mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!

Eg vil ønskje alle som stikk innom bloggen min eit godt nytt år!  Takk for det gamle!

søndag 30. desember 2012

6. juledag

 I dag har vi hatt triveleg besøk av systera mi og ungane.  Ho og eg er eininge om at vi har hatt same sykje, men vi er usikre på om det er ei førkjøling med feber, eller om det er influensa. Sjølv har eg ikkje vore sosial utanom familien denne jula.  Eg unner ingen andre å bli smitta.

På menyen stod det blomkål- og brokkolisuppe, heil kalkun og Smashis til kransekake. Det er greitt å vere to familiar når ein steiker kalkun.
Det var berre ein feil: Der var ikkje krone i smellbongbongane.  Men vitsane var dei same:

En østlending traff en kjuagutt utenfor Jernbanestasjonen en dag i typisk Bergens vær.
 - Regner det bestandig her, spurte han gutten.
- Eg veit ikkje svarte kjuagutten. Eg e' bare 11 år.

P.S.
Eg tek verken ansvar for rettskriving eller teiknsetjing i vitsen.

Bok 58 : Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde

Frå coveret:

En roman hentet fra politiets hverdag - en rå verden fylt av kynisme, intriger og maktkamp. En gråkald kveld i november hopper en amerikansk journalist fra 15. etasje i studenthjemmet i Stockholm hvor han bor. Selvmord, slår politiet fast i rapporten. Mannen var dessuten så hensynsfull at han etterlot seg et brev, et svært poetisk selvmordsbrev riktignok: - Jeg har levd mitt liv mellom sommerens lengsel og vinterens kulde... Men politiinspektør Lars Martin Johansson ved Rikskriminalen klarer ikke å slippe saken. Det er noe som ikke stemmer, mener han. "I en helt egen divisjon i svensk krimlitteratur." Helsingborg Dagblad.

Eg bestemte meg for å begynne å lese bøker av denne forfattaren fordi eg såg han på Skavlan, og forstod då at eg hadde gått glipp av noko.

No synest eg det er vanskeleg å skrive noko om romanen.  For det første har eg brukt lang tid på den, og for det andre så begynte eg midt inne i ein serie.  Persongalleriet vart noko vanskeleg for meg.

At forfattaren skriv godt og har stor innsikt i det han skriv om, er det ingen tvil om.  Han har ein slik skarp penn som eg liker.  Så eg får sjå om eg ikkje skal prøve meg på fleire romanar etter kvart.  Eg har eit par liggande.

lørdag 29. desember 2012

Solveigs Smash-is - steg for steg

Til konfirmasjonen i år fekk eg ei nydeleg kake, nemleg ei Smash-iskake. I dag har eg ikkje laga nøttebotnen, berre isen, for eg har tenkt å servere den med kransekake attåt.  Som de veit, liker eg ikkje å lage små porsjonar, så eg laga av ein stor pakke fløyte.  Oppskrifta er laga med utgangspunkt i ei dajmiskakeoppskrift.
 Du treng:
7 1/2 dl kremfløyte

2 dl sukker
8 eggeplommer

1 ms pulverkaffi+2-3 ms kokande vatn

1 pk knust Smash

 Start med å koke pulverkaffi.
Kle 2 former 1 1/2 l med plasfolie.  Plastremsa må vere så lang at du kan dekke isen oppå også.

 Knus Smashen.  Her kan du bruke plastpose og kjevle.
Skil egga.  Eg tok vare på 4 eggekvitar i to glas.  Då kan eg lage marengsbotnar til nyttår om eg vil.
Pisk kremen mjuk, litt mindre stiv enn til blautkake.  Eg har både plast- og stålbolle og to vispar.
 Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.  Her må du ha heilt rein reiskap.
Bland ingrediensane forsiktig saman.  Bruk slikkepott!
Fordel massen i formene.  Dekk med plastikk.  Set formene i frysaren.  Når du tek isen opp frå frysaren, er det lett å gjerne plasten.

Ha isen på eit fint fat.  Pynt gjerne med friske bringebær og eventuelt Smashsjokolade.

fredag 28. desember 2012

Skappelgenseren ferdig!

Med god hjelp av mora si, har frøkna no fått ferdig Skappelgenseren sin. E la opp 6 færre masker på fram- og bakstykket og 4 færre på ermane.  Eg har sett at mange må brette opp ermane, for genseren sig litt.  Så eg felte av etter 40 riller. Både mor og dotter er godt nøgde med resultatet.  Av restegarnet kunne eg tenkt meg å strikke ein hals i to rette og to vrange.  Ho er ikkje overtydd.

