mandag 31. oktober 2016

Samstrikk


Førre veke så la Jorid Linvik første del av eit vottemønster "Julenissevotter" på facebookgruppa si. Eg strikka så langt mønsteret gikk no i helga.  Torsdag kjem neste del.  De kan lese meir om dette på http://muffinmamma.blogspot.no/

Og så må eg berre innrømme at eg har kjøpt meg ei vottebok til ... Blogglesarane hugsar kanskje kattevottane eg strikka til katteeigaren i familien.  Vottar strikka i Finull vert berre betre når dei er brukte. 

søndag 30. oktober 2016

Bok 43: Syndenes forlatelse


Etter fire års stillhet fra spenningsmesteren John Hart - den litterære thrillerens mester, er «Syndenes forlatelse» er en svært etterlengtet utgivelse som innfrir til det fulle.

Elizabeth Black er en omstridt helt, politikvinnen som egenhendig reddet en ung jente fra en låst kjeller og drepte to brutale kidnappere. Men hun er også en kvinne med en fortid og en hemmelighet. Og hun er ikke den eneste. Politimannen Adrian Wall blir endelig løslatt etter tretten års fengsling og mishandling for et drap han kanskje ikke har begått. Den første han møter utenfor murene er en fjortenåring som venter på ham med en revolver for å hevne drapet på sin mor. Men gutten er Adrians minste problem - han erkjenner snart at livet var tryggere i fengsel. Og mens de alle på hver sin måte søker syndenes forlatelse, blir et lik svøpt i mykt lin oppdaget på alteret i en forlatt kirke dypt inne i skogen.

«En gripende, troverdig historie som ikke gir deg fred før den siste setningen»
Washington Post


Som de ser over, har denne romanen fått strålande kritikkar.  For dei som liker spenning frå begynnelse til slutt, er denne midt i blinken.  Handlinga heng saman på ein logisk måte.  Og slutten? Ja, kanskje ikkje slik ein forventar.  Eg likte godt den vrien!

Karakter? 5 +/6

onsdag 26. oktober 2016

Strikkekafe

I dag arrangerte husflidlaget strikkekafe på Tråd Kråa. Der fekk vi sjå mange fine modellar frå Rauma. 

Det er alltid utlodning på desse møta.  I dag vart eg den heldige vinnaren av mønster og garn til to huer.

søndag 23. oktober 2016

Bok 42: Brennemerket

 
 



Morens gamle demoner trekker Elisabeth Sunee Rathke (Elli) mot et drapsmysterium i Bangkoks blodhete underverden. Snart skjønner Elli at hun selv er like forbundet med saken som moren.

Sammen med Jan Nereng og den lokale politimannen Tep Wattana går hun løs på sin mest kontroversielle etterforskning til nå. Bangkok er ikke et sted man følger reglene. Det er et sted man overlever. Det vet også Ellis motstander, som vil ha henne av dage. Men hvem er han? Og hvem er venn og hvem er fiende blant lokale politifolk og eksilnordmenn?
Femte bok om politietterforskeren Elli er en hardtslående politiaction fra Oslo og Bangkok.



Eg har ikkje lese dei fire første bøkene i serien, så eg greier nok ikkje å yte denne romanen rettferd. Romanen starta spennande, men eg "trudde" ikkje heilt på historia.  Krimhelten vart og for dumdristig til tider.  de får eventuelt lese sjølve.  Eg ville gitt terningast 3+/4-.
 

lørdag 22. oktober 2016

Kjøpt i Ørsta

Ein gong då eldstemann var liten, hadde farmora kjøpt seg nytt teppe. "Kjøpt i Ørsta?" spurde han. Den tida var det kanskje meir å få kjøpt der enn her ute. 

I dag skulle eg kjøpe nye dyner, for frøkna kjem heim neste helg, og ho tok med seg eit par dyner. Fordelen i Ørsta er at der ligg Princess og Kid omtrent vegg i vegg.  Så kan ein samanlikne. I dag var det halv pris på Kid. Puter har vi kanskje nok av, men dei bør og fornyast innimellom.

