fredag 31. juli 2015

Chagallmuseet



I dag besøkte vi  Chagalmuseet tidleg på dag. Måleria er imponerande!  Eg fekk Øystein til å ta bilde av meg saman med nokre av dei. Min favoritt er nok bildet av Nice. Dei aller flottaste var biletseriar i kvar sine rom. Der var det så fullt av folk at eg vegra meg for å stille meg opp ...

Måneskinstur

Og månen er i Nice. Det har vore spøka med at set skal bli varmt i helga  28 grader;14 grader laurdag og 14 grader søndag. Her er det omtrent slik, dobbelt så mange grader som heime.  Og det er herleg. Ei veke her gjer det lettare å gå på ein ny haust, føler eg.

torsdag 30. juli 2015

Frukost i det grøne

Og eg har installert bloggerappen på mobilen. Nettbrettet liker ikkje ladaren til nettbrettet til mannen. 

tirsdag 28. juli 2015

Bok 33: Mørketid

 
«Mørketid» er Jorun Thørrings tredje bok i krim-serien om politietterforsker Aslak Eira I 1978 forsvant lærer Hans Holm. Nå 30 år etter blir det som er igjen av ham funnet i kjelleren på den nedlagte skolen. Den tidligere eleven Britt Moe vil gjerne fortellle politiet det hun vet, men blir drept før hun rekker å snakke med noen. Førstebetjent Aslak Eira avdekker raskt at alvorlige overgrep har funnet sted på skolen, men noen går langt for å hindre at sannheten skal komme for dagen. Polarmørket dekker mange, men ikke alle spor.

Denne romanen har eg hatt liggande litt. Eg har forveksla han med ein roman med same tittel av Chelsea Cain. Så stakk eg innm bloggen til mor mi for å sjå kva bøker ho har likt.

Eg har trudd at eg har lese bøker av denne forfattaren før, men no trur eg at eg må ha forveksla henne med ei anna.

Denne romanen sine hendingar har utspring i ein internatskule, Fredheim.  Det har ikkje vore nokon søndagsskule, for å seie det slik. Ein mistenker først den eine, så den andre.  Når løysinga kjem, er ho logisk og opplagd.

Eg likte romanen godt og kan tenke meg å lese dei to første bøkene i serien også.  Elles skal opplesaren ha skryt.  Han les med ei god dialekt som høver til miljøet.

Ein liten språkleg ting som irriterer meg, er bruken av ho i objektsform.  Men det vert berre brukt i sitat, og då høver det til dialekten.  Dette språkfenomenet breier om seg. Eg høyrer og ungdomar her seie t.d.: "Ej sa det til ho". I vår dialekt heiter det ne eller hinne - enn så lenge.



mandag 27. juli 2015

27. juli 2015

 For at flest mogleg i slekta skulle få treffe mellomstemann, inviterte vi gjengen i dag.  Det er dessutan foreldra mine sin 53-årsbryllaupsdag.  På menyen måtte det derfor stå rømmegraut.
 Eg plukka inn omtrent halvparten av dei kvite peonane i hagen.  Der var 15 knoppar i år.  I fjor kjøpte eg først ein peon i potte.  Seinare kom dei avblomstra til under halv pris.  Då slo eg til og kjøpte to til.  Planen var at dei tre røtene skulle vekse saman.  No der det ut som der er ein stor staude.  Peonane er enkle.  det er kanskje derfor dei står så fint oppreiste?

Sidan vi skal ut og reise, og dei unge mennene som skal passe huset ikkje er så opptekne av å pynte med blomsterbukettar, sende eg buketten med mor mi.
Ein av aktivitetane i dag var å grave opp staudar til blomsterbedet til systera mi.  Vi måtte gje oss før vi fekk begynt på den sista halva av hagen ...

Serviettane valde eg fordi så mange i slekta er så glade i visdomsord - eller ikkje ...

søndag 26. juli 2015

Sommarlett

Eg brukte litt tid på å bestemme meg for neste prosjekt.  Men så fall valet på denne jakka frå Kofteboka. Garnet er Finull.  Eg synest ikkje det er så lett å få jamnt.  Litt stivt er det og.  men all erfaring tilseier at den vert mjukare etter kvar vask. No har eg i alle fall noko som held meg vaken når eg ser TV.

