søndag 29. mai 2016

42 norske kofter

På veg mot Oslo stoppa vi eit par stader for å strekke på beina og vere litt ute i sola.  Beina mine strekte mest på seg inne på Stortorget (?).  På Tanum bladde eg litt i denne boka.  Den overraska positivt og måtte dermed bli med heim.
 Det er Sandnesgarn som har gitt ut boka.  Eg trur ho vert ein ny favoritt, ikkje minst fordi alle koftene skal strikkast nedanfrå og opp.
 Denne kufta skal eg strikke til eit junibarn.  Eg har ikkje lova nokon av dei tre mai- og junijentene gåve på dagen.  Det er bra, for den første har gebursdag i dag, og kufta hennar er klipt opp, men treng montering.
 Denne kufta har eg sett på i Kofteboken 2.  Der er ho strikka med tjukkare garn med start oppe.  Der det er mønster over heile kufta, spelar det ikkje så stor rolle kvar ein startar.
Dette er min førebelse favoritt. I tillegg finn ein mønster på alle gamle favorittar som Fana, Trønderkofta og Setesdal.  Der er også kufter til menn. Og altså 42 til saman.

lørdag 28. mai 2016

Siste helg på Sogn

I dag har vi henta yngstemann sine ting i Oslo. Måndag tek han fly heim etter munnleg eksamen. No kan han kalle seg bachelor i nordisk. Til hausten vert det vidare studium i Volda.

tirsdag 24. mai 2016

Bok 23: Fyrsten



Han er her igjen! Wonderboy er tilbake! Henrik H. Langeland har med "Fyrsten" skrevet en underholdningsroman av ypperste merke. Den er spennende, drivende og morsom. Og ikke minst gir den innsikt i et miljø og et maktspill bare de smarteste kan ta del i. Tretten år etter dot.com-kollapsen har Christian von der Hall skjønt at det finnes én ting her i livet som er mye mer interessant enn penger: makt. Christian von der Hall står foran sin kanskje største bragd. Alt han har arbeidet for de siste tretten årene peker frem mot dette øyeblikket. Høsten 2013 skal det skje. Ingenting må gå galt!

Romanen er velskriven og vittig.  Eg synest denne meldinga er god.

mandag 23. mai 2016

Boksal

Dei bøkene eg har aller mest lyst på, kjøper eg med ein gong dei kjem ut.  Etter åtte månader kjem mange på halv pris. Då unner eg meg nokre fleire. "Luer" betalte eg berre 99 kroner for. Dei andre var til halv pris.  Kjenner eg meg sjølv rett, kjem det fleire strikkebøker kjøpt på sal i hus etter kvart.

Det kan hende eg kjem attende med bokmeldingar etter kvart - eller med tips og idéar frå bøkene.

søndag 22. mai 2016

22. mai

I dag har vi hatt ein halvfuktig og mild dag her hos oss.  Sidan eg valde å vere ute og på rek i går, har eg heller gjort innandørssyslar i dag.

Eg gjekk ut i hagen og plukka inn nokre rabarbrastilkar til rabarbragraut.  Eg synest å hugse ein heller sur variant, så eg fann fram nokre kokebøker.  Til slutt sjekka eg bloggen.  Det er tydeleg at eg har kome fram til ein passeleg søt og stiv rabarbragraut. Sidan det er søndag slo eg til med heimelaga vaniljesus.  Eg dobla denne oppskrifta (utan krem)og brukte fire eggeplommer. Eggekvitane heiv eg rett i brøddeigen.

Som de ser, får gjestene sjå desserten.  Så får dei bestemme seg for kor mykje middag og dessert dei vil unne seg.  Det er slutt på den tida at ein gøymer desserten slik at ungane skal ete meir...

lørdag 21. mai 2016

Tur til Ørsta

 I dag vakna vi til ein mild og fin dag.  Det var nydeleg å vere ute i hagen og jobbe - med kaffipause.

