lørdag 31. desember 2016

fredag 30. desember 2016

Julegåver del 2: Strikkebøker

 I år ønska eg meg - og fekk - fleire strikkebøker.  Frøkna overraska med Færøysk strikkebok.  Den hadde ho kjøpt fordi ho likte modellane.

No har eg inspirasjon langt inn i det nye året!  I det siste har eg strikka mykje til andre.  No ser eg etter eit prosjekt til meg sjølv.
Denne frå strikkedagboka er ein heit kandidat.  I januar får ein lyst på litt lettare fargar.

Eg får kome attende til kvar av desse bøkene etter kvart.

onsdag 28. desember 2016

Julas frekkaste?

I går kveld hadde vi rigga oss til for filmkveld i heimen.  Frøkna hadde kjøpt denne til mora som ikkje hadde kome seg på kino.

Eg drog ut filmen og beit i plasten i eit hjørne.  Det er ikkje alltid like lett å få av emballasjen, men denne plastfolien glei rett av.  I det eg opna coveret, vet eg sittande som eit spørjeteikn.  Filmen var vekke!

Nokon må ha spretta opp plastfolien i sida og lirka ut filmen.  Ein kan lure på om det har skjedd i butikken, eller om der har vore ein utru tenar i eit tidlegare ledd.  Uansett er det svært simpelt gjort.  Ikkje minst fordi den som har betalt for filmen, må ordne opp.  No kjenner eg butikksjefen godt, og frøkna endå betre, så eg veit eg får ny film.

P.S.
Eg kjem tilbake med fleire julegåver etter kvart.

tirsdag 27. desember 2016

Bok 50: Etter styrten

Utsøkt krim fra en av Frankrikes mestselgende forfattere.En flystyrt. En eneste overlevende. Men hvem er hun?

Natten til lille julaften 1980 styrter et fly på grensen mellom Sveits og Frankrike. Bare en tre måneder gammel jente overlever. Er hun Lyse-Rose eller Emilie? To familier mener hun er en av dem. Det utløser en etterforskning som varer i nesten to tiår. En ivrig privatdetektiv prøver å avdekke jentas riktige identitet, og bit for bit legges puslespillet. Men vil han leve lenge nok til å fortelle sannheten?

Michel Bussi er en av Frankrikes mest populære krimforfattere, og har vunnet en rekke litterære priser. Han er professor i geografi ved Universitetet i Rouen, og er en mye brukt politisk kommentator.


Denne romanen plukka eg med meg frå biblioteket ein dag eg stakk innom saman med mannen.  Romanen har vorte lesen i ei hektisk tid, så eg trur ikkje eg kan yte han rettferd.  For meg vart dette berre tidtrøyte.  Eg likte heller ikkje oppklaringa.

mandag 26. desember 2016

2. juledag

 I dag har vi berre kosa oss!"  Nokre jogga eller gjekk seg ein tur i løpet av dagen.  Andre har venta på uver.  Då straumen gjekk, vart det ikkje så veldig mørkt i heimen.  Straumen kom att etter eit lite kvarter, og då trudde vi det var gjort.  Ingen stressa med å koke kaffi, for å seie det sånn.  heldigvis vart det berre ein kort straumlaus periode til.

No driv karane og prøver å betre det trådlause nettet her.  Så dette vert berre eit gløtt innom.

Ha ei fortsatt god jul!

søndag 25. desember 2016

1. juledag

 I dag har vi hatt ein roleg dag.  Men veret kan vi ikkje styre.  Som gamle speidarar er vi budde på det meste.  No håper vi berre at vi får ha straum. Elles lærte vi av Dagmar at det er lurt å legge ting på lading.
 I dag kom også birte til middag.  Mannen kokte lutefisk.  I tillegg serverte han "restar" frå i går. Eg er dessertansvarleg i jula.  I dag laga eg like godt ei ekte blautkake som det vert kalla her.  Då kokar eg aprikoskompott av tørka aprikosar, og så pyntar eg med hermetiske.
I juleserviettsamlinga fann eg desse serviettane i dag.

lørdag 24. desember 2016

God jul!