Systera mi har vunne ein strikkepakke. Medan eg ventar på den, har eg gjeve meg i kast med eit par lestar i eit garn eg fekk i Hobbyklubben.  Akkurat no står eg fast ved hælfellinga.  Det er over 20 år sidan eg sist strikka eit par lestar. Hovudprinsippet forstår eg, men er usikker på kvar det skal vere rett eller vridd saman.  Eg har 26 masker.  Skal eg då strikke 13, 2 (rett/vridd) saman, snu, strikke 1 og 2 (vrange/vridd vrange) saman etc?

Eg lærte ein annan måte på lærarskulen, men det er denne metoden som eg lærte då eg gjekk på barneskulen som eg trudde eg kunne.






torsdag 27. desember 2012

Kvardag att

I dag er det både dagen-der-på og dagen-før-dagen her i huset.  Etter mange dagar med heller tung mat, serverte eg omnssteikt sei og fiskebollar i kvit saus Så fekk folk velje om dei ville ete det eine eller det andre - eller begge delar. Etterpå fekk eg litt avsetnad på dessertar og kaker.  Det er greitt å få oppete det ein har før ein lagar nytt.

No for faren og frøkna på julefest utan meg. Dei fekk med seg ei korg med skillingsbollar. Eg er verst forkjøla om morgonen.  Heldigvis har vi hatt nokre reklamefrie dagar som gjer at ein får sett sykjene sine i perspektiv.  Ein får tole ei veke i ro kvart tiår.

I morgon brakar det laus med Grendacup.  Eldstemann er med og arrangerer.  Gutane spelar på same lag som vanleg.  Systera er sjølvsagt i ei anna klasse.

I dag dekte eg og på med lys og serviettar eg fekk til jul.

Sonjas vottar og hue

Når jula nærmar seg, skulle ein ønske ein hadde strikka, baka og sylta, slik at ein kunne gi vekk julegåver med personleg preg.  Slik vart det ikkje i år heller...
Men siste veka før jul fekk eg sjå ein kollega sitte med Allers nr. 59.  Der var det oppskrift på Sonja frå Reisen til julestjernen si hue og vottar. Det er islandsk design og norsk ull, stod der.  Eg heiv meg rundt og strikka hua.  På pinnar nummer 9 gjekk det raskt.  Hua vart pakka inn, men vottane var ikkje ferdige då vi bytta gåver. Eg rekna med mottakaren forstod det eg skreiv på kortet om at ikkje heile gåva vart ferdig til jul.  Med tre trådar Easy på pinnane vart vottane utruleg tjukke og gode.

onsdag 26. desember 2012

2. juledag

 I dag har vi, tradisjonen tru, vore samla hos foreldra mine.  Som vanleg har det vore mykje god mat og triveleg selskap.  Eg har vore litt sløv med fotograferinga, men det kan hende det kjem fleire bilde på andre bloggar.

Baksten over var etter Gunda si oppskrift (s. 107 i Smalhans)
Ikkje eit selskap utan kransekakehumor!

- Hva er ditt fulle navn?
- Jeg heter det samme enten jeg er edru eller full!

Byggrynskrem

I år bytte eg ut risgrauten på julaftan med byggraut.  Risgraut lagar vi ofte av risrestar, så det er ikkje så sjeldan kost lenger. I "gamle dagar" då ein levde på graut i Noreg, var ris sjeldan vare.  No er det vårt eige korn vi bruker sjeldnast.  Det burde det nok verte ei endring på, men det får vi ta att i januar.
Byggynsgraut
Eg kokte graut av ein pakke byggryn. Det står gjerne ei oppskrift på pakken.  Eg fylte vasskokaren med vatn og helte kokande vatn på gryna.  Byggryna fekk ligge over natta, men når ein skåldar dei, kan ein nok kutte ned på bløytetida.

Gryna hadde tatt til seg alt vatnet.  Ved frukosttider hadde eg først i ein liter H-mjølk og sette plata på lav temperatur.  Eg etterfylte med meir mjølk.  Det gjekk med ca 2 1/2 l mjølk.  Ved slik seinkoking svir ikkje grauten i botnen, og ein slepp å passe så nøye på.  Smak til med ca 1 ts salt og kanskje 1-2 ms sukker.  Eg meiner ein sparer på sukkeret om ein har litt sukker i sjølve grauten, men her får folk gjere som dei vil.

