tirsdag 30. september 2014

Isslottet - ei storarta oppleving

I dag erstatta vi den vanlege tysdagsturen med ein opera i næraste by.  Det var Isslottet med den danske operaen Den Ny Opera.

Eg las Isslottet av Tarjei Vesaas då eg var 19 år.  Eg hugsa at læraren på høskulen meinte det var ei svært god skildring av unge jenter i tidleg pubertet.  Eg meinte at det hadde han lite greie på, noko eg heldt for meg sjølv.  Bildet er frå den episoden i boka og i operaen.  Eg forstår no kva eg meinte, men har sjølvsagt også eit anna perspektiv på det.  No vurderer eg å lese romanen om att.

Innhaldet er ein ting.  Den musikalse opplevinga ei anna.  Eg er glad for at vi fann på å fare.  Musikken og heile sceneoppsettet var ei storarta opleving.  Stykket rørte ved meg på ein heilt spesiell måte.

Elles må eg tilføye at dansken var ikkje noko vanskeleg å forstå verken i tale eller song.

mandag 29. september 2014

Tid for løk

I går hadde systera mi med seg tre pakkar men tulipanløkar.  Veret snudde midt på dagen her, så no har eg vore ute i hagen og planta dei.  Etter ein liten diskusjon med meg sjølv, hamna dei i bedet ned mot naboen.  Eg håper dei står fint til 17. mai!

Det er med meg som med haren. Om våren tenkjer eg at eg skal plante mange løkar til hausten. Hausten kjem og går. Og neste vår angrar eg på at eg ikkje planta fleire.



søndag 28. september 2014

Søndag saman med slekta

 I dag var vi ti til bords då vi samla mi side slekta til middag.  Frøkna er reist til Berlin på språkreise.  Eldste kusina kjem ikkje heim før neste helg.  krigsskuleeleven ser vi nok ikkje før i november, men studenten er heime på ferie.  Journalisten stakk oppom før oppdrag.  Slik er det med mange ungdomar i familien.
Eg tok meg ein tur ut i hagen og fann litt forskjellig.  Då eg kom inn att var eg klissvåt.  Det regna i vinkel!

I dag vart det servert lammelår til middag.  Til dessert var det karamellpudding og krydderkokte bær med krem eller is.  Eg synest eg hadde steikt både lammelåra og karamellpuddingen litt hardt.  Men bevisa er snart oppetne, som eg plar seie på skulekjøkenet.

Mor mi hadde med ei eplekake i langpanne til kaffien.  I tillegg hadde vi ei tropisk aroma.  Eit ostefat og godt brød er fast til kaffien her.  Eg tek det gamske avslappa når slekta kjem, for vi har liksom ei oppskrift vi går etter.

 Vi vurderte tur til Kvitneset, men kom raskt fram til at vi tek det ein dag det er kjekkare og tryggare å gå på berga.

lørdag 27. september 2014

Lykke i eit lite glas

Det er mykje ein får nyss om på facebook!  Når ei frå Vik som eg skulle på kurs saman med torsdag, la ut at ho baka surdeigsbrød med surdeig frå Lom, var eg ikkje sein om å tigge både fin og grov surdeig. 

Det er like magisk kvar gong ein liten siurdeigskultur hevar ein heil brøddeig.

I morgon ventar eg besøk av slekta, så dei skal få smake både fruktbrød og vanleg surdeigsbrød om dei vil! 
Fruktbrødet er bakt på både surdeig og gjær, medan brødet til høgre er berre heva med surdeig.

fredag 26. september 2014

Kva er det i posen?

 I går var eg med på å arrangerre i kurs i Kostholdsplanleggeren, eit nytt dataprogram som skal erstatte Mat på data.  Programmet er tenkt brukt på niandetrinnet.