 Eg vil ønskje alle blogglesarar ei god jul!
I år vert det berre julefeiring med kjernefamilien.  Far min er ikkje frisk nok til å reise hit, så foreldra mine feirar jul i Øtsta dei to.  Vi håper alle har det bra der dei er!
Denne fekk eg av mor mi.  Han er brodert av hennar tante Eldbjørg.  Slike fine handarbeid er det viktig å ta vare på, synest eg.

fredag 23. desember 2016

Elgseter

I sommar fekk dei tre junijentene velje seg kvar si kufte. Dei vart ferdige utover sommaren.

Birte ønska seg ei sid og enkel jakke, så då fall valet på Elgseter. Ho fekk også velje fargar til mønsteret.  Oppskrifta frå Sandnesgarn var nedanfrå og opp, så eg slapp å snu boka opp-ned.

torsdag 22. desember 2016

22.desember

Når jula nærmar seg, skulle ein ønske at ein hadde liggande eit lager med heimestrikka gåver.  Slik vart det ikkje i går heller. 

Eg viste frøkna eit bilde av desse hjartevottane, og ho ville gjerne ha dei i ein nøytral farge. i går kveld gjorde eg dei ferdige medan vi venta på at mellomstemann skulle kome køyrande heim frå hovudstaden.  eldstemann henta han på Sjøholt sidan sjåføren ikkje skulle til Ålesund.

I dag ventar vi på at voldingane skal kome.  Huset er vaska, og no skal eg gjere nokre innkjøp før vi tek kveld.

søndag 18. desember 2016

4. søndag i advent.

 Tradisjonen tru for mannen og frøkna og henta juletre i dag.  Eg bruker å bake krumkaker eller strull.  Den tradisjonen vart broten, utan at eg låg på latsida.

fredag 16. desember 2016

Babyvottar

 
I dag fekk eg gitt desse babyvottane til ein kollega som skal få ei jente i januar.
 
 


onsdag 14. desember 2016

Bok 49: Oppdageren

 
 


Det er gått åtte måneder siden Mickey så faren død i en trafikkulykke. Det har vært en tid preget av løgner, mørke hemmeligheter og ubesvarte spørsmål. Samtidig har Mickey andre problemer. Vennen Spoon er på sykehuset, Rachel greier ikke bestemme seg for om hun vil være sammen med ham, og basketball-laget hater ham. Og så er det Ema som plutselig forteller at hun har en kjæreste på nettet, at han er forsvunnet, og ber Mickey om hjelp.

Mickey og vennene trekkes stadig dypere inn i mysteriene rundt Abeona Shelter. De risikerer livet for å finne svarene - inntil det sjokkerende klimakset da Mickey endelig får vite sannheten om faren.
 





Denne romanen plukka eg med meg frå biblioteket.  Eg har lese nokre Harlan Coben-bøker på engelsk, men eg syntest ikkje tittelen likna på nokon av dei bøkene.  Eg hadde ikkje lytta til mange setningar før eg kjende att boka.  det var augene til ambulansesjåføren.  Men sidan eg ikkje hadde noko anna bok tigjengeleg, vart det til at eg lytta vidare.

Noko anna eg fort fekk stadfesta, var at dette måtte vere ein ungdomsroman.

I framtida vil eg lese Coban på engelsk, trur eg. det er god ferielitteratur - og litteratur i tider då ein ikkje konsentrerer seg så godt.

No har eg fått låne siste Keppler i papirutgåve ...

tirsdag 13. desember 2016

Grandtantestrikk

Yngste niesa i mannen sin familie ventar baby i februar.  Då er det nesten 20 år sidan det var baby i den delen av slekta der frøkna her er yngst i sin generasjon.

Eg fall for eit gratismønster på Sandnesgarn. Eg har ei kjensle av at det kjem til å bli strikka fleire kjolar etter kvart!

søndag 11. desember 2016

3. søndag i advent

 I dag har vi hatt ein roleg dag etter ei heller aktiv veke.

