lørdag 31. oktober 2015

Kjøp og lån

Onsdag kveld sat eg og kika på Facebook.  Då dukka det opp bilde av ei jakke som eg fall pladask for! Det var reklme for Kristin Wiola Ødegård si nye bok. Den boka hadde eg tenkt å ønske meg til jul, men no vart det jakka eg ønska meg ...
Eg bestilte boka på ark.no, for der ligg kortet mitt inne slik at det einaste eg må hugse er tre siffer på bankkortet.  Det har eg i hovudet.  I går låg boka i postkassa.

Så langt var alt vel.  I går skulle eg rekke TrådKråa.  Der hadde dei ikkje botnfargen inne i det alpakkagarnet eg har tenkt å bruke. Nei vel, så må eg vente på garn frå nettbutikken, tenkte eg.  Men der var dei utselde både i Alpakka og Peer Gynt.  Kva gjer ein då?

For ein time sidan gjekk lyset opp for meg!  Det kan no hende at andre nettbutikkar har att av garnet!  Eg var heldig!  På første forsøk, Nøstenett, hadde dei fargen inne.  No må eg berre vente ...
På biblioteket i dag fann eg ei anna ny strikkebok.  Der er mykje fint i den, men ikkje i min stil - om eg har nokon.  I bærboka er det mykje å lese og lære.  Om eg orkar å lese dokumentarboka, vil tida vise.  Men der er faktastoff om akkurat det Trude Teige skreiv om i boka eg nettopp har lese.

torsdag 29. oktober 2015

Siste småstrikk


Eg har vegra meg litt for å begynne på noko stort strikkeprosjekt. Ein ting eg har tenkt på lenge, er å strikke meg gryteklutar til jobbruk.  Det ligge ei gratis oppskrift på pt design.  Eg valde fargar ut i frå fargen på forklea som eg kjøpte i sommar.  Dei andre eg bruker med namn på, er og raude.

Når eg steiker rundstykke til kantina, må eg alltid tenke ut kvar eg hadde gryteklutane sist.  Kjøkenet er utstyrt med fem omnar som eg flyg mellom.  Kanskje eg skulle utstyre meg med utstyr som på 70-talet då alle måtte stille med gryteklutar med strikk mellom?

dei nye gryteklutane vart tekne i bruk i dag.  Det fungerte flott dei første tre timane.  Men midt i den andre økta fann eg dei ikkje att når eg hadde bruk for dei.  Eg leita alle tenkelege og mindre tenkelege stader.  Til slutt fann eg dei - under forkleet!   Kva skal ein seie?

onsdag 28. oktober 2015

Bok 49: Mormor danset i regnet

I romanen «Mormor danset i regnet» vert vi kjend med skjebnane til tre generasjonar kvinner.  Juni, den yngste, har reist frå ein brutal ektemann.  Ho veit ikkje kven hennar eigen far er. Mora nekta å fortelje det også på dødsleiet.  No vil ho prøve å finne ut av familiehemmelegheitene.

Parallelt får vi høyre mormora si historie.  Ho forelskar seg i ein tysk soldat.  Det har vi høyrt om før.  Men det som gjer denne romanen så interessant, er kva som møter dei når dei vil forlate Noreg, og ikkje minst når dei kjem fram til Aust-Tyskland som er okkupert av russarane.  Kva lidingar det tyske folket vart utsett for etter krigen, har det vore lite fokus på.

Mor til Juni får vi vite minst om, men ho får og lide i oppveksten.  Nokre vegar er stengde for henne. Ho fekk heller ikkje vite kven som var den rette faren henar.

Mykje vert nøsta opp i romanen.  Vi ser likskapar i lliva deira.  Romanen har mange frampeik.  Ein forstår kva som må skje, men det gjer den samtidig spennande.

Eg har lese halve romanen i dag, for den er vanskeleg å legge frå seg.  Trude Teige greier å skrive om kjærleik på ein truverdig og usentimental måte.

VG gir romanen terningkast 3. Det kan godt hende det er rett som dei skriv, men eg vil verkeleg anbefale romanen, ikkje minst på grunn av det historiske bakteppet.



tirsdag 27. oktober 2015

Bok 48: Til jord skal du bli

Med intensitet og nerve følger vi politietterforsker Malin Fors' kamp mot klokka. En tidlig maimorgen blir en ung mann funnet død i et dike inntil Göta kanal. Han er naken, og kroppen bærer ikke preg av spor etter vold. Når Malin Fors og hennes kollegaer ankommer stedet råder en merkelig stillhet. Det er som om alle stemmer har blitt dempet. Mannen identifiseres snart som Peder Åkelund, en tidligere sverigedemokrat som har blitt kastet ut av partiet for sine rasistiske uttalelser. Det viser seg at han er blitt drept. Samme kveld blir seksten år gamle Nadja Lundin meldt savnet, trolig bortført. Tegn tyder på at de to sakene har med hverandre å gjøre. Men hva har ofrene til felles? Hvorfor er de blitt valgt ut? Etter en stund begynner Malin Fors å innse at de har å gjøre med noen som leker med politiet, som snakker via mord og som ikke har tenkt til å la seg stoppe. Men hva er det han eller hun vil si? Det haster med å finne et svar. Jenta kan fortsatt være i live.

