onsdag 29. august 2018

Huer - eller sommarstrikk.

I vår strikka eg ein genser til Amanda.  Eg tenkte at eg kunne bruke litt restar til ei hue.  Det går omtrent for det same.  Ei hue får ein liksom på kjøpet. Eg synest at Amanda kledde hua godt. 

I juni var eg innom Husfliden i Oslo.  Den som ligg i kjellaren på eit varehus.  Der selde dei slike huer for 415 kr. Vel heime leita eg opp fleire restar og strikka ei som passar til Kari Traa-jakka mi.  Eg spurde Birte om ho ville ha.  Til henne valde vi heilt nøytrale fargar.

tirsdag 28. august 2018

Corner to corner (C2C)

I sommar høyrde eg om denne teknikken på ein strikkepodkast på YouTube.  Eg bestemte meg for å lære meg noko nytt, så eg fann fram ein undervisningsvideo.
 Om nokon av blogglesarane har lyst til å prøve, så finn de ei god forklaring med bilde på Tove Fevang sin blogg.
Fordelen med teknikken er at du ser kor tid kluten eller teppet er stort nok.

mandag 27. august 2018

Pakke i posten

I sommar hadde olaug og eg same hobby, nemleg å strikke genserar til henne.  Sjølv strikka ho bølgegenseren.  Eg rettleia henne, så ho strikka alt sjølv.  Ho vart ikkje heilt ferdig før vi for til Italia, så eglova å montere genseren og sende han når eg kom heim. 

Dette året har ho fått hybel å ein studentbustad med eige bad og kjøkenkrok.  Fargevalet fall på rosa.  Eg kom over ein rosa ostehøvel på Kitch'n i Ulsteinvik.  Ein skulle tru det var tankeoverføring, for eit par dagar etterpå lurte ho på om eg hadde ein ostehøvel til overs.

So de ser, fann eg noko rosa bomullsgarn i lageret mitt og strikka eit par klutar i tillegg til dei to eg fann på Coop.

No håper eg snart å sjå genseren i bruk!

torsdag 23. august 2018

Bok 36: De uønskede



Nye grøss fra Islands ubestridte krimdronning.

Odinn blir satt til å undersøke mistankene om overgrep mot barn på Krokur, en behandlingsinstitusjon for gutter på 1970-tallet. Undersøkelsene avdekker et umenneskelig regime. To unge gutter har dødd under brutale omstendigheter. Etter ekskona Láras død har Odinn hatt ansvaret for deres datter Rún, og etter hvert påvirker undersøkelsene hans eget liv. 
Men Ódinns undersøkelser skrider frem, introduseres leseren for de grusomme hendelsene som skjedde på Krokur, og han innser gradvis at ekskonas død slett ikke var en ulykke, slik de hittil hadde trodd. Men mens han desperat forsøker å finne svar på sine spørsmål, blir ondskapen som omgir ham bare sterkere.

Dette er ein lettlesen roman frå Island.  Eg er ikkje heilt samd med meg sjølv om eg likte slutten. Men snert hadde han absolutt!

onsdag 22. august 2018

Bok 35: Arvingen


Jake følte det som om han sto og holdt i en tikkende bombe. Langsomt la han brevet til side og stirret på det neste arket. Mens hjertet banket hardt og hendene skalv, betraktet han det blå blekket og visste inderlig godt at ordene han skulle lese, ville legge beslag på det neste året av livet hans, kanskje to. 

Seth Hubbard er en velstående mann som er døende av lungekreft. Han bor alene like utenfor byen Clanton i Mississippi. Før han tar livet av seg ved å henge seg i et tre på eiendommen sin, skriver han et nytt testamente, for hånd. Han sender brevet til den eneste advokaten han stoler på, Jake Brigance. 
Seths siste ønske reiser flere spørsmål enn svar, og kommer til å skape store konflikter mellom hans voksne barn og hans svarte hushjelp Lizzie Lang. For å finne svar må Jake langt tilbake i tid, til en forsvunnet bror og en dypt begravet hemmelighet

Eg skal innrømme at i byrjinga på romanen på 18 CD-ar, tenkte eg korleis i alle dagar ein kunne skrive så mykje om så lite.  Men romanen tok seg opp og eg kom igjennom alle CD-ane på vel ei veke.

Eg vil tru at dei som er interesserte i jus, spesielt amerikansk, vil ha stor glede av romanen.

tirsdag 21. august 2018

Bok 34: Italiensk reise - den hålause jakta på ei sjel

Boka til mannen las eg ut før eg reiste til Italia.  Der er mykje kunnskap samla, og noko dukka opp att på reisa i år.  Eg føler meg inhabil til å melde boka, men les gjerne meir her: .http://oysteinorten.blogspot.com/2018/06/italiensk-reise.html

lørdag 18. august 2018

Ella cardigan til meg sjølv

På slutten av sommaren fann eg ut at eg ville strikke noko til meg sjølv.  Eg har fleipa med at eg og dottera har hatt same hobby, nemleg å strikke til henne.
 
