søndag 30. juni 2013

When in Rome

Den dagen vi reiste frå Ostia til Roma, rusla vi oss berre ein tur rundt i byen.  Vi tok T-banen til Spanglia, Spansketrappa.  Der er det alltid fullt av folk.  Og det plystrande politiet er ikkje langt unna.  I Italia er det ulike typar politi.  Når "finanspolitiet" dukka opp, såg ein fort kven som dreiv ulovleg sal.  Nokre pakka fort saman, medan andre fjerna seg litt vekk frå veskene sine.  Dei fleste politifolk er væpna, men dei ein merkar best, er dei som plystrar når folk gjer noko gale til dømes badar i fontener der det ikkje er lov.
Overalt tek folk bilde, ein må rekne med å kome i fotoalbum rundt om i heile verda.

Frå Ostia til Roma

I dag tidleg forlet vi suiten i Hotel Sirenetta. No har vi kome fram til leilegheita i Roma.


tirsdag 25. juni 2013

Bok 29: Dagen skal komme med blå vind

Frå coveret:
En ny Skogli-roman om familiehemmeligheter, en brødrekonflikt og en bestemmelse om å prøve kjærligheten på ny. "Hvor mye galt er du villig til å gjøre, for til slutt å gjøre noe godt?" Mikael Hildonen har prøvd og ikke fått det til. Han sitter ved kjøkkenbordet med voksduk, drikker kaffe og ser på skyene over Austberget. Mikael vet bare én ting: Ine er død, og han får henne aldri tilbake. Heller ikke barnet hun bar i magen. Så settes livet i bevegelse: Mikael må ta seg av trettenåringen Daniela, datteren broren ikke vil vite noe av. Men først må han kvitte seg med noen innkrevere på tung motorsykkel. De vil ha alle pengene han ikke har ... og de vet hvor Daniela bor.

Kort sagt kan ein vel seie at romanen skildrar ein som omtrent har gitt opp livet, men som finn det att. Det er ein stille roman, men han er ikkje stilleståande.  

Eg liker godt forteljarstilen til Levi Henriksen.  Han les sjølv, noko egi utgangspunktet er skeptisk til.  Men stemma er lågmælt og dialekten herleg. Begge delar kler romanen.

Dette er ein roman eg verkeleg vil anbefale blogglesarane å lese - eller lytte til.

mandag 24. juni 2013

Glimt frå Runde

 Avslutningturen i år gjekk til Runde.  På Miljøsenteret fekk vi sjå filmen Havets sølv, ein fantastisk film som viser mangfaldet i havet.  Dimensjonane av biomassen er ufattelege.

Ein får, mellom mykje anna, sjå mange utstoppa fuglar...
 ... delar av Rundeskatten ...
 ... og ein modell av den forliste skuta.  Det var ei lærerik omvising med mange historier.
Vi fekk servert bakalao middag.  Mange gjekk tur i Rundefjella.  Sjølv måtte eg nøye meg med ein liten luftetur saman med ein litren gjeng.

Eg har vore på Runde mange gonger, men ikkje på Miljøsenteret.  Viss nokon skal gifte seg og får gjester frå heile landet, må det vere ein fin stad å feire.  Gjestene vil få ei flott oppleving av natur og kultur.

Gratulerer Einar

 I dag kan vi gratulere Einar med 26-årsdagen!
I dag kom Audun att frå KRIK-leir i Bø i Telemark.  Dei hadde hatt det temmeleg vått.  Vi greidde å samle alle til middag før fødselsdagsbarnet for vidare på eit møte.  Han har mange jern i elden.  Som eldst i ein relativt stor flokk, har han lett for å ta på seg ansvar.
Det var typisk Einar å gå rundt i undertrøya.  Han sat omtrent aldri i ro, men leika, gjerne med bilar.  Det vart gjort nokre forsøk på å gi han dukker og bamsar, men dei fekk berre sitte og sjå på medan han leika med bilar og tog.

No arbeider han som journalist i Vikebladet i tillegg til å dekke heimekampane til Hødd og Aafk for VG.