Ein gal mann grev ned ei ung jente i ei kiste og lagar eit rør slik at ho kan få vatn og luft.  Ein annan drep han, og fleire liv står i fare! Ingrediensane i denne krimromanen er kjende.  Ein må berre lese og la seg underhalde.  Romanen er spennande og lettlesen. Ein kan og kalle han ein pageturner.  Etter mitt syn manglar romanen det eg kallar X-faktor, noko som gjer at han skil seg ut i mengda.

søndag 25. oktober 2015

Tova vottar

No er restevottane ferdige! Dei vart heilt passelege etter ein runde i vaskemaskina på 40 grader.  Eg brukte eit daglegvaskprogram som tek 1 1/2 time.

Vottane er strikka i dobbel Finull. Eg hadde litt oker frå før, så det er nok ikkje heilt nok med berre restar frå kufta.  Men restekorga mi er ca 100 g lettare.  Fargane er kanskje ikkje førstevalet til alle, men vottane er svært varme og gode - og eg har tenkt å bruke dei på tysdagsturane mine!

lørdag 24. oktober 2015

Genser i minialpakka

Etter å ha strikka og montert to kofter, vart det freistande å strikke noko einsfarga og omtrent monteringsfritt.  Garnet fann eg i restekorga på TrådKråa.  Dermed vart fargen ikkje blått som valeg... Oppskrift og garn er frå Sandnesgarn.

fredag 23. oktober 2015

Bok 47: En liste for livet

Brett har for lengst glemt den gamle listen hun som tenåring laget seg over mål i livet: «lære fransk, dra til Paris, skaffe seg hund, finne kjærligheten, få barn, hjelpe de fattige, få et fint hus» osv. Nå er hun 34 år og har tilsynelatende alt: en god jobb i det veldrevne familiefirmaet og en stor leilighet der hun bor sammen med kjæresten. Når moren dør, blir Bretts verden snudd på hodet. I stedet for at hun blir utpekt som ny direktør for familiefirmaet, får hun fyken, og før hun får sin rettmessige arv, har moren bestemt at hun må fullføre de resterende punktene på listen. Brett, som er knust av sorg, kan ikke forstå hvorfor moren har gjort dette mot henne. Dessuten er det ikke alle punktene som lar seg fullføre. Hvordan skal hun for eksempel klare å etablere et forhold til faren sin, som døde for flere år siden? Og hvorfor har ikke moren strøket over «finne kjærligheten»? 

Så har eg gjort det igjen: Lese ein roman eg på førehand visste at eg kom til å "slakte".  grunnen til at eg valde han, var at utvalet var lite.  Og så hadde eg nettopp lese ein litt innvikla krimroman.

Allereie i starten forstod eg at romanen innfridde.  Hovudpersonen kjende både det eine og andre i hjartet sitt og i hjarterøtene.  For meg er dette kjenneteikn på dårleg språk.

Også handlinga innfridde.  Brett må verte litt fattig, det vil seie leve på lærarløn, for å bli eit betre menneske. Her er det meste føreseieleg.  Det heile vert toppa med ein slutt som berre måtte kome. 

Dette er eventyr for unge og eldre damer. Eg trur aldri ein mann ville ha innrømt å ha lese romanen.

tirsdag 20. oktober 2015

Småstrikk

Før haustferien gjorde nok ein kombinasjon av trilling av store mengder rundstykke på jobb og litt strikking å heimebane at skuldra mi fekk nok.  Dei siste tre vekene har eg hatt meg ein strikkepause, med små unnatak.

No vil eg ikkje begynne på noko stort arbeid.  Desse vottane dukka opp på ei nettside.  No har eg sikra meg oppskrifta.  Eg kan tenke meg at desse kan falle i smak, også blant ungdomen?