Jakka mi er strikka ovanfrå og ned.  Eg gjorde to tilpassingar, nemleg innsving og sidd.  Sidan jakka er strikka ovanfrp og ned, tok eg på meg blusen og jakka som eg strikka på og strikka den litt sidare enn blusen. Innsvinginga viser ikkje så godt på bildet, men eg synest den gjer seg.
 
Garnet er alpakka/ull frå Sandnes, og jakka er strikka på pinnar nummer 4,5.
 
No skal eg legge siste hand på verket på bølgegenseren som Olaug har strikka.  Eg kunne ikkje rettleie henne frå Italia.
 

fredag 17. august 2018

Strikk i bruk

Det er alltid kjekt å sjå at det ein har strikka vert brukt.  Her er jegergenseren og -hua kome i sitt rette element.

søndag 12. august 2018

Bok 33: Blå

En episk fortelling om naturkrefter i spill og hvordan vi alle må leve med valgene vi tar. 2017: Signe er snart 70 år, men lar seg ikke skremme av havet. Alene seiler hun vekk fra barndomsbygda på Vestlandet, for å konfrontere mannen hun en gang elsket. Det er bare henne, båten og en underlig last. 2041: David kjenner seg for ung til å være far, likevel er han blitt alene med sin lille datter. De to er på flukt gjennom et tørkerammet Sør-Europa, hvor nord står mot sør, og det ikke lenger finnes nok vann til oss alle. Alt forandres den dagen de oppdager en seilbåt i en forlatt hage langt inne i landet. I 2015 tok Maja Lunde verden med storm med «Bienes historie». Nå følger hun opp suksessen med en ny roman om menneskenes og naturens sårbarhet. Denne gangen står kampen om det mest livsnødvendige som finnes: vann.

Eg likte godt Bienes historie og hadde derfor høge forventningar til nummer to i klimakvartetten. 

Romanen er lettlesen.  Akkurat som første boka, er der mykje til ettertanke. Samanhengen mellom dei to historiene kjem for ein dag mot slutten.

lørdag 11. august 2018

Suvenirar frå Portefino

Suvenirbutikkane på kjende feriemål er fulle av ting og tang.  Etter kvvart har ein nok av både krus og nøkkelringar.  I Portofino plukka eg med meg noko fint til badet: To handdukar, to klutar og ein såpekopp. Pyntern matchar fint kvite og blå handdukar som eg har frå før.

torsdag 9. august 2018

Siste dag i Roma


Og vi vart freista til å reise til lidoen att. 
Vi skal trass alt heim til dette...


onsdag 8. august 2018

Gatelangs i Roma


Og ein pause med kaffi og tiramisu.

34 grafer før regnet kom, Colosseum.

"Bryllaupskaka".

Konstantivbogen.

tirsdag 7. august 2018

Nok ein nydeleg dag på stranda i Ostia


I dag leigde vi oss " daybed" og la oss til.

Solsengene er utstyrte med eit lite tak for hovudet om ein ønskjer å skjerme det. 

Det er berre å utstyre seg med lesestoff! Og så tek ein seg ein dukkert innimellom. 

mandag 6. august 2018

Ostia


I dag tok vi T-bane og tog til Ostia. Det tek omtrent ein time.

Der var det 29 grader, litt vind og varmt i sjøen. Betre kan det vel ikkje bli?



Utsikt frå der vi låg.

søndag 5. august 2018

Alle vegar går til Roma


I dag tok vi toget frå Rapallo til Roma. 

Vi rakk ein tur til Trevifontena og Spansketrappa før det mørkna.


lørdag 4. august 2018

Siste dag i Rapallo


I dag har vi vore "i ro" i byen. Vi har gått rundt i byen og shoppa litt. Vi har og nytta badestranda som ligg rett utanfor hotelldøra. Med ein temperatur på 33 graden i skuggen, er  det herleg med strandliv.

Ettermiddagstur på moloen. 



EG trassa ikkje skilts.


Rapallo-Portofino











fredag 3. august 2018

Portofino


I dag tok vi båt til Portofino. 

Vi rusla rundt i byen og gjekk opp til kyrkja og rundt borga.

Vi bestemte oss for å gå turstien, også kalla lysets veg, attende. Mykje av den gjekk under tre i skugge. Vi stoppa eit par timar på badestranda Sankta Margherita. Det gjer godt å bade av seg sveitten. 

Varmen her er ikkje plagsam når ein drikk nok.  

torsdag 2. august 2018

Vernazza - Monterosso al Mare del II




Vernazza.

Vernazza frå stien.


Eit lite inntrykk av høgda.

Monterosso al Mare. Vi bada og låg på stranda  og slappa av ri stund. Sveitte rann på turen, så eit bad var kjærkome. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...