P.S.
I dag slit vi med nettilgangen i heimen - om nokon skulle sakne kommentarar og "likes".


søndag 23. juni 2013

Jonsok

I dag starta dagen med sol og skyer.  Vi kunne drikke den etterlengta kaffien i hagen. Den herlege feriekjensla sette inn.

Brått kom regnet.  Vi har ikkje planlagt noko bålbrenning. Det er ikkje verst for oss. Men det er kjedeleg for dei som har lagt mykje arbeid i planlegging.

På bildet ser de kva eg kjøpte til meg sjølv i går.  I fjor gjekk eg og såg på nokre oliventre som eg aldri kjøpte.  I år fekk ein kjøpt dei i korg på Floriss.  Og eg synest den glei rett inn i "miljøet".  Ekstra kjekt vert det om der kjem nokre oliven!

lørdag 22. juni 2013

Gratulerer Øystein!

I dag kan vi gratulere Øystein med 51-årsdagen.  I år fall dagen på årets beste dag, nemleg første feriedag. På bildet sit han slik han likar seg godt, på Høddkamp.

Vi starta dagen med kaffi og aviser før vi gjorde som pensjonistane seier dei gjer, tok oss ein tur til Vik (Ulsteinvik, ikkje Ørstavik).  Der møtte vi både den eine og den andre.  Det var kjekt, og tida flaug.

Vel heime starta eg å koke yndlingsretten hans, rømmegraut.  Så fekk han ta fram fenalåret sitt.  No har eg laga ei gulrotkake etter same oppskrift som mor mi bruker.  Det er ein risikosport, for hennar er absolutt i særklasse.

fredag 21. juni 2013

Siste skuledag

I går henta eg mannen på kaia eit kvarter før midnatt.   Då var hans skuleår slutt.  Vi har planlagt og rydda i dag.  No skal vi på avslutningstur!


torsdag 20. juni 2013

Gratulerer Margrete!

I dag kan vi gratulere systera mi med dagen! Ho er fem år yngre enn meg, så når eg har rundt tal har ho halvrundt - og omvendt.  Eg reknar med ho også er på veg heim frå sensormøte i Bergen.  Feiringa får vi ta når vi får ferie!  Det er kort mellom dagane no.

Bildet er frå då ho var 19.

10 års garanti

I dag kom såpedispenseren.  Skal det vere, så skal det vere.  Eg har alltid kjøpt såper i eingongsdispenserar. Det er sjølvsagt sløsing med plast.  Skeptikarar meiner at noko anna er lite vits, men med 10 års garanti, får ein tru det er god kvalitet.

Det er ryddetider på jobb.  I dag kasta eg ein del gamle instruksjonshefte til ulike elektriske apparat. Eg kom over kvitteringar for ting med 10 års garanti som gjekk ut i 2008. I morgon skal det ryddast og kastast meir.

P.S
Eg trudde eg hadde såpe til å ha i dispenseren, men det viste seg å vere dusjsåpe innkjøpt etter krav frå ein miljøvernar i familien.  Eg er ein stor tilhengar av å ha såper hengande i dusjen ...

onsdag 19. juni 2013

Norsklærarkake - eller alternative undervisningsmetodar

Før norsktentamen gjekk eg gjennom den mest vanlege rettskrivingsfeilen.  Mange slit med å skilje mellom viss, vist og visst.  Etter å ha forklart det på tala, ingjekk eg eit veddemål med klassa: Viss alle greier å skrive viss, visst og vist rett, skal eg bake sjokoladekake.

No trur kanskje blogglesarane at rettskrivingsregelen sit som spikra. Så vel er det ikkje.  Eg hadde berre så vidt starta på bunken, for feilen dukka opp.  Men så kjem ein av dei som skriv rett og spør om dei hadde greidd det.  Då smeltar sjølvsagt lærarhjartet.  Kaka vart bakt etter oppskrift frå  Smalhans. Ho  er akkurat passeleg stor til forma med plastlok og hankar.  Eg gjorde ei endring i oppskrifta, nemleg å ha i ei ekstra matskei (=ss=15 ml) kakao i både botn og fyll.

