Viser innlegg med etiketten søt gjærbakst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søt gjærbakst. Vis alle innlegg

søndag 1. januar 2017

"Vørterbrød!

Eg har ei oppskrift på vørterbrød som eg alltid bruker.  Ut i jula var vørterbrøda mine oppetne, og då fann eg ut at eg kunne prøve dei på mjølposen.  Merkeleg nok er dei utan vørterøl, noko som passar godt når ein har brukt opp det ein kjøpte til jul.
 
Det vart sjølvsagt vurdering og evaluering i heimen.  Desse nådde ikkje opp til dei vanlege, men var godt etande.  Sjølv synest eg dei smaka sukker, og eg ville anten brukt mindre sukker eller meir mørk sirup. 
 
Oppskrifta under er omsett til nynorsk. framgangsmåten er forenkla.
 

1 pk gjær
4 dl lunka vatn

85 g mørk sirup

550 g kveitemjøl
275 g sikta rugmjøl
70 g sukker (1/2 dl nok?)
1 ts salt
1 ts pepar
1 ts kanel
1 ts ingefær
1 ts anis
1/2 ts nellik

30 g smør, i terningar

1 pk (250 g) rosiner

  1. ha alle ingrediensane i bollen på kjøkenmaskina etter rekkjefølga - berre ikkje smør og rosiner.
  2. Lat maskina gå 5-10 minutt før du har i smøret.
  3. ha i rosinene tyil slutt og la deigen heve under plast ca. ein time.
  4. Form to brød.
  5. Hev ca. 30 minutt.
  6. steik ved 190 grader midt i omnen 30-35 minutt.
  7. Legg eit bakepapir over brøda mot slutten viss du ser dei held på å bli for brune.


lørdag 27. april 2013

Klippekrans

Eit skuleår går fort, og no har vi allereie kome til klippekrans.  Eg synest det er greitt at elevane får bake gjærdeig fleire gongar slik at dei vert trygge på det.  Vi har arbeidd oss gjennom grove rundstykke, fletteloff, grovbrød med pose og no til slutt klippekrans.  Det er enkel og rimeleg mat, men kva smakar betre enn varmt kveitebrød?

Dette er ei skulekjøkenoppskrift.  Bakar ein heime med maskin, kan ein godt ha i romtemperert smør i bitar til slutt i deigen.
Deig
1/2 pk (helst raud) gjær
2 dl lunken mjølk
4-5 ms flytande margarin (her smeltar eg smør)
4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
ca 5 1/2 dl kveitemjøl

Fyll:
2 ms mjuk margarin/smør
2 ms sukker
1 1/2 ts kanel

1. Smuldre gjæren i ein bakebolle.  Ha i mjølka.
2. Ha i resten av ingrediensane og rør godt.
3. Hev deigen til dobbel storleik.
4. Kjevle deigen til eit rektangel omtrent på storleik med ei bakeplate.
5. Smør eit tynt lag med smør utover deigen og strø over sukker blanda med kanel.  Rull saman.
6. Form ein krans. Klipp djupt i kransen og legg "blada" vekselvis mot høgre og venstre.
7. Hev kransen til dobbel storleik.
8. Pensle gjerne med egg før du steiken kransen på 220 grader i 15-20 minutt.

torsdag 20. desember 2012

Vørterbrød i brødbakemaskin

Eg trur det er slik med vørterbrød, at anten liker du det svært godt, eller så et du det ikkje.  Her i huset forsvinn eit vørterbrød på ein blunk.  Eg fekk beskjed om at eg treng ikkje lage det, berre lære dei det. Så no får eg berre legge ut ei oppskrift og kjøpe inn ingrediensane! Kanskje andre brødbakemaskineigarar hiv seg på.

