onsdag 30. juli 2014

Gråversdagar

 No har vi hatt eit par dagar med lite sol her hos oss. Det er bra for mi arbeidslyst i alle fall.  Det vert ikkje vaska og styra så mykje når sola skin.  No er frysarar og kjøleskåp reine.  Golva vaska eg i dag.
 Eg tenkte eg kunne briuke nokre bilde frå inngamgspartiet som illustrasjonar i dag.  Det var så mørkt no i åttetida at blitsen slo seg på.
 I år kjøpte eg flest lyslilla og mørkeraude plantar i tillegg til rosa.  På Blåhuset i Ulsteivik er ein blomsterbutikk som er vanskeleg å gå forbi.  Eg har falle for to freistingar siste veka: Rosa astilbar og lyslilla asters.  Staudane skal plantast ut i hagen når dei har blomstra av.
 Denne korga planta eg i sjølv.
Oliventreet frå i fjor har kome med nye, friske blad.  Skal tru om der kjem blomster?

mandag 28. juli 2014

Bok 40: Når gjøken galer

Frå forlaget:
Da den vakre, men nedtrykte modellen, Lula Landry, faller i døden fra en snødekt Mayfair-balkong, antas det at hun har begått selvmord. Imidlertid har broren hennes sin tvil, og han får privatetterforsker Cormoran Strike til å se nærmere på saken. Strike er krigsveteran - såret både fysisk og psykisk - og tilværelsen hans er kaotisk. Saken gir Strike en økonomisk livline, men det følger med en personlig kostnad: Jo mer han dykker ned i den unge modellen komplekse verden, dess mørkere blir ting - og jo mer nærmer han seg den største fare ... 

Eg ser at denne romanen skriven av J.K. Rowling, har fått glitrande kritikkar og høge terningkast.  Sjølv er eg sånn middels begeistra.  

Detektiven og assistenten hans har eg sansen for.  Dei fungerer godt saman, og ho har greidd å skape noko nytt.  Sjølve krimgåta og oppklaringa vart noko langtekkeleg.  Ikkje likte eg komplottet heller.   Elles ser eg at ho får ros for språket.  Personkarakteristikkane bikkar litt over etter mitt syn. 

søndag 27. juli 2014

Rundtur i Romsdal

Vi var så heldige å bli inviterte på familietreff med overnatting på øya Orta eller Orten.  Farfaren til borna våre har vakse opp der.
                                       
Bilde teke på Finnøya der vi ventar på siste  ferja utover.

 Dei første bilda er tekne i ellevetida om kvelden.
Kyr i solnedgang.

Flott syn når sola går ned i havet.

 Øya har sitt eige forsamlingshus med plass til 65 gjester. Ein kan bestille middag der i god tid. Ein flott hage framfor...
... med staudar og roser.
Neste morgon: Eg trur knapt kyr kan få det betre?
 Himmel og hav!
 Bading etter frukost.
 Vi kan berre takke vertskapet for ei flott helg med hyggeleg selskap og mykje god mat!
 Ferjene klaffa litt dårleg på heimvegen, så vi stoppa på Sjøholt og kjøpte med oss brød, pålegg og drikke.  På Sulesund sette vi oss ned ved eit rastebord og åt kveldsmat.  Ei fin avslutning på turen.
Til Orta køyrde vi om Brattvåg.  Tilbake køyrde vi over Aukra og til Molde. På den måten fekk vi sett mykje av Romsdal.


torsdag 24. juli 2014

Dei tre buskane ...

... fekk vi av søstera mi for tre år sidan.

Eg synest ikkje dei har vakse så mykje.  Dei bruker vel litt tid på å etablere seg. I år gjødsla eg dei i juni, og eg trur dei vil kome fint.  To eldre buskar har så mykje daudt i seg at vi vurderer å sage dei heilt ned.

