tirsdag 15. januar 2013

Det verka som ein god idé ...

... å ta med seg ein stor pose kikerter heim frå innvandrarburikken. Dei to kiloa la eg i bløyt i ei panne på 4 1/2 liter.  Det gjekk ikkje lenge før eg forstod at eg måtte ta fram ei panne til.  Resultatet etter ein time koking var 4 1/2 kg kikerter klare til bruk. Dei er frose ned i posar på 400g.  Eg tippar ein pose tilsvarar to boksar.  

Kikerter er rike på protein og fiber.  Dei kan brukast i t.d. supper, heile eller mosa til jamning. I Smalhans er der to supper med kikerter i, ei av dei har eg ikkje prøvd - enno ...


Planen var eigentleg å lage suppa til Gunda i Sunnmørsposten.  Eg var på jakt etter kvite bønner, men innvandrarbutikken var stengd.  Så eg tenkte eg fekk rydde ut det eg har først.  Brune bønner synest eg er greitt å ha på lager.  Kokar ein dei sjølv, vert det rimeleg - og ikkje minst miljøvennleg.  Kva er ein plastpose mot ein haug hermetikkboksar?  På posen min stod det 59 kr, om nokon skulle lure.


2 kommentarer:

  1. Kikerter har eg aldri prøvd, men eg har brukt linser. Så snart eg nemner linser, finn far din fram erter. Det er HANS belgfrukt. Og godt det også.

    SvarSlett
  2. Veit ikkje om eg har prøvd desse ertene ..
    Hm.. Bør kanskje det..

    Ha fortsatt fin veke!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...