Viser innlegg med etiketten skulekjøken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skulekjøken. Vis alle innlegg

mandag 18. april 2016

Eplekake i foodprosessor

Sidan foodprosessoren min stod på benken i går, fann eg ut at eg kunne lage ei svært enkel eplekake.  Eg meiner det er ei gammal oppskrift frå då Ingrid Espelid var på Fjernsynskjøkkenet.  Eg nytta elles høvet til å sjekke ut om eg kunne bruke ei silikonform utan å smørje henne.  det gjekk heilt fint!


175 g smør
175 g mjøl

 
120 (1 ½ dl) sukker
1 ts bakepulver
2 egg

 
4 eple
2 ms sukker
1 ts kanel

 

  1. Set steikeomnen på 180 g.
  2. Smør og strø ei rund form 24 cm.  Ha gjerne bakepapir i botnen.
  3. Smuldr smør og mjøl i foodprosessoren
  4. Ha i sukker, bakepulver og egg.  Lat maskina gå til du får ei glatt røre.
  5. Ha røra i forma.
  6. Skrell epla og ta ut kjernehuset. 
  7. Skjer dei halve epla i tynne skiver.  Trykk dei halve epla ned i forma.
  8. Strø sukker og kanel over.
  9. Steik kaka i ca 40 minutt på nedste rille.


Servér kaka lunken med krem eller vaniljeis.

fredag 15. april 2016

Spiralloff

I dag baka eit par av elevane spiralloff på skulekjøkenet.  Dei runde loffslivene skal vi bruke til eit smørbrød som vert forrett til avslutningsmiddagen. Brøda vart ferdige nokre minutt inn i friminuttet, så eg lova bakaren bilde!
 
Eg tvilar på at slike former finst i handelen lenger.  Der låg att eit par "sølvfarga".  Mine i g"ullfarge", vart lite brukt heime, så dei tok eg med meg på jobb.  I tillegg kjøpte eg eit par på bruktbutikken.
 
Før påske opdaga eg at elevane ikkje visste kva ein food-prossessor er, så her slo eg to fluger i ein smekk!
Spiralloff
(2 brød)
 
2 ms margarin/olje
3 dl mjølk/vatn
 
½ pk gjær
 
1 egg
½ ts salt
½ ts sukker
ca 8 dl kveitemjøl
 
Slik gjer vi:
NB! Bruk foodprosessor.
  1. Smuldr gjæren i bollen.
  1. Varm væska til 37 grader.  Hell ho i bollen.
  1. Ha i resten av ingrediensane.
  1. Køyr foodprosessoren til du har fått ein god klump. Ha i meir mjøl om nødvendig.
  1. Lat deigen heve ca 30 minutt i maskina.  Smør formene.  Set omnen på 200 grader.
  1. ”Slå ned” deigen med maskina d.v.s. lat henne gå nokre sekund.
  1. Del deigen i to og form avlange brød.  Legg brøda i formene og fest på loka.
  1. Hev brøda i 30 minutt.
  2. Steik brøda i 30 minutt.  Sjekk fargen før du kvelvar dei på rist.
 

onsdag 27. januar 2016

Pavlova på skulekjøkenet

Denne veka pyntar elevane pavlovabotnane dei laga førre veke. Dei laga to botnar som vi pyntar med 1 pakke ferdig vaniljekrem og 1 pakke kremfløyte.  Til frukt valde eg sharonfrukt, druer og kiwi.  Kiwi er nokre allergiske for.  Då sløyfar vi det på eine kaka, eller dei kan gi vekk kiwien viss dei ikkje er så veldig allergiske.  Sharonfrukt var ukjent for mange.
I skulekjøkenoppskrifta bruker vi to eggeplommer.  Eg har lagt ut oppskrift tidlegare der eg bruker same oppskrifta gonga med 1,5.  Som de ser er elevane minst like flinke som læraren ...



lørdag 5. desember 2015

Glutenfrie karamellstenger

På skulekjøkenet bruker vi vanlegvis godt gjennomprøvde oppskrifter.  I år har eg ei utfordring med glutenfri matlaging.  det er interessant å prøve seg på.  Eg meiner mykje har skjedd på den fronten berre dei siste fire-fem åra.  Kokosmakronar er glutenfritt for alle.  I tillegg valde eg å sette eit par elevar til å bake karamellstenger i foodprosessoren. Dei vart svært gode!  Deigen var noko vanskeleg å arbeide med, meinte dei.  Men eg synest dei var flinke!