Elles har eg eit gåvekort på Plantasjen.  Etter eit besøk hos ei god venninne sit eg med mange gode idear!

onsdag 23. juli 2014

Bok 39: Seks år

Frå coveret:
Seks år har gått siden Jake Fisher så Natalie, sitt livs kjærlighet, gifte seg med Todd. I seks år har han holdt seg unna Natalie, men da han kommer over Todds nekrolog klarer han ikke å holde seg unna begravelsen. Der får han et glimt av Todds kone det er bare det at hun ikke er Natalie. Hans perfekte bilde av Natalie begynner å rakne, og han skal komme til å sette sitt eget liv i fare.

Eigentleg hadde eg tenkt å lese denne romanen på engelsk.  Men då eg fann den norske MP3-lydbokversjonen på biblioteket, vart freistinga for stor. Romanen er kort, så eg lytta til den eit par dagar.

Eg liker Harlan Coben sine bøker godt. Han held spenninga oppe gjennom heile romanane sine. Denne startar marerittliknande.  Folk hovudpersonen har kjent, kjenner han ikkje.  Stader han oppsøker, har aldri vore der.  Jake gir ikkje opp å finne Natalie.  Gradvis rullar han opp mordgåta. Slutten er noko amerikansk, men han er logisk, så vi går med på han.

tirsdag 22. juli 2014

22. juli 2014

 I dag tok eg meg ein pause og såg seremonien på Utøya.  Eg synest dei som talte var flinke å sette ord på ting.
Dei to eldste gutane kom att i sjutida frå ferie i England og Franrike. Det stod kjøtsuppe og karamellpudding på menyen. Dei hadde med seg gåver og suvenirar. Dei kan dukke opp på bloggen etter kvart.

mandag 21. juli 2014

Tur til Geiranger

Det har vorte med snakket i mange år.  Veret må passe, og dagen må passe.  I går kveld tok vi berre avgjerda.  Yngstemann hadde fri og kunne vere med.  Veret er strålande.  Vi bestemte oss rett og slett for å menge oss med turistane!
Køyreturen frå Hareid tok cirka 1 time og 20 minutt. Vi parkerte bilen på Hellesylt ...
... og vent på ferja.
Dei gåande passasjerane kjem først ombord ...
... og kan velje dei ste plassane på dekk.
Før vi svingar inn i fjorden.
Matvika var ein av dei mest grøderike gardane i fjorden, best kjend for fruktdyrking.  Til og med aprikosar hadde dei dyrka der.

 Dei Sju Systre.
Skageflå - der dei kunne drage opp stigen når skattefuten kom.
Knivsflå.
 Ein attraksjon er fisketur.
 Ørnesvingane - heilårsvegen til Geiranger.
Geiranger.

Softis i varmen.

Geiter høyrer heime i dette terrenget.
Karane bada i sjøen. Stranda var nok finast ved campingplassen.

 Det var ingen cruiseskip i Geiranger i dag, så der var relativt fredeleg.  Køane vi har høyrt rykte om, merka vi ikkje noko av.  Nokre turistar vart henta på hurtigruta.  Der stod bussar på land, så eg reknar med dei skulle ha litt variasjon.
På tilbaketuren vart informasjonen lesen opp på italiensk og japansk i tillegg til norsk, engelsk og tysk.

Om nokon lurer på prisar på ferjeturen, så kostar ein tur-retur-billett 215 kr for ein vaksen.  Ferjeturen tek vel ein time.





søndag 20. juli 2014

Varme dagar

Sommaren 2014 kjem nok til å gå inn i historiebøkene som ein av dei mest solrike her på Sunnmøre.  Ei venninne av meg skal berre feriere heime i år, og ho kunne vel ikkje valt eit betre år!  For tre år sidan var eg heime med borna i tre og ei halv veke medan mannen var i Roma.  Då hadde vi to dagar med sol.  Ein dag var det så vidt freistande å bade.  

I dag gjekk eg rundt vatnet i kveldninga.  Sjølv om eg gjekk i kort shorts og singlet, rann sveitten.  Nokre skyer har det vore på himmelen, men temperaturen har vore høg.

Under mottoet "Når sola går ned i vest, arbeider den late best", laga eg ein haug med fiskekaker i kveldninga i går.  Det er kjekt å gjere ein nyttig ting om dagen - eller kvelden. 

fredag 18. juli 2014

18. juli

I dag har vi hatt triveleg besøk av bror min med familie. Gutane har vorte store og er flinke å leike seg.  Men det kan no vere kjekt med ein ekstra aktivitet!  Valet fall på kanopadling på Snipsøyrvatnet.  Etterpå viste det seg at det var varmare i vatnet enn på land, så både gutane og onkelen tok seg ein dukkert.