Vi arbeidde med påågåver mellom anna med å rekne ut sukker i ulik drikke. Eg kom i snakk med ein annan lærar korleis eg illustrerer dette for elevane.  Eg har tatt ein potetgullpose.  Temaet er energi.  Energimenda i posen har eg målt opp i tilsvarane kaloriar i poteter.  Eg har også målt opp kor mykje feitt det er i posen og viser det med smør.  Eg presiserer at dette er familiepakningar.
 I oppgåvene skulle ein telje sukkerbitar i ulik drikke. Eg har brukt vanleg sukker.  De kan vel tenke dykk kva som overraskar mest!?  Er det verkeleg så mykje sukker i saft?  Det er derfor saft ikkje bør vere tørstedrikk eller serverast kvar dag.

Noko anna er isteen.  Kva skil den frå brus?  Svar: Kolsyre og eitt gram sukker per 100 g.
Og så var det dei tomme kaloriane.  I fjor sette enkelte elevar til livs ein heil pakke giflar i matfriminuttet.  Det har eg sett lite til i år.  Når matvarebutikkane opnar før skuletid, er det lett for ein ungdomsskuleelev å velje det billege og dårlege alternativet.  Ein muffin inneheld 400 kaloriar.  det er 1/6 av dagsbehovet for ei jente.

Så ser vi på kostsirkelen og finn dei gode vala ...

Som de ser, skriv eg "jukselapp" på baksida av pakkane. Eit år går fort.  Eg fraus ned bakarvarene i fjor.  Det er ikkje noko poeng at dei skal freiste elevane! Colaen er visst blitt heilt retro.


onsdag 24. september 2014

Bok 50: Felicia forsvant

Politiførstebetjent William Wisting gjenåpner en gammel forsvinningssak da liket av en kvinne blir funnet under gravearbeid. Etterforskningen avdekker et nett av løgner, og selv om saken er gammel, får den dramatiske følger i nåtiden. Dette er andre bok om William Wisting ved Larvik politikammer.

I denne krimromanen tek forfattaren tak i temaet "forsvunne personar".  Talet på forsvunne personar i Noreg er høgt.

Oppskrifta er typisk for krimsjangeren; Hendingar i notid og fortid som er knytta saman. Styrken til forfattaren er at han er etterforskar.  Politiarbeidet vert derfor grundig og godt skildra. Som i Mehlum sin roman er krimhelten i livsfare mot slutten - utan at eg skal røpe meir.  Eg synest og at dosen med privatliv er akkurat passeleg.



Dette er solid og god krim etter mi meining.

mandag 22. september 2014

Færre i familien

 Då dei to vaksne karane reiste attende til Austlandet, vart nok matposjonane omtrent halvert her i familien.  Eg har kome fram til at dety er berre ein metode å lage mindre mat på, nemleg å koke i mindre panner.  Eg har nokre ståande.  Dei har tidlegare vorte brukte til egg og gulrøter.
 Av ein eller annan grunnliker eg ikkje så godt panner med handtak. Eg liker øyre betre. Då Flust freista med tilbod og oppsparte poeng, slo eg til på denne panna på 2 1/2 l.
Det er greitt med stålpanner som kan vaskast i maskin.

Ein fyller og sjeldnare opp oppvaskmaskina.  Det merka eg godt i fjor då eg måtte investere i eit par ekstra ostehøvlar.  Elles så kan eg ikkje påstå at eg manglar kjøkenutstyr.

søndag 21. september 2014

Endeleg!

I går vart eg endeleg ferdig med monteringa av tunikaen eg strikka på i sommar.  Den var kjekk å strikke, men monteringa var både pirkete og tidkrevande.  I går hadde eg bestemt at eg skulle bli ferdig.  Det var berre att å sette i ermane.  Då eg hadde tråkla dei i, oppdaga eg at eg måtte vere mykje meir nøyaktig med stripene.  Dei må treffe likt overalt.  Heldigvis fekk eg spørsmål om å vere med på kafe så langt ut på dagen at eg akkurat rakk det.  Det vil seie, eg rakk også å vaske den for hand.  Vaskemaskina sentrifugerte den for meg.

Oppskrifta fann eg i eit hefte eg bestilte frå England: marie Wallin Windswept. Det gjekk stort sett greitt å lese oppskrifta på engelsk.  Ein stad var eg i tvil, men fekk støtte av ein kollega for det eg trudde det måtte bety. Innsvinginga viser i diagram.  Åttebladsrosene var ikkje midtstilte, så eg måtte endre litt på diagrammet..  Eg strikka plagget rundt og klipte opp for ermar og hals.  Ermane er 2/3 eller 3/4 lange.

