søndag 30. april 2017

30. april

I dag kom voldingane på besøk.  Yngstemann skulle arbeide i kyrkja i høve samtalegudstenesta kl.16.00.  Sidan eg er klassestyrar til 15 av konfirmantane, gjekk eg og i kyrkja i dag.  Dei var flinke både med opplesing, song og musikk.

Blomstersesongen i hagen har starta. det er kjekt å kunne forsyne seg med bukettar når ein vil.

29. april

I går fylte svigerinna mi 60 år, og vi feira henne i Molde på sjølve dagen.  Her er ho i Klokkartårnet på Skarstua.  Det var kjekt å få treffe att slekta!  Tida gjekk så altfor fort ...


Då eg kjøpte Kristin Wiola Ødegård si siste bok, forelska eg meg heilt i denne kofta.  Fargane er eikkje akkurat mine, men eg tenkte på Helga. Til å begynne med lurte eg på om eg hadde teke meg vatn over hovudet, men kofta var lett og kjekk å strikke.

Det eg var mest spent på, var storleiken.  No meiner eg at eg kunne ikkje ha treft betre!

lørdag 29. april 2017

Bok 20: Kammerpiken

I 1926 kommer den unge Hilda Cooper til Oslo fra England. Hun er blitt ansatt som dronning Mauds kammerpike. Arbeidsledigheten i Oslo er økende, det er demonstrasjoner på Slottsplassen. Europa er i endring. Innenfor det norske Slottets vegger finnes imidlertid et annet liv; et hierarkisk samfunn av tjenere, en verden innhyllet av det norske folks forventninger, av etikette, måltider og dronningens stadige kjoleskift.
Kammerpiken er en roman om små avgjørelser som viser seg å bli til store livsvalg, om å la seg lede av pliktfølelsen og å finne mening i arbeid. Om forsakelser og stille lykke. Hilda Cooper ble, i likhet med sin underordnede kammerpike Violet Wond, boende på Slottet fram til sin død på 1990-tallet. Under tre norske konger.

Dette er ei bok der ein diktar eit liv ut i frå ein del fakta.  Eg synest det er ei litt koseleg bok om korleis eit liv kan ha vore. men den set og tankar i sving om kor mykje ein set sitt eige liv og si eiga "lykke" til side. Desse to kvinnene, då i tredveåra, vart verande på slottet resten av livet etter at Maud døde i 1938. Dei vart begge over 90 år.  Ein kan og reflektere over dronning Maud sitt liv ...

Bok 19: Den talentfulle bøddelen


Leon Gabrielsen ble dømt for drap på en kioskeier, men klarte å rømme fra Oslo fengsel og komme seg til Iran, der faren bor. Han kjører taxi, og han er en av dem som henger løkken rundt halsen på drapsmenn. En flombelyst kveld hvisker en av de dødsdømte ham noe i øret. Det han får høre, gjør at han bryter med sitt nye liv og kommer seg til Norge med ny identitet. Han har skaffet seg et oppdrag: Å få en agent for den iranske etterretningen ut av fengsel. Imens etterforsker PSTs Ellen Marie Moi et drap på en eksiliraner. Har drapet sammenheng med det hemmelige forhandlingsmøtet mellom Iran og USA? Og har Leons oppdrag sammenheng med det samme møtet? Den talentfulle bøddelen handler om en manns intense vilje til å gjenopprette sin selvrespekt.

Denne romanen raska eg med meg frå biblioteket i mangel av kjent stoff. No har eg oppdaga at dette er tredje romanen i ein serie, av ein for meg ukjend forfattar. Forrventningaane var heller låge. men romanen fenga meg frå første stund! Han kjem vel i kategorien "eventyr for vaksne".

lørdag 22. april 2017

Litt nytt til kjøkenet

Innboksen min flyt over av gode tilbod.  Butikkar lokkar med forskjellig for å få e-postadressa mi. Eg slettar stort sett desse mailane etter kvart. Torsdag let eg meg likevel lokke av -30% på Kitch'n. Krukka mi med kjøkenreiskap er full, og eg ønska meg ei til. Det er for tungvint å opne skuffer for den minste ting, har eg kome fram til.  I staden for å ha ståande to raude, valde eg ei grå.  Mummikoppen er til frøkna som samlar på dei.  Dette er sesongkruset for 2017.  Dei plar ikkje kome på halv pris. Fjøla har eg og sett på før.  No har eg olja henne, så ho er klar for bruk.