Etterpå drakk eg kaffi i Starevegen.


fredag 21. oktober 2016

Bukkane bruse

No er vottane ferdigstrikka og vaska.  Eg synest sjølv dei er kjempefine.  Dessverre er dei akkurat litt for små til mi hand, som nok er ei litt stor damehand. 

Vottane er strikka i Finull på pinnar nummer 2 1/2. Om eg finn på å strikke fleire ein gong, så får eg gå opp til pinnar nummer 3.

Broderia som skulle vere i toppen, gav eg meg på.  Vottane vart finare utan, synest eg.

mandag 17. oktober 2016

Bok 41: Skorpionen

Skorpionen er den sjette boken om Tom Hartmann, mannen som har en egen evne til å havne i de mest bisarre situasjoner.

Organisasjonen Water Watchdogs mistenker båten Skorpionen for ulovlig fiske og jager den norskregistrerte linebåten i Antarktis. Under jakten blir skroget til Water Watchdogs' båt flerret opp av et isfjell, og synker umiddelbart. Mannskapet omkommer. Bortsett fra én.

Tom Hartmann redder en ung eritreisk asylsøker som hopper fra en bro i Kongsberg. En buss med pensjonerte operasangere forulykker etter årsmøtet på Holmenkollen Park. Og en ledende norsk telebedrift utsettes for et massivt hackerangrep. Den nylig avgåtte lederen dør av uforklarlige blødninger utenfor sitt eget hjem.

Alle disse hendelsene har forbindelser til en kriminell organisasjon som kaller seg De kaukasiske søstrene.


Nokre krimbøker tek det ei æve å lese, medan andre kan ein knapt legge frå seg.  Denne høyrer til den siste kategorien.

Øystein Wiik skaper spenning frå første avsnitt.  Eit drama skjer i Antarktis der Oskar overlever mot alle odds eit havari, men må rømme frå redningsmennene.  Ei anna dramatisk historie er jenta som Tom Hartmann reddar si. Det er ei slik historie eg har forventa nokon skal ta tak i.  Element av den er dessverre svært realistiske. 

Alt heng sjølvsagt saman, og det heile toppar seg i Nordfjordeid.  Kanskje fordi dei har ein opera?

Denne romanen kjem høgt opp på beste bok-lista mi i år!

søndag 16. oktober 2016

16. Oktober

I dag er siste frist for fjelltrimmen 2016. Eg hadde ein lett post, så han tok bi i dag. Vi orienterte oss frå Hasundhornet. 

Eg har tatt 22 av 27 postar, dei fleste etter sommarferien. Neste år får eg prøve å ta nokre på vårparten. Det er ikkje kvart år dt er like fint å gå om hausten!



No har eg laga eit lite undervisningsopplegg til i morgon. Skuleveka vil bli litt annleis. Det får eg kome attende til!

fredag 14. oktober 2016

Eventyrvottar

Eg gjekk meg på eit tilbod på denne boka der ein av forfattarane, Møyfrid Engeset, er frå Ørsta.  Så kan blogglesarane tippe kva for eventyr vottane eg strikkar har motiv frå?

torsdag 13. oktober 2016

Bok 40: Farvel til Eddy Belleguele

I romanen «Farvel til Eddy Bellegueule» skriver Edouard Louis sitt eget liv. Boka ble en sensasjon da den kom ut i Frankrike og skapte enorm debatt. Forfatteren, som sier at vi må slutte å romantisere ulykke, var bare 21 år da han debuterte. Han har kjempet hardt og kommet langt.

Egentlig er Eddy Bellegueules opprør mot foreldre, fattigdom og en sosial bakgrunn med vold og rasisme, det andre trinnet i denne unge guttens dramatiske liv. For før han klarer å gjøre opprør mot den verden han vokser opp i, er det denne verdenen som står opp mot Eddy. Svært tidlig opplever han både forakt og alvorlig mobbing fra sine egne. Valget er enkelt da muligheten til slutt byr seg. Flukt.

