mandag 30. mars 2015

Bok 15: Bare et barn


Hanne Kristin Rohdes oppfølger til suksessromanen Mørke hjerter begynner dramatisk når en journalist og en politiadvokat drepes på en pressekonferanse på politihuset i Oslo.
Politiet finner likene av to guttebarn ved Frysja i Oslo, og sammen med sine kolleger i Oslopolitiet begynner Wilma Lind å nøste i det som åpenbart er en drapssak. Denne gangen får Wilma mer enn én krevende etterforskning å tenke på: Hun satt nemlig ved siden av den drepte politiadvokaten da han ble skutt under pressebriefen. De to sakene tilfører Wilma en kunnskap om Norge som overrasker og sjokkerer henne, og hun må se etter løsninger og motiv også der det er upopulært å lete. Hun erfarer raskt at ikke alle overordnede lar seg begeistre. Bare et barn retter blikket mot de mange barna som stadig forsvinner fra norske asylmottak, mange som ofre for menneskehandel, uten at norske myndigheter gjør tilstrekkelig for å avdekke fakta.


Eg har ikkje lese den første boka av forfattaren. Det burde eg kanskje ha gjort. For meg vert romanen altfor mykje prat på grensa til kjedeleg. Det er ein slik roman du les fort og gløymer fort.  På bokkilden kunne det sjå ut som romanen har fått gode kritikkar og høge terningkast. Då lurte eg på om det er denne lesaren det er noko gale med. Men så sjekka eg med VG...

søndag 29. mars 2015

Palmesøndag 2015


I dag var alle samla til middag.  Eg laga ei enkel kjøtsuppe, så får ein avsetnad på dessertar og kaker. To av "gutane" hadde tenkt seg på topptur, men dei roa ned då dei fekk sjå veret.

I år har eg ikje kome så langt som til å pynte til påske.  I dag oppdaga eg, hald dykk faste, at eg ikkje hadde ein einaste uspretta pakke med påskeserviettar. Likevel trur eg det skal halde denne påska.

lørdag 28. mars 2015

Gratulerer mamma!

 I dag kan vi gratulere mor mi med 75-årsdagen!  Vi har feira i henne i dag. 
Eg reknar med at det dukkar opp bilde på de andre bloggane.  Sjølv tok eg berre eit par bilde med mobilen.  Forsøket med å blogge frå den skar seg.  Det kom opp blinkande reklame og skugga for det eg skulle skrive.  No reknar eg med at jubilanten har rydda etter oss og pynta både ute og inne med blomster som ho har fått!

Litt miring:
Av alle mor mi sine gebursdagar hugsar eg nok 40-årsdagen henar best.  Då hadde ho invitert alle "lærarinnene", ein gjeng med gamle damer som sat og snakka om kor unge dei følte seg.  Eg var 17 og syntest 40-åringar var gamle.  Dagen vart feira 27. mars 1980.  Det vart ein historisk dag: dagen for Alexander kielland-ulykka.

fredag 27. mars 2015

Påskeferie og vinnarlykke

I dag ventar vi mellomste mann heim med fly frå Gardermoen. Han skal vere i lufta no og ha med seg spesialbagasje. I morgon skal vi etter planen samlast i Ørsta der mor mi skal feirast.

Dagens bilde er av dagens gevinst i skulekorpslotteriet!

torsdag 26. mars 2015

Påskelunsj på skulekjøkenet

 Dene veka har vi laga ulike rettar som ostesuffle, pai, appelsinris og ambrosiakake på skulekjøkenet. Det er ekstra stas når det vert fint pådekt.

mandag 23. mars 2015

Kvardag med coopkupp

Denne gongen kom kupongane litt brått på meg. Før helga måtte eg skunde meg og bruke dei gamle kupongane. Månadsskiftet kjem vel midt i påska, og då er det nok å halde greie på for butikkmedarbeidarane, tenkjer eg.

No skal eg lage sein middag. Eg ventar mannen heim etter to og ei halv veke på reisefot i Italia. Det kan vel bli meir å lese om påmhans blogg etter kvart, tippar eg.

søndag 22. mars 2015

På tide!

Av og til så kan ein lure på kva som utløyser ei handling. Det er ofte ein kombinasjon av idear. Indag såg eg på rabarbraen som har kome med små skot. I går måtte coopkupongane løysast inn. Vaniljesaus og tacosaus stod eg over. Kva skulle eg med det når eg hadde på lager? Eit problem eg har før påske, er full frysar. Det er ein som vil fiske.

Så kom eg på å lage rabarbrakake i langpanne medan eg steikte kotelettar. Delar av kaka vart servert til dessert ei stund etter middag. Oppskrifta fann eg med å søke på bloggen. Ek kutta ut vatnet i oppskrifta. Frosen rabarbra gjekk heilt bra!

(Blogga via I-pad.)

lørdag 21. mars 2015

Bok 14: Reisen hjem

Som kjent har eg har datatrøbbel i det siste. No er eg heilt utestengd frå datamaskina. Heldigvis hadde eg nokre bøker på I-poden. No må eg lytte til dei eg har.

