torsdag 31. desember 2015

onsdag 30. desember 2015

Bok 58: Bror din på prærien

«Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen». Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk, dei set snarare blikket rett på han. Da han kysser den dragande Jenny Mortenson, er det både med sterk lyst og frykt for å bli bunden. Han forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande omvending i Eilerts liv, som om han har vore på fel spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, bryt han opp - på same måten som 50 000 andre nordmenn - og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Han tar land ved Hesteskoen i Donalda hausten 1905. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att i dette livet.

Eg har gledd meg til å lese framhald av "Slåttekar i himmelen".  Hoem er ein av mine favorittar.  I denne romanen får vi vite korleis det går med slåttekaren, men den viktigaste delen av romanen er den om sonen hans som reiser til Amerika.  Eilert prøver ulike yrke.  (Norsklæraren i meg begynner å tenke på Hamsun og elevar som har lese seg opp på alle yrka han prøvde i Amerika, særleg kramkar som dei tydeleg ikkje veit kva er.)

Hoem har prøvd å sette seg inn i tankane til desse forfedrane sine.  Kva gjorde at det tok Eilert så mange år å finne land?  Kvifor gifta han seg ikkje før?  Kva hadde religionen og kristentrua å seie for desse utvandrarane?  Tenkte dei på å reise heim?

Hoem skildrar livet og tankane deira på ein truverdig måte.  Språket er enkelt og passar til desse menneska.

Som ein bonus får vi lære litt historie.  Eg visste til dømes ikkje at Molde var ein slik turistby, og at Keiser Wilhem reiste dit i mange år.  Det er interessant å høyre om tilhøva for  nordmennene i Amerika, og om utfordringane dei møtte.

Til slutt får lesaren gjere seg opp sine eigne tankat.  Kven trekte det lengste strået, dei som reiste og vart att i Amerika, eller dei som vart verande?  Det vil kanskje vere ulikt frå generasjon til generasjon?  Faren til Eilert ville ha han heim, for tidene vart betre i Noreg.  Lønene gjekk opp , og ein kunne få seg arbeid.

No gler eg meg til å lese neste roman.  Eg reknar med at då vender vi attende til sonen som vart sett vekk som sjuåring. I denne romanen fekk han litt plass. Sist vi møtte han, var på dødsleiet til faren.

I lydbokutgava les forfattaren sjølv, og det gjer han glitrande!






mandag 28. desember 2015

Lykke kan kjøpast for pengar ...

 ... på TrådKråa.

Dei siste åra har eg skrive ønskeliste eller kome med direkteønske til dei unge mennene i familien.  I fjor fekk eg Kofteboken 1, og i år kom Kofteboken 2 ut.  Begge bøkene er fulle av flotte kuftemønster! 
Det er vanskeleg å velje!  Denne gongen fall eg for ei jakke med lite mønster på.  Den skal passe til dei nye støvlettane eg kjøpte meg sjølv for julegåvepengar. Støvlettane er litt høge, så eg synest det er fint med ei litt sid jakke til dei.

søndag 27. desember 2015

3. juledag

I dag har det vore lyst og fint med seks minusgrader.  Bildet er tatt i tretida.

Rett etter det reiste mellomstemann attende til hovudstaden. I morgon reiser han vidare til Lillehammer der han  skal vere til over nyttår.  Det vart ein kort ferie heime for han.

I morgon opnar butikkane.  Då spørs det om eg skal ta i bruk den nye strikkeboka mi ...



lørdag 26. desember 2015

2. juledag

I dag har vi tradisjonen tru vore i familieselskap hos foreldra mine. Det var like kjekt som det plar vere - for oss som var friske og var der.
Siste forvikling var ein ungdomsbil som måtte stå att ...
Veret er kjølig med litt snø. -6 både i Ørsta og her.
Tusen takk for oss!

fredag 25. desember 2015

1. juledag

 I dag har vi hatt ein roleg dag her i huset. Ute blæs det slik at ferja har stått.
 Både born og vaksne kosar seg med julegåver.  Ungdomane har gitt kvarandre mykje innan musikk og film.  Sjølv skreiv eg ei lita ønskjeliste, så eg har fått omtrent alt eg ønska meg!  Noko av det kjem nok på bloggen etter kvart.
No har eg prøvd ut focacciakrydderet frå apoteket.  Eg er nøgd med alt unnateke boksane.  Dei er ekle å opne, og den runde forma gjer dei vanskelegare å stable.  Eg håper apoteket går attende til dei firkanta boksane i same storleik som Cemo sine krydderboksar!