Då vi var på Austlandet og i Sverige, tenkte eg at det nok vert lenge til eg kan få bruk for strikkeplagg.  Etter at vi kom heim, har eg gått i tjukkelestar, og kufta vert tatt på kvar dag, i alle fall når eg går ut i hagen og tek kveldsrunden.

lørdag 25. juli 2015

Bok 32: Skuggasund

 

 


En bekymret mann kontakter politiet, en nabo i området har ikke vist seg på lenge. Politiet bryter seg inn i leiligheten, og finner ham død i senga. Sannsynligvis kvalt med en pute. På skrivebordet ligger det gamle avisutklipp. De handler om en ung kvinne som ble kvalt i 1944 og dumpet på baksiden av nasjonalteatret i Reykjavik. Kan det være en sammenheng mellom disse to dødsfallene selv om det er seksti år mellom dem?
 
I denne romanen er det hendingar i fortid og notid som heng saman, ikkje uvanleg i krimlitteraturen.  Fortida er 2. verdkrigen på Island, noko eg har visst heller lite om.
 
Forfattaren stiller og nokre spørsmål, meiner eg.  kan ein leve med seg sjølv om ein har gjort ein forbrytelse?  Eller kva gjer det med ein? Kva gjer krigen med ein, eller det at euin er langt heimanfra? 
 
Romanen er spennande, men ikkje på ein brutal måte.

fredag 24. juli 2015

Begava - igjen

Førre helg strikka eg ikkje ei einaste maske.  Eg hadde null motivasjon og inspirasjon! Måndagskvelden fann eg ei kufte/jakke eg vil strikke til meg sjølv.  Tysdag føremiddag troppa eg opp på TrådKråa.  Garnet måtte bestillast, men det ville kome om to dagar.

På veg ut såg eg eit fint sjal på E-design som deler gang med Trådkråa.  Der spurde dei om eg ville ha eit kort.  Jaudå, det verka no greitt.  Coopkortet mitt samlar no opp ein del pengar, og Trumfkortet har halde meg med panner dei siste åra.  No viste det seg at eg var av dei første kundane, så eg kvalifiserte til å få ei gåve! No har vi kokt oss te av teposane. Det skal bli iste.  Ausa og grytekluten gav eg til frøkna.  Ho kan no samle litt fint kjøkenutstyr til ho skal flytte heimanfra.  Serviettane vert vel sjølskrivne til neste besøk frå dei strikkeinteresserte.

P.S.
Orsak bokmålet i overskrifta.

torsdag 23. juli 2015

To genserar til Olaug

 Eg er med på ei strikkeside på facebook.  Der kan det sjå ut som alle strikkar det same.  I vinter strikka alle Mollykofta og Wiolakofta.  Mariusgenserar vert vist fram kvar einaste dag.  Eg har heilt styrt unna den.  Men når ein strikkar til ungdomar, må ein strikke det dei vil ha!
 Eg strikka ein i Hverdags til Olaug.  Mønsterfargane hadde eg liggande, så eg kjøpte berre lysegrått.  genseren er så tynn at ein kan bruke han inne om vinteren, eller ute no om dagen.
I fjor sommar strikka "alle" Acnegenseren, ein stripete genser i Faerytale.  I år ville ho ha ein sameleis, berre einsfarga. det gjekk med fire nøste, så genseren veg knapt 200 g.

No har eg ikkje strikka sidan laurdag.  Eg håper garnet mitt kjem i dag! No skal eg først strikke til meg sjølv, og så kan det bli minst eitt hemmeleg prosjekt i haust ...

tirsdag 21. juli 2015

Kokoskake

Denne skuffekake laga Wenche på frukost-TV onsdagen før sommarferien. Kaka har visst vore populær hos matbloggarane.  Vi smakte ei som likna i Sverige, så for meg er ho litt svensk.  Ein kan vel og seie at dette er luksusvarianten av bedehuskaka.
 
Eg bakte kaka til hagefesten.  Då fann eg ut det var best å lage nokre skuffekaker slik at det garantert ikkje vart for lite mat!
 