Dette er ein amerikansk bestseljar. Forventningane var deretter. Eg vil karakterisere romanen som grei underhaldning.  Litt problem har eg når ein tek opp alvorlege tema med eit heller klisjeaktig språk. Heldigvis er språket berre enkelt, ikkje sukkersøtt.

torsdag 19. mars 2015

Eg er klar!

Så spørs det om vergudane samarbeider! Om sola eller rettare sagt månen, skulle vise seg, skal brillene gå på omgang blant kollegaer og elevar.

onsdag 18. mars 2015

Genser i retrofargar - eller nye fargar

 Mønsteret til genseren fann eg i boka eg fekk til morsdag:"To raske pinner". Eg hadde kjøpt fargane i Mini Alpakka frå Sandnes.  Men då eg kom nesten opp til mønsteret, kjøpte eg meg ny bukse i Ørsta.  I boka til Wiola las eg og at ein måtte velje sine eigne fargar. Det er kjekt å sette saman sine eigne antrekk.  Så eg kjøpte marineblått garn.  Den andre blåfargen hadde eg i restekorga.
Så får blogglesarane avgjere om eg "feiga ut".  Faren er at alle kleda vert blå.

tirsdag 17. mars 2015

Skitur til Hornindal


I år valde skulen vår ein ny vri på skituren.  Vi tok med oss niande og tiande til Hornindal skisenter.  Det trur eg vi kjem til å gjere igjen.  Bussturen tek ca ein time og eit kvarter.  Løypene var flott preparerte.  Eg var sett opp på langrenn.  Bilde av elevar kan eg ikkje legge ut, berre litt av den flotte naturen i Nordfjord.


mandag 16. mars 2015

Bok 13: Harpesang


Et musikalsk undergrunnsmiljø, et himmelrom av sang Det er himmelsk sang plateprodusenten Jim Gystad en bakrusmorgen får høre i Vinger kirke. Stemmene fra benkeraden bak ham formelig løfter ham inn i evigheten, bort fra den trauste liksombluesen som han til daglig prøver å puste liv i. Og for første gang på lenge slipper meningsløsheten taket. Det er De Syngende Søsken Thorsen som befinner seg i forsamlingen. I forgangne år har de turnert USA og solgt hundretusenvis av plater, singler med titler som "Det er mitt kors å bære" og "Tretti sølvpenger oppå vår Faders bibel". De fant alle tre kjærligheten. De mistet den. Og de opptrer ikke mer. Etter dette er Jims liv egentlig bare fylt av én ting: Han vil vekke sangen til live hos De Syngende Søsknene Thorsen. Han blir satt på de vanskeligste prøver. Og det vanskeligste av alt: å bringe kjærligheten tilbake i livet deres igjen. 

Dette er ein vakker roman om kjærleiken generelt og kjærleiken til musikk spesielt. Foefattaren les sjølv.  Det gjer kanskje romanen endå meir poetisk.  

Så spørs det om gamal kjærleik rustar?  Eg håper eg ikkje fornærmar nokon når eg vil anbefale denne romanen først og fremst for dei som har levd ei stund?


søndag 15. mars 2015

Vår vår


Her hos oss har det vore nydeleg vårver i dag.  Sola har skine frå skyfri himmel.  Men temperaturen skiftar fort frå stille område til der vinden får tak. Det er lett å tru at våren har kome lenger enn han verkeleg har.  I naturen hadde nokre få hestehovar vakna på solsida ved ein murkant.  Desse blomane var ukjende for oss før, men no har dei truleg kome med ballast eller med store bilar.

Eg passa på å gå rundt vatnet midt på dag. Elles har eg kopla av frå skulearbeid.  Dei to førre vekene har det vore mykje kveldsjobbing, og eg har tatt helgene til hjelp.  Så får ein unne seg ei frihelg før innspurten til påske. Vi gler oss mest til å få karane heim att!

lørdag 14. mars 2015

14. mars

 No har eg nettopp fullført helgavasken.  Tidlegare i dag skein sola, og dronninga vinka meg ut.  Det vart ein tur innom biblioteket også.

Eg er heime åleine for tida, ikkje meir enn at eg serverte pizza til fire i dag. Det er i slike tider ting sluttar å virke.  Eg kjem meg ikkje inn på brukarnamnet mitt på datamaskina.  Heldigvis lærte bror min frøkna å opprette nye brukarnamn i sommar.  Så eg kjem meg inn på maskina, men alle bøkene mine har eg ikkje tilgang på.  Så eg lånte meg eit lass på biblioteket i dag.  Minst to av dei har eg nok lese før.  Fordelen mned bloggen er at eg kan søke og finne det ut.

Mobilen var heilt torsdag.  Eg lada den både i datamaskina og veggen utan resultat.  Ungdomane fekk prøve seg.  På Lefdal i går var det nok at eksperten letta på dekselet.  Han tok det heile med ro.  Det var ikkje første gongen. I rein lykke for eg på bytur og kjøpte meg både kle og ting til huset
Dagens pizza vart laga av heilt enkle ingrediensar, inspirert av vegetarveka på jobb der pizza Margerita er eit populært val. I tillegg til nokre osteskalkar frå kjøleskåpet, hadde eg kjøpt nokre andre ostar med smak.  Goudaen var på datotilbod.  Då eg prøvde gul gjær til pizza, fekk eg spørsmål om den var noko betre.  Eg merka ingen forskjell.  Men dette mjølet var lett å arbeide meg.  Eg brukte ikkje kjevle, så fleksibel var deigen.