Til pynt vart det då sjølvsagt nokre rettskrivingsreglar ... Kanskje nokre lærer etter kakemetoden?

No står den raskaste sjokoladekaka frå same bok i omnen.  Etterpå skal eg sette inn eit par karamellpuddingar.  Det er tid for avslutningsfestar!

tirsdag 18. juni 2013

Bok 28: Gutten som sluttet å gråte

Få coveret:
En Augustnatt går alarmen i Hagfors: et hus står i brann. Neste dag dør en 43 år kvinne av skadene hun er påført under brannen. Et par dager senere står et hus til i flammer. Politiet i Hagfors står overfor en av sine største utfordringer. Journalist Magdalena Hansson trekkes stadig lengre inn i jakten på en brannstifter, og hennes personlige engasjement skal vise seg å være svært risikabelt.

Dette er ei krimbok der ein kvinneleg journalist skal løyse krimgåta.  Forfattaren bruker mykje plass til å skildre personane og privatlivet deira.  Det vert hakket for mykje når ein får høyre dei smøre på brødskiva.  

Tretten på dusinet
Romanen kan nok ha underhaldningsverdi, men det har vore skrive så mange betre romanar i same sjanger.  

Oppklaringa er lite truverdig, sjølv om den er logisk.  

mandag 17. juni 2013

Inngangspartiet

 Den dagen eg planta i pottene, tapte Hødd. Så ingen la merke til kor fint det hadde blitt.
 Desse rosa pelargoniaene var på tilbod.  Eg syntest dei ville passe godt i korgkrukkene.  Ei frodig rose og ein lys eføy passa godt til, synest eg.
 Engletrompeten kjem til å kome med sarte lysegule blomster.  Så eg valde lyse nyansar i gult og rosa i tillegg til ein litt skarpare rosa som kunne ta opp fargen i pelargoniaene.  Sitrontimianen har fine blad og rosa blomster.
Fredag hadde dei peonar på Floriss. Peonar er yndlingsstauden min. Desse skal bli heilt lysrosa. I år tel eg fire knoppar, så får vi følgje med.  No skal peonen få stå i krukka til han er avblomstra.  Etterpå skal han sjølvsagt ut i hagen på ein eigna stad.

søndag 16. juni 2013

Lykka er ...

 ... eit nytt strikketøy!

No har eg begynt å strikke ei jakke til meg sjølv i garnet Line Det er ei blanding av bomull, viscose og lin.  Jakka er i dobbelt garn som vert strikka på pinnar nummer seks.  Heftet, der jakka er modell 5, kan de sjå her.

Eg har aldri strikka klesplagg ovanfrå og ned.
På dette bildet er fargane meir slik dei er.  Som de ser, kjøpte eg med meg nokre knappar eg likte.  Knappar har ein del å seie for eit så enkelt plagg.

lørdag 15. juni 2013

15.juni

 I dag vakna vi til sol og vind.  Nokre skyer har det vore og.  Sjølv om veret var så pass fint, bestemte eg meg for å gjere som planlagt: Vaske ein vegg i veka - i tillegg til golvvask. Eg valde rett nok den minste veggen.  Så kom vi oss ut og fekk styrt litt i hagen.  Det vart vaflar på altanen, og no mot kvelden vart det brennsnut inne.
Rosebuketten eg fekk frå dei kjekke elevane i klasse 8B, inspirerte meg til å dekke på med kvit duk.

fredag 14. juni 2013

Bilde frå badet

 I dag kom dei siste hengslene på plass å badet.  No manglar eg berre ein såpedispenser i frosta glas. I dette badet kan ein velje den fargen ein vil på handdukar.  Dei eg no har hengt opp, fann eg på loftet.  Eg har sikkert kjøpt dei på -70%.  Meininga var at eg skulle sende dei med han som skal på hybel til hausten.  Det kan eg framleis gjere.
 Ved sida av toalettet ville eg ha eit ekstra skap.  Der kan ein til dømes plassere vaskemiddel og toalettpapir.
Her i huset er mange glade i å bade, så vi valde å sette inn eit nytt badekar.  Det tok meg ei lita stund å forstå at ein må snu på krana for å få vatn i dusjen.