Oppskrifta er den vi alltid har brukt, men eg har tilpassa den til brødbakemaskin d.v.s. eg har litt mindre rug og meir kveite, og så har eg hatt i eit egg.  Det kan sjølvsagt sløyfast.  Sirup er lettare å vege enn å måle synest eg. 
1 flaske vørterøl, lunke
100 g mørk sirup
50 g smelta margarin/smør
300 g sikta kveitemjøl
300 g sikta rugmjøl
1 egg
1/2 ts salt
1/2 ts anis, malen
1/2 ts allehande
2 ts tørrgjær

1 pk rosiner

Ha alle ingrediensane unnateke rosinene i brødbakemaskina.  Bruk program for stort søtt brød (5 på mi maskin).  Ha i rosinene mot slutten av knainga.  (Mi maskin pip når det høver.)
Er øl lunken eller lunke?
Sist eg las ei nynorskbok irriterte eg meg over snakk om ølen heile tida.  Det heiter vel ølet? I utdrag frå ordlista under ser ein at ein skil mellom ein øl, som er ei oppmålt mengde, og drikken øl.



II øl m1

(av III øl) flaske (glas, seidel og liknande) med øl (III)
ta seg ein øl/ det er godt med ein øl i varmen / to øl, takk



III øl n1

(norr ?l)alkoholhaldig drikk laga av vatn, malt, humle og gjær; i ordtak:
når ølet går inn, går vitet ut

Når det er sagt, så er det vel betre å seie at væske skal vere fingervarm slik eg skreiv i går ...

tirsdag 11. desember 2012

Lussekattar

Det er snart tid for lussekattar.  Vi har baka i store mengder på skulekjøkenet.  Eg bruker å lage deigar, og så bakar elevane dei ut. Oppskrifta under passar i ei stor kjøkenmaskin.  Eg har tipassa oppskriftene mine til 2 kg kveitemjøl.

NB! Ein kan ha i smøret på to måtar. Ein kan smelte det eller kna det inn til slutt.  Då må det vere mjukt.
2 pk raud gjær (Blå kan brukast, men då vert hevinga litt dårlegare.)
1, 25 l mjølk, ca 37 grader (Litt varmare om du brukar tørrgjær.)
2 1/2 dl sukker
2 kg kveitemjøl
1 ms gurkemeie (Safran kan sjølvsagt brukast om ein har råd.)
250 g smør, mjukt eller smelta

Ha ingrediensane i kjøkenmaskina, kanskje unnateke smøret.
Rør i 15 minutt.
Set til heving, ca 30 minutt.
Form lussekattar.  På skulen veg vi emna til 70 g.
Hev ca 30 minutt.
Steik ved 220 grader i ca. 10 minutt.

søndag 19. februar 2012

Bolleforsking

 I dag er vel kanskje den dagen det vert baka mest bollar rundt om i landet.  Eg bestemte meg for å gjere litt seriøs forsking i heimen.  Sjølv bruker eg nemleg raud gjær til søt bakst både heime og på skulen.  Den raude gjæren gir bollane eit ekstra løft, har eg hevda.  Andre meiner det går for det same.
 Eg har dobbelt utstyr til Kenwooden min.  Eg innførte hugseregelen blå i grå, og sette i gang forsøket.  Mjølka varma eg i mikroen før eg vog lik mengde i bollane: 500 g.  Deretter hadde eg i 150 g sukker 1 1/2 ts kardemomme og egg (begge 66 g).  Maskina knadde deigane litt kvar.  Til slutt knadde eg inn 125 g mjukt smør i bitar.  Dette har eg begynt med etter å ha lært det av Morten Schakenda og sett forsking på det i fagbladet vårt. Prøvebaking viser at med å tilsette feitt til slutt i gjærdeig, vil baksten heve betre. (Presisering etter spørsmål i kommentarfeltet).
 Etter førstehevinga set ein att deigen med raud gjær har heva litt meir.
 Eg vog opp 80 g bollar og tok ein frå kvar deig i kvar hand.
 30 minutt etterheving i lunt miljø.
 Ser de skilnaden?  Frøkna slo raskt fast at dei til høgre er størst. Eg tok midjemålet på dei med målband og fann at skilnaden var på vel ein centimeter.
Konklusjon: Raud gjær gir raskare og betre heving om ein bakar på heilt same måte med raud og blå gjær..