No har eg sett meg litt lei på alle fargane ... 

lørdag 20. september 2014

Bok 49: Ren samvittighet

Svend Foyn blir kastet ut i sin vanskeligste sak noen sinne, inn i et mysterium som på dramatisk vis skal komme til å utfordre hans egne holdninger i jakten på rettferdighet. Hva skjedde med Elvira Widerberg? Bit for bit, lag for lag, avdekkes nye fortellinger bak småbyens pene fasade. Ingen er uten hemmeligheter, alle har sine. Den kritikerroste krimforfatteren og sosiologen Jan Mehlum går tett inn på virkeligheten i sin fjortende roman med tønsbergadvokaten Svend Foyn som fortellerstemme. Det er der alt sammen, kjærlighet og hat, svik og begjær. Og noen må betale prisen. Alt vår advokat opplever har skjedd eller kommer til å skje. Derfor tar fortellingen tak i leseren, vrir og vrenger på våre forestillinger og fordommer, for til slutt å presentere oss for en slags løsning.

Eg har stor sans for bøkene med Svend Foyn og Sankt bernhardshunden Hulda. Det er bestefaren til drapsofferet som engasjerer tønsbergadvokaten.  Og Svend Foyn løyser gåta i kjend stil.

Det som skil Mehlum frå andre krimforfattaren er den lette og humoristiske stilen hans.  Ein vert gåande å humre med denne romanen på øyret.  Alle yrkesgrupper får sitt.  Hadde eg hatt papirutgåva hadde det vore lettare å kome med døme...

fredag 19. september 2014

Siste sommarlege dag?

 I dag har vi hatt idrettsdag på skulen.  Veret har vore nydeleg, sjølv om ein rett nok merkar eit haustleg drag i lufta.  Eine peacerosa må vere på det finaste no? 
Eg oppdaga at eg hadde kjøpt eit garnnøste for lite i dag.  Frøkna var med på butikken for å kike.  Ho fall for desse fargane som ein kan bruke til ei av Skappeljakkene.  Eine originalgarnet, Suri, har fått litt dårleg rykte fordi det loar. Så får vi sjå om vi kjem til å kjøpe desse fargane når eg er ferdig med jakka eg held på med.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei god helg!

torsdag 18. september 2014

Pausestrikk

Medan eg har venta på garn til Skappeljakka, har eg strikka eit enkelt panneband på bestilling til frøkna.  Det er strikka i Mitu, 116 masker to rette og to vrange i ni centimeter.  Enklare kan det vel knapt gjerast!

onsdag 17. september 2014

Bok 48: Drømmen

Drømmen er oppfølgeren til den selvbiografiske Den usynlige muren som kom i 2007, skrevet av den 96 år gamle jødiske Harry Bernstein, som sammen med hele familien emigrerte fra England til USA like etter første verdenskrig. Drømmen er selvfølgelig den amerikanske - den om å leve i frihet og med rettigheter til å kunne velge seg et bedre liv...

Denne romanentreiv eg med meg på biblioteket.  Eg hadde ei kjensle av at eg hadde lese alle dei andre lydbøkene, i alle fall dei av interesse.

Romanen minner meg litt om Frank McCourt sine bøker. Familane flyttar til Amerika i håp om å få eit betre liv. I Drømmen er familien jødisk.  Dei bur på ei side av gata.  Dei kristne bur på den andre sida.  Når ei jødisk jente giftar seg med ein kristen gut, arrangerer dei gravferdsseremoni. 

Mor til Harry får billettar til Amerikabåten. Så spørs det om nissen vert med på lasset!  Forfattaren, eg-personen i boka, håper i det lengste at faren ikkje vert med.  Det vert han.  Livet i Amerika vert ikkje nokon dans på roser.  Ikkje har familien hus med symjebasseng heller, slik dei hadde sett føre seg. 