For å lettare finne fram til kaka i framtida legg eg oppskrifta ut her omsett til nynorsk.  Wenche si ligg her.
Kakebotn
300 g smør
1 1/2 dl matfløyte eller mjølk (Eg brukte H-mjølk)
6 - 7 egg
360 g sukker
1 vaniljestong, skrap ut frøa (2 ts ekte vaniljesukker)
350 g kveitemjøl
3 ts bakepulver
  1. Set steikeomnen på 180 grader. Kle ei langpanne med bakepapir.
  2. Smelt smøret i ei panne og ha i mjølka. Set til side.
  3. Pisk eggedosis av egg, sukker og vaniljesukker.
  4. Sikt i det tørre (mjøl blanda med bakepulver) vekselvis med mjølkeblandinga.
  5. Hell røra i langpanna.
  6. Steik kaka midt i omnen i 30 minutt til kaka er gyllen, men ikkje gjennomsteikt.
  7. Lag kokostoppinga medan kakebotnen står i omnen.

Topping
300 g smør
500 g brunt sukker
1 ½ dl matfløyte eller mjølk
400 g kokos
 

  1. Smelt smør, brunt sukker og matfløyte/mjølk i ei (stål)panne.  Rør til du får ein glatt masse.
  2. Ta panna vekk frå plata og rør inn kokos.
  3. Ta ut kaka og set omnen på 210 medan du fordeler toppingen jamnt utover kaka.
  4. Steik kaka i 10 minutt til.
  5. Avkjøl kaka før du skjer i henne!
 

Kaffislabberas

 
I går kveld fekk vi besøk av ein gjeng frå "bya".  Eg hadde ei rabarbrakeke i omnen då dei tok kontakt.  Søndag var det så mykje sveleprat, så eg fann eit høve til å steike ein stor porsjon.  Det er kjekt med slike spontane besøk.

Treng eg å seie aty gjestene er over middels interesserte i fuglar?  Både dei og vi har hatt ein blåmeisfamilie i hagen i vår.

lørdag 18. juli 2015

Husmordag

I går sleppte vi alt vi hadde i hendene og gjekk ut i hagen for å nyte den sola vi kunne få. Helgevasken vart utsett til i dag.  Etter at vi hadde vaska, kom det nokre solglimt. 

Men fineveret varte ikkje så lenge. Eg gav meg i kast med baking av sukkerbrød og brød. Eg kokte aprikosar til aprikoskrem og laga vaniljekrem til Pavlova. Kakene skal seljast på Holesanden i morgon.  Det største arbeidet var å lage fiskekaker av resten av seien far min fiska til oss. Men det er rart med det, når ein først er i siget går det raskt.

I forgårs laga eg dobbelt opp med raud saus. Før kunne ein kjøpe sukkerfri halvfabrikata av ulike sausar og gelear t.d. Ein kan vel ha anna sukker i bringebærsausen, men eg valde å lage av Lerum Sukkerfri saft. Det gjekk heilt fint! Eg blanda den dobbelt så sterk som til saft (2:3) og hadde i 1 ms potetmjøl til ein halv liter. Sidan eg laga så mykje saus, vart det til at eg laga polentapudding i gårog semulepudding i dag.

No er eg heller mett ...

fredag 17. juli 2015

Bok 31: Blindgang

Ny krim om William Wisting, den tiende boken i en av Norges mest populære krimserier! Sammen med sin ettårige datter Maja flytter alenemoren Sofie Lund inn i huset hun har arvet etter morfaren. Morfaren var en vanskelig og beryktet mann, og Sofie har betalt noen for å vaske og tømme huset for alt han etterlot seg. Det eneste som står igjen, er en låst safe boltet til gulvet i kjelleren. Det ligger noe i safen, noe som skal overraske ikke bare Sofie Lund, men alle på politihuset i Larvik. Et funn som skal sette fart i en sak som har plaget førstebetjent William Wisting lenge, og som har gjort ham til gjenstand for kritikk både internt og i mediene. Nå øyner Wisting en åpning, en mulig vei å gå. Men da må han gå på tvers av alle lojalitetsbånd og undergrave tilliten til etaten han selv er en del av.