Viss de vil ha ei lita opskrift, sjå her.

Byggrynskrem
1 pk kremfløyte
2-3 ms sukker

ca 7 1/2 dl byggrynsgraut
mandeldropar eller vaniljesukker

Pisk kremfløyten med sukker.  Bland inn graut.  Bruk slikkepott! (Denne formaninga kjem frå skulekjøkenet ...) Smak til med mandeldropar eller vaniljesukker.  Eg veit nokon liker romdropar også.  Det finst sikkert meir eksklusive saker ein kan ha i og.

Server med raud saus.



tirsdag 25. desember 2012

Kjensla av 1. juledag

 1. juledag er vel den dagen ein med godt samvit kan sette seg ned og nyte julegåvene.  Dei fleste har vel fått gode bøker eller filmar.  Blogglesarane får ikkje sjå alle julegåvene mine i dag, men eg kan røpe at eg har fått serviettane av ei god venninne ...
 .. ein av sønene hadde kjøpt dette loket som gjer at maten ikkje kokar over.
Desse gryteklutane er handstrikka i Kina etter design av Arne og Carlos.  Dei følgde med eit pannesett eg kjøpte på Jernia for pengar eg har fått.

1.juledag arbeider vaskemaskina med nye sengekle og handdukar.  Eg synest å hugse at då eg var lita, fekk eg alltid ny nattkjole og nye vottar til jul.  1. juledag fekk vi høyre at ein i gamle dagar måtte vere inne.  Så gjekk vi ut og leika i snøen og håpte på at naboungane skulle kome ut.  For ringe på fekk vi ikkje lov til den dagen.

mandag 24. desember 2012

God jul!

Her i huset vert jula feira etter same prosedyre som dei siste åra.  Vi vert åtte til bords med foreldra mine.  Eg trur bordet er dekka heilt etter Besta sin smak.  Ho har vel kjøpt alt, berre ikkje serviettane. Resten av familien er i kyrkja.  Sjølv nys og hostar eg slik at eg ikkje vil utsette meg sjølv eller andre for det.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei riktig god jul!

søndag 23. desember 2012

Sjuk til jul?

 Det slår aldri feil, ein eller annan i familien vert sjuk til jul.  Og er ingen sjuke, er det nokon som skjer seg eller skadar seg på annan måte.  Men det plar aldri vere eg. Eg har ikkje vore skikkeleg sjuk sidan milleniumskiftet.  Då låg eg på sofaen med influensa og såg det nye tusenåret starte i land for land.  Snille naboar tok med seg dei to eldste på nyttårsfeiring.  Så låg mannen og eg i kvar sin ende av bogesofaen.

I går natt vakna eg etter ein halv time med tett hals.  Noko særleg meir søvn vart det ikkje.  Eg stod opp tidleg, for eg var lei av å ligge vaken.  Etter å ha vaska, handla og laga middag, vart eg sittande under eit pledd å fryse til eg kunne legge meg.  Berre eitt av to kan skje, ein vert friskare eller sjukare.  Heldigvis har eg vore betre i dag, sjølv om eg framleis er forkjøla.  Men det går rette vegen. Ei forkjøling må ein rekne med innimellom.

Forkjølinga kom studenten heim med, trur vi.  Broren var heime frå skulen ei veke.  Til slutt måtte han til med penicillin.
I dag tok eg ned koppar og fat frå pyntehylla, så får ein vaske hylla med grønsåpe til jul.

Då vil eg ønskje blogglesarane som kikar innom ei riktig god jul!

lørdag 22. desember 2012

Gåvekort

Eg var så heldig å få eit gåvekort på Hjerteromet.  Der tok eg meg ut ei korg som eg kan ha ståande ved sida av stolen min med strikketøy i.  Tesilen er både fin og praktisk.

fredag 21. desember 2012

Siste innspurt

Jula handlar om tradisjonar.  Slik er det også på jobb. I går arrangerte tiandeklassingane juleball.  Frøkna var i pyntekomiteen.  Dei valde å pynte med raudt i år.
I dag har vi hatt kos og leikar på klasserommet, vore i kyrkja, gått gundt juletreet og hatt samlingsstund.  Etter at elevane har gått heim, har lærarane og pensjonistane triveleg julelunsj og kaffi.

