onsdag 30. januar 2013

Hals i Easy

Det må vel berre innrømmast at det ikkje var skomangel som gjorde at eg kjøpte desse støvlettane no i januar. 
Det var heller ikkje det første paret eg kjøpte på sal.  Men då eg først prøvde dei, var dei for gode å gå frå.  Ecco er Ecco, og når eg går til og frå jobb, treng eg gode sko.  Dei til venstre passar best når eg syklar.  

No har eg ikkje kle i oker.  Det har aldri vore "min farge".  Men eg kom fram til at ein hals i same farge som støvlettane, ville bli stilig, for oker passar både til grått og blått.
Frøkna lurte på om det er vanskeleg å strikke slikt mønster.  Eg viste henne kor lett det eigentleg er å bruke hjelpepinne.  Ho tok seg ut ein farge på nett, og i dag kjøpte eg fire nøste på TrådKråa.  Easy er eit tjukt ullgarn som ein strikkar på pinnar nummer 9.  Vaffelmønsteret er det systera mi vann.

10 kommentarer:

  1. Fin hals! Dette er ein av mine yndlingsfargar...kjekt at ungjenta er inspirert til å strikke!

    SvarSlett
  2. Ps: støvlettane er kjempefine, altfor gode å gå ifrå:)

    SvarSlett
  3. Kor fine støvlettar og hals ! Eg likar oker..
    Artig ditta med at ein ikkje har råd til å la vere,,, kjenner til det.
    Den strikkemetoda kan ikkje eg, sjøl kor gamal eg er ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for den fine kommentaren om bildet mitt.

      Slett
    2. Bildet er veldig fint!
      Mønsteret er berre fletter eigentleg. To masker på hjelpepinnen vekselvis framme og bak.

      Slett
  4. Okergult og mosegrønt og andre gusjefargar er ikkje det eg likar best, men det er fordi eg ikkje kler det sjølv. Det vart i alle fall ein fin hals, så no får vi håpe på meir kulde. Eg mista strikkelysta etter at eg fann ut at genseren blir for smal. Har begynt på begge ermane, men er i tvil om kva eg skal gjere.Håper du kjem ein tur snart, så vi kan diskutere det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Når det gjeld fargar, tenker eg at ein kan kome seg ut av sporet av og til. Ein venjer seg til fargar som er moderne. No liker eg veret - eg får sykle, og det vert utan tjukk hals.
      Når det gjeld for lang genser, så går det vel an å rekke omm nede, eller er der mønster?

      Slett
  5. Fine støvlettar og hals! Fin farge. Kjekt med tilbehør som matcher. Har berre strikka ei hue i Easy. Godt garn.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er eit godt og relativt rimeleg garn. Og det går fort unna!

      Slett
  6. Flotte støveletter!
    Og ja, ecco er ecco ;-)
    Og fin hals!

    God natt :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...