Etter å ha lese Stalker, var det litt befriande å lese ein krimroman som er meir ned på jorda.  Eg synest denne romanen er spennande og traust på same tid!

torsdag 16. juli 2015

Fine ting

 
 Eg synest tinga foreldra mine hadde med seg i dag, fortener eit eige blogginnlegg!  I vår då eg skulle finne bunadssølvet mitt, fekk eg eit lettare stressanfall.  Det er farleg å rydde skåp.  Eg fann sjølvsagt alt bunadssølvet då eg hadde tenkt meg om.  Heretter får det fast plass i dette fine skrinet.
Kunstnaren.
 Desse fine gryteklutane hadde dei kjøpt på Nilsbuda på Sæbø.Dei skal eg henge opp til pynt.  Fornying frydar!

 

 

16. juli: Besøk frå Ørsta

I går sat vi akkurat og snakka om at vi kanskje skulle invitere foreldra mine på middag. Då fekk eg spørsmål om eg ville ha fersk fisk i morgon om det vart fangst.  Det høvde altså godt å slå to fluger i ein smekk.

Fangsten hadde kome "på nett" før eg hadde stått opp. Eg for nedover for å handle.  Eg hadde nokre idear til middag.  Det vart plan C: Nakkekotelettar.  Dei steikte eg først i steikepanne, så i omnen. Til forrett laga eg ei blomkål- og brokkolisuppe.  Desserten vart sagopudding med raud saus. Dei unge mennene i familien er glade i det vi kallar gammaldags mat.
Eitt av temaa i dag var sjølvsagt den seine sommaren.  Dei lysaste rosa peonane står berre med små knoppar.  det er for tidleg å plukke dei inn. Det var kjekt å ta inn dei litt mørkare i dag.
Krysantemane frå hagefesten lever enno.  Eg erstatta dei andre blomstrane med blomster frå hagen.  Den fine tresommarfuglen fekk eg med i ein annan bukett.

onsdag 15. juli 2015

Nokre grå dagar ...

... er berre greitt i ferien. Då kan ein til dømes vaske frysar og kjøleskåp.  Berre det er opplett, er det greitt å arbeide ute.  I dag då eg vakna og såg ut, heldt det på å ta humøret frå meg.  Det vart ikkje betre då eg såg at eit raudbetglas hadde leke saft ut i det nyvaska kjøleskåpet.

I dag hadde eg vore så heldig å få meg frisørtime berre på eit par dagars varsel.  Med oppfriska sveis gjekk eg mot bilen då eg møtte ei god venninne.  Ho hadde snakka med ei anna god venninne om at dei hadde tenkt å besøke meg.  Det vart ei triveleg stund i det dårlege veret!
 Eg fekk denne flotte oppstamma Hawaiirosa og eit gåvekort.
Den "gamle" Hawaiirosa som eg fekk av bror min i fjor, har no fått kome ut i regnet.  Eg trur det kan gjere henne godt!

tirsdag 14. juli 2015

14. juli

Det har vorte litt mimring i dag, både på facebook og på mor mi sin blogg.  14. juli er nemleg mormor Amanda Margrete sin fødselsdag.  Ho vart fødd i 1904 og vart 87 år gamal.

Eg har funne fram eit firegenerasjonsbilde der eg er yngst. Oldemora mi døydde berre nokre veker etter, meiner eg.  Eg var eldste barnebarnet til mormor.
Dette bildet er lettare å tidfeste.  Systera mi var døypt 14. juli 1968.  Selskapet var i mormor si leilegheit på Nordfjordeid. Eg er av den formeining at når familiebilde vert gamle nok, er dei av allmenninteresse. Kanskje fleire kjenner seg att i interiør og blomster til dømes?

Elles kan vi gratulere bror min og kona med 15-års bryllaupsdag!

14. juli 2015 kan ein så vidt skimte i litt raudt på jordbæra her.  Peonane har ikkje sprotte ut, heller ingen av dei vanlege rosene. Vi får berre notere oss det!


mandag 13. juli 2015

Magnetalarmklokke

Verken den nye eller den gamle komfyren min har alarmklokke. Det gjer at eg må passe klokka sjølv eller stille inn ein annan alarm. Det vert til at eg satsar på armbandsuret. Det seier seg kanskje sjølv at det kan føre til at ein gløymer seg av og til ...