Elles meinte dei sirupen var treig å få målt opp.  Det gjekk vel i sirup ...
ca 3 dl fin glutenfri mjølblanding (Vi brukte Toro lys mjølblanding)
1 dl sukker
1 ts natron
1 ts vaniljesukker
1/2 ts fiberhusk
2 ts sirup
100 g smør


  1. Set omnen på 175.
  2. Ha det tørre i bollen på foodprosessoren før du har i sirup og smør i terningar.
  3. Start maskina og lat ho gå til du har ein jamn deig.
  4. Utbaking: Del deigen i fire. Rull kvar deig ut til ei pølse. Legg dei på ei papirkledd plate med god avstand mellom.
  5. Steik kakene midt i omnen 15-17 minutt.
  6. Skjer stengene i bitar på skrå medan dei enno er varme.
  7. Trykk pølsene flate med ein gaffel.

torsdag 26. mars 2015

Påskelunsj på skulekjøkenet

 Dene veka har vi laga ulike rettar som ostesuffle, pai, appelsinris og ambrosiakake på skulekjøkenet. Det er ekstra stas når det vert fint pådekt.

torsdag 2. januar 2014

Potetball i foodprosessor

I boka til Gunda er der mange oppskrifter på potetball/raspeball/klubb/komle. Eg har lært ein del elevar å lage "ballj" som vi seier, opp gjennom åra. Det som ikkje står i oppskrifta, eller handlaget om de vil, er kanskje det viktigaste.  Eg serverte potetball til restar av julemat i går.  Berre ein brøkdel av det ligg i fatet ...

Oppskrifta under er enkel og god.  Det er ein grei måte for små porsjonar.  Makindelane kan vaskast i oppvaskmaskin. I min foodprosessor kan eg doble oppskrifta under. Skal ein lage i store panner, er det berre å ta fram Kenwooden.
Kokekraft:
1 ts salt per liter vatn
(Krafta vert betre med knokar eller saltkjøt/flesk i.)

Raspeball (4 stk)
3-4 rå poteter
1 (++) kokt potet
1/2 ts salt
1 dl byggmjøl
2 ms kveitemjøl
 Skjer potetene i to-tre bitasr før du legg dei i foodprosessoren.
 Køyr maskina til potetene er kutta, ikkje lenger!


Ha i resten av ingrediensane. I oppskrifta står der 1 kokt potet.  Eg bruker å ha i ei ekstra. For lite kokte poteter gir lett for fast ball.  
Køyr maskina til ingrediensane er blanda.  Det tek ca. 20 sekund.  Massen er framleis litt tørr. Siste blandinga gjer du med ein slikkepott.
 Eg bruker ein fleskebit midt i potetballen.  Trykk den godt inn i massen.
Form ballane med våte hender. Legg dei over i krafta og lat dei trekke til dei er gjennomkokte.  I skulekjøkenoppskrifta står der 25 minutt. Heime får dei gjerne trekke ein time.

Kva ein vil servere til potetball, er det svært delte meiningar om. Dei fleste vil vel ha rabbe/kålrabi/kålrot. Eg trur farmora mi i Sogn laga den beste ballen eg har smakt.  Ho serverte ertesuppe, salt kjøt og flesk til.  Det vert skikkeleg festmat. Elles fekk ein litt sukker å dyppe ballen i.  Det grøssar sunnmøringar over. 

Her serverer ein poteter til ballen. Og det verste av alt: "Skal du ha feitt?" Det vil seie at ein ausar smelta smør eller margarin over ballen.  For meg vert det bokstavleg talt smør på flesk.