Focaccia passar godt til røykelaks og spekemat, synest eg. Det er yndlingbrødet til givaren i alle fall ...

torsdag 24. desember 2015

God jul!

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei riktig god jul.  Her vert jula feira etter same prosedyre, noko som vi er glade for! 
I år ligg mandelen att i grautpanna.  Kanskje riskremen i morgon vert ekstra populær?

tirsdag 22. desember 2015

22.desember: Dagen før dagen før dagen


I år har vi hatt mange dagar fri før julehelga. Viss eg hadde følgd tradisjonane, hadde eg baka søndag.  Men då proriterte vi "Vi syng og spelar jula inn" med korps, kor og solistar.  Der var mange flinke, men ei gav meg frysningar, nemleg Guro Topphol som sang Gabriellas song. Det var berre så nydeleg sunge!

Så i dag baka eg strull og julemanna.  Frå før har eg baka kokosmakronar og eit par skuffekaker.  Det er fort gjort når ein bestemmer seg.  Mannen og eg handla saman tidlegare i dag.  Det vert nokre liter/kg å bere, så då er det greitt å vere to. Det vert nok ein runde i morgon, men då vil eg gå åleine.  Eg bruker ikkje handleliste, men ser for meg alle måltida eg må ha mat til, når eg handlar mat.  

No er "nyestova" pynta til jul.  Eg fekk ein bukett nydelege,raude roser av systera mi i går.  Dei var ikkje så fotogene når det er mørkt ute ...

mandag 21. desember 2015

21. desember

I dag har vi hatt triveleg førjulsbesøk av søstera mi med familie. Ærendet var å utveksle julegåver. Ungdomane spelte spel medan vi vaksne prata.  Frøkna dekka på to bord.

For dei som lurer på kva eg serverte, så stod det kjøtkaker på menyen.  Til dessert var det byggrynskrem og fruktkompott av tørka frukt.

lørdag 19. desember 2015

Bok 57: Om høsten


Karl Ove Knausgård tar for seg en og en gjenstand, ett og ett fenomen, og forsøker å beskrive og forstå det så nøyaktig som mulig. Slik blir dette en personlig encyklopedi om alt fra tyggegummi til stjerner, et forsøk på å nærme seg verdens materialitet, samtidig som alt synes å insistere på å ha en ladet og tvetydig betydning.

Kva er liksom greia? Dette har eg tenkt medan eg har lytta til romanen - utan å sette meg inn i kva type roman det er.

Knausgård skriv til eit ufødt barn.  Kvart kapittel startar med eit temaord.  Det kan til dømes vere "hoggorm".  Så filosoferer han over hoggormen, gjerne med ei lita historie. Mykje av det han tenkjer er tankar ein kanskje sjølv har tenkt.

Eg sit nok framleis att som eit spørjetein.  Men er det alt ein treng å forstå?

Bok 56: Hvordan elske en far - og overleve

En sterk selvbiografisk fortelling! Vetle Lid Larssen elsket sin far, den folkekjære skuespilleren Lars Andreas Larssen. Men for å overleve måtte han bekjempe ham. Det ble en kamp som skulle bringe far og sønn milevis fra hverandre, men også faretruende nær. Det var den evige kampen mellom far og sønn, om dominans, selvhevdelse - og kjærlighet. Inntil døden. Og enda lenger. «Hvordan elske en far - og overleve» er en tragisk og humoristisk fortelling om den klassiske konflikten mellom fedre og sønner. Om hva som skjer når faren din rammes av alzheimer og sakte viskes ut. Om to menn som aldri greier å snakke sammen før det er for sent. Nesten.