Romanen stiller mange viktige spørsmål.  Kva gjer ein lykkeleg?  Kan ein leve på draumar og framtidshåp?  Kva vil foreldre forsake for å få fram neste generasjon? Kor mykje skal ein finne seg i frå ektemaken? Kva makt fører pengar med seg?

Eg likte romanen svært godt, men skulle gjerne ha lese boka forfattaren har skrive om barndomen sin først.

mandag 15. september 2014

Gullbygg

 I dag oppdaga eg eit nytt produkt på Coop, nemleg såkalla gullbygg. 

Eg er glad i byggrynsgraut, men kjem for sjeldan på å legge gryna i blaut kvelden før.  I dette nye produktet finn ein flak av bygg.  Dei vert kokte på 2-3 minutt.
Eg kokte graut av gullbygg og lettmjølk. Gryna skal rett i varm væske.

Grauten vart god han!  Etter mi meining var han betre enn havregraut. Viss eg skulle sette fingeren på noko, så må det vere dei 20 prosenta lettkokte havregryn.  Kvifor kan ikkje produktet vere reint, så kan dei som vill putte i havregryn?  Folk kan blande som dei vil.

Posen kostar 20 kroner.  Ein kan og kjøpe porsjonspakkar.  Elles såg eg knekkebrød i liknande pakningar.

søndag 14. september 2014

14. september

I dg tok eg på meg joggeskoa og gjekk rundt vatnet.  Det tek meg omlag ein time og ti minutt.  Planen for dagen var nemleg å lage mat! Her har vore nydeleg ver, så vi har og tatt oss tid til kaffi i hagen. Dei svarte nypene såg eg langs vegen.

I staden for å lage blandabalj i foodprosessoren, fann eg fram kverna på Kenwooden.  Eg mol alt med den midterste skiva, og deretter blanda eg alt med K-spaden.

Elles så måtte eg no berre lage sagopudding no når eg har gryn.  Det er lettvint no når eg har rørereiskap.  Eg bruker stålpanne til graut då, så oppvasken tek oppvaskmaskina.

Eg håper at matbloggarane no hiv seg rundt og legg ut oppskrifter med sagogryn.  Vert det auka etterspørsel, kan det hende gryna kjem attende i butikkane!

For å få plass til blandabalj i frysaren har eg no sylta fire kg plommer.

Dagen vewrt avslutta med ein god film!

lørdag 13. september 2014

Ettermiddagstur til Østa

I dag tok eg meg ein tur innover for å få fersk og frosen seifilet som far min har fiska. I morgon skal det lagast forskjellig!  Mor mi har sikra meg dei siste sagogrynpakkane på Bunnpris i Ørsta.  Om desse potetmjølskulene vil kome i nye pakningar seinare, vil tida vise! 



fredag 12. september 2014

Babyjakke

I dag har eg montert ferdig den vesle babyjakka eg har strikka til ein gut som skal kome i januar.  Jakka er i minste storleik i Lanett.  Eg tenker han kan ha ei bomullshue inni hetta.
Ermane sydde eg i med strikkesting.  Det vert mjukt og godt.  Elles er eg svært nøgd med knappevalet!

Oppskrifta fann eg i Guttestrikkeboka.