Det har vore mykje snakk om at verda skal gå under. Det har vi høyrt før og vorte trøysta med at ingen kjenner dagen og ingen kjenner timen - fritt etter Bibelen. Eg håper at media ikkje greier å skremme for mange born!

Vel heime var det ein som ville på julegåvehandel i byen.  I morgon må eg få fred til å gjere noko heime!

Bildet øvst er frå i går.

torsdag 20. desember 2012

Vørterbrød i brødbakemaskin

Eg trur det er slik med vørterbrød, at anten liker du det svært godt, eller så et du det ikkje.  Her i huset forsvinn eit vørterbrød på ein blunk.  Eg fekk beskjed om at eg treng ikkje lage det, berre lære dei det. Så no får eg berre legge ut ei oppskrift og kjøpe inn ingrediensane! Kanskje andre brødbakemaskineigarar hiv seg på.

Oppskrifta er den vi alltid har brukt, men eg har tilpassa den til brødbakemaskin d.v.s. eg har litt mindre rug og meir kveite, og så har eg hatt i eit egg.  Det kan sjølvsagt sløyfast.  Sirup er lettare å vege enn å måle synest eg. 
1 flaske vørterøl, lunke
100 g mørk sirup
50 g smelta margarin/smør
300 g sikta kveitemjøl
300 g sikta rugmjøl
1 egg
1/2 ts salt
1/2 ts anis, malen
1/2 ts allehande
2 ts tørrgjær

1 pk rosiner

Ha alle ingrediensane unnateke rosinene i brødbakemaskina.  Bruk program for stort søtt brød (5 på mi maskin).  Ha i rosinene mot slutten av knainga.  (Mi maskin pip når det høver.)
Er øl lunken eller lunke?
Sist eg las ei nynorskbok irriterte eg meg over snakk om ølen heile tida.  Det heiter vel ølet? I utdrag frå ordlista under ser ein at ein skil mellom ein øl, som er ei oppmålt mengde, og drikken øl.



II øl m1

(av III øl) flaske (glas, seidel og liknande) med øl (III)
ta seg ein øl/ det er godt med ein øl i varmen / to øl, takk



III øl n1

(norr ?l)alkoholhaldig drikk laga av vatn, malt, humle og gjær; i ordtak:
når ølet går inn, går vitet ut

Når det er sagt, så er det vel betre å seie at væske skal vere fingervarm slik eg skreiv i går ...

onsdag 19. desember 2012

Grovbakstrundstykke (48 stk)

Dette er også ei oppskrift på lettvinte rundstykke.  Dei kan sjølvsagt bakast utan egg. (Fine rundstykke finn du oppskrift på her.) 
1,25 l mjølk, fingervarm
2 pk gjær
2 egg
1 ms salt
1 ms sukker
100 g smelta/flytande margarin eller smør
2 kg grovbakstmjøl (eller lag di eiga blanding)

1. Ha alle ingrediensane i ei stor kjøkenmaskin (Kenwood major) Kna deigen 10-20 minutt.
2. Lat deigen heve opp til kanten.
3. Trill glatte, fine rundstykke.  Kvart emne veg ca 80 g.
4. Hev rundstykka ca 30 minutt.
    Smør ev. med egg og dryss på solsikkekjernar/sesamfrø/valmuefrø/...
5. Steik rundstykka på 225 grader 12-15 minutt.

tirsdag 18. desember 2012

Frå barnerom til ungdomsavdeling

 Det er berre nokre dagar til det er 20 år sidan vi flytta inn i nytt hus.  No må det pussast opp rom for rom.  Dette rommet var barnerommet til dei to eldste.  Då var to vegger Sesam Stasjon-blå og to vegger hadde furupanel.  Gardiner og sengetøy hadde Sesam Stasjon mønster.  Blogglesarane som ikkje har vore her, får berre sjå det føre seg.  No er det kvitt som gjeld.  Ja, vi har andre vegger i huset som så vidt vart malte om frå kvitt til mørkegrøne i si tid.  Då var kvitt "sjukehusfarge".  Dette rommet har minst dagslys av alle romma i huset, så det gjorde seg med dei lyse strøka.
 Første nyinvesteringa var ein Smart-TV.  Mors Blue-ray har og kome ned.  Hylla til høgre skal fyllast med DVD-ar, brettspel og bøker.  Senga skal ut og ein sovesofa og eit nytt bord  inn, har dei bestemt.