Eg framskunda middagen slik at eg kunne rekke ein handlerunde i Ørsta.  Eg hadde litt ulike ærend. Her om dagen las eg ein artikkel om rabarbra.  Det finst mange sortar, alle med litt ulike eigenskapar.  Då kom eg på at eg såg rabarbrarøter i sal på Plantasjen i fjor.  No veit eg ikkje kva den rota eg har heiter, men den nye er Victoria.  Så får vi sjå om nokre år.
Plantasjen i Furene er full av freistingar.  Eg bestemte meg for å unne meg ein ny peon i år og.  Denne skal bli lys rosa med fylte blomster.

Eg rakk ikkje å gå så lenge på Amfi, men eg fann meg ei jakke på Femina.  Der var mykje fint.  Ikkje minst såg eg den korte buksa eg kjøpte meg i fjor i ulike fargar.  Der har de meg.  Finn eg ein modell eg liker ...

Foreldra mine venta med vaflar i Starevegen.  det var ei triveleg stund. Vi bruker å utveksle aviser, blad og minnepennar.

No har vore på grava til svigerforeldra mine og pynta fint med isbegonia, margerittar og ein plante til som eg ikkje hugsar namnet på.  Eg høyrer det er feiringa av Dronning Elisabeth II sin 90-årsdag.  Eg reknar med det vert mykje herleg britisk humor!

fredag 20. mai 2016

Bok 22: Kvikksand

Tankebok av Henning Mankell om et menneske og hele menneskehetens livsvilkår. I januar 2014 fikk jeg beskjed om at jeg hadde en alvorlig type kreft som hadde spredd seg. «Kvikksand» er ikke en bok som handler om død og undergang, men om hva det innebærer å være et menneske. Jeg har gjort en vandring, fra barndommen min og til den jeg er i dag. Jeg vil fortelle om hendelser som har hatt avgjørende betydning for meg og om mennesker som har gitt meg nye perspektiver. Og om menn og kvinner som jeg aldri har truffet, men som jeg ønsker jeg kunne ha møtt. Jeg forteller om kjærlighet og sjalusi, om mot og redsler. Om hvordan det er å leve med en dødstruende sykdom. Det er en bok om hvordan menneskeheten lever og har levd, om hvordan jeg selv har levd. Og ikke minst, den store livsgleden.

Mora mi anbefalte denne romanen som ein kanskje i utgangspunktet ville tenke var tung og trist.  Det er den ikkje.  Den handlar lite om kreft.  Mankell fortel nøkternt om oppdaginga av sjukdomen og korleis han utviklar seg.  Det at han veit at han skal døy, om kort eller litt lengre tid, gjer at han set seg ned og temkjer over essensielle problemstillingar.  Oppsummeringa gir ei god oppsummering.

Når eg lærer elevane mine å finne tema i tekstar, plar eg seie at dei tre viktigaste er "livet, døden og kjærleiken". Når ein skal oppsummere eit liv, så står ein kanskje igjen med det?

Eg anbefaler og denne romanen på det sterkaste. 

torsdag 19. mai 2016

Valdag

Det vert kanskje ein lang kveld, for dette er spennande! Eg har nettopp stemt for at Hareid skal halde fram som eigen kommune.  Det vert og stemt rundt om i dei andre bygdene - og småbyane. 

Når det er val, stemmer familien på ulike parti. I denne saka er vi samstemte.  No står det att å sjå kva resten av bygdefolket meiner!

Det er elles stor strikkefare. No ser de grunnen til at eg snur boka opp ned. Berre sjarmøretappen står att. No vert strikketøyet vanskeleg å legge frå seg ...

I 1972 meiner eg at mor mi strikka nesten ei heil bukse til systra mi under EF-valet.

onsdag 18. mai 2016

18. mai

... og dei fleste er godt nøgde med trekkinga! Først neste torsdag får vi førebuingsmateriellet.  Til då gjeld det å lese engelsk.  Alle har fått lånt seg bøker, og så må ein finne seg tekstar om ting ein er interessert i.  Eg gir og råd om å gå rundt og tenke engelsk innimellom.

tirsdag 17. mai 2016

17.mai 2016

Det har vore dårleg med fotografering med meg i dag. Det skuldast dårleg førebuing.  Mobilen min må ladast omtrent kvar dag.  Då eg skulle til å gå ut døra i dag tidleg, lyste 3% mot meg.  Mobilen måtte bli att heime.