Bok 18: Hvite spor

 

Et hurtigtog står stille på Norrköpings sentralstasjon i den kalde vinternatten. En ung kvinne er nettopp blitt funnet død om bord på toget. Fingrene hennes er blodige, og hun har hvitt skum rundt munnen. Kvinnen reiste ikke alene, men nå er venninnen sporløst forsvunnet.

Hvem er disse kvinnene, og hva har hendt dem? Statsadvokat Jana Berzelius blir satt på saken sammen med politiet. Det går ikke lang tid før etterforskningen blir mye mer personlig enn hun hadde tenkt seg. Atter en gang blir hun konfrontert med sin fortid. Da kriminalbetjent Henrik Levin og hans kollega Mia Bolander kommer over et spor, skjønner Jana at mistanken peker mot en person som hun kjenner til. En mann hun helst vil glemme, en som vet altfor mye om henne. For å beskytte sin fortid må hun finne den mistenkte mannen før politiet gjør det.


Den førre romanen eg las, brukte eg lang tid på å kome inn i.  Denne er spennande frå første side, eller spor om ein vil.  Vi kjenner ho som løyser krimgåta frå før.  Hennar privatliv, eller rettare sagt historie, er og interessant i seg sjølv.  Sjølve krimgåta, med smugling av narkotika i menneskekroppar, er vel ikkje akkurat så original ...

mandag 17. april 2017

Kvardagen kallar!

 I dag har vi hatt nydeleg sol her.  Det kunne sjå ut som skyene hadde lagt seg over Ulsteinvik.  Eg venta derfor til etter middag før eg tok meg ein tur på jobb.  Det er greitt å sjå over komande dag og veke slik at ein er godt budd.  Eg fekk og vurdert ein liten bunke.  Tida flyg når ein får arbeidsro.

I går kom voldingane på middag.  då åt vi lammelår og fløtegratinerte poteter. Eldstemann bur i nabolaget, så han er lett å be.  I dag kunne vi gjere det lettvint og ete restar.

No gler eg meg til Broadchurch!

Bildet over tok eg då eg gjekk gjennom naturreservatet i går.  Der får trea døy naturleg.

lørdag 15. april 2017

Bok 17: Ut av ilden


Hovedpersonen i Ambjørnsens nye roman heter Alexander Irgens og er Norges krimkonge.
Med sin serie om Stig Hammer har han også lagt store deler av det internasjonale krimpublikummet for sine føtter. Nå skal hans sjette roman, HØYE MØRKE MENN, lanseres i stor stil på Lillehammer.

Her degges den store forfatteren for av en kvinnedominert bransje, mens han intervjues og bespises. Irgens er gift og har en sønn, men på Lillehammer er han sammen med elskerinnen Vilde, en kruttønne av en kvinne som synes både han og den voldelige krimmen hans får latterlig
stor oppmerksomhet. Der de fleste smigrer og stryker ham medhårs, slår hun ham rett i ansiktet når han går over hennes grenser.

UT AV ILDEN er en spennende og fornøyelig skildring av bokbransjen, og drøfter den stadig økende råskapen som skal til for å more publikum. Men dypest sett er det en roman om skam, om en forfatter som kjenner at livet er på hell, og som vet at han ikke har vært tro mot seg selv.


Etter eit par CD-ar måtte eg sjekke sjangeren på romanen.  Då fekk eg stadfesta mistanken om at det ikkje var ein krimroman.  Eg brukte lang tid på å kome inn i romanen på eit vis.  Eg sit att med ei kjensle av å ikkje ha forstått poenget... Romanen kan kanskje lesast som eit skråblikk på heile det litterære miljøet - og lesarane?  Les gjerne VG si melding.

fredag 14. april 2017

I fjellform?