No manglar eg berre nye gardiner og/eller persienner. Eg har hengt opp den gamle persienna - mellombels.

torsdag 13. juni 2013

Bok 27: Adam og Eva

Aatami Rymättylä er skild for tredje gong og har mange born å forsørge. Bedrifta hans,Adams Akkumulator og Batteri AS, går dårleg. Akkurat når det held på å gå skikkeleg gale, gjer han ei oppfinning, ein ultralett akkumulator. No møter han den alkoholiserte advokaten Eva Kontupohja.  Ho har investert i oppfinninga hans og gitt han pengar til oppstart.   Han sel patentet og vert styrtrik. Oljeindustrien er truga. Dei sender den scicilianske leigemordaren Luigi etter Adam.

Handlinga er ellevill, men ikkje utan djupare meining.  Forteljar stilen er heilt spesiell.  Her boblar forteljegleda over.  Eg har stor sans for Arto Paasilinna sine bøker.  Til slutt lurer ein på kvar dette skal ende.  Slutten er absolutt ikkje føreseieleg og heilt perfekt. Dei som les boka, vil forstå kva eg meiner.


onsdag 12. juni 2013

Liv i buskane

 Etter ein hard vinter har det vore spennande om det ein planta i fjor, har overlevd.
Retting: Forfjor.
 Det er liv i alle dei tre buskane eg fekk av systera mi.
 Det er ikkje sikkert dei vert så store, men dei vil i alle fall etablere seg og bli sterkare.
 Rosa som eg fekk av svogeren min, hadde eg omtrent gitt opp.  Fleire greiner er daude.  Men eg har høyrt at ein aldri skal gi opp ei rose før jonsok, så eg let henne stå.  Og no er der altså liv.
Liljekonvallane var freistande å plukke inn inspirert av kongeleg bryllaup.  Det tok eg meg ikkje "råd" til.   dei er så fine der dei står.  Og eg vil gjerne at dei skal formeire seg.

tirsdag 11. juni 2013

Studentgenseren ferdig!

No har eg strikka ferdig genseren til den komande studenten.  Både han og eg er godt nøgde med resultatet. Mest spennande synest eg det var om genseren vart fin i halsen.  Det vart han! Ryggen er strikka lengre enn framstykket.  Det vart ein del trådar å feste, men det er ingen ting mot å sette inn ermar etterpå.

Oppskrifta fann eg i Tema 26 Gutter & menn frå Sandnesgarn. (Modell 7) Der er garnforslaga Peer Gynt eller Smart.  Eg brukte Mitu frå Raumagarn.  Eg valde blåfargar i staden for brunfargar, noko eg synest kler den unge mannen godt.


mandag 10. juni 2013

Bok 26: Reddhare


Frå coveret:
Mark Billingham innfrir med "Reddhare" de forventningene han selv skapte gjennom sin debutroman "Sov godt": En moderne, psykologisk krimroman som begeistrer anmeldere og fanger lesere langt hurtigere enn Tom Thorne får tak i sine drapsmenn... Det var et velkalkulert drap... Offeret ble plukket ut på Euston stasjon, fotfulgt hjem og deretter kvalt med sitt eget barn som vitne. På samme tid blir et annet offer, drept på samme måte, funnet på baksiden av Kings Cross Station, ikke langt unna. Tom Thorne er den som ser sammenhengen - og kommer til en urovekkende konklusjon. Det er ikke bare én, men to seriemordere de står overfor.

Denne romanen vert katerogisert som psykologisk thriller.  Det er bok nummer to etter "Sov godt" med Tom Thorne som detektiv.  Romanane er spennande.  Ein får glimt attende i barndomen til drapsmennene som skal forklare kvifor dei vart nettopp drapsmenn.