Fredag vart pappa innlagt på sjukehuset att. I slike tider er ein glade for at ein har lokalsjukehus! No håper vi han får vere der til han vert så frisk som mogleg.

I går fylte svogeren vår i Mode 60 år, så då var vi der og feira han.

I dag har yngstemann vore her.  Han fekk middag etter jobb.  Det er eksamenstid for studentane i familien denne veka.  Raudepennen har vore i bruk her i dag og, for å seie det på den måten...

torsdag 8. desember 2016

Bok 48: To komma åtte sekunder

Tønsbergadvokaten Svend Foyn blir overraskende oppsøkt av en kvinne han en gang hadde et forhold til. Amanda Riley er en målbevisst gravejournalist som kompromissløst jager sannheten om virkelighetens mørke sider. Hun vil at Foyn skal følge henne til København, hun skal treffe en kilde der, men føler seg utrygg. Og det med rette. Kilden dukker ikke opp, i stedet ender Amanda Riley død på bakken fjorten etasjer nedenfor hotellrommet der møtet skulle ha funnet sted. Romanens tittel To komma åtte sekunder spiller på at det er den tiden det tar for et menneske på rundt 50 kilo å falle fra fjortende etasje.

Politiet avskriver hendelsen som selvmord, men Svend Foyn tror ikke på den forklaringen. Da han begynner å nøste i sakene Amanda arbeidet med, blir han trukket inn i et nettverk av svarte penger, prostitusjon, menneskehandel og drap. Og han føres på sporet av en hendelse i København for mer enn tjue år siden, et mystisk dødsfall det aldri er blitt gitt noen tilfredsstillende forklaring på. 
To komma åtte sekunder er den sekstende frittstående romanen i serien med tønsbergadvokaten Svend Foyn i hovedrollen.

Jan Mehlum sine romanar med Svend Foyn bruker å vere god underhaldning.  Denne romanen skil seg ut innhaldsmessig med at hendingane har tatt utgangspunkt i ei verkeleg sak, men likevel er historia oppdikta.  Mørk har dukka opp att!  Hulda vert helst passa av nabojenta medan Foyn er i København.

Elles merka eg fort at ein har skifta opplesar.  Eg meiner at her vert det herma meir, både dialektar og aksent.

Eg ser at romanen har fått terningkast 5 i Tønsberg blad.  Det er vel ikkje så rart!  Eg ville kanskje ha trekt ifrå ein prikk ...

mandag 5. desember 2016

Gamal vane vond å vende?

 Då eg skulle kjøpe mjølk til helga, såg eg ulike julepynta kartongar.  Det er sjeldan eg kjøper noko anna enn Tine mjølk.  Bøe ein la konkurrenten få ein sjanse?  Sjølv drikk eg ikkje mjølk, så eg utfordra dei to ungdomane som var her i helga til å vere med på ein blindtest.  Dei fekk ulike glas med ulikr typar mjølk for at dei ikkje skulle kunne samarbeide.

Begge konkluderte med det same: Tine smaka friskast og best!
Om ein ser på baksida av kartongen, ser ein at næringsinnhaldet er ulikt.  Det gjeld både protein, karbohydrat og feitt. 

Kva for kartong som har finaste juledekor, er vel ei smaksak det og?

søndag 4. desember 2016

2. søndag i advent

Denne helga har yngstemann og kjærasten vore på besøk. Tida har gått veldig fort! 

Laurdag heldt vi fram med julehandelen.  Til halve slekta må den vere i boks til komande helg.  "Gutane" sprang rundt vatnet her i bygda. 