 I går såg vi at det var meldt fint ver i dag.  Eg følte trang til å kome meg ut og gjerne gå ein fjelltur.  Håbakknotten må no vere ein fin start?  Mannen møtte mange kjende som han vart ståande og prate med, så eg fekk gå heilt i mitt eige tempo.  dermed var eg ikkje særleg gåen då vi var komne opp.
 Han ville gå på Holstadhornet og Skafjellet, så eg vart med han eit stykke oppover og bortover fjellsida til vi trefte på råsa som går ned på Gjerde.
Turen min tok litt i underkant av to timar.  Men den gav ikkje særleg mange steg på mobiltelefonen.  Midt oppe i bakkane fann eg på å seie "ja" til ei oppdatering.  Den kravde opplåsing av SIM-kort... No har ikkje eg vore ute og reist sidan eg fekk ny mobiltelefon, så den koden hadde eg ikkje pugga. Men eg visste heldigvis kvar den låg gøymd.  Og eg kom meg trygt heim att utan.
 Og no trur eg koden er lagra i hukommelsen.

torsdag 13. april 2017

Skjærtorsdag 2017

 
I ag for studentane kvar til sitt, ho med morgonfly og han med nattbuss. Siste dagen heime ville han besøke besteforeldra, så han og faren tok seg ein tur til Ørsta.  Brørne øvde seg på løp.
 
Eg fann ut at eg ville steike pannekaker slik at det og kunne vere niste på nattbussen.  Eg kokte og kraft på kotelettbein som eg hadde salta tidlegare i påska. det vart utgangspunkt for ei grønsaksuppe.
Desse grønsakene kjøpte eg i Ørsta for 30 kr.  Sellerirot gav god kraft, og to persillerøter vart med i suppa.  Betane skal eg raspe og bruke i salat saman med eple ein dag, har eg tenkt. Eg synest det er greitt å kunne kjøpe litt av kvar grønsak på denne måten!
 
Vi synest det er rart at her vart så tomt tidleg i påska, men vi forstår studentane som vil ha rolege lesedagar.  Når påska er sein, vert det kort tid til eksamen...
 
 



tirsdag 11. april 2017

10. april 2017

 I dag kom eg fram til at eg kanskje tenker feil når det gjeld serviettbretting!  Eg tenker at kuverten må sjå fin ut for den som sit der.  Men når ein ser bordet, ser ein servietten frå ein annan kant ...
 I dag laga eg potetball av restepoteter og serverte retar av mor til.  Elles har eg baka foccacia og anna godt brød.
Dagens fornying skjedde i vindaugskarmen.  Som kjent bruker eg å kjøpe julestjerner tidleg i desember i håp om at eg skal ta knekken på dei ein gong i januar.  No skal desse rosene få like godt stell, så kan vi håpe at dei kan få ein ny vår ute i hagen ein gong på seinsommaren.

mandag 10. april 2017

Palmesøndag 2017

 I dag var vi åtte til bords.  I går kjøpte eg nokre grå brikker på Nille, og jammen fann eg ikkje nokre serviettar med grått i.  Påskeserviettsamlinga mi vart utvida førre veke då der låg pakkar til 10 kroner stykk. 

På menyen stod pinnekjøt, ein rett som mannen lagar.
I morgon skal eg plukke inn store påskeliljer. Denne høna vann eg på husflidsmøtet i mars. 
 Før middag gjekk eg meg ein tur på stien.  Eg møtte ei eg kjenner som hadde funne kvitveis.  Sjølv fann eg berre hestehov.
Også i år angrar eg på alle løkane eg ikkje planta i fjor haust.  Då var det kjekt å finne desse på Floriss.  Når dei har visna, skal eg dele dei litt opp og sette dei der eg vil finne dei neste vår.

lørdag 8. april 2017

God påske!

I dag var eg så ivrig då eg skulle dekke bordet, at eg dekte på til ein ekstra. No har eg endeleg eit bord der bordplata kan vise!  Vi valde eit Aanø-bord med stolat i svart "skinn" til.  Der følgjer med ei ileggsplate, så ein kan få plass tl 12 om ein vil.  Fleire er det ikkje plass til i rommet fann vi ut.

Krigsskulestudenten kom heim med nattbussen og vart henta i Ulsteinvik klokka åtte.  Det knytta seg meir spenning til frøkna si heimreise.  Ho var sjuk med oppkast i går. Heldigvis var ho mykje betre i dag og kunne lande i Ørsta klokka to.  No håper vi at det ho hadde ikkje er smittsamt.