Denne boka er noko heilt for seg sjølv!  Vetle Lid Larsen har skrive eit interessant og gripande  portrett av far sin. Eg bruker av og til "X-faktor" om bøker år eg synest det er vanskeleg å peike på akkurat det som gjer dei gode.  Andre gir terningkast 6. Eg trur dette er ein roman mange vil like å lese.




fredag 18. desember 2015

Fredagsfølelse

Eg veit ikkje kor mange fredagar eg har sett meg ned for å slappe av med Beat for Beat. Gjerne med reint hus og ungane i seng.

I dag har yngstemann og eg vore på handlerunde. Eg synest vi fekk utretta mykje! Siste stopp var hos bakaren der vi kjøpte med oss to posar med smultringar, yndlingsjulekakene mine som eg ikkje plar lage. Til no har eg aldri smakt betre enn dei svigermora mi laga. 

I morgon vert det å stå opp tidleg for å lage frukost til mellomstemann som kjem med nattbussen.

søndag 13. desember 2015

13. desember

I dag gjekk turen til Molde.  Det var litt snø over Ørskogfjellet.
Vi fekk og sjå Tresfjordbrua.
Det har vorte litt kaldare her og. I går tok eg bilde av eit par krysantemer som eg plants ut etter avblomstring.

lørdag 12. desember 2015

Røvarkufta ...

... eller Røverkofta som den heiter i "Lek med tradisjoner" av Kristin Wiola Ødegård, har eg no teke i bruk. Ho vart strikka i november og montert for eit par veker sidan. I boka er ho strikka i Peer Gynt, men eg valde å bruke Alpakka frå Sandnes.  Alpakkagarnet er mykje mjukare enn ullgarn, og kufta vert ikkje så tjukk.
På Strikkesida er der mange diskusjonar.  Eg har lært meg at det er best å ikkje rote seg bort i dei.  Nokre meiner t.d. at kle vert reine om ein frys dei.  Så skal alt dampast og vaskast i maskin.  Sjølv vaskar eg alle nye plagg før eg tek dei i bruk eller gir dei vekk. Eg sentrifugerer dei lett i maskina (800) og let dei ligge og tørke. Damping gjer plagg flate, lærte eg på Lærarskulen ... Etter at eg fann ut at ein ikkje bør feste trådane, berre legge dei til motsett side, synest eg at monteringa er mykje enklare.

Modellane i boka er smale i ermane.  Så om andre som les bloggen har tenkt å strikke frå henne, anbefaler eg å auke litt raskare ut i starten om ein ønskjer litt vidare ermar.


fredag 11. desember 2015

11. desember


Denne veka har vore innhaldsrik, og tida har floge! Tysdag og onsdag var eg i Lillestrøm på kurs.  Det var ikkje mykje eg såg av byen. Kurset var intenst og lærerikt.

Yngstemann kom heim att eit par timar etter meg. Om ei veke er vi fulltallige. Det beste med jula er at dei unge mennene kjem heim att!

I dag har vi gjort klare pakkane til eine delen av slekta.  Dei skal vi møte i Molde søndag. Det gler vi oss til!

Slik går dagane her...

Eg vil ønskje blogglesarane ei god helg!

mandag 7. desember 2015

Bok 55: Det finnes ingen helhet



"Det finnes ingen helhet" er en roman om forsoning, om veien videre etter en stor katastrofe og en stor sorg. Det er desember 2012. Fem år har gått siden Tarjei, Trygve og Kristian fra den samme lille bygda ble drept av en veibombe i Afghanistan. Ragnhild, bygdas lege, vet mye om hva som fikk guttene til å reise, og hva dødsfallene har gjort med dem som ble igjen. Hvordan livet etterpå fortoner seg for foreldreparet Karin og Hallvard, eller for Bjørn, som kom levende tilbake - uten heltestatus. Gjennom Ragnhilds blikk ser vi hvor ulikt menneskene forholder seg til tap, erkjennelse og overlevelse. Hennes fortelling viser også hvordan hjelperen selv kan bli avhengig av de som skal hjelpes.