Nei, ein skal vel ikkje pirke bort i mattradisjonar! Ein vil vel at gjestene skal bli nøgde?  Derfor kokar eg nokre poteter saman med rabba, og må dei ha feitt, så får dei smør. Til drikke serverer eg både sur og søt mjølk.

onsdag 4. desember 2013

Pikekyss

Her om dagen fekk frøkna så lyst til å lage pikekyss.  Ho hadde funne nokre oppskrifter på nett, men eg overtalte henne til å prøve oppskrifta frå den nye kokeboka vi fekk til skulekjøkenet "Kokeboka mi". Ho forma dei ganske små, så det hadde vore nok å lage av to eggekvitar og 150 g sukker. Eventuelt kunne ein sett dei noko tettare, for dei heva ikkje noko særleg. Dei berre tørka.

Har ein eggekvitar til overs, er dette ein fin måte å få brukt dei på.
3 eggekvitar (romtempererte gir best resultat)
225 g sukker
eventuelt konditorfarge

  1. Set steikeomnen på 70-90 grader og dekk ei steikeplate med bakepapir.
  2. Skil egga.Ta vare på plommene,.
  3. Pisk eggekvitane stive med miksar.  Tilset sukkeret litt etter litt til alt rt brukt opp og massen er blank og seig.
  4. Vil du farge massen med konditorfarge, tek du eit par dråpar i ei teskei før du vender han inn i marengsmassen ved hjelp av slikkepott.
  5. Fyll marengsmassen i ein sprøytepose og sprøyt uy toppar på eit bakepapir. Du kan og bruke ei teskei til å lage toppar.
  6. Lat marengsen tørke i steikeomnen i 2-3 timar.
Marengtoppar kan ein legge lagvis med frosen rips (ev skogsbærblanding), vaniljekrem og krem. Det er yndlingsdesserten til ein her i huset.


søndag 24. november 2013

Rogan Josh

Av og til kjem vi litt "skeivt ut" på skulekjøkenet.  To av gruppene fekk fleire timar enn dei andre.  Då nyttar vi høvet til å lage nye rettar.  Torsdag og fredag laga vi Rogan josh - indisk lammegryte, berre at vi brukte kylling.  I dag laga eg retten heime.  Eg valde å steike løken i ei panne og kjøtet i steikepanna. 
 400 g lammekjøt eller kyllingfilet.
1 løk
2 ms olje til steiking
2 ms indisk, raud karripasta (Eg brukte Santa Maria, det einaste eg fann,)
1 boks hakka, hermetiske tomatar
1 ts sukker
2 ms kokosmasse

1/4 potte koriander

  1. Del kjøtet i terningar.
  2. Skrell og hakk løken.
  3. Ha olje i steikepanna og varm han opp.
  4. Ha i kjøt og løk og steik i to omgangar i 2-3 minutt.
  5. Tilset karripasta og hermetiske tomatar
  6. Rør inn sukker og kokosmasse.  Klipp frisk koriander over.
  7. Server retten saman med raita, chutney, naanbrød og basmatiris.
    Ein grøn salat smakar og godt til.
Raita
1/4 slangeagurk
1/4 potte koriander
1/4 potte frisk mynte
2 dl yoghurt naturell
1/2 ts sukker
1/4 ts salt
1/4 ts pepar


  1.  Riv agurken grovt på rivjern. Lat det stå i 15 minutt og slå av væska som har danna seg.
  2. Hakk koriander og mynte.
  3. Bland saman alle ingrediensane.
  4. Lat raitaen stå i kjøleskåp ein time før servering slik at smaken får sett seg.
 Det passa godt å lage dobbel porsjon naanbrød til.  Oppskrifta finn de her.

lørdag 23. november 2013

Energibarar

I dag har eg øvd meg til valfag måndag.  Det er Fysisk aktivitet og helse som skal lage mellom anna energibarar.  Dei som trener mykje, treng å fylle opp lagera sine.  Eg laga dobbel porsjon.  Hugs berre å passe omnen.  Mine stod nok i nokre minutt for lenge.  
Til 8 barar treng du:
3 dl frukostblanding
6 ts (=2 ms) sukker
1 egg
1 eggekvite
6 ms peanøttsmør (nesten 1 dl), romtemperert
30 g hakka kokesjokolade


  1. Set steikeomnen på 160 grader.
  2. Rør saman alle ingrediensane i ein bolle.
  3. Form 8 barar 4 x 10 cm.  Eg brukte ein bordkniv til å forme dei og trykke dei litt flate.
  4. Steik i 20-25 minutt.

