Denne veka pyntar elevane pavlovabotnane dei laga førre veke. Dei laga to botnar som vi pyntar med 1 pakke ferdig vaniljekrem og 1 pakke kremfløyte. Til frukt valde eg sharonfrukt, druer og kiwi. Kiwi er nokre allergiske for. Då sløyfar vi det på eine kaka, eller dei kan gi vekk kiwien viss dei ikkje er så veldig allergiske. Sharonfrukt var ukjent for mange.
I skulekjøkenoppskrifta bruker vi to eggeplommer. Eg har lagt ut oppskrift tidlegare der eg bruker same oppskrifta gonga med 1,5. Som de ser er elevane minst like flinke som læraren ...
Mmmm, det ser verkeleg godt ut.
SvarSlettkunne tenkt meg eit stykke :)
Kjekt at dei får lære, og kanskje overraske heime.
Dei får bakelekse rundt morsdag!
SvarSlett