Dette er en annerledes klassereise, men det kunne vært historien til så mange andre unge som føler at verdenen de lever i, er altfor trang.


Dette er det eg vil kalle ei lita perle. Ein forstår at romanen ligg nær opp til verkelegheita.

Det er ikkje lett å vekse opp som feminin, homofil gut i eit miljø der toleransen er liten. Alle born vil bli likte, ikkje minst av foreldra.  Som lesar vert ein opprørt over at ingen vaksne følgjer med og oppdagar grov mobbing.

Slutten på boka har ein spesiell snert. Her er mykje å lese mellom linjene - og reflektere over!

onsdag 12. oktober 2016

12. oktober

Då vi var i Berlin såg vi at facebook var fullt av fjellbilde. I dag fann vi ut at vi skulle ta eit par fjellpostar. Vi gjekk opp på Melshornet frå Ulset og ned att til Pilskog. Råsa ned var ny for meg.  Mannen sprang og henta bilen og plukka meg opp langs vegen. Så fekk han seg ein joggetur.

Temperaturen i låglandet var pluss fire grader, men i høgda var det vindstille og varmt i sola.

tirsdag 11. oktober 2016

Vel heime!

Eg har ikkje vore i Tyskland sidan midt på 80-talet. Då hugsar eg gamle, flotte bygningar og koselege småbyar.  Berlin er noko heilt anna!Det er ein stor og moderne by med 3 1/2 millionar innbyggjarar.  Avstandane er store.  Vi satsa på sightseeing-bussturar og vanleg buss siste dagen.  I Berlin spør ein ikkje kva gate ein bur i, men ved kva for T-banestasjon, fekk vi oss fortalt.

Eit anna særpreg i byen er heisekranene.  Dei ser ein overalt!  Det vert bygd nytt og utbetra både i aust og vest.

På åttitalet forstod ikkje tyskarane så godt engelsk.  Det har endra seg.  Ein ser nokre dubba program på TV, men også teksta.  Turistguidane snakka begge språka om eit anna, så vi fekk dobbel dose informasjon.  Eg merka at eg måtte leite fram tysken, for han er der.  Eg trur alltid "innfødde" liker at ein prøver å snakke språket deira.  Sjølv satsar eg på at dei høyrer eg er utlending.  Eg treng at dei snakkar tydeleg til meg... 

Apropos språk, så er det greitt å forstå kva som skjer rundt ein.  På turistbussen klappa ei omtrent fem år gammal jente meg på hestehalen og slo fast "nicht echt"!

mandag 10. oktober 2016

Berlin dag 3

I dag har vi mellom anna vore på historisk museum. Eg får kome attende med fleire bilde når eg får tilgang på ei datamaskin.

søndag 9. oktober 2016

onsdag 5. oktober 2016

Bok 39: Dei som flyktar og dei som blir.


I den tredje boka i Napoli-kvartetten, har dei to jentene frå «Mi briljante venninne» og «Historia om det nye namnet» blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.

«Dei som flyktar og dei som blir» er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.


Eg synest denne romanen i serien er betre enn nummer to som eg syntest var ein liten nedtur samanlikna med den første. Det kan verte ein del namn å halde greie på, men denne romanen er meir konsentrert om færre personar, meiner eg.

Som lesar får ein meir enn ein gong lyst til å gripe inn og seie "Ikkje gjer det!".  Elena giftar seg med professorsonen.  Ho får to jenter.  Ekteskapet hennar må berre rakne ...

Blogglesarane får lese sjølv, eller gjere som eg, lytte til lydboka.  Opplesaren les svært godt. 

mandag 3. oktober 2016

Primulapleddet

I går la eg ut heklateppet mitt på instagram og facebook.  Men det finst kanskje blogglesarar som ikkje har sett det?  Uansett så synest eg det er greitt å legge ut mest informasjon på blogg.  Her tvingar eg meg ikkje på nokon.