Oppskrifta er frå "Spis smart- en kokebok for unge idrettsutøvere."

mandag 19. august 2013

Knekkebrød

Eg har ikkje hive meg på knekkebrødbølgja enno.  Til det er eg for glad i mjukt brød.  Men så fann vi denne oppskrifta i den nye kokeboka, og frøkna ordna ut før ho for på trening.  Eg tok meg berre av steikinga. Knekkebrøda vart sprø og gode.  Eg ser ikkje vekk ifrå at dei kan bli ein klassikar på skulekjøkenet. Viss ein deler dei i mindre bitar, kan dei sikkert brukast som kjeks.
2 dl sammalen kveite, grov
2 dl havregryn (vi brukte små)
1 dl solsikkekjernar
1/2 dl sesamfrø
1/2 dl linfrø
1/2 ts salt
3 1/2 dl vatn

1. Set steikeomnen på 160 grader.
2. Bland saman alle ingrediensane
 3. Fordel blandinga jamn utover eit bakepapirkledd steikebrett.
4. Steik i 10 minutt.
5. Ta ut brettet og skjer i høvelege ruter.
6. Steik vidare i ca 1 time, til knekkebrøda er sprøe.
7. Avkjøl på bakerist.
8. Oppbevar knekkebrøda i ein tett boks eller i eit Noregsglas til dømes.

Våre knekkebrød vart sprø og gode.  Om dine ikkje vert det, bryt du dei frå kvarandre og legg dei utover steikebrettet.  St omnen på 100 grader og set steikeomnsdøra på gløtt.  Eg bruker å sette ei tresleiv i døra når eg tørkar brød til kavring.

lørdag 17. august 2013

Thailandsk fiskegryte

I dag prøvde vi ei av oppskriftene i Kokeboka mi. Retten fall godt i smak, og eg ser ikkje vekk i frå at  den vil dukke opp på skulekjøkenet ein gong utpå hausten.  Fiskerettar er noko av det raskaste ein kan lage til middag.  Start med å sette på ris.  Eg bruker å koke risen på svak varme i 15 minutt og så slå av plata.  Den kokar ferdig på ettervarmen og held seg perfekt lenge, om middagen skulle bli utsett nokre minutt.  

Til vår familie på fire dobla eg oppskrifta, dvs grønsakene.  Fisken vog eg ikkje, men det er to seifiletar. Sidan eg visste at fisken ville gi frå seg ein del væske, hadde eg ikkje i vatn.

1/4 boksar høver godt på eit skulekjøken. No får ein kjøpt mindre boksar.  Restar kan sjølvsagt brukast i til dømes kyllingrettar eller ei grønsaksuppe i staden for fløyte.
1/2 purre
1/2 raud paprika
1/2 gul paprika
1 ms olje

ca 1 cm riven, fersk ingefær
1/4 boks kokosmjølk (ca 1 dl)
1 ms søt chilisaus
1 dl grønsakbuljong (1 dl vatn + 1/2 terning)

200 g fiskefilet frå kvit fisk
1/4 ts salt
1/4 ts pepar

1. Skyl grønsakene.  Skjer purren i ringar og paprikaen i bitar.
2. Ha olje i ein kjele og steik grønsakene raskt.
3. Skrell og riv ingefæren.
4. Bland kokosmjølk, søt chilisaus, grønsakbuljong og ingefær, og hell dette over grønsakene.
5. Lat alt koke i 3 minutt.
Skjer fisken i litt store bitar og legg dei i sausen.  Lat sausen trekke i 8-10 minutt, til fisken har endra farge heilt igjennom og er ferdigkokt.
6. Smak til med salt og pepar. (Eg hadde salt og pepar i sausen og kverna salt og pepar på fiskebitane mine som var litt store.)
7. Server ris til.

mandag 27. mai 2013

Grunnlovsdessert steg for steg

 Eg trur at dessertar laga med potetmjølsjamning hel på å forvinne frå norske bord.  Grunnlovsdessert er ein litt finare variant enn den gammaldagse sviske- eller rabarbrakompotten.  I går laga eg dobbel oppskrift, så hadde vi att til måndagsdessert med mjølk på.  Grunnlovsdessert vert det når ein legg kompott, vaniljekrem og fløytekrem lagvis.
1 pk svisker
4 1/2 dl vatn
300 g rabarbra
2 dl sukker

