fredag 30. september 2011

Tomatsuppe

I dag stod det ein pakke gardsegg utanfor huset då eg kom heim etter ein travel dag og ei travel veke på jobb.  Eg bestemte meg raskt for å lage tomatsuppe, slik at eg fekk smake på dei ferske egga.

Det går ein reklame på TV no om kor trygt det er med tørka mat, altså det eg kallar pulvermat.  I fare for å fornærme nokon, så meiner eg at det er ikkje særleg stas med tomatsuppe frå pose.  Næringsinnhaldet kan umuleg verte det same.  Ein tomatboks får du for 5 kroner, så dette er rimeleg mat.
1 liten løk, finhakka
1 båt kvitløk, finhakka
1 ms smør eller olje
1/2 ms kveitemjøl (kan sløyfast)
1 boks tomatar
5 dl vatn
1 grønsakbuljongterning (ev. annan buljongterning/2 ts buljongpulver)
1/4 ts pepar
1 ts basilikum eller oregano
ev litt salt og/eller sukker

1. Surr løken og kvitløken i olje eller smør til løken vert mjuk.
2. (Ha i kveitemjøl)
3. Spe med vatnet og ha i resten av ingrediensane.
4. Lat suppa koke i 5 minutt eller meir.  Mos ho med stavmiksar.

Servér suppa med egg som du har kokt smilande, omtrent 7 minutt.  Eit ostesmørbrød attåt smakar også godt. Ein kan gjere suppa mildare/meir "barnevennleg" med å ha litt (1 dl) mjølk i.

torsdag 29. september 2011

Kyllinglår

Sist vi var i Ørsta, stakk eg innom Rema 1000 og kjøpte rå kyllinglår til 76 kroner for 2 kilo.  Det er eit produkt dei manglar på Prix.  Derfor er det også sjeldan kost her i huset.

Denne veka har eg kome sist heim kvar einaste dag.  Eg har vore to gonger til bya i embeds medfør.  I dag var eg til frisør.  Frøkna skulle til Vardal og spele kamp, og faren skulle vaske for neste års Polentur.  Så middagen vart i dag erstatta med grovbrød med makrell i tomat.

I staden for å lage suppe steikte eg kyllinglår i omnen.  Attåt surra eg dei grønsakene eg hadde i hus, nemleg raudløk, kvitløk, purreløk, stilkselleri. skvåsj, