte?

Eg har vore lens for syltetøy dei siste vekene, så eg ha laga jordbær/rabarbrasylte og ein dag eg fekk lyst til å lage syltetøy, laga eg av det eg hadde, nemleg rabarbra og nektarinar. det vart ikkje så verst.  Forandring frydar.

Så då mamma spurde om eg ville ha plommer frå i fjor, takka eg ja.  Søndag kom ho med 14 kg som eg skulle få plassert i den allereie fulle frysaren min.  10 kg gjekk bra, resten sylta eg måndag morgon.  No har eg fått resten på glas.
I det siste har eg samla glas og prøvd å få vekk etikettane. Dette glaset skal eg behalde sjølv!

P.S.
Om nokon lurer på oppskrifta, så bruker eg den på den grøne certopakken, ca 4 dl sukker til 1 kg plommer.

mandag 9. juli 2018

Vardegenser og -hue til Amanda

I gar fekk Amanda 18-årsgåva si, ein genser med hue til strikka i Finull.  Mønsteret er frå Rauma. Eg synest ho kler dei svært godt!

søndag 8. juli 2018

Fellesfeiring

 Å finne ein dag då flest mogleg kan samlast, kan vere ei utfordring når ungdomane arbeider i varehandel og helsevesen. i dag kom systera mi med sine tre yngste.  Hennar eldste er i Oslo slik som vår eldste.

Tysdag prøvde eg å fiske litt etter kva dei hadde lyst på til middag.  det einaste svaret vart kjøtkaker.  I tillegg steikte eg kotelettar i omnen. Eg skar av beina og delte dei i to, så r det lett å forsyne seg. Til dessert var det karamellpudding med krem og bær i krydderlake med is eller krem til.
 Tidlegare i veka fann eg denne rosastripete duken på Nille.  Eg kjøpte og nokre stolputer i same mønster.
Store bukettar er berre i vegen når ein skal prate.  I dag fann eg litt rosa og kvitt i hagen.
Seinare vart det kaffi med kaker som systera mi hadde bakt. 

Takk for ein fin dag!

lørdag 7. juli 2018

Post 9: Garnestua


På vegen ned att kom eg på at eg ikkje hadde tatt bilde på toppen, berre Snapchat😎


fredag 6. juli 2018

Straumen-genser til Audun

Då Audun fekk sjå jegergenseren som eg strikka til Håkon, ville han og gjerne ha seg ein ny genser. Han fekk prøve broren sin, og eg fann ein i same boka, nemleg "Strikk til alle tider"av Helle Siggerud. Denne vart strikka i ein storleik større.  I Finull vil det seie 520 masker på pinnen på det meste.  medan andre ser fotball, har eg strikka …

Når det gjeld fargeval, så gjekk eg for blått.  Blåfargen i boka hadde dei ikkje i butikken, men eg synest denne er vel så pen.  Ein litt kaldare farge kler ein som er lys og blåøygd.  På jobb går han i kamuflasjefargar, så eg synest han må gå i andre fargar i det sivile.

torsdag 5. juli 2018

Bok 27: Opp Oridongo


Til en liten øy på Nordvestlandet ankommer en dag en mann med hatt og koffert. Han er rundt femti, har tatt et nytt navn og lagt fortiden bak seg. Han har fått et par brev fra en kvinne på øya, om å komme på besøk. Men Ulf Vågsvik har pakket for å bli.


Opp Oridongo er en vakker og urovekkende roman om et lite samfunn som rystes av dramatiske hendelser. Og en helt spesiell kjærlighetshistorie.


Denne romanen tok eg med meg heim frå biblioteket ein gong.  Eg tenkte eg kanskje kunne lese han når eg var heilt tom for litteratur.  Så viser det seg å vere ei perle.  Og som denne meldinga seier, er mykje framleis uavklart, så ein håper på framhald...

Post 8: Hasundhornet


I kveldinga gjekk vi oss ein tur på Hasundhornet. Vi gjekk den lange råsa opp og den korte ned. Medan det har blåse mykje her i dag, var det omtrent vindstille på fjellet.

onsdag 4. juli 2018

Plast i havet


Dette plastdyret er på "Plata" i Oslo. Eit lite apropos til plastutstillinga son gjestene i går hadde sett på Runde. 

tirsdag 3. juli 2018

3. juli

I år har eg vore heime på dagen min. Systera mi,yngste sonen og mor mi hadde ærend i Ulsteinvik.  Dei tok seg og ein tur til Runde før dei kom hit.  Kjekke kollegaer kom innom med ein fin plante.  Elles er det mykje merksemd å få i sosiale medium.

Takk til alle som har gjort dagen min til ein fin dag! Og takk for flotte gåver!

Søndag vert det fellesfeiring/slektstreff med alle på mi side av slekta.

mandag 2. juli 2018

Gryteklutar i friske fargar

Under opplev Hareid stod eg på stand for Husfliden.  Ved sida av oss sat eit par damer og selde ting dei hadde laga.  Eg fall for desse gryteklutane.  Dei er strikka i bomullsgarn frå Rauma. Mønsteret gjer at gryteklutane er tjukke og gode.  Ho tok 150 kroner for dei.  Det synest eg ikkje er noko å seie på.

Bok 26: Vanessa Svartmo


Andrea Bræin Hovig debuterer som romanforfatter med en sår, men morsom roman om tenåringen Vanessa Svartmo.

"Jeg har nettopp hatt en åpenbaring: Jeg er nederst. På planeten. Når det kommer til lykke. Jeg gjentar: Jeg er kloden Tellus' mest ulykkelige menneske. Banna bein."

Vanessa Svartmo bor med moren sin i Oslo. Hun har nettopp innsett at hun er helt nederst på planeten. Hva lykke angår. Moren hennes drikker og ligger på sofaen, faren er fraværende, og på vennefronten er det mildt sagt skralt. Grandios selverkjennelse, med andre ord. Men nå skal Vanessa Svartmo FAKTA FAEN bli ny! Idet hun treffer rikmannsgutten Gabriel, går startskuddet for en ny epoke i Vanessas liv. Vi følger henne fra isolasjonen og inn i det fellesskapet som oppstår i gruppemøtene hos skolens batikk- og tova ull-kledde sosiallærer Brit Jørstad Moen, a.k.a. BJM.

«Vanessa Svartmo» handler om identitet og vennskap, om å stå utenfor, og om å finne et fellesskap der man aller minst venter det.


Denne ungdomsromanen tok eg med meg frå biblioteket fordi eg hadde lese utdrag frå han på skulen.  Kvart år får vi utdrag av nye romanar gjennom TXT-aksjonen.  Eg burde sjølvsagt ha lese mange ungdomsromanar slik at eg kan anbefale litteratur for elevane.

Kven vil like denne?  Eg trur jenter med humor og empati.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...