torsdag 23. februar 2012

Ny innvandrarbutikk i Hareid

 Det er nokre år sidan innvandrarbutikken i Hareid vart lagt ned.  No har dei starta opp att i Jafs sine lokale tvers over Bunnpris.  Frøkna og eg stakk innom for å kike, og sjølvsagt kom det litt opp i handlekorga. det er kjekt å gå i ein butikk med annleis vareutval enn i resten av matbutikkane.
 Krydderpakningane kosta frå 13 til 16 kroner.
 Kiloprisen på minimangoar frå Sri Lanka var 70 kroner, 5,50 pr stk.  Dei smakar friakare enn vanleg mango.  Resten skal få modne litt til før vi et dei.
 Vanlege mangoar til 15 kr stk.

Der var både norske og utanlandske grønsaker.  "Alt er billeg," fekk vi høyre, og det stemte nok. I går, som var første dagen, hadde dei selt varme rettar, og alt hadde gått unna.

Butikken skal ha eit stort pluss for hyggeleg betjening - for å bruke eit bokmålsord.  Eg håper dei greier å trekke til seg både innfødde og innflytta nordmenn slik at vi kan få behalde butikken!
Eit lite husmortips i dag og: Kotelettbeina som eg skar kjøtet av på søndag, la eg i ein plastpose med 1-2 ts salt.  I dag kokar eg kraft på beina og nokre grønsaker.  Ei god kraft er alltid eit godt utgangspunkt for ei god suppe!

8 kommentarer:

  1. Så flott! Eg har brukt den i Ulsteinvik når eg er heime. Det var ikkje så fullt der, så eg tipsa dei om at eit skilt kanskje hadde vore ein god idé. Då eg var heime sist hadde dei jammen fått seg skilt! Slike butikkar fortener verkeleg å overleve, så eg vonar den vert brukt flittig. :-)

    SvarSlett
  2. Det gjer eg og - ikkje berre av meg! Dei hadde ikkje fått prisa alt enno. Der hadde vore mange kundar. Håper spesielt på større utval i frukt og grønt!

    SvarSlett
  3. Du får geleide meg inn i butikken neste gong eg er der ute. Mitt problem er at det ofte er store "porsjonar" av det meste på slike stader og det høver ikkje for oss som er to.

    SvarSlett
  4. Eg deler gjerne utover til slekta!

    SvarSlett
  5. Ja, det er smart. Eg har faktisk gitt bort krydder i julegåve. Eg kjøper dei store posane, kjøper fine glas, merkar dei godt, pakkar dei i ei pen korg e.l. og legg ved nokre oppskrifter.

    SvarSlett
  6. Såg du om dei hadde noko som likna fersk basilikum? (til eksempel søt thailandsk basilikum)

    SvarSlett
  7. Nei, ikkje som eg la merke til, men der var grønsaker eg ikkje har sett før.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...