I dag har det regna noko enormt her.  Dagen vart aldri heilt lys. Eg har lova elevane mine å kome å sjå på dei i ulike samanhengar.  I dag var yngstemann i praksis på Sporty medam vi andre for på lysmesse.  Eg synest konfirmantane var svært flinke både med prosesjonar og ulike tekstlesingar.  Det står sjølvsagt flinke folk bak slike arrangement også.
No er det berre å brette opp ermane å førebu seg på to og ei halv intense veker på jobb før jul!

torsdag 1. desember 2016

Bok 47: To søstre


Med To søstre gir hun oss en rystende historie om hvordan to skoleflinke, opplyste og velintegrerte søstre gradvis radikaliseres for så plutselig å reise fra familie og venner i Norge til konfliktfylte Syria. 
Fra Kolsås til kalifatetEn skole i Bærum, en skole som de fleste andre her i landet. Skoleklassene er i all hovedsak helnorske, med noen innslag av elever med en annen etnisk bakgrunn. De to somalisk-norske jentene Ayan og Leila er opplyste og velintegrerte og bidrar svært godt faglig på skolen. To jenter kom til landet med familien sin som små, og har glidd inn i den norske modellen - tilsynelatende er det en suksesshistorie. Jentene finner sammen med andre venninner, diskuterer likheter og ulikheter i hverandres tro. De går på fester sammen, de tester grenser sammen, de går fra tretten til fjorten til femten sammen. En oktoberdag i 2013 kommer ikke de to tenåringsjentene, Ayan og Leila, hjem til vanlig tid. Senere på kvelden får foreldrene sjokkmeldingen: Døtrene er på vei til IS-kalifatet i Syria. Hvordan kunne det skje?
Åsnes metode
I To søstre går Åsne Seierstad løs på et av de viktigste og mest kompliserte spørsmålene i vår tid. Hvorfor radikaliseres muslimske ungdommer som er vokst opp i Vesten? Hva førte de to søstrene fra Kolsås til kalifatet? Hva var det som trakk dem? Som få andre makter Åsne Seierstad å komme tett på personene hun skriver om. To søstre er både fortellingen om jentene som dro, et land i krig og om en familie som splintres. Det er også en fortelling om oss, i Norge i dag. Journalisten Åsne Seierstad har gått grundig til verks og skaffet seg et enormt kildemateriale gjennom norske klassekamerater, diskusjoner på nettet og fortrolige samtaler mellom søstrene og familien i Norge. Til sammen skaper hun en fortettet historie, hun skildrer farens desperasjon og fortvilelse i grenseområdene i Syria, morens resignasjon og ikke minst hvordan klassekameratene opplever det hele. Men den vi identifiserer oss aller mest med, er kanskje jentenes bror, Ismael. Det er gjennom ham vi får dialogen med jentene, det er han som stiller dem kritiske spørsmål og det er han som setter ord på hendelsene. Det er også han som stiller det store spørsmålet: Burde jeg ha forstått hvor dette bar for lenge siden? 

Forklare det uforståelige
To søstre er en oppsiktsvekkende bok. Det er et ambisiøst og vellykket forsøk på å framstille veien til radikalisering. Den tar oss med til steder vi ikke før har vært. Seierstad makter å gi oss en spenningsfortelling der sidene flyr, samtidig som hun portretterer mennesker i press mellom ulike kulturer, ulike livssyn. To søstre er et forsøk på å forklare det uforståelige. Og det greier Seierstad på en fascinerende måte. Hun gjør det forståelig, gjør oss litt klokere. Men hun forenkler ikke, hun viser derimot hvor sammensatt en årsak kan være. Hvor tett alt henger sammen i den globaliserte verden, men hvor langt fra hverandre vi likevel kan komme. Og ikke minst: hvor mye en tenåring kan skjule for sine foreldre og hvor langt foreldre er villige til å gå for barna sine. 

"Burde jeg ha forstått hvor dette bar for lenge siden?"
Ismael, bror

Som få andre makter Åsne Seierstad å komme tett på personene hun skriver om. To søstre er både fortellingen om jentene som dro, et land i krig og om en familie som splintres. Det er også en fortelling om oss, i Norge i dag.
To søstre er årets mest spennende lesning. Sannsynligvis er det også årets viktigste bok.

Eg sluttar meg til det som er skrive over. Åsne Seierstad vann Brageprisen for denne dokumentarromanen.  Det er ei viktig bok. Ein får innsikt i miljø og tankesett. 

Ikkje minst er her mange små historier i den store. 

Eg anbefaler alle blogglesarar å lese romanen.  Eg håper han og ligg under mange juletre!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...