Det er ekstra interessant når ein ser for seg kjende stader i London der handlinga er lagt til. Dette er god underhaldning.

søndag 9. juni 2013

Rabarbrakake i langpanne

I dag vakna vi til regn her på Sunnmøre.  Kva skal ein finne på? Helst ville eg ha sete i ein stol og sola meg. Det er framleis vondt å gå.  Så fann eg ut at eg kanskje skulle satse på å lage ei rabarbrakake til dessert.  Det er noko eg gjer ein gong i året.  For tida har eg fire menn i kosten, i tillegg til og to damene.  Det nyttar ikkje å bake i små former. Som i forfjor tok eg utgangspunkt i TV2 si oppskrift.
500 g smør
500 g sukker

9 egg

500 g kveitemjøl
4 ts bakepulver

1 dl kaldt vatn
14 stilkar rabarbra

Sukker, gjerne demerara, til åstræ på rabarbraen.  Du kan og ha på kanel eller mandelspon etter eige ønskje.

Eg plukka inn 14 stilkar rabarbra.  Reinsa og oppskore vart det 1350 g.
 1. Rør smør og sukker kvitt.
2. Ha i egga, eitt om gongen.
Når det er mange egg i ei oppskrift, bruker eg å knekke alle på ein gong å ha dei i eit målebeger.
3. Sikt på det tørre og ha i vatnet.
4. Ha røra i ei langpanne og fordel rabarbraen over.
 Eg brukte langpanna som høyrer til omnen.  Som  de ser, er der rikeleg med rabarbra.  Strø gjerne sukker på.  Rabarbraen forsvinn ned i kaka under steiking.  

5. Set kaka ned om midten i omnen og steik ved 180 grader ca ein time.


Eg servert mjukpiska krem med 1/2 ts ekte vaniljesukker til.   Det smakte godt etter "brennsnut" og focaccia.

lørdag 8. juni 2013

Tre for to på sko

I dag har eg gjort litt av kvart. I tillegg til helgevask vaska eg eit par vegger.  Det har samla seg ein del finstøv i oppussingsperioden, og spesielt på liggande panel vert det synleg.
I dag greidde eg å samle heile familien på middag.  Det stod det svinekotelettar på menyen.  Tidspunktet var klokka tre.  Ingen ville sjå kongeleg bryllaup, så gjestene forsvann  fort, ikkje lengre enn ned på TV-romet rett nok.
Og så var det ho som hadde fått pengar til fødselsdagen for å eventuelt kjøpe seg sko.  Dei annonserte "ta tre betal for to" på sko tidlegare i veka. (Slike tilbod skygger eg eigentleg unna.) Vi gjekk saman, og det vart til at eg "fekk" eitt av para.  Det er eit par heilt lave eccosandalar som eg treng når eg skal trakke i gatene i Roma om eit par-tre veker.  Sandalane var heilt fantastiske å ha på seg.  Dårlege sko kan øydelegge ein ferie.  Ein kan ikkje ta smålege omsyn som at ein helst vil vere elegant og høg.  Ei av kjenslene eg fekk sist eg var i Roma, er at eg, med mine 164 1/2, er høg i verdsmålestokk.


fredag 7. juni 2013

Snikkik

 Huset vårt har stått litt på hovudet her siste vekene.  Prosjektet har vore oppussing av badet i hovudetasjen. No står det berre att å henge opp nokre småting i tillegg til elektrikarjobben.

 Huset vårt er 20 år gamalt.  Badet oppe vart ikkje særleg påkosta.  Det vart ein del mellombelse løysingar.  Felles for slike er at dei gjerne vert permanente. No har vi lagt fliser på golvet og sett opp plater på veggene. Alle tinga er nye.
Toalettsetet let seg att sjølv.
Ei anna løysing som er på plass, er toalettbørsten, eller dokosten som eg kallar han.  Eg synest det er praktisk å få tinga hengt opp.  Det vil lette golvvasken.

No har vi valt heilt nøytrale fargar.  Eg er så lei av rosa! Men kvite handdukar, som eg eigentleg har sansen for, vert litt for kjedelege å ha hengande til pynt.  Så i dag kjøpte eg eit par lysegule.

Når ting har kome heilt på plass, kan det hende eg kjem tilbake med oversiktsbilete.  No gler eg meg til å teste ut badekaret!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...