Vi hjelpte til på bedehuset første vakta slik vi har gjort eit par år tidlegare.  Det er greitt, for då veit ein kva som bør gjerast. Etterpå kjøpte vi oss kaffi og kaker før vi gjekk ut og såg på toget.  Noko særleg freistande er det ikkje å vere ute i åtte grader sjølv om det er opphaldsver.

For oss vart det ein pause heime midt på dag. Menyen har vore svært enkel: Pølser med brød - og is til dessert.

I år heldt mannen talen i Brandal.  Mi erfaring med folkefestane er at dei er kjekkast i små bygder.  Brandal innfridde! Folk sluttar opp om festane, og dei deltek med program.  Elevar frå Brandal går på Hareid ungdomsskule, så eg kjenner mange der både elevar, foreldre og ikkje minst besteforeldre som kjem og bakar lefser.

No er det berre å snu hovudet.  Starten på morgondagen har eg planlagt.  Kva eg gjer seinare på dag, kjem an på.  I morgon er det nemleg det vi kallar "opplysning om trekkfag".  Tiandeklassene får vite kva fag dei kjem opp i skriftleg.  Det er 2/3 sjanse for at "eg" kjem opp.  Då vert det fokus på det faget.  Om dei skulle kome opp i matematikk, vert fokuset på munnleg norsk og engelsk fram til munnleg eksamen.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei fin veke anten dei skal på jobb eller ikkje!

mandag 16. mai 2016

Bok 21: Merket for livet

Jana Berzelius er en vellykket jurist. Men hun husker ingenting fra sin barndom. Og hva betyr den tatoveringen hun har i nakken? Når fikk hun den? Sommeren 1991 våkner den ni år gamle Jana Berzelius opp på et sykehus. Hun husker ikke hvem hun er, eller hvor hun kommer fra. Tjueen år senere er Jana en vellykket jurist og arbeider som statsadvokat. Sammen med politiet skal hun etterforske drapet på avdelingslederen for Migrationsverket, Hans Juhlén. På drapsstedet finner de flere fingeravtrykk som er så små at de må tilhøre et barn. Etterforskningen tar en uventet vending da det dukker opp et nytt lik, denne gangen en ung gutt. Jo mer Jana graver i guttens bakgrunn, desto nærmere kommer hun sannheten om sin egen fortid. «Merket for livet» er Emelis Schepps første bok i serien om Jana Berzelius.

Dette er ein litt annleis krimroman. Eg ser at overskrifta i Dagbladet er reinspikka vrøvl med terningkast to.  For å lese heile meldinga, må ein vere abonnent.  Det er eg ikkje.

Sjølv let eg meg underhalde.  Romanen er lettlesen og spennande.  Det at statsadvokaten er både helt og skurk, gjer at romanen skil seg ut i sjangeren. Vi har lese om menneskesmuglarar og narkolangarar før, men i denne romanen er lovbrota sette i system på ein genial måte, sett frå dei kriminelle si side.  Romanen sluttar med ein skikkeleg cliffhanger ...

søndag 15. mai 2016

1. pinsedag

Temperaturen har ikkje vore noko å skryte av her i dag.  Det var åtte grader då eg starta på turen min i dag.  No i kveldninga har sola kome fram.   
Det finst nokre gardar att som har sauer på beite.  Dei har både to og tre lam.  På denne marka kunne ein også sjå ein ponny og ei høne. 
 
No håper vi på litt varmare ver!

lørdag 14. mai 2016

Russetid


Mai er også russetid.  Den yngste av borna er no snart ferdig med vidaregåande!
 
Eg ser at årets russ får mykje skryt av å vere "snille". Det er mitt inntrykk og!  På facebook såg eg at vaktene på arrangementet i Ørsta i går, der bildet av henne er teke, var godt nøgde med russen.
 
Om litt over ei veke brakar det laus med eksamen, heile tre dagar på rad med hovudmål, sidemål og kjemi for hennar del. 
 
