I går feira frøkna fjortenårsdagen sin saman med venninnene. Eg trur dei var tretten til bords. Eg var snar å hive dukane i vaskemaskina for gjenbruk i dag. Serviettane er dei same, men ikkje gjenbruk. Eg likte godt at dei hadde litt blått i seg, slik at dei passar til glasa.
Vasane kjøpte eg i Fosnavågen til ein billeg penge førre laurdag. Eg tok blomster frå krukkene i tillegg til dei rosa "stråa".
Ei rose frå ei potterose.
No skal eg lage kjøtkaker før slekta kjem! Svinesteikene står i omnen.
Gratulerer til jenta!
SvarSlettOg fortsatt god feiring!
Minstemann vert straks tenåring...
Rart å ha tre tenåringar i huset :-)
Heldig med sol i dag..
God søndag!
Takk for det!
SvarSlettDei to eldste er vaksne her, så vi har berre to tenåringar ...