Frøkna hadde fått med seg at eg beundra mor mi si nye oppfinning sist vi var hos foreldra mine.  Det er ei alarmklokke med magnet. Då eg bakte brød i forgårs, var eg redd eg ville overhøyre henne, så eg letta på meg for å sjekke. Då ringte ho. Det er vel noko med den innebygde alarmen - eller kanskje lukta av ferdigsteikte brød?

søndag 12. juli 2015

Bok 30: Stalker

 

For ni år siden ble presten Rocky Kyrklund dømt til psykiatrisk behandling for et brutalt mord. Selv han husker ingenting av hendelsen. Etter en alvorlig bilulykke lider han av regelmessige blackouter.   Sommeren han skal tilbakeføres til samfunnet mottar politiet en filmsekvens av en kvinne i et vindu. Neste dag blir kvinnen funnet død i sitt hjem. Det er ikke bare voldsnivået som får politiet til å tenke på Kyrklunds gamle mord. Så dukker en ny film opp hos politiet. Politiet kommer ikke til å løse saken uten Joona Linna. Problemet er at Joona har vært forsvunnet i over et år. Nesten alle tror han er død. Nesten alle.

Etter å ha lese denne romanen sit eg att med blanda kjensler. Han er spennande og velskriven.  Drapa er bestialske. Det er både politi, psykiatar og Joona Linna som arbeider med å løyse saka.  MEN, eg er usikker på om eg liker løysinga.  Er det sannsynleg eller mogleg? Kan menneske vere så forstyrra og planlegge over så lang tid?

VG-anmeldaren kallar seg blodfan.  Eg ser at han er inne på noko av det er sit att med. Sjølv ville eg og ha gitt terningkast 5.
 

torsdag 9. juli 2015

Slottsparken og Nasjonalgalleriet

I dag har vi mellom anna gått gjennom slottsparken og vore på Nasjonalgalleriet. 
Noko som ofte overrakar ein når ein ser måleri, er storleiken. 

På Nasjonalgalleriet er det eit heilt rom med Munchmåleri. Skrik og Madonna heng der med ekstra sikring og alarm. Elles oppdaga eg at der er den versjonen av Livets dans som ein oftast ser avbilda. Bakgrunnen der er ikkje så utprega lilla som den på Munchmuseet.

onsdag 8. juli 2015

Munch og Van Gogh

Tidlegare i vår la ei eg gjekk på lærarskulen saman med, ut på facebook at ho hadde vore på Munch og Van Gogh-utstilling på Munchmuseet. Då la eg med ein gong plan om å få det med meg, og det angrar eg ikkje på! Det er flott å sjå meisterverka! 

Nokon kunstekspert er eg ikkje, men eg er glad i å sjå på kunst. På lærarskulen pugga vi ei lita bok til ei prøve. Det ein lærer når ein er ung, sit relativt godt.  Elles førebudde eg meg i går med å lese på heimesida til Munchmuseet. 

Det er in å fargelegge for tida. Eg har sikra meg ei fargeleggingsbok med Munchmåleri. Yndlingsmåleriet mitt er nok "Livets dans". I dag la eg merke til kor lilla bakgrunnen er.

Eg bruker å legge inn nokre norske kunstmålarar når eg underviser i litteraturhistorie. Då eg underviste i teikning i barneskulen, brukte eg Munch sitt "Solen" for å få vekk den typiske sola oppe i hjørnet. Det vart mange flotte måleri'

tirsdag 7. juli 2015

Kongen og eg

Etter å ha ete frukost på hotellet saman med slekta, sette vi i dag nasen mot Oslo. Her var veret flott. På tiren ned mot Aker Brygge leitte vi opp den nye statuen av Kong Olav.

mandag 6. juli 2015

Stopp i Sunne

I dag har vi reist frå Mora til Karlstad. Det høljregna då vi reiste, men veret vart gradvis finare på turen. Her var det 20 grader og sol med litt vind då vi kom.

Vi stoppa og handla litt og såg oss rundt i Sunne. Campinghytta vi låg i ein gong på 70-talet, var endå mindre enn eg kunne hugse.

Dagens postkort er av statuen av Selma Lagerløf i Sunne.

søndag 5. juli 2015

Dagens vykort

I dag har vi vore i ro i Mora. Vi har mellom anna besøkt Zorn-museet. Det må eg fortelje meir om når eg kjem heim. Elles har her vore den største marknaden eg har sett! 