Sjølv har eg ikkje vorte invitert på noko rulling med russen. Men eg har forstått at det er ei greie.  I Asker har dei visst eigne opplegg der foreldra får rulle, altså køyre rundt som passasjerar i bussar og bilar. No må russane passe seg så dei ikkje vert altfor snille, tenker no eg! 

fredag 13. mai 2016

13. mai

Dagens bilde er ei teikning eg fekk av ein elev i dag. (Teikninga er scanna.) Kanskje ein framtidig barnebokillustratør? Ho er flink til å skape si eiga verd i teikningane sine.

I dag vakna vi til snø langt nedover Melsornet, ein nedtur etter gode temperaturar og sol førre helg.. Kva vi finn på i pinsa, kjem nok litt an på veret! På Pent.no ser det ut som det skal bli bra! 17. mai har vi eit par oppdrag. Vi skal ta ei "vakt" på matsalet på bedehuset. Og så skal mannen halde tale i Brandal.

Eg vil ønskje blogglesarane ei fin pinsefeiring og ein fin 17. mai. 

onsdag 11. mai 2016

Årets første syltetøy

I dag plukka eg inn eit kilo rabarbra frå hagen som eg sylta saman med nederlandske jordbær, kjøpt på tilbod på Coop.  Eg bruker Gunda si oppskrift frå Sylting og safting heile året eller de finn henne her. 

mandag 9. mai 2016

Fint på Flø!

Mannen ville finne ein Hareidstrimpost i dag.  Det er nokre som er lett tilgjengelege.  Ein av dei er ytst på Flø.
 
Tenk kor tidlegare generasjonar har slite, og kor lite dei hadde!
Vi fann posten.  Det var eit ikkje-kongeleg jentenamn.  Men posten var plassert så nær vegen at vi gjekk litt vidare.
På grinda der vi stoppa, hadde nokon hengt opp denne votten.  Vi får håpe at eigaren vil finne han, og at han ikkje har kasta den andre.
Eg hadde smugla med meg ei korg nederlandske jordbær som vi sette oss ned på ein benk og åt i vakker kveldssol.  Slike dagar ønskjer vi oss mange av.

søndag 8. mai 2016

Bok 20 : Leon

 
«Leon» er den andre frittstående lydboka i den kritikerroste Herkules-serien. Et udyr er på jakt i Stockholms gater. En film viser en skrekkslagen gutt som er stengt inne i et bur på et ukjent sted. Kidnapperen beveger seg i bakgrunnen som en mørk, løveliknende skygge, under en klokke som stadig tikker tiden ned. Når kriminalinspektør ved Stockholmspolitiet, Zack Herry, ser den direktesendte filmen, forstår han umiddelbart hva slags forferdelig skjebne denne gutten er tiltenkt om de ikke finne ham i tide. Samtidig holder Zack på å tape sin egen kamp mot narkotikamisbruket sitt, og båndet til hans venn og kjære kollega Deniz revner. I et kaldt og mørkt Stockholm følger et ubarmhjertig spill, et spill der Zack aldri har vært nærmere døden enn nå.

Eg har bak meg eit par intense veker med retting. Eitt av kriteria i vurdering av historier er: "Kan dette ha skjedd?  Er det sannsynleg? Er det umogleg?" Når eg startar med nye klasser bruker eg å nedlegge "forbod" mot å døy sjølv eller vakne - og så var det heile ein draum.  Dette skjer sjølvsagt likevel.  Av og til kan det vere gjort på ein genial måte.  Men eg trur blogglesarane, både norsklærarar og andre, forstår kva eg meiner.

Denne krimromanen scorar kanskje lågt på å vere sannsynleg.  Ein får håpe at slike forbrytarar berre finst i fiksjon.  Men krimromanen er godt skriven.  Zack er ein kriminalimspektør som slit med seg sjølv og sitt eige rusproblem.  Samtidig har han kontaktar som gjer at han får unik informasjon.  Det er berre å la seg underhalde!

lørdag 7. mai 2016

Nye strikkeprosjekt

På denne tida av året passar det godt å strikke til andre enn seg sjølv! Då passar det godt at mange i familien har gebursdag! I fjor strikka egdt eg sjølv fann på til systera mi og niesa.  I år spurde eg dei. Eg hadde ikkje klare idear, og eg vil gjerne lage plagg som vert brukte.

Ho som vert 16, ønskjer seg ei sid jakke. Systera mi spurde kva eg hadde lyst å strikke. Vi landa på Bøvertun. Det er ei fin kifte, synest både ho og eg. 