3/4 dl vatn
1 1/2 ms potetmjøl (= 4 1/2 ts)
 1. Kok svisker og vatn medan du skrellar og kuttar rabarbraen.  Ha i rabarbra og sukker og kok til rabarbraen og sviskene  er møyre.
 2. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn i eit 1/4 dl-litermål eller ein kopp.  Ta panna til side. Hell jamninga i panna i ein tynn stråle medan du rører.
 3. Set panna attende på plata. Desserten er ferdig kokt når den første bobla kjem.
4. Ha kompotten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker for å unngå snerk.

Du kan no bruke ferdigkjøpt vaniljekrem eller lage din eigen. I fløytekremen bruker eg 1 ts ekte vaniljesukker til 1 pk kremfløyte.

tirsdag 19. mars 2013

Ambrosiakake

Også i dag vert det eit innlegg frå skulekjøkenet.  Dette er ei populær kake til påske. Ein kan tredoble oppskrifta og lage ei i ei langpanne.

Botn:
125 g smør
2 dl sukker

2 egg

finrive skal av ein appelsin
safta av ein appelsin (ta av 1 ms til glasuren)

3 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Glasur:
1 dl melis
1 ms appelsinjuice

Slik gjer vi:
  1. Set steikeomnen på 175 grader.
  2. Smør og strø ei rund kakeform 22-24 cm.
  3. Rør smør og sukker kvitt.
  4. Rør inn egga - eitt om gongen.
  5. Riv appelsinskalet, og ha det i.
  6. Press jus av appelsinen og ha i.
  7. Sikt i dei tørre ingrediensane.
  8. Steik kaka i 30-40 minutt.
  9. Avkjøl kaka på rist.

  1. Glasur: Rør saman melis og appelsinjuice.
Fordel glasuren på kaka.

mandag 18. mars 2013

Appelsinris

Kva er vel meit "typisk skulekjøken" enn appelsinris?  I den nye kokeboka har dei utelate desserten, men vi lagar han likevel!  Bildet er eit elevarbeid.  Heime kan ein gjerne bruke risrestar.  

Appelsinris

½ dl ris
2 dl vatn

2 appelsinar
1 ms sukker
1 ½ dl kremfløyte

1.     Kok risen i 20 minutt.

2.     Slå gryna i ein mjølsikt og skyl sei under kaldt vatn.                                                                     
Lat vatnet renne av.

3.     Skrell appelsinane, del dei i båtar og skjer eller klipp båtane i bitar.

4.     Bland ris, appelsinbitar (lat nokre av dei vere att til pynt) og sukker.

5.     Visp fløyten (elektrisk handmiksar) til krem og bland han forsiktig i risblandinga.  Pynt med appelsinbåtar.

tirsdag 12. mars 2013

Sjokoladefromasj


Desserten på skulekjøkenet denne veka er sjokoladefromasj.  Appelsinjus - vi pressar den sjølve - set ein frisk smak på fromasjen.  For dei som ikkje toler sitrus kan ein kutte ut jusen eller erstatte han med kaffi.
3 plater gelatin

¼ plate kokesjokolade

2 egg
1 ½ ms sukker

2 ms kokande vatn

(2 ms appelsinjuice)

1 dl kremfløyte


1.    Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i eit ½-litermål av stål.
2.    Kok opp litt vatn i ei lita stålpanne.
3.    Riv sjokoladen.
4.    Visp eggedosis av egg og sukker.
5.    Pisk fløyten til mjuk krem.
6.    Klem vatnet godt ut av gelatinen og løys han i 2 ms kokande vatn.
     (Vassbad om nødvendig: Set stålmålet med gelatin i panna med kokande vatn)
7.    Rør gelatinen (tynn stråle!) inn i eggedosisen med slikkepott.
8.    Rør forsiktig inn sjokolade og eventuelt appelsinjuice.
9.    Bland forsiktig inn kremen til slutt.
10. Ha fromasjen i ei dessertskål og set han i kjøleskåpet til 
            servering.

