No har eg strikka ferdig genseren til den komande studenten. Både han og eg er godt nøgde med resultatet. Mest spennande synest eg det var om genseren vart fin i halsen. Det vart han! Ryggen er strikka lengre enn framstykket. Det vart ein del trådar å feste, men det er ingen ting mot å sette inn ermar etterpå.
Oppskrifta fann eg i Tema 26 Gutter & menn frå Sandnesgarn. (Modell 7) Der er garnforslaga Peer Gynt eller Smart. Eg brukte Mitu frå Raumagarn. Eg valde blåfargar i staden for brunfargar, noko eg synest kler den unge mannen godt.
Kjempefin genser. Mykje finare enn den brune som var i heftet!
SvarSlettDet er eg einig i!
SvarSlettGenseren blei veldig fin! Du er jammen rask! Men du er sikkert flink til å halde deg til eit prosjekt av gangen.
SvarSlettDet var eit veldig greitt mønster å strikke. Lite felling i sjølve mønsteret, og raglanfelling er enkelt. Eg har eit lite sideprosjekt som eg skal gjere ferdig før eg kjøper meg garn til ei jakke i Line.
SvarSlettJa det var en veldig flott genser på stilig Student.
SvarSlett