Første paret skal eg strikke i noko restegarn etter den siste kofta mi. Eg trur dobbel Finull skal tilsvare Fritidsgarn.  Det er greitt å få minka litt på restegarnhaugen!

søndag 18. oktober 2015

Bread maker

Som blogglesarane sikkert har fått med seg, er eg over middels interessert i brødbaking.  Eg er og svak for nye oppfinningar.  Så då denne nye brødbolleforma kom på tilbod før haustferien, slo eg til.  No har eg eksperimentert litt med den i helgane. 
 Det "geniale" er at ein rører saman deigen i same inretninga som ein steiker brødet i.  Dette gjer eg om kvelden.
 Deigen får heve i forma over natta.
I oppskriftheftet som følgjer med, står det at ein kan sette brødet rett i omnen.  Etter litt prøving og feiling har eg kome fram til at det er lurt å førme brødet på nytt.  Det gjer ein lett med ei deigskrape.
Ein annan ting eg gjer som eg vil med, er at eg steiker brødet i forma, litt over halve tida med forma lukka, så lettar eg litt på "loket". 200 grader i ca 50 minutt.

Om nokon får lyst til å prøve, så er dette oppskrifta til brødet over.

ein klump gjær på storleik med ei ert
3 1/2 dl kaldt vatn
3/4 ts salt

frukt, nøtter og frø om du vil
(eg brukte aprikosar, valnøtter og graskarfrø)

2 1/2 dl Fibramjøl
ca 5 dl kveitemjøl
(deigen skal vere laus)

torsdag 15. oktober 2015

The King's Singers

Denne veka er det kulturveke i Hareid. Høgdepunktet i år er konserten som vi har vore på i kveld.

mandag 12. oktober 2015

Bok 46: Svømmeren

«Svømmeren» er en forrykende krim spekket med menneskelig drama og stor psykologisk innsikt. En feberhet natt i Damaskus tidlig på 80-tallet må en amerikansk spion forlate sitt nyfødte barn til en usikker skjebne. Det er et svik han ikke klarer å forsone seg med. For å glemme tar han farlige oppdrag i Beirut, Afghanistan og Irak. Alt som kan holde tankene unna. Tretti år senere blir den svenske EU-juristen Klara Walldéen oppsøkt av sin tidligere kjæreste og forsker på krigsforbrytelser, Mahmoud Shammosh. Han er kommet over hemmeligstemplet informasjon og trenger hennes hjelp. Samtidig, i Brussel, forbereder den arrogante lobbyisten George Lööw seg på å representere en ubehagelig klient med en skjult agenda. Langsomt dras han inn i et dødelig politisk spill der både regler og motspillere er diffuse. Trådene veves sammen en stormfull julaften i den svenske skjærgården, der fortiden innhenter nåtiden og alt kommer til overflaten. «Svømmeren» er en krim full av spenning og overraskelser, i en verden av skiftende allianser og tvilsomme overenskomster. Men det er også en historie om skyld og oppreisning. Om hvordan man blir formet av sin fortid, og at man ikke kan skjule hvem man er.

Eg trur det må vere rett å kalle denne romanen ein spionthriller.  Han er intens og spennande.  No er det kanskje ikkje min yndlingssjanger, det må eg vel innrømme.  Det vert mange so må blø og dø. Samtidig så må eg seie at det er sjeldan eg snik meg litt vekk og arbeider med bok på øyret ...

Som lydbok er romanen noko krevjende på grunn av eit stort persongalleri og hendingar i ulike tider og på ulike stader.  Eg har lytta om att ein del for å vere sikker på at eg har fått med meg heile handlinga.

søndag 11. oktober 2015

Gapestokk

Denne stod på Fredriksen festning.  Så kan ein filosofere over kva som er dsgens "gapestokk".

fredag 9. oktober 2015

Bok 45: Sett ut en vaktpost

Om denne boka kan ein lese her.

Slik eg har forstått det, vart denne romanen skriven, men ikkje gitt ut på 50-talet.  "Drep ikke en sangfugl" av same forfattar vart fort populær.  No har romanen vorte lesen av nye generasjonar nettopp fordi ein aldrande forfattar har valt å gi ut "Sett ut en vaktpost".

Eg var innnom ein blogg der bloggaren ikkje var sikker på om ho hadde funne bodskapen.  Eg tenker at det kanskje ikke er så lett for unge lesarar.  "Scout" er ei ung kvinne som tenkjer sjølv.  Tankane hennar braut kanskje med det som var vanleg då, men som har vorte sjølvsagt no?

Sjølv vart eg positivt overraska over romanen. Det er viktig å ikkje vurdere han ut i frå 2015-kriterium.

torsdag 8. oktober 2015

Kvardagssyslar

Det var fint og ryddig då vi kom att i går. Likevel er det mykje å ta tak i. Vi skal til å pusse opp badet nede, så det vert ein del å rydde vekk.  I dag tok vi ut fliser til golvet. No vert det nokre veker med eitt bad. Det bør gå greitt med tre personar i hus!

