tirsdag 29. november 2016

Julemarknad

Laurdag stakk vi innom ein julemarknad i Ulsteinvik.  der kom eg over desse søte mysene. Eg syntest ikkje eg kunne skilje dei, så begge vart med heim.

Då eg var lita, beundra eg slike dorulldukker, og eg har tenkt at eg ein gon skal skaffe meg ei.  De veit, slike med rosa kjolar.  Og om dei ein var på besøk hos også hadde ros flossete teppe rundt doen og trekk på setet, ja, då kunne det ikkje bli flottare.  No forstår eg godt at vi ikkje hadde det heime...

mandag 28. november 2016

Vottar som rockar


Oppskrifta til desse vottane fann eg i Jorid Linvik si bok.  Eg synest dei passa godt til Erlend sin 13-årsdag, sjølv om han spelar slagverk.
 
For dei som vil ha strikkeinformasjon, så er vottane strikka med Finull på pinnar tre. Slike vottar plar bli varmare og betre i handa dess meir ein bruker dei.

søndag 27. november 2016

1. søndag i advent

Dei siste to vekene, og vel så det, har det vore unntakstilstand i familien. Kort fortalt var far min til kreftlegen tidleg i november og fekk ein relativt positiv beskjed.  Det vart planlagt åttiårsfeiring to dagar før sjølve dagen.  Kreftlegen gav han og streng beskjed om å ta influensavaksine.  Det gjorde han tysdagen før.  Han vart svært sjuk av vaksinen og måtte innleggast på Volda sjukehus på sjølvaste åttiårsdagen.  Der vart han verande over ei veke.  No er han heime og kviknar sakte, men sikkert til.  Dei som kjenner oss, følgjer nok med på mor mi sin blogg.  Ho held slekt og vener oppdatert der. Eg har halde ein lav profil.  Det er greitt at kollegaer og vener veit, men eg vil kople frå privatliv og kople på jobben når eg er saman med elevane. 

I dag har vi hatt middagsbesøk. Eg hadde tatt ei svineribbe opp av frysaren.  Det var dårleg med lilla lys og serviettar.  Vanlegvis kjøper eg på Nille, men der var det ikkje verande på Black Friday i Ørsta og det dei kalla blakk laurdag i Ulsteinvik.  Så eg har gjort som mange andre; funne fram kvitt.

Eg vil ønskje alle bloggvener ei god adventstid!  Eg skal prøve å smette innom bloggen litt oftare i tida fram mot jul...

søndag 20. november 2016

Bok 46: Mios blues

Ny sjarmerende og gatesmart lek med den hardkokte krimsjangeren. Kristina Ohlsson leverer igjen!

Hva skjedde egentlig i Mios barnehage den siste dagen før han forsvant? Mot sin vilje har advokat Martin Benner blitt dratt inn i jakten på den forsvunne fireåringen. Så lenge barnet er borte, kommer ikke mafiaorganisasjonen til å la Martin være i fred. Martin er desperat og følger opp de få sporene som finnes. Men Mios forsvinning er ikke Martins eneste problem. Han må også bringe klarhet i hvem som prøver å legge skylden på ham for to mord han ikke har begått. Martin blir mer og mer paranoid for hver dag som går. Hvem er det som følger ham så tett på uten å være synlig selv? Jakten på sannheten stiller ham overfor et uhyggelig dilemma: Kan han redde både Mio og seg selv? Eller vil flere liv gå tapt før Martin Benner får ro? Kristina Ohlsson er en av Sveriges nye krimtalenter. Hun har skrevet fem bøker om Fredrika Bergman og Alex Recht og to bøker om advokaten Martin Benner.


Eg ser at eg likte den første boka om Martin Brenner. No er eg meir usikker.  Romanen er spennande, men historia noko søkt, og oppklaringa noko lang.



Bok 45: Verdens beste bygd


Med sin utrolige fantasi og medrivende fortellerevne bringer Paasilinna leseren inn i en framtid som kan ha mer til felles med virkeligheten enn vi liker å tro.

Asser Toropainen ligger på dødsleiet med dårlig samvittighet etter å ha satt fyr på flere kirker. Nå vil han at barnebarnet Eemeli skal gjøre opp for hans synder ved å grunnlegge en Dødskirkestiftelse og bygge en kirke i stedet for de han har brent. Den fantastiske stavkirken lokker til seg alle slags mennesker, og etter hvert utvikler et underlig lite samfunn seg.

Og mens Europa går til grunne og USA drukner i sin egen skit, bryter verdenskrigen ut. Forholdene er ikke ideelle i Finland heller, men livet i det lille kirkesoknet ved Ukkosjøen preges av langt mer fornuft, selv om Eemeli får nok av problemer på nakken.