torsdag 11. september 2014

Bok 47: Profetene i Evighetsfjorden

Den kongelige danske koloni Sukkertoppen, Grønland, 1793: En grønlandsk kvinne sparkes i døden fra en høy klippe. Den danske presten er i ferd med å gå av hengslene av hjemlengsel og skjørbuk og allmenn fortvilelse. Kolonibestyreren forfølger ham, han har et uoppgjort regnskap med ham. Kolonibestyrerens kone er på randen av sammenbrudd og ser presten som sin eneste venn og fortrolige. Pastorens grønlandske kateket fortæres av sinne og sorg. Kolonimannskapets lille gruppe menn går hverandre på nervene. Om vinteren ruger mørket og kulden over kolonien, om sommeren skyller lyset inn som en flodbølge, det er ikke lett å si hva som er verst.
Hovedpersonene i denne bredt anlagte romanen fra kolonitidens Grønland, er pastor Morten Falck, hans kateket Bertel Jensen og kvinnen Arnarulunnguaq som faller fra klippen - et fall som strekker seg over tiden det tar å lese boken. Vi følger dem hver for seg. I København i 1780-årene og under den store bybrannen i 1795. På vandringer i Norge og på lange båtreiser. På hvalfangst med skonnerten Henrietta of Aberdeen og på besøk hos hedninger og kristne i den kongelige danske koloni. På den lille boplassen i Evighedsfjorden, noen dagsreiser fra Sukkertoppen, oppstår det et religiøst svermeri blant grønlenderne, anført av den rettskafne og sterke Maria Magdalene og hennes mann Habakuk. Det er Grønlands første løsrivelsesbevegelse, en moderne drøm om frihet, likhet og brorskap, 4000 kilometer nordvest for Bastillen. En drøm som det danske formynderskap hverken kan eller vil akseptere. Disse svermerier får avgjørende betydning for Morten Falcks og Bertel Jensens skjebner. Og fra den høye klippen faller kvinnen Arnarulunnguaq. Oppe på kanten står morderen og ser henne falle.
Kim Leine fekk Nordisk råds litteraturpris for denne romanen.  Og det kan ein forstå!

Hendingane er lagt til Danmark og Grønland på slutten av 1800-talet.  Dette er ein del av historia eg kan lite om.  Det er interessant å lese om møte mellom kristne ig inuittar, altså heidningane den tida.

Språket og skildringane høver svært godt til hendingane.  Ein føler at han har fanga tida.

Romanen har eg lånt av ein kollega etter at både ho og andre anbefalte han. Eg har brukt eit par-tre veker på dei 550 sidene.  Eigentleg burde ein lese 100 sider om dagen, men det har ikkje eg hatt tid til.
No skal eg prøve å få tak i fleire romanar av forfattaren, gjerne på lydbok.

tirsdag 9. september 2014

Travel tysdag

I dag var eg på jobb i nesten 10 1/2 time, seks av desse på skulekjøkenet.  Matpausen vart amputert, så siste skvetten av kaffikoppen vart drukken ståande.  Elles har det vore møte og klasseforeldremøte.

Vel heime åt eg middag og sette meg ned i ein stol.  Etter ein liten "power nap" på 5 minutt var eg klar for tysdagstur.  Førre tysdag var eg for sjuk til tur, så i dag merka eg tydeleg at kveldane har vorte mørkare.

Sånn går no dagane.


mandag 8. september 2014

Handlerunde

 I går hadde eg meg to arbeidsøkter.  Først retta eg ein bunke norsktekstar, så tok eg meg eit par timar på jobb mot kvelden for å førebu starten på veka.  I dag var eg på jobb frå 8-16, men kunne ta fri ettermiddagen for å ta meg ein handlerunde.  Ærendet var å sjå etter nokre nye kle til foreldremøte i morgon.  Eg fann ei bukse eg likte svært godt, men den var ikkje att i min storleik.  Dermed enda eg med ein topp og ei jakke. Med ei lys dongeribukse og eit par høghæla eccolakksko er eg klar for kvardagen.
Deretter var eg på jakt etter sagogryn.  Det finn eg ikkje i matbutikkane.  Mega i Ulsteinvik har eg ikkje sjekka.  Elles må eg vel sette min lit til innvandrarburikkane?  Om nokon av blogglesarane har sett det i ein butikk i Hareid, Ulstein, Ørsta eller Volda, få dei gi meg ein hint! 

Eg fekk i alle fall brukt seks av dei åtte kupongane.