Eg kjøpte Sandnes mini alpakka til den mørkeraude. Den begynte eg på med ein gong.  Til den grå bestilte eg Drops Lima. Ho har først gebursdag. Men eg tvilar på at dei vert ferdige i tide. Til det kom eg for seint i gang. Men eg stressar ikkje. Dei klarer seg nok utan i sommar. 

Som de ser, er begge kuftebøkene i bruk!

fredag 6. mai 2016

6. mai

 
I dag har vi hatt ein overskya dag med 15 grader og litt vind.  Eg tok meg ein bytur midt på dag.  Resten av dagen har eg brukt på hage- og husarbeid.
Dei første knoppane på rododendron spratt ut i dag. 
Desse løkplantane stammar nok frå fjorårets krukker.
 rabarbraen kan ein sjå vekse frå dag til dag.

Den første peonen har vi brukt å pynte med på frøkna, i år russ, sin fødselsdag.  det er akkurat ein månad til.  Eg trur ikkje våren er spesielt sein?

torsdag 5. mai 2016

Gryteklutar.

Medan eg har vore usikker på kva eg skal gje meg i kast med på strikkefronten, har eg strikka gryteklutar til skulekjøkenet.  oppskrigta er enkel: legg opp 70 masker og strikk striper til grytekluten er kvasdatisk.  Hekl fastmasker runst og hemper ved å strikke 16 luftmasker og fastmasker i desse.

Om nokon rynkar på nasen over fargevalet, så er desse meint for gul gruppe.  Ikkje alt finst i gult, så der vert nokre svarte ting også.

Dagen i dag sette eg av til å rette ein bunke engelsktentamenar.  Målet er nådd, og no har eg retta alt av tentamenar dette skuleåret. Etter ein slik jobb, lettar ein ti hakk!

onsdag 4. mai 2016

Eg vert irritert og oppgitt!

Ei facebookvenninne av meg hadde lagt ut bilde av dottera, ei ung bevisst frøken som hadde reagert på marknadsføringa av denne juicen for born. Ein dag eg var innom ein butikk som sel juicen, tok eg dette bildet som illustrasjon.  Ved sida av appelsinjuicen stod eplejuicen. Han var "utan grums".
 
Den same unge frøkna ville kontakte myndigheitene.  Eg er redd der ikkje er nokon klageinstans?  men mi fulle støtte skal ho få!
 
Ekle klumpar?
Gammal mjølk kan innehalde ekle klumpar.  Juicen inneheld fruktkjøt.  Eplejuice som er grumsete, er gjerne ferskpressa. Ein bør ikkje bruke språket på denne måten.  Produsenten reflekterer haldingar som ikkje gagnar borna, og som skjer alle born over ein kam.  Ein kan og lure på om det er foreldra som skal lese dette.  Er reklamen retta mot born som kan lese?
 
Barnemat
Born har ulik smak.  Men alle har behov for næringsrik mat.  Eit glas juice kan gjerne gå i kosthaldet som ein om dagaen, og då bør juicen helst vere ferskpressa,viss ikkje bør born få rein frukt eller reine grønsaker. 
 
Korleis gjer foreldra dette?  Det er svært enkelt. Ein set ein kartong sunn og næringsrik juice på bordet og ein mugge vatn, så kan barnet velje sjølv. 
 
Andre døme
Eg bruker å vise elevane mine brødposar med reklame retta mot born "utan frø". Det er trass alt ei opplysning.  Og det er ikkje til å stikke under ein stol at mange born, også i konfirmasjonsalder, er skeptiske til frø.  Men korleis har dei lært det?  lat dei i alle fall finne det ut sjølve.  Ikkje dytt meiningar på dei! Eg gløymer ikkje ein av mine som ikkje "likte løk".  Broren stakk det i han.  OK, så likar eg det då!  han ville ikkje sitte utan middag, d.v.s berre med ris eller pasta.
 