Denne romanen er skriven i 1992, før forfattaren vart kjend her i landet. Eg meiner dei siste har vore betre.  Men for dei som liker denne naivistiske humoren ...

torsdag 10. november 2016

Bok 44: De dødes hus


I Jorun Thørrings sjette kriminalroman kobles et legendarisk vinslott, en tyrannisk eier og ugjerninger begått under krigen sammen i et drivende spenningsdrama.

Liket av en eldre mann blir funnet i en leilighet i Paris. Når det viser seg å være eieren av en mektig vingård, føres etterforskningen til et slott i Bordeaux. Den norske, Paris-baserte spesialetterforskeren Orla Os og kollegaen Nicolas Roland blir snart trukket inn i slottets mørke kjellere, trange tårnrom og dunkle historie. Slottets nye eier og de ansatte er merkelig tause og avvisende. Alle skjuler noe, men hva? Når Orla begynner å grave i fortiden, oppdager hun brutale og fortiede familiehistorier. Kanskje fortielsen begynte under krigen, den gang tyske soldater beslagla årgangsvinene, og slottsherren forsøkte å skjule vinskattene ved å mure dem inn i hemmelige kjellerrom? Når Orla og Roland blir innesperret på slottet under en høststorm, skjer et nytt drap. Det blir åpenbart at gjerningspersonen må være en som befinner seg på stedet.


Dette er den tredje kriminalromanen om spesialetterforsker Orla Os.

Noko av hendingane i denne kriminalromanen er lagt til 2. verdskrig.  Eg får litt assosiasjonar til "Allo, Allo", ei serie vi lo av på 80-talet. 

Eg likte godt denne romanen.  Personane er interessante og historia spennande.  Oppklaringa er logisk.

mandag 7. november 2016

Jente- og gutemat?

Eg reagerer på slike pakningar side om side i butikken.  Ein rask kik på innhaldet viser at skilnaden er at der er kakao i stjernene på Star Wars pakken. Dei som skal selje, veit kva dei gjer.  Frøkna her gjekk rett bort til rosa sjampoar og andre prinsesseprodukt.

Det er vel feil å tenke så stereotypisk. Eg kjenner ei som hadde valt pakken til venstre.  Og kanskje ein av gutane, han som leika med jentene, kunne ha funne på å plukke med seg den til høgre.  Eg håper det er slik, for i utgangspunktet tenker eg at vi ikkje må dele meir opp i kjønn enn vi gjer! 

Elles håper eg at alle foreldre som let ungane plukke med seg eit av desse produkte, stiller dei nokre spørsmål til refleksjon!

søndag 6. november 2016

6. november

I dag har vi hatt ein nydele, kjøleg dag her hos oss.  Eg synest tuntreet til naboen i nord er så flott!
Desse rosene i hagen måtte nok hatt nokre sommardagar til for å sprette ut. 

No har idrettsstudenten og kjærasten reist attende til Volda.  Han kombinerte middagsbesøk og praksis på Sporty, eit idrettstilbod liknande Krik, men i KFUK/KFUM sin regi.

lørdag 5. november 2016

5. november

I dag vaska eg hus før eg sette nasen mot Ørsta.  Første stopp var i Vik der eg ville ha ein ny I-pod.  det hadde dei ikkje, så no sit eg med ein enkel MP3-spelar.  Då vert det å gå tilbake til Windows media Player.  Folk flest bruker visst I-phonane sine og I-tunes for å høyre lydfiler. Sjølv slit eg på ein Samsungtelefon.

Eg hadde litt god tid før eg hadde avtalt å møte systera mi i Starevegen, så eg tenkte eg kunne stikke innom Kiwi.  Der såg eg foreldra mine lesse varer inn i bilen.  Freistinga vart for stor til å gi meg til kjenne.  Det vart hyggeleg kaffibesøk hos dei. 

Dagens ærend på Amfi var ei ny bestebukse.  Den eg har er for mykje sleng i, synest eg. Den eg likte best hadde dei i alle storleikar, unnateke min.  Så prøvde eg ei anna.  Den var for kort i beina.  Eg fekk høyre at eg har lange bein.  Det har eg ikkje.

Berre eg ser juleutstillingane, får eg lyst å snu.  Butikkane er fulle av ting eg ikkje treng.  Eg forstår at nokre må vere tidleg ute for å få sendt gåver.  men for oss andre er det lurt å vente.  Julevarene kjem på halv pris eit par veker før julaftan.

fredag 4. november 2016

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...