søndag 7. september 2014

Bok 46: Mormor hilser og sier unnskyld

Frå forlaget:
Elsa er snart åtte år og veldig veslevoksen. Mormor er Elsas beste venn. Og faktisk også hennes eneste venn. Mormor jobbet tidligere som kirurg, men nå kjører hun bil uten førerkort og står naken på balkongen og skyter på folk med paintballgevær. Folk sier at hun er gal. Men mormor har et hemmelig språk og et eget kongerike, Miamas, der alt er annerledes. Det er dit mormor tar med Elsa når Elsas foreldre blir skilt og når Elsa blir mobbet på skolen fordi hun er annerledes enn de andre. Miamas er deres fristed, helt til mormor en dag blir syk og får vite at hun skal dø. Før hun dør, gir mormor Elsa en bunke med brev, der hun ber naboene sine om unnskyldning. Brevene fører Elsa til en leiegård bebodd av militante borettslagsmedlemmer, fanatiske kaffedrikkere, kamphunder, monstre, fylliker og helt vanlige sladrekjerringer. Men brevene blir samtidig opptakten til en historie der et barn forsøker å lære seg å akseptere at alle man er glad i en dag skal dø, og der hun gradvis får vite sannheten om både kongeriket Miamas og om mormor. En normal roman om annerledes mennesker. Eller omvendt.

Denne romanen fekk eg aldri taket på.  Midt i såg eg at mor mi likte den eit stykke uti, så eg heldt ut.  For meg vart det snakk om nettopp det. 

Eg ser at meldaren i Dabladet heller ikkje er begeistra.

lørdag 6. september 2014

Vinnarlykke 2014

I fjor stakk eg av med sjølve hovudgevinsten på den årlege basaren. I år vann eg ein gevinst.  Heilt greitt!

Eg skal innrømme at eg ikkje tok lodd på dokka, berre anna handarbeid...

fredag 5. september 2014

Buskane

Vi fekk tre buskar av systera mi for tre år sidan. Dei første åra vart dei berre så store som året før.  Men i år har dei skote fart.  Eg meiner å ha opplevd det same med ein annan busk.
No har den øvste begynt å blomstre.  Det vert spennande å sjå neste år.  No har eg gitt dei litt kaffigrut.  Om det held sniglane vekke, er eg ikkje så sikker på, men eg tippar det gjødslar litt.
Eg vil ønskje blogglesarane ei riktig god helg!

torsdag 4. september 2014

Spøtekveld

I dag har eg vore på Trådkråa på strikkekafé.  Der vi vi sjå nye modellar og hefte. Det kjem ut utruleg mange fine strikkehefte i haust.  Det verkar som leverandørane kappast om nyheitene.  Der er både tradisjonelle og meir moderne oppskrifter i hopetal.  Nye garntypar har og kome til.   Eg har bestilt lysegrått garn til ei Skappeljakke.  Enn så lenge får eg pjasker med ei lita babyjakke som eg skal gi til ein kollega.  Der skal vere treknappar.  Desse fall eg berre pladask for i dag.  Så vart det litt handel likevel.

At eg må ta meg på tak og gjere ferdig tunikaen, er ei anna sak...

onsdag 3. september 2014

Skappelstrikk

Då denne boka kom som månadens bok i Hobbyklubben, avbestilte eg henne tvert.  Men så sat eg her søndagskvelden ettter Moldeturen.  Den tida eg hadde sett av til shopping, låg eg og sov.  Frøkna har orda frampå om ei Skapelljakke ho treng for å få brukt toppane sine gjennom vinteren.  Det vart til at eg gjekk inn på ark.no.  Der ligg Visakortet mitt inne.  Eg må berre hugse tre tal. I dag låg boka i postkassa.  Målet var å ha henne med på strikkekafé i morgon.
Det er ei fin bok.  Dei gamle modellane er med i tillegg til nokre nye. Ein får vite ein del om alpakkaull.  Dorthe Skapell har laga ei personleg bok der familien stiller opp som modellar.

Eit stort minus med boka er alle vaksenoppskriftene er i one size.  Vi har ikkje Skappelstorleik!  Eg er 164 1/4 på strømpelesten, og frøkna er eit nummer mindre! Vi hadde kome til å svømme i plagga.  Ja, ja, eg får vel knipe inn nokre masker i kvar side ...

Eit stort pluss vil eg gi til skissene i boka som de ser eit døme på.  Korleis ein skal sette inn lommer er til dømes forklart med fleire bilde.  Det er greitt både for nybyrjarar og vidarekomne.

P.S.
Eg håper å kome attende sterkare med blogging.  Dei siste dagane har eg hatt meir enn nok med å kreke meg på jobb ...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...