lørdag 30. juni 2012

Smögen

 I dag vakna vi til litt grått ver.  Då fann vi ut at vi kunne ta oss ein tur til Smögen.
 Vi heldt oss unna E6 og køyrde kystvegen.  Det kan eg trygt tilrå.  Det er mange koselege stader å sjå langs vegen.
 I Smögen står husa tett, og gatene er smale.
 Der er mange sjarmerande hus.
 Bilar må ein parkere utanfor byen.



 Men mest kjent er kystbyen for den lange brygga.






 Til slutt må eg ta med eit bilde av ein liten kosehund. 
Då vi forlet Smögen, skein det opp.  I ettermiddag har vi kosa oss i sola.

fredag 29. juni 2012

Grebbestad

 Det går stig frå TanumStrand, der vi bur, til Grebbestad.  I dag har det vore grått med nokre få regndråpar. Det passa godt å rusle ein tur.  Vi brukte cirka ein halv time kvar veg.
 Vi passerer hus der folk er fastbuande.
 Strender.
 Grebbestad er ein typisk kystby, ikkje så ulik Fjällbacka.
 Ein kan gå langs brygga.
 Statue av Evert Taube.
 Skulptur.

 Nokre lagar sine eigne attraksjonar.
 Ta hand om dina fötter!
 Vi gjekk til kyrkja før vi snudde og gjekk attende gjennom gata/gjennomfartsvegen.
 Smale sidegater.


 Attende på stigen.
 Plantelivet er eit kapittel for seg.  Storknebbane har ein annan farge enn heime.
 Roser og vivendel veks vilt.
Ei hovudattraksjon er ein stor sportsbutikk like ved hotellet.

torsdag 28. juni 2012

1. og 2. feriedag

 Første natta legde vi oss hytte på Hamar. Der var grei standard med eige bad.
 Ut på ettermiddagen skulle frøkna og eg gå til ein Sparbutikk vi køyrde forbi ein kilometer før campingplassen.  Så greidde eg å velje feil retning i eit kryss.  Vi gjekk mot Stange.  Der oppdaga vi ei statue av Ingeborg Refling Hagen.
 Øystein jogga seg forbi seinare på kvelden.  I dag bestemte vi oss for å stoppe og ta bide.  Der dukka det opp ein slektning av henne. Ho fortalde oss ein del om forfattaren, huset og Suttungrørsla.
No har vi tatt inn på hotell i Grebbestad, Sverige. Vi går rett ut på plenen.  Her er bademulegheiter, i basseng om veret vert dårleg. Betre kan ein vel ikkje få det?

P.S.
Eg har tatt fleire bilde, men måtte låne av mannen.  Mine må overførast på ei maskin der eg kan sette inn minnekortet.

tirsdag 26. juni 2012

Ferielektyre

Eg har hatt meg ein runde og levert inn og lånt nye bøker til ferien.  På bybiblioteket fann eg ei bok eg meiner å ha sett på ein blogg. Fangsten var litt større her i bygda denne gongen.  Eg er spent på boka nede til venstre.  Forfattaren var intervjua på Frukost-TV då ho vann Nordisk råds litteraturpris.

Elles ser eg med glede at Cappelen Damm satsar på klassikarar.   Der låg og ei bruksrettleiing på nett på korleis ein skulle importere MP3-bøker til I-tunes. Det var ikkje noko problem!

Bok 31: Kråkejenta

Eg har venta litt med å blogge om denne krimromanen. Det kjem av at eg er rett og slett litt ueinig med meg sjølv i kva eg synest om den.

For det første er dette ein spennande roman.  Ein kan vel kalle den ein psykologisk thriller.  Psykisk sjukdom står sentralt. Born vert utsette for handlingar som set spor.

For det andre: "Ingen ting er som det ser ut til", står det i omtalen. Nei, men vi gjettar det, er mi innvending.  Ein får så mange frampeik at ein forstår kva som vil skje.  Slutten har heldigvis ein liten snert.

Men: Kråkejenta er første romanen i ein trilogi.  Og får eg tak i dei to neste, så kjem eg nok til å lese dei!

mandag 25. juni 2012

Bok 30: 30 dager i Sandefjord

Eg personen i denne boka er dramatikar.  Ho køyrer i fylla og skal sone 30 dagar i fengsel i Sandefjord.

Ein forstår fort at denne romanen grensar til å vere sjølvbiografisk.  Det innrømmer også forfattaren.  Les gjerne denne artikkelen.

Vigdis Hjorth skriv godt og tankevekkande.  Romanen eignar seg godt som lydbok.

søndag 24. juni 2012

Mimrebilde

 Det kom eit ønske om eg kunne legge ut nokre bilde av jubilanten då han var liten.  Dei kom ikkje frå han sjølv. Han for på jobb i firetida.
 Treårsdagen hans feira vi ute.  Eg hadde laga borg med mange seigemenn fanga i midten.
 Oldemor Amanda saman med tre av oldebarna.
 17-mai 1991.
 Karneval i barnehagen. Denne tida var Martine og han gode vener.
 Ein kan diskutere om arv og miljø.  Då han var liten, sat Einar omtrent aldri i ro.  Han var heller ikkje den som hoppa og spratt.  Han jobba jamt og trutt.
 Om eg pynta han, gjekk det ikkje lenge før skjorta stakk ut om buksa og stilen vart ledigare!
Her har vi kome til fireårsdagen.  Det er tydeleg at dette er midt i Sesam Stasjon sin glansperiode.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...