onsdag 15. desember 2010

Vørterbrød

Medan frøkna baka "julemanna" i går, baka eg vørterbrød.  Oslostudenten kom heim i går, og mora lagar sjølvsagt slikt som han liker.  Viss noko kan kallast ei familieoppskrift, så trur eg denne som mi mormor laga må vere var familie si.  Eg har ikje sett ho nokon annan stad.  Her må blogglesarane gjerne arrestere meg.

Vørterbrød (4 runde)

100 g margarin
2 1/2 dl sirup
2 flasker vørterøl
1 1/2 pk gjær+1 kopp lunka vatn
1 kg fint (sikta) rugmjøl
ca 1/2 kg (7 1/2 dl) kveitemjøl
1 ts salt
1 ts anis (malen)
1 ts allehånde
2 pk rosiner
Pensle med sirup i vatn (lunka)
Steikast ved 175 grader i 50 minutt.

Eg brukar å lage 3 avlange brød. Mine heva seg store i 1 1/2 liters former.  Steiketida må ein vurdere sjølv.  Min nye omn steiker mykje fortare enn den gamle ved same temperatur.

mandag 13. desember 2010

13. desember

 I går laga eg ein stor deig til lussekattar.  Frøkna fekk jobben med å trille ut.  Eg viste henne nokre S-ar slik eg lagar dei når eg masseproduserer, men ho ville trille dei lengre slik at dei vart snurra meir.  Dermed vart hennar finast.  Ho var ikkje gamle jenta før ho fekk seg ein liten del av brøddeigen og nokre rosiner.  Då hadde ho arbeid lenge. For ordens skuld får eg nemne at brørne hennar fekk sjølvsagt same opplæringa.

Eg brukte ikkje noko spesiell oppskrift i går, men deigen var både feit og søt, for å seie det sånn. Ingrediensane er viktige. Eg brukte safran, egg, raud gjær og smør.

Det var vel då barnehagane kom at Luciafeiringa starta i Noreg.  Eg har aldri gått i barnehage slik som systra mi.  Men mamma baka lussekattar på 70-talet med safran.  Eg har alltid likt det godt. På skulen bakar vi sjølvsagt med gurkemeie. Då vert det meir som vanlege kveitebollar.

søndag 14. november 2010

Skulebollar - steg for steg


I dag skulle vi ha med eit fat med mat på Forbundsfesten. Eg lurte på om eg hadde laga skulebollar sidan eg begynte å blogge.  Eg laga ein vanleg bolledeig av 1 l mjølk, 2 pk raud gjær, 2 egg, 2 1/2 dl sukker og smelta meierismør (eg knip ofte inn på smøret, men 200 g er vel etter oppskrifta). 2 ts kardemomme er valfritt.  Det  gjekk med ca 1,8 kg kveitemjøl.  .  Blogglesarane har vel sine eigne bolleoppskrifter.

Eg bruker å vege emna til skulebollar til 100 g. Det er plass til 9 på kvar plate. Eg trillar dei og trykker dei flate.  Etter ca 5 minutt trykker eg dei flate ein gong til.
 Når dei har heva, lagar eg ei grop i midten på kvar bolle og legg litt vaniljekrem i kvar grop.


 Av deigen min i dag laga eg 18 skulebollar og 16 skillingsbollar.  I dei brukte eg resten av vaniljekremen.  Desse har eg frose til seinare bruk.
På festen gjekk bollane raskt unna.  Ein åtte-ti-åring kom med ein på fatet sitt og utbraut: "Her er gratis bollar!"
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...