lørdag 4. juni 2011

Marengskake

Av eggekvitane som vart til overs frå islaginga, laga eg raskt ein marengsbotn.  Om kaka ikkje fell i smak hos fjortisjentene, så veit eg at dei som vert forviste til kjellaren, ikkje har noko imot restane.

4-5 eggekvitar
4 dl sukker

Pisk stiv marengs.  Bruk ein kraftig miksar.  Brei marengsmassen utover ei langpanne og steik botnen ved 150 grader ca ein time.

frosne bær
1 pk Piano vaniljekrem
5 dl fløyte + litt ekte vaniljesukker

 Del marengsbotnen i to.  Storleiken vert halvert. Då kan du bruke eit rektangulært fat eller ei stor lasagneform som eg.  Leggg lagvis marengs, bær, vaniljekrem og fløytekrem
Eg har ikkje pynta kaka enno.  Bruk gjerne friske bær.

3 kommentarer:

  1. Denne kaka er til forveksling lik desserten min, så det spørs om det blir for mykje av det gode? Eg laga ein lite Pavlovabotn av eggekvitane då eg laga majones.

    SvarSlett
  2. Spørs om der er att i morgon!

    SvarSlett
  3. I like it when people get together and share views. Great website

    កាលេងប្រដាល់ថែ​ ​​

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...