No skal eg i posten og hente ein pakke før vi skal sjå Grand Prix.

God helg!

mandag 9. mars 2015

Bok 12: Stoner

William Stoner er født mot slutten av det 19. århundre i en lutfattig bondefamilie i Missouri. Han blir sendt til universitetet for å studere agronomi, men forelsker seg i stedet i litteratur og omfavner livet som akademiker. Etter som årene går, møter Stoner motgang på motgang: Hans ekteskap inn i en respektabel familie fremmedgjør ham fra foreldrene, hans karriere bremses, hans kone og datter vender seg vekk fra ham og en skjellsettende forelskelse blir satt under press fra trusselen om skandale. Hans liv er stille, og etter hans død er det få som husker ham. Likevel, med oppriktighet, medfølelse og en intens kraft avdekker denne romanen universelle verdier. Stoner forteller om de konflikter, tap og seire som mennesker gjennomlever selv om de ikke noteres i historiebøkene og tar tilbake betydningen av hvert enkelt menneskes liv. Denne dypt rørende, lysende romanen er en stille, men perfekt leseropplevelse.

Eg har sett omtalar av denne romanen frå 1965.  Då han vart utgjeven, vart han trykt i 2000 eksemplar.  No har ein funne den fram att.  Terningasta er høge og omtalane rosande.  Kva er det med Stoner?

Det er noko med livet til denne mannen.  Han tek tøffe val, kanskje litt tilfeldige, men vert han lykkeleg?  Mollstemt er eit adjektiv som har vore trekt fram.  Eg vart fascinert!

Eg anbefaler blogglesarane å lese romanen.  Les gjerne denne meldinga.

Bok 11: Risp i berget

Denne boka skal ikkje eg melde.  De kan lese om den og finne linkar til opplesing med meir på bloggen til forfattaren.

søndag 8. mars 2015

Skappelbrød

Dagens brød bakte eg etter inspirasjon frå to kjelder. For det første har Berit Norstrand vore og halde foredrag i næraste by.  Det skal etast mellom anna speltmjøl. Så var det nokon som snakka om dei nydelege Skappelbrøda. Eg googla og fann oppskrifta på Maria Skappel sin blogg.

No er det no ein gong slik at fordi ein er kjendis, så er det ikkje sikkert ein er verken strikkeekspert eller bakar. Maria Skappel seier no og berre at ho har fått oppskrifta ein eller annan stad i frå. Brøda er eltefrie. Eg rørte saman deigen med berre omtrent 5 gram gjær. Deigen ausa eg over i dei tre raude silikonformene mine - utan å smørje dei. Det gjekk heilt fint. Ein annan gong kjem eg til å bruke to former. Brøda vert nydelege. Om helsegevinsten er verd mjøl til 40 kroner kiloen, er eg usikker på!

Om nokon lurer på kvifor eg ikkje laga dei med 50 gram gjær som i oppskrifta, så er det fleire grunnar til det. For det første må linfrø anten skoldast eller leggast i bløyt. For det andre får ein fram nydelege smakar med langheving. Sist, men ikkje minst så er det på grunn av helsegevinste. Kroppen gjer seg meir nytte av næringsstoffa i brødet om ein langhevar.

lørdag 7. mars 2015

7. mars

Eg skulle legge ut eit par bokmeldingar i dag, men datamaskina nektar å samarbeide. Derfor vert det berre eit gløtt innom frå I-paden. Eg har begynt å strikke Wiolakofta. Då eg såg bilde av jakka, bestemte eg meg på sekundet for å strikke den. Det vart ei stund å vente før mønsteret kom i familien. No skal det strikkast, heklast og broderast!

onsdag 4. mars 2015

4. mars Gratulerer Ingar!

I dag fyller yngste tantebarnet 5 år. Vi gratulerer!

Tanta har sendt han denne genseren.  Eg såg han i ein brosjyre og fekk berre så lyst å strikke han.  Garnet heiter Hverdags og er ei blanding mellom ull og alpakka.  Eg håper genseren vert mykje brukt, for denne kan ingen arve.

mandag 2. mars 2015

2. mars

I dag har vi hatt ein ganske fin vårdag hos oss.  Eg sykla på jobb for første gong i år. Då eg gjekk meg ein kveldstur, hadde det frose på, så ein får vel vere litt forsiktig.

Coop markerer månadsskiftet med å sende oss nye kupongar. Eg har vel kjøpt noko av dette ...

søndag 1. mars 2015

1. mars

 Av ein som hadde vore i London i vinterferien, fekk eg denne dronninga.  Ho har solcellepanel i veska, så ho vinkar når sola skin.  Eg har kome fram til at det berre kan bety ein ting: Ein må legge frå seg bunkane og gå ut når sola skin.  Så får ein heller "burn the midnight oil"?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...