Vi har ikkje planlagt så mykje i påska.  Vi får ta dagane som dei kjem. I morgon kjem resten av gjengen.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei god påske!

torsdag 6. april 2017

Bok 16: Playground


Playground - en annen side av Lars Kepler
Under et oppdrag i Kosovo blir løytnant Jasmin Pascal-Anderson skutt, og hjertet hennes stanser i førti sekunder. Når hun kommer tilbake, snakker hun hele tiden om at døden begynner med en voldelig havneby der de som styrer er i ferd med å miste kontrollen over den organiserte kriminaliteten.
Jasmin blir behandlet for krigspsykose, forlater militæret og forsøker å leve et stille og rolig liv når noe fryktelig skjer. Sammen med sin fem år gamle sønn havner hun i en bilulykke. Sønnen må opereres, men for å gjøre det, må de stanse hjertet hans. Det tør ikke Jasmin å ta sjansen på. Hun vet at sønnen ikke kommer til å klare å komme seg tilbake til livet på egen hånd hvis havnebyen virkelig fins.
Den andre siden er et svært farlig sted, og farligst av alt er lekeplassen - playground.
Lars Kepler er et pseudonym for forfatterne Alexandra Coelho Ahndoril og Alexander Ahndoril. Etter mer enn fem millioner solgte bøker om Joona Linna får leserne nå møte en annen siden - Playground er noe helt nytt innen spenningssjangeren.


Eg ser av VG sin anmeldar, sjølvaste Tom Egeland, gir romanen terningkast 3. Eg er samd med alt han skriv!  Han er svært høfleg, vil eg påstå ...

For meg vert dette berre for dumt.  Fol med hjartestans må kjempe seg attende til livet i gamle Kina med å slåst på ein leikplass utan reglar.  Systemet er korrupt, men Jasmin er gammal krigar. Romanen er for så vidt spennande, men komplottet vert for spesielt. 

mandag 3. april 2017

Bok 15: Livet, til det betre



Sjarmerande om livet, kjærleiken og tapre unge menneske frå lesarfavoritt Anna Gavalda. 

Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge. 

Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut studia for ein jobb ho ikkje liker, Yann lever i eit ulykkeleg samliv og Billie, som ikkje kjenner anna enn fattigdom og juling, oppdager ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmådige liv.


Eg bestemte meg for å gi den franske forfattaren ein ny sjanse. Eg har tidlegare ikkje late meg begeistre av denne populære forfattaren.  Heller ikkje denne fengar meg, utan at eg heilt forstår kvifor.  Kanskje vert det for fragmentert, eller så forstår eg ikkje sjangeren.

Det er tre forteljarstemmer.  Dei to første irriterer meg.  Bokmålsdialektane deira skin gjennom.  Kven seier sveite?  Det vert befriande å lytte til den siste delen der det vert lese på skikkeleg nynorsk.Ja, om berre omsetjinga hadde vore betre.  Berre det å bruke objektsforma henne hadde hjelpt ...

lørdag 1. april 2017

Bok 14: Gjensynet


Hva bærer vi med oss? Hva greier vi å kvitte oss med? Her er endelig en ny krim om Jonfinn Valmann!

Else, Carl-Erik, Oscar og Hedda, fire middelaldrende medlemmer i en festkomité på Hamar. De har lite til felles utover at de alle tilhørte avgangskullet på Hamar katedralskole i 1985. Nå skal de planlegge trettiårsjubileet. Forrige gang kullet var samlet, på tjueårsjubileet, endte det i en tragedie. Hein, en av skoletidens ubestridte lederfigurer, ble funnet død i hotellbadstuen.

Jonfinn Valmann var også avgangselev i 1985, og han blir kontaktet av festkomiteen. Det er noen medelever som ikke lar seg spore opp, kanskje han kan være til hjelp? Valmann trekkes inn i en fortid han har forsøkt å legge bak seg, og han oppdager nye ting om både seg selv og sine medelever, hvor dramatikken gjærer under tilsynelatende harmoniske fasader.


Eg liker Faldbakken sine menneskeskildringar.  Mordgåta er kanskje ikkje den mest interessante? Ein mistenker av og til forfattarar for å velje krimsjangeren for å kunne halde fram i yrket sitt ...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...