Hald stranda rein!
Der er fint tillaga for bading, soling og grilling ved Holesanden.  Eg vert så skuffa over folk som ikkje ryddar etter seg. Det skulle ikkje vere så vanskeleg å ta med seg heim sitt eige boss.  Attgløymde ting som symjebriller, solbriller, tøysko og badesko er no ein ting, men halve flasker og plastesker er ikkje så forståeleg.  Eg tok med meg det verste ... (Alt rot folk set frå seg ved bossdunken er eit kapittel for seg.)
På menyen stod det lammegryte - og sjølvsagt karamellpudding til dessert!

onsdag 16. juli 2014

Bok 38: Slakteren

Frå forlaget:
"Slakteren" er en internasjonal thriller med høyt tempo fra et dekadent miljø i et av Rivieraens rikeste ferieparadis. Et solrikt sted for lyssky individer. En historie spekket med menneskelig dårskap, mørke hemmeligheter, begjær og umettelig hevnlyst. Tom Hartmann har en egen evne til å rote seg borti høyspente kriminelle miljøer. Nå drar han til Cap Ferrat i Sør-Frankrike, til sin gamle studiekamerat Eddie Jones, som har en forretningsidé å foreslå. Problemet er bare at Eddie også har liket av en vakker kvinne i bagasjerommet på bilen. Samtidig får Toms ekskone, politietterforskeren Cathrine Price, en høyst spektakulær drapssak på bordet: Levningene av den fryktede kritikeren Gerhard Elming ankommer Galleri PL i Oslo midt under en vernissage. Anrettet som en grotesk kopi av et av verdens mest berømte kunstverk.

Eg har oppdaga at eg hadde hoppa over ei av bøkene til Øystein Wiik.  Derfor var eg glad eg fann henne på biblioteket etter ferien.  Eg har stor sans for bøkene hans.  Han er og ein av dei få som bør lese sine eigne romanar etter mitt syn.

Det er mykje å halde greie på.  Lat det vere sagt. Det er hendingar i notid og fortid og persongalleriet er stort.  Eg er glad eg har hatt tid til å lese mykje kvar dag, slik at eg har kunna halde konsentrasjonen oppe.  Mordmetodane er bestialske.  Krypdyr og operasjonar går att. Eg mistenker og forfattaren for å halde litt gjøn med kunstnarmiljøet.

Romanen høver for dei som toler litt.  Sjølv har eg sansen for det bestialske - i bokform- men får lyst til å late att øyrene når ein lege skal stele auge ...  Meir vil eg ikkje seie ...

tirsdag 15. juli 2014

15.juli


Tidlegare i sommar hadde eg tenkt at strikketøyet skulle dukke opp både titt og ofte i bloggen.  I dag har eg omtrent ikkje strikka.  Veret har vore grått, så eg har gått laus på kjøleskåp, vindauge og kjøken med ventilatorvask og anna. Det er ikkje så lenge sidan eg vaska frysarane.  Ved eit uhell hadde den eine samla mykje is i opninga.  Det same har skjedd no. Etter eit besøk der vi skal ete lammelår og is, skal nok det gå raskt.  Eg rekk det nok før ripsbæra skal rørast.
Slike brot har eg ikkje strikka før.  Det går greitt å lese det engelske mønsteret.  Men eg satsar berre på å forstå eitt steg om gongen. Det andre ermet strikka eg brotet på i går.  Som kjent strikkar eg alltid på to ermar om gongen.

mandag 14. juli 2014

14. juli

I dag vakna vi til fint ver, men så skya det over etter kvart, og det etterlengta regnet kom - heilt greitt når ein veit at ein snart skal få sol att!

Middagen vart servert inne.  Dei to eldste karane reiste på ferie i kveldninga.  Dei skal både til England og Frankrike.Begge to har jobba hardt, og vi unner dei verkeleg ferie!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...