lørdag 13. september 2014

Ettermiddagstur til Østa

I dag tok eg meg ein tur innover for å få fersk og frosen seifilet som far min har fiska. I morgon skal det lagast forskjellig!  Mor mi har sikra meg dei siste sagogrynpakkane på Bunnpris i Ørsta.  Om desse potetmjølskulene vil kome i nye pakningar seinare, vil tida vise! 



7 kommentarer:

  1. Du har rett i at sagogryn er potetmjøl, men det finst noko som heiter sagopalme, så vidt eg veit. Men korleis ein lagar gryn av den, veit eg ikkje.

    SvarSlett
  2. Eg ser berre at giftig kjem opp når ein søker på nettet.

    SvarSlett
  3. Men når eg søker på sagogryn, ser eg at ekte vert laga av margen på sagopalmen. Kanskje det er det vi må kjøpe i framtida?

    SvarSlett
  4. Eg fann sagopalmen, som ikkje var ein palme, men ein giftig plante.

    SvarSlett
  5. Da lærte jeg noe nytt i dag.
    Har ikke vært klar over at sagogryn ble laget av poteter.
    Takk for opplysningene
    Her skal det lages lasange i dag og bakes kake,
    Yngste sønn har bursdag i morgen så han skal feires i dag.
    Ha en herlig dag :)

    SvarSlett
  6. Dette var nytt for meg óg, at sagogryn er potetmjøl.
    Slepp ein å ha i jamning for å få den rette konsistensen når ein kokar pudding då ?
    Eg har aldri laga sagopudding, ,en har smakt det med raud saus på...

    SvarSlett
  7. Sagoen kokar i mjølka og vert som ein graut. Eg blanda fire eggeplommer og 1 dl sukker i. Det jamnar også. (2 l mjølk).

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...