mandag 17. juni 2013

Inngangspartiet

 Den dagen eg planta i pottene, tapte Hødd. Så ingen la merke til kor fint det hadde blitt.
 Desse rosa pelargoniaene var på tilbod.  Eg syntest dei ville passe godt i korgkrukkene.  Ei frodig rose og ein lys eføy passa godt til, synest eg.
 Engletrompeten kjem til å kome med sarte lysegule blomster.  Så eg valde lyse nyansar i gult og rosa i tillegg til ein litt skarpare rosa som kunne ta opp fargen i pelargoniaene.  Sitrontimianen har fine blad og rosa blomster.
Fredag hadde dei peonar på Floriss. Peonar er yndlingsstauden min. Desse skal bli heilt lysrosa. I år tel eg fire knoppar, så får vi følgje med.  No skal peonen få stå i krukka til han er avblomstra.  Etterpå skal han sjølvsagt ut i hagen på ein eigna stad.

4 kommentarer:

  1. Du har fått det kjempefint ved inngangen. Her er det framleis på halv 8.

    SvarSlett
  2. Det er ei fryd å sjå det fine inngangspartiet ditt. Dette er slike som står heile sommaren.
    Eg har lyst på rosa peonar, kanskje eg skal høyre om dei har enno.
    Peonane mine, raude, står med mange knoppar. Dei er av favorittane :)

    SvarSlett
  3. Ja det er ikke alltid forandringer blir lagt merke til
    av husets menn her heller, hehe
    Kjempeflotte planter hos deg. Har ikke hatt peoner i
    potte, kanskje jeg skal prøve det.
    Er jo en flott plante. Har to som heldigvis overlevde vinteren, i motsetning til de fleste rosene.
    Ha ei riktig god sommeruke :)

    SvarSlett
  4. Eg kjøpte peonane i potte. Der kan dei nok ikkje stå så lenge, men eg fekk lyst til å ha dei der til dei har blomstra av. Dei raude peonane bruker å kome før dei rosa.
    Når peonane blomstrar er det sommar og ferie!
    Eg liker nok dei rosa best, kanskje fordi eg plukkar dei inn til min dag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...