Rommet er ein suksess hittil.  I staden for å sitte på kvar sitt rom, samlar ungdommane seg her.Ein skal og kunne ta imot besøk av vener på eit ryddig rom.
Eg kjøpte noko "stæsj" for ein billeg penge på Kid og Prinsess. Badet ved sida av fekk handdukar i same stil. "Sei meg, kjøper du berre halv pris?" fekk eg høyre.  "Eg er usikker på om det er eg som kjøper for halv pris eller dei som kjøper før 12. desember som kjøper for dobbel pris" er mitt svar.

mandag 17. desember 2012

Fine rundstykke (48 stk)

Vanlegvis bruker eg ikkje egg i baksten som skal seljast i kantina.  Det hender der er elevar som ikkje toler det.   I år trur eg det går bra. Eg passa på å smørje dei med egg også. Om nokon får lyst å bake dei heime, så kan dei få oppskrifta her!
1,25 l mjølk, fingervarm
2 pk gjær
2 egg
1 ms salt
1 ms sukker
100 g smelta/flytande margarin eller smør
2 kg kveitemjøl

1. Ha alle ingrediensane i ei stor kjøkenmaskin (Kenwood major) Kna deigen 10-20 minutt.
2. Lat deigen heve opp til kanten.
3. Trill glatte, fine rundstykke.  Kvart emne veg ca 80 g.
4. Hev rundstykka ca 30 minutt.
    Smør ev. med egg og dryss på sesamfrø/valmuefrø/...
5. Steik rundstykka på 225 grader 12-15 minutt.

søndag 16. desember 2012

3. søndag i advent

Det er mykje ein burde ha gjort i dag.  For meg er hoveddilemmaet husarbeid eller skulearbeid.  Derfor vert det litt av kvart.  I år har eg to todelte tentamensbunkar å knekke.  Dei skal ikkje leverast ut før jul, så eg kan utsetje dei til romjula eller nyttårshelga.

Mange andre har ikkje noko val. Dei  jobbe mykje ekstra før jul.  Viss folk hadde vit å halde seg heime i dag, så vart kanskje kjøpesentera stengde søndagane neste år? Nei, eg trur ikkje på julenissen.  Men eg synest det er synd at jula vert opp i ein stor kjøpefest.

Folk flest har vel halv skatt i desember og  dermed litt å handle for. I Oslo sag eg at sosialklientane 800 kroner ekstra til jul.  Det er kanskje det andre familiar kjøper adventskalendrar for, altså gåver før jul.
I går la eg til ein ny funksjon i bloggen: "Søk i denne bloggen." Der kan ein til dømes søke etter oppskrifter om ein vil.

Bok 57: Paganinikontrakten

Ein generaldirektør med ansvar for svensk våpentransport, vert funnen hengd i heimen sin.  Samtidig vert ei ung kvinne funnen drepen i ein fritidsbåt.  Men er rett kvinne tatt av dage.  Søstera hennar og mannen vert jaga rundt på ei øy av ein såkalla problemløysar, altså ein profesjonell leigemordar.

Tittelen Paganinikontrakten spelar å inngå ein kontrakt med djevelen, noko personar i boka vert tvinga til. Men kven er djevelen? Og kva driv han med?

Eg likte denne krimboka som actionkrim. Politisk krim er i utgangspunktet ikkje den type krim eg liker best, skal eg innrømme.

 Det vil ikkje forundre meg om denne også vert filma. Terningkast 5 frå meg.

lørdag 15. desember 2012

Mor Monsen

For meg er Mor Monsen ei julekake.  Og den er svært populær i heimen. Oppskrifta fann eg i ei gammal Samvirkebok.  Eg ser at ho er  godt brukt på den sida.  Oppskrifta er dobla, berre ikkje pynten.  Det vart fransk smør i år, og økologiske sitronar.