Forbrukarmakt
Eg har følgt med utviklinga i grovprosenten på brød. Etter at det vart pålagt å opplyse om grovprosenten i brøda, har han gradvis auka.  Kneippbrøda frå 25-33-51 %.  Brøda som har posar som born likar, har litt å gå på.  Dei som treng grovaste brøda, er born og eldre.  Nettopp fordi dei treng mest næringrik mat., born fordi dei er i vekst, og eldre fordi næringsbehovet ikkje går så mykje ned som energibehovet.
 
Litt reklame
Bloggen min er reklamefri, men når ein seier nei til noko, må ein kome med alternativ.  Desse to juicane, no på tilbod i alle coop-butikkar, er no på tilbod med to for 38.  Eg skal like å snakke med dei som ikkje liker dei!  Eplejuicen utmerkar seg spesielt.

mandag 2. mai 2016

Ungdomskonferanse for Hareid og Ulstein

I dag var det ingen vanleg undervisningsdag. Alle ungdomsskuleelevar frå Hareid og Ulstein var samla i Hareidhallen for å lære om demokrati og kommunereforma.

No har eg nettopp sett innslag på lokalnyheitene på NRK 1.  Elles reknar eg med vi kan lese meir i Vikebladet etter kvart. 

Eg hadde ikkje med fotoapparat eller mobil.  Men i følgje dei som vart intervjua, var innslaget med Kjellen Bigset høgdepunktet.  han ville sjølvsagt slå saman Hareid og Ulstein til ein kommune med namn Bigset. For dei som ikkje er lokalkjende kan eg opplyse om at Bigset ligg framme i dalen på veg til Ulsteinvik.  Lengre framme ligg Rise.

Dei som serverte bagettar til ungdomane var sanitetsdamer frå Ulsteinvik.  Så i dag fekk eg helse på ei bloggvenninne, Anne-Mari.

Elles synest eg arrangørane var svært flinke.  Dei hadde ein god regi på dagen og programmet var variert og godt - og dagen var lærerik!

Bok 19: Der fire veier møtest


Finsk slektsroman med handling fra 1890-årene og frem til vår tid. I ei lita bygd i det nordlige Finland skiller den unge jordmoren Maria seg ut og blir gjenstand for folkesnakk. Hun er selvstendig, forsørger seg selv, og får datteren Lahja utenfor ekteskap. Også datteren Lahja får et barn utenfor ekteskap. Men hun ønsker ikke å leve livet alene, slik som moren, og gifter seg med Onni. Etter Andre verdenskrig vender Onni hjem som helt. Men han finner seg ikke til rette i ekteskapet og søker seg stadig vekk. Mange år senere bor Lahja alene i det store slektshuset sammen med yngstesønnen Johannes og hans familie - i et hus der alt forblir usagt. Til slutt blir det svigerdatteren Kaarina som finner svarene på familiens mange fortielser og løgner.

Eg trur det er første gongen eg nesten har svima av av ein roman.  Denne romanen startar med at den unge jordmora vert tilkalla ved ein vanskeleg fødsel og bruker metodar eg ikkje greidde å lese ferdig om.  (Drep heller nokon på dei mest bestialse måter.  Det toler eg ...)

I går fekk eg tak i det siste sporet.  det gav endå ein dimensjon til romanen.  I det heile likte eg slutten eller oppklaringa svært godt, sjølv om den er sterk.

Elles er dette ein fin roman om tøffe menneske som har det tøft.  Sterkt anbefalt!

søndag 1. mai 2016

Frøkengårdkofte frå Kofteboken 2

 
Denne kufta tok si tid å få ferdig.  Ho er strikka i Peer Gynt, eit litt tjukt og stivt garn, synest eg.  Undervegs tenkte eg at kufta kom til å bli stiv og lite god å bruke.  Det ferdige produktet er eg godt nøgd med, ikkje minst passforma og sidda. Og bruk for henne fekk eg førre veke då vi fekk snø att ...

For spesielt interesserte kan eg nemne at eg også denne gongen snudde boka opp-ned.  Eg liker å strikke ermane kvar for seg.  Så har eg og det kjekkaste mønsteret att til slutt.  Ikkje minst synest eg mønsteret vert finast når det er strikka rette vegen.
Elles kjøpte eg sameleis knappar som til Sørlandskofta mi.  Far min hadde slike i ei kufte på 60-talet.  Eg synest dei er spesielt fine.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...