fredag 4. januar 2013

Kokeblome II



I dag kokte eg fiskesuppe til middag.  Eg hadde tatt opp sei, og visste at folk kom til å ete til ulik tid.  Den eine kom seint frå trening, medan den andre for på trening før middag. Då suppa kokte, før eg hadde fisk i, sette eg på kokeblomen. Eg gjekk til og frå for å utnytte tida til å rydde vekk julepynt.  På bildet ser de at suppa kokar på for høg varme.  Blomen let seg opp, og væska vert liggande i loket.  No må ein ikkje falle for freistinga å ta av blomen!
Eg slo ned plata og sette panna til side.  Blomen let seg att. Komfyren er like rein!

Rett opp handa dei som aldri opplever at poteter og liknande kokar over!  Oppfinninga passar i alle fall for meg ...

2 kommentarer:

  1. Du store tid kor smart.
    Kvar har du fått tak i den ?

    SvarSlett
  2. Studenten kjøper på nett enklereliv.no, men eg trur det var på Til Bords eg såg den også?
    I dag kokte eg pasta med kokeblome og sparte meg noko damp.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...