Det er ikkje så mykje arbeid å lage kaka, men det tek tid å røre smør og sukker.  Ein må og røre godt   mellom kvart egg.  Eg bruker å knekke egga opp i eit litermål, og så heller eg eitt og eitt egg i etter kvart.
500 g smør
500 g sukker

10-12 egg (mine var små, så eg tok 12)

rive skal av to sitronar (berre det gule)
600 g kveitemjøl
2 ts bakepulver

"Pynt"
75 g korintar
75 g hakka mandlar
2 ms perlesukker

1. Rør smør og sukker kvitt i ei stor kjøkenmaskin.
2. Ha i egga - eitt om gongen.
3. Ha i sitronskal og sikt på mjøl blanda med bakepulver.
4. Ha røra i ei bakepapirkledd langpanne.
(Gjerne den som høyrer til komfyren.)
5. Dryss over korintar, mandlar og sukker.
6. Steik kaka ved 200 grader ca 30 minutt.
(Eg set den på nedste rilla:)

I si tid har dette sikkert vore ei luksuskake.  Ho inneheld rikeleg med egg.  Ho er ikkje spedd med mjølk som andre formkaker.  Korintar og mandlar var vel heller ikkje slikt som ein flotta seg med til dagleg.  



fredag 14. desember 2012

Pakke, pakke ...

 I dag har vi tenkt oss på juleballkjolehandel i næraste bygd.  Ho som ville dit, måtte pakke inn gåver som skal dit.  Nokre pakkar vart pakka inn under mottoet "Ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv".
Det vert sikkert nok glansa papir under juletreet.  Gråpapir kan ein fyre med, og til "gåvelappar" kan ein bruke så mangt.  Kanskje dei raude sløyfebanda kan brukast om att?

torsdag 13. desember 2012

Reingjering

Eg har ein teori om at ein treng berre nokre få reingjeringsmiddel som grønsåpe, zalo, Jif skurekrem og eitt for vindauge og speil.  Alt anna er stort sett "husefyll". Så var eg innom ein blogg som anbefalte dette middelet for vansklege flekkar på badet.

Eg sette i gang med reingjering av dusjkabinettet.  I staden for å gå laus med ein gammal oppvaskkost og Jif skurekrem, spraya eg med Cillit Bang.  Etter 10 minutt tørka eg vekk skiten med ein klut.  Men kva ser eg?  Striper i golvbelegget inne i dusjen?  Vedundermiddelet har no gjort at den opprinnelege fargen har kome tilbake.  Litt skuring måtte til på dei vanskelegaste flekkane.  Men middelet var verdt femtilappen!

onsdag 12. desember 2012

12.12.12

I dag har vi hatt besøk av svogeren min.  Han fekk med seg julegåver til slekta nord i fylket.  Den nydelege julestjerna vi fekk inspirerte meg til å ta fram litt raudt i dag.

Frøkna kom heim med eit formingsprodukt.  Det skulle vere ein nyttegjenstand.  Eg tenkte kanskje det var eit pizzafat som ein kan snurre rundt, eller kanskje eit ostefat.  Ho lurte på om ho skulle gi det vekk til jul, men eg rådde henne til å behalde det sjølv.

Eg fann, eg fann!

Kvar fann eg? Jau, i går fann eg korintar høgt oppe i hyllene på Prix Hareid.  Dei var ikkje prisa, men eg meiner der stod 17,90 for 100 g korintar, medan frukt- og bærblansinga kosta 27, 90 for 150 g.  Det siste produktet er eit døme på slikt som dett ned i handlekorga mi.  Blogglesarane må gjerne kome med forslag til bruksmåte.  Viss ikkje, kan eg vel lage mi eiga frukostblanding eller topping til yoghurt.

tirsdag 11. desember 2012

Lussekattar

Det er snart tid for lussekattar.  Vi har baka i store mengder på skulekjøkenet.  Eg bruker å lage deigar, og så bakar elevane dei ut. Oppskrifta under passar i ei stor kjøkenmaskin.  Eg har tipassa oppskriftene mine til 2 kg kveitemjøl.

NB! Ein kan ha i smøret på to måtar. Ein kan smelte det eller kna det inn til slutt.  Då må det vere mjukt.
2 pk raud gjær (Blå kan brukast, men då vert hevinga litt dårlegare.)
1, 25 l mjølk, ca 37 grader (Litt varmare om du brukar tørrgjær.)
2 1/2 dl sukker
2 kg kveitemjøl
1 ms gurkemeie (Safran kan sjølvsagt brukast om ein har råd.)
250 g smør, mjukt eller smelta

Ha ingrediensane i kjøkenmaskina, kanskje unnateke smøret.
Rør i 15 minutt.
Set til heving, ca 30 minutt.
Form lussekattar.  På skulen veg vi emna til 70 g.
Hev ca 30 minutt.
Steik ved 220 grader i ca. 10 minutt.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...