lørdag 14. juli 2012

Bok 34: Mississippi

Byjenta Laura giftar seg relativt seint i livet og flyttar saman med ektemannen Henry til ein avsides plantasje.  Ein svart familie forpaktar jord hos dei.

Broren til Henry og forpaktarsonen Ronsel kjem att frå 2. verdkrig.  Dei utviklar ein vennskap.  Dette skaper sjølvsagt problem.

Forteljinga vert fortalt ved hjelp av ulike forteljarstemmer.  Ofte løyser ein det med ulike opplesarar, men ikkje her.  Det går heilt greitt å følgje med.  Forteljinga er enkel.  Eg trur dette er ein roman som ungdommar også vil like.  Dei vil også lære ein del om amerikansk historie.  Etter mi meining er det ikkje stor litteratur, men grei underhaldning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...