fredag 13. juli 2012

Polentapudding

 Polentapudding er ein gamaldags mjølkepudding.  Den kan kokast etter same oppskrift som semulepudding.  Eg kjøpte polenta på Sunnmøre Folkebutikk.  Utlendingar synest gjerne det er merkeleg å bruke polenta til dessert.  Her i familien er det i alle fall populært med puddingar.
2 l mjølk
2 1/2 dl polenta

1. Kok opp mjølk og polenta medan du rører.
    Lat det koke til grauten er tjukk.
4 ms sukker
(4 eggeplommer - ev. 2 egg)
6-8 mandeldråpar eller 1-2 ms vaniljesukker

2. Pisk saman eggeplommer og sukker.  (I gamle oppskrifter er det ikkje eggeplommer.
    Men dei gjev god smak og konsistens.)
3. Ta grauten til side og ha i eggeblandinga og mandeldråpar eller vaniljesukker.
4. Ha puddingen i ei skål som tåler varme.
5. Dryss gjerne 1 ts sukker på toppen.

Server med raud saus.

5 kommentarer:

  1. Takk for oppskriftene !
    Trur ikkje eg har smakt polentapudding. Står det polenta på pakkane, og har dei det i vanlege butikkar ?

    SvarSlett
  2. Eg kjøpte det på Spar for nokre år sidan. No veit eg ikkje, men eg tippar litt større butikkar har. Innvandrarbutikkar har gjerne ulike typar. Eg liker best den grovaste.

    SvarSlett
  3. De finnes i butikker som eks. thai/kinesisk/utenlandske matvarer. Har ennå ikke funnet Polenta i Norske butikker på mange år.

    SvarSlett
  4. Har kommet tilbake i større Menybuttikker.

    SvarSlett
  5. I like it when people get together and share views. Great website

    កាលេងប្រដាល់ថែ​ ​​

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...