fredag 22. februar 2013

Fiskekaker

I dag har eg laga fiskekaker av 2,5 kg fiskefarse.  Litt eksperimentering vart det og etter diskusjonen om muskat eller ikkje muskat.  Eg laga først ein porsjon med og ein utan. Dei med vart best! Oppskrifta fann eg i "Frå bollar til burritos" frå 1998.  For dei som ikkje har laga fiskekaker før, kan det vere lurt å starte med denne.  Sjølv har eg prøvd mange, men kjem tilbake til denne.  Eit alternativ er å lage fiskekarbonadar med løk i. Eg doblar oppskrifta i min foodprosessor.

Eg bruker ikkje å ete når eg lagar mat, men når eg steiker fiskekaker er der ein del svinn, må eg innrømme ...
Fiskekaker
250 g fersk fiskefilet
1/2 ts salt
2 ts potetmjøl
1/2 krm pepar
1/2 krm muskat
ca 1 dl lettmjølk''

1. Del fiskefileten i bitar og legg dei i ein matprosessor saman med salt, potetmjøl og krydder. Køyr blandinga nokre sekund.
2.  Spe med iskald mjølk.  Køyr til farsen er fin og jamn 30-40 sekund.
3. Form farsen tilrunde, sprekkfrie kaker med ei matskei dyppa i kaldt vatn.
4. Lat margarin/olje bli lys brun i ei steikepanne og steik fiskekakene pent brune på begge sider ved middels varme.

Eg serverte kokte poteter, blomkål, raspa gulrot, sylta raudbetar, rømme og smør til.
 Journalisten kom att frå Tyrkia i dag tidleg, så vi var fem til middag.  De hugsar kanskje at eg vann 100 serviettar?
Nokre avleggarar som har røtt seg.
Elles har eg baka eit enklare brød i dag.  Eg gløymde å ha frø i deigen.  Framhald kan følgje, for dette var kjempegodt!

søndag 17. februar 2013

Oksekarri


Ein ny gryterett frå skulekjøkenet.  Ver merksam på at sausen kan sjå litt tjukk ut når ein har i tomatane, men dei saftar seg når dei småkokar med loket på gryta.

300 g biff, i terningar
1 liten løk, i tjukke skiver
2 ts frisk ingefær
1 fedd kvitløk, finhakka
2 ms rapsolje

2 ts malen koriander
1 krm kardemomme
½ ts chilipulver
1 krm malen muskat
1 ts sukker
1 ts salt
1 boks hakka tomatar

  1. Varm oljen i jerngryta.  Brun kjøtet og løken saman med ingefæren og kvitløken.
  2. Tilset resten av ingrediensane og lat retten trekke ½ time.

Kokt ris

3 ½ dl vatn
1 krm salt

1 ½ dl ris

  1. Kok opp vatn og salt i den svarte titanpanna.
  2. Ha i risen og kok den på svak varme under lok i 15 minutt.
  3. Slå av plata og lat risen stå med loket på i 5 minutt til.

fredag 15. februar 2013

Biff stroganoff


Biff Stroganoff

300 g flatbiff (Vi brukte entrecote(utt: angtrekått) i strimlar
1 ms flytande margarin

2 ms kveitemjøl

3 ms tomatpuré
1 ts sennep
2 ½ dl vatn
1 ½ dl mjølk

1 løk i skiver
100 g sjampinjongar, i skiver
1 ms olje
½ ts salt
½ krm pepar

  1. Brun kjøtet i olje/margarin i jerngryta. Strø på kveitemjølet og bland godt.
  2. Tilset tomatpuré, sennep, vatn og mjølk.
  3. Lat alt trekkje like under kokepunktet, minst 30 minutt.
  4. Brun løken og soppen i woken, og ha det over i gryta.
  5. Lat retten trekkje vidare ca 5 minutt til kjøtet er mørt.
  6. Smak til med salt og pepar.