Då vi hadde familiesamling her i juli, fekk eg bror min til å hjelpe meg med eit reknestykke.  Eg ville vite kor mange ulike fargar ein må ha for at cirka 500 blomster i tre ulike fargar skulle kunne bli ulike.  Eg fekk eit reknestykke der det berre var å sette inn tal for X.  Eg fann ut at 18-19 var nok.  Då hadde eg 25 restefargar i Finull.  Seinare har eg tigga nokre smånøste og kjøpt meg 4-5 fargar til.  Eg har ikkje funne to like blomster, noko som lett kunne ha skjedd, for eg har av og til berre laga plater med omtrent 15 blomster.  Det er lurt om ein oppdagar at ein må ha fleire fargar.

Oppskrifta fann eg i Arne og Carlos si bok "Håndarbeid i hagen". Der er ei god forklaring, men ein kan og finne oppskrift og video her.  Eg fann ein video på YouTube der Arne strikka på tid, nærare bestemt seks minutt.  Eg tok tida tidleg i prosjektet.  Då brukte eg tolv minutt.  Mot slutten brukte eg ni. Eg går ikkje inn for å strikke eller hekle fort.  Ting tek den tida det tek.  Men det kan vere litt artig å registrere.  På facebook synest nokre åtte-ni veker var kort tid...

Eg fekk og spørsmål om storleiken.  Då målte eg det til 150 x 210.  Eg brukte elles heklenål 3, ikkje 3,5 som i oppskrifta.

Teppet var utruleg kjekt å hekle, ikkje minst fordi ein fekk sette saman fargar etter kvart, utan noko oppskrift.  Blomstrane vert hekla saman etter kvart.  Monteringsarbeidet er altså minimalt.  Eit godt tips er å feste trådar etter kvart, omtrent halvparten kan ein hekle inn i arbeidet.

søndag 2. oktober 2016

Siste innspurt!

 I dag hadde eit par av karane bestemt at dei skulle på Skafjellet.  Eg såg mitt snitt til å hive meg med og sikre meg dei to siste postane eg treng for å få den gjevaste premien.  Heretter vert alt berre bonus.

Det vart fort klart at ikkje alle ville få i mitt tempo, så eg vart sleppt av på Bjåstad ein halv time før dei. 
 Eg har aldri gått opp denne råsa, som går for å vere den finaste, før.  Men eg fekk beskjed om at det berre er å gå skogsvegen opp, og råsa er så godt skilta at det er umogleg å gå feil.
 Det er sant!  Fjellentusiastar har gjort ein god jobb med tilrettelegging!

På Storebroren er det flott utsikt utover!

lørdag 1. oktober 2016

1. oktober

 Kalenderen viser 1. oktober, og vi kan trygt seie at hausten har kome, sjølv om det visst nok skal skine opp att i morgon.  Det er berre ei veke att til vi får haustferie.
No har vi Voldingane på besøk.  Til middag serverte eg fårikål.  I morgon vert det fjelltur på nokre og kanskje fisking frå land på andre.  Mannen skal delta på eit arrangement i Ulsteinkyrkja.  Eg må sjå kor langt eg kjem med vekeplanlegginga.  Måndag skal elevane få lekseplan for to veker.  Faga må planleggast og planen må utformast.  Dette er arbeid eg har brukt å fare på jobb for å gjere, men no har eg sikra meg tilgang heimanfra.  Det bør vere tidssparane.

Elles har eg fått blogglista mi på plass att.  Av ein eller annan grunn forsvann ho.  Så la eg inn på ei ny, og plutseleg var der to.  Eg håper no at alle som vil vere der, er der.  Eg har ein mistanke om at nokon kan ha uteblitt.  Dei er på ingen måte utestengde.  Eg må berre finne dei att.  Dei som skriv kommentarar, skal eg få lagt inn att!  I framtida vil berre ti bloggar vise, så bloggar som ikkje vert oppdaterte, vil ikkje vise.

Då vil eg ønskje blogglesarane ein fin søndag!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...