Når eg ser kupongane mine denne månaden så ser eg at eg aldri kom så langt som til å lage ei kake med peanøtter og Ritzkjeks. Men kjeksa gjekk med til ost og peanøttene gjekk med til is ... Heilmjølk får eg vel tilbod på fordi eg laga nokre karamellpuddingar. 

Oslostudenten fortalde at Icabutikken nær han bur, har vorte til Coop Mega. Så no har eg gitt han og systera pengar til Coopmedlemskap.  Der er alltid noko ein får billegare om ein er medlem, anten det no er juice, roser, filmar, bøker eller musikk. Så får vi sjå om det dukkar opp kupongar til dei i postkassa.

onsdag 7. oktober 2015

Kunstverket i Lysekil: Bohuslänsk krönika

Lysekil

Hotellet vi låg på, var ikkje så langt frå Lysekil.  Der trur vi at vi ikkje har vore før.  Det var ein relativt liten stad, men med fine butikkar. Sola skein, men som de ser på havet, bles det godt.
 
Vi gjekk litt opp i høgda for å så oss om.  Der fann vi ein fin park. Mobilen nekta å laste opp så mange bilde, så eg har laga eit nytt blogginnlegg med kunstverket der. 
Kreative strikkarar hadde laga sitt eige kunstverk! 

søndag 4. oktober 2015

Søndagssyslar

I dag starta vi på ei byvandring mot Aker Brygge.  Vi gjekk heilt til enden.  Dei som har leilegheiter her, vert turistattraksjonar når dei set seg ut på altanane sine.
Så gjekk vi oss på ei kunstutstilling med blant anna Damien Hirst. Den vidkjende hovudskallen var plasser i eit eige bekmørkt rom der han var lyssett. Berre nokre få fekk sleppe inn om gongen for å sjå For the love of God.
Eit anna kjent kunstverk, Mother and child divided, var t.ankevekkande. Adam og Eva måtte eg gå fort forbi.
No ligg det an til familietreff på Peppes om ei stund.

lørdag 3. oktober 2015

Strålande dag!

I dag  har vi hatt ein flott dag her i Oslo. Vi har vandra gatelangs i strålande sol. Vi har "shoppa" kvar for oss og saman. Eg oppdaga Stoff og stil 10 minutt før stengetid. Dermed vart lite kjøpt, men no veit eg kvar eg skal finne sytråd m.m. til ein rimeleg penge.

Alle gutane er i Oslo i helga. Vi drakk kaffi saman med mellomstemann. Yngstemann spela kamp. Han får vi vere saman på heimturen, og så vert han heime nokre dagar. 

Dagen vart toppa med kinobesøk. Så fekk også vi med oss Bølgen - endeleg og heldigvis! 

Kva vi finn på i morgon, får tida vise. Det er litt opp til gutane.

På bildet ser de eit langbord som var dekka frå Stortinget til Slottet i høve Rosa sløyfe-aksjonen.

fredag 2. oktober 2015

Frå vest til aust

For meg begynner ferien når eg set meg i bilen. I dag hadde vi elendig reisever til vi kom omtrent til Skjåk. Her i hovudstaden er det 16 grader og flott himmel. Det lovar bra!

torsdag 1. oktober 2015

Bok 44: Et offer til Molok

Dette er den femte boken med Rebecka Martinsson. Åsa Larssons kriminalromaner er spennende lesning. Hun har en dyp innsikt i menneskers psyke og skriver vakkert om medmenneskelige relasjoner. En stor bjørn blir skutt i nærheten av Kiruna, og i bjørnens mage finner man knokler fra et menneske. Noen måneder senere blir en kvinne myrdet med en høygaffel, mens hennes barnebarn Marcus overlever ved å gjemme seg i et lekehus. Da Rebecka begynner å se på den myrdede kvinnens bakgrunn, viser det seg at usedvanlig mange av hennes nærmeste slektninger er døde. Den eneste overlevende er lille Marcus.


Denne romanen likte eg godt! Ikkje minst var historia i fortid interessant.  Gruvesamfunnet i Kiruna for om lag 100 år sidan vert skildra.  Disponenten kjende Zorn-ekteparet. I sommar var vi som kjent på Zornmuseet i Mora.  Det gjorde det ekstra artig.

Krimgåta er helst lite sannsynleg, men på ein måte underordna menneskeskildringane og hendingane i notid og fortid.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...