Svenskane er flinke på fellesskapsløysingar. Eit godt døme er dette utandørs treningsrommet.

lørdag 4. juli 2015

Mora

I dag forlet vi Fornebu. Hotellet der, Radison Blue Park, har vi overnatta på fleire gonger. Det ligg greitt til og er rimeleg.

I dag stoppa vi på ein badeplass ca fem mil før Mora. Her er herlege temperaturar både i lufta og vatnet, ca. 28 grader i skuggen. 

3.juli 2015

52-årsdagen min vart "feira" på Kongsbergjazz. Vi åt middag på Peppes, vandra i gater og butikkar og om kvelden var vi på konsert med Nora Noor og Van Morrison. Nydeleg ver og stor stemning!

torsdag 2. juli 2015

Frå vest til aust

Dagens postkort er av Hornindalsvatnet. Vi stoppa der for å vente på ein "ledebil". Der var asfaltarbeid. Vi reiste vidare over Strynefjellet til Gjøvik og Oslo. Vegane vert finare for kvart år. Mykje godt arbeid går føre seg,

No håper vi på ei fin veke her i aust. Eg skal prøve å stikke innom med eit postkort kvar dag. Mobilen min har eg lånt vekk. Eg må greie meg med nettbrett. Det er nok mykje enklare for meg enn ungdomen som har fått lånt han!

onsdag 1. juli 2015

Bok 29: Mi briljante venninne

O

«Mi briljante venninne» er ein stor filmatisk roman frå Italias mest kjende ukjende forfattar. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi. Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete - og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skulegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre 16 år då ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen. Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.
 
Ordet brilijant vert brukt nokre gonger i denne perla av ein roman.  I stad tok den brått slutt.  Eg måtte sjekke om eg mangla ein CD.  Det gjer eg ikkje. Romanen er den første i ein kvartett, så her er det berre å gle seg til framhaldet.
 
Dette er ein oppvekstroman frå Italia. Elena kjem frå ein fattig familie, men ho er svært skuleflink, om enn ikkje så flink som venninna si Lila.  Foreldra til Elena let henne få gå vidare på skular, takka vere press frå lærarinna. Det er interessant å lese om skulesystemet. 
 
Romanen sluttar i bryllaupet til Lila.  Ho giftar seg svært ung med ein rik mann. Vi får eit lite hint på slutten om korleis det vil gå...
 
Eg ser at romanen har fått terningkast 6, og det forstår eg godt!

Opplesaren skal og ha skryt! Ho les svært godt!

Bok 28: Lotus blues

En desperat mann henvender seg til advokat Martin Benners kontor og ber om hjelp til å renvaske sin søster for mord på fem personer. Det er bare dét at søsteren er død. Før hun tok sitt eget liv, erkjente hun seg skyldig i drapene. I avisene kalles hun tidenes seriemorder og har fått kallenavnet Sara Texas. Broren vil kjempe for hennes uskyld og samtidig finne sønnen hennes, Mio, som er sporløst forsvunnet. Martin Benner har det meste. Karriere, kvinner og en liten datter. Men han har også svakheter. Og mest av alt har han utfordringer. I jakten på sannheten gjør han en alvorlig feilvurdering. Plutselig blir han en liten brikke i et farlig spill, der han til slutt tvinges til å ta et grusomt valg. «Lotus Blues» er svenske Kristina Ohlssons første av to bøker om advokat Martin Benner.

Krimhelten i denne romanen er ein advokat som er noko høg på seg sjølv.  Det skal noko til å finne nye variantar over temaet.  Mannen er god på botnen.  Han har adoptert søstera si dotter.  Henne tek ei hushjelp seg mykje av.  Kjærasten vil han ha eit avslappa forhold til.

Mordsaka er spesiell.  Ho som har fått skulda for ei rekkje drap, er død. Han vi trur er broren hennar, vil få henne erklært uskuldig.  Eller er det nokon som vil få tatt den verkelege mordaren?

Romanen har eit godt driv i seg.  Det er vanskeleg å legge han frå seg.  Slutten er eg meir usikker på om eg liker, men det er vel meininga at ein straks skal kjøpe neste roman?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...