søndag 26. juni 2011

Rabarbrakake?

For ikkje så lenge sidan såg eg Wenche lage denne rabarbrakaka på Frukost-TV.  Eg fekk lyst til å prøve, men utsette det.  I dag fann eg ut at eg ville lage den til dessert.  Det har vore mykje diskutert om kor lenge ein kan hauste rabarbra.  Mange seier ein ikkje kan ete rabarbra etter jonsok, andre hevdar dette er tull berre ein haustar heile tida.  Før eg ser tala for oksalsyreinnhald i rabarbra utover sommaren, lar eg rabarbraen stå.  I dag hausta eg resten.  Det viste seg at der var ikkje så mange stilkar.


Eg brukte Wenche si oppskrift, men bestemte meg for å lage to 22 cm kaker medan eg var i siget.  Eg delte på 3 og gonga med 5.


300 g smør (meierismør, ikkje margarin)
300 g sukker

5 egg

300 g kveitemjøl
2 1/2 ts bakepulver

5 ms vatn/mjølk

sukkker+kanel?

1. Rør smør og sukker kvitt.
2. Rør inn eitt og eitt egg.
3. Sikt på det tørre.
4. Ha i væska.

I den eine kaka hadde eg ni små rabarbrastilkar og tre små fersken i bitar. 2 ms demerarasukker på toppen.
 I den andre hadde eg fire eple som eg delte først i to og så skar i skiver.
 Eg steikte kakene ved 180 grader i 45 minutt.  Då var eplekaka ferdig.  Rabarbrakaka fekk stå i ti minutt til.
Desse kakene vart servert lunkne med krem til dessert i dag etter ein heller mager middag med kyllingfilet.

Denne kakeoppskrifta er tradisjonell og enkel.  Ein kan putte i den frukta ein vil. Eg er ikkje sikker på at det er nødvendig med væske i.

5 kommentarer:

  1. Eg har laga rabarbrakake ein gong i år,til og med rabarbraen er sein denne sommaren.Når ein brukar rabarbraen i kake, får ein ikkje i seg så mykje, så eg trur det går bra å bruke den utover sommaren, når ein passar på å bruke "nye"stilkar.Elles går det fint å buke frosen rabarbra i oppskrifta mi.

    SvarSlett
  2. Ut å plukke rabarbra forstår eg..

    Ha fin sommarveke!

    SvarSlett
  3. Mi avling er nok ikkje større enn at vi toler den!

    SvarSlett
  4. Vi har nok ein spesiell rabarbra, for vår er heller ikkje stor, og i år er det i alle fall ikkje nedbørmangel. Naboane sine rabarbraplantar er dobbelt så store, men eg innbiller meg at vå er betre på smak.

    SvarSlett
  5. Eg har avleggar frå dykkar rot.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...