Kokt ris

3 ½ dl vatn
1 krm salt

1 ½ dl ris

  1. Kok opp vatn og salt i den svarte titanpanna.
  2. Ha i risen og kok den på svak varme under lok i 15 minutt.
  3. Slå av plata og lat risen stå med loket på i 5 minutt til.
Ein kan sjølvsagt servere grønsaker,  poteter eller potetmos til.
Bildet er tatt på skulekjøkenet med mobilen.

mandag 31. oktober 2011

Fletteloff

Det er prøveveke på skulekjøkenet.  Elevane vert testa i hygiene,dei energigjevande næringsstoffa og så baker dei fletteloff.  Alle som flettar ei fin seksflette, få 5 på den ferdige loffen. Det satsar dei fleste på, så eg reknar med at det vert ein del baking rundt om i heimane.  Frøkna så seg fornøgd i går med loff 3 og 4.

Fletteloff

½ pk gjær

1 ms margarin
2 dl mjølk

½ ts salt
1 ts sukker
Ca 5 dl kveitemjøl



  1. Del gjæren opp i ein bakebolle.
  2. Smelt margarinen i ei panne. Ta panna til side og tilset mjølk (blandinga skal vere fingervarm/37 grader.
  3. Slå blandinga i bakebollen og rør ut gjæren.
  4. Rør inn salt (og sukker).
  5. Tilset kveitemjøl og elt deigen glatt og jamn.
  6. Dekk bakebollen med lok/arbeidstallerk/plast og lat deigen heve til dobbel storleik.

Utbaking:
  1. Set steikeomnen på 220 grader.
  2. Du kan no velje om du vil flette 6-flette eller ei tjukk 3-flette med ei tynn 3-flette på toppen.
  3. Hev fletteloffen til dobbel storleik,ca 25 minutt.
  4. Steik fletteloffen i 20-25 minutt.
  5. Avkjøl brødet på rist.
Eg synest det fungerer godt å ha prøve i tre timar.  Elevane lagar først deigen og viser den til meg.  (Dei får berre den delen av oppskrifta som er i ruta, altså ingrediensane.)Då startar teoriprøva delprøve 1.  Deretter flettar dei loffen slik dei vil, før dei tek delprøve 2.  Oppvask og vurdering til slutt.  Eg dokumenterer gjerne med bilde.  Eitt punkt skal eg forandre, nemleg på punkt 3.  Dei har ein tendens til å bruke lang tid på å hakke og røre ut gjæren.  Det ordnar seg medan dei har i salt og sukker.  Tempoet er som regel ikkje så høgt ...


For ordens skuld: Eg er ikkje lærar til eigne born.

torsdag 27. oktober 2011

Sunn pizza

På skulekjøkenet lagar vi pizza denne veka.  Skepsisen er stor blant enkelte på denne sunne varianten - til dei har smakt pizzaen.  Slike kjøtsausar er ein fin måte å få i born grønsaker på.  Ein kan sjølvsagt buke magrare variantar av kjøtdeig og ost om ein vil.  Fleire grønsaker som selleri, skvåsj og paprika høver også godt. På skulekjøkenet må vi ta omsyn til økonomien.   Denne oppskrifta er skriven for ungdomsskuleelevar.

Pizza

Gjærdeig:
½ pk gjær
2 dl vatn, 37 grader
½ ts salt
2 ms (oliven)olje

2 dl sammalen kveite
ca 3 dl kveitemjøl


  1. Smuldre gjæren i ein bolle.  Ha i lunka vatn olje og salt.
  2. Tilset mjøl og elt deigen glatt og jamn.  Set til heving.


Kjøtsaus

1 liten løk, finhakka
200 g kjøtdeig
1 ms olje til steiking

1 fedd kvitløk
½ boks hermetiske tomatar
1 gulrot, finriven
1 ms tomatpuré
2 ts pizzakrydder
½ ts salt
½ krm pepar

  1. Steik løk og kjøtdeig.
  2. Ha i dei andre ingrediensane og lat kjøtsausen koke minst 10 min.

150 g riven ost

Lag pizza:

  1. Smør ei bakeplate med olivenolje.
  2. Kjevle deigen like stor som bakeplata.
  3. Fordel kjøtfyllet på leiven.
  4. Ha på 150 g riven ost.
  5. Dryss gjerne litt basilikum på toppen.
  6. Steik pizzaen på 225 grader i 15-20 minutt.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...