Dette er siste romanen i ein trilogi.  Vi møter ulike forteljarstemmer to år etter ulykka i Afghanistan der tre kameratar omkom. Det handlar om å arbeide seg gjennom sorga for gradvis å kunne gå attende til arbeidsliv og familieliv. Dei ulike kjenslene som sorg og tap, men og skuldkjensle, vert truverdig og godt skildra.

Forfattaren har gitt nokre forteljarstemmer bokmål og andre nynorsk.  Det fungerer godt.  Forlaga må berre finne folk med ein skikkeleg dialekt i botnen når det skal lesast nynorsk. Det heiter til dømes ikkje sveite, men sveitte.

Viss eg først skal lese bøker om att, så vert det denne.  Eg har no nemleg berre lese dei to siste i trilogien. Får eg tak i alle tre, les eg dei gjerne!  

Bok 54: Den grenseløse - for andre gong

Eg veit ikkje kva eg skal skulde på! Kanskje at eg berre hadde lydfilene sist eg las boka.  I alle fall gav eg meg i kast med ein av yndlingskrimforfattarane mine, og mot slutten av boka vart eg sikker i mi sak; eg hadde lese boka før.  Men då var eg langt frå datamaskina og valde å lytte vidare.  Vel ferdig med tredje CD-en bestemte eg meg for å lytte ein gong til.  Rett nok visste eg svaret på drapsgåta, men mykje anna var halvgløymt.  Eg kosa meg med humoren i teksten.  No håper eg på ei ny bok av forfattaren i næraste framtid!

lørdag 5. desember 2015

Glutenfrie karamellstenger

På skulekjøkenet bruker vi vanlegvis godt gjennomprøvde oppskrifter.  I år har eg ei utfordring med glutenfri matlaging.  det er interessant å prøve seg på.  Eg meiner mykje har skjedd på den fronten berre dei siste fire-fem åra.  Kokosmakronar er glutenfritt for alle.  I tillegg valde eg å sette eit par elevar til å bake karamellstenger i foodprosessoren. Dei vart svært gode!  Deigen var noko vanskeleg å arbeide med, meinte dei.  Men eg synest dei var flinke!

Elles meinte dei sirupen var treig å få målt opp.  Det gjekk vel i sirup ...
ca 3 dl fin glutenfri mjølblanding (Vi brukte Toro lys mjølblanding)
1 dl sukker
1 ts natron
1 ts vaniljesukker
1/2 ts fiberhusk
2 ts sirup
100 g smør


  1. Set omnen på 175.
  2. Ha det tørre i bollen på foodprosessoren før du har i sirup og smør i terningar.
  3. Start maskina og lat ho gå til du har ein jamn deig.
  4. Utbaking: Del deigen i fire. Rull kvar deig ut til ei pølse. Legg dei på ei papirkledd plate med god avstand mellom.
  5. Steik kakene midt i omnen 15-17 minutt.
  6. Skjer stengene i bitar på skrå medan dei enno er varme.
  7. Trykk pølsene flate med ein gaffel.

torsdag 3. desember 2015

Startskotet

I dag for vi rett frå jobb for å "storhandle" på Moa. Det er greitt å kome i gang med julegåvekjøp, så får ein lettare oversikt.

Observante lesarsr forstår kva ferje vi tok heim att.

tirsdag 1. desember 2015

1. desember

Kalenderen viser 1. desember. Det er knappe tre arbeidsveker att til jul. Ut i neste veke kjem studenten heim. Det gler vi oss til! Coop finn ikkje på så mykje nytt.  Det går i bringebær og is.

Det er tysdag og turdag. Dette vart berre ein snartur innom bloggen.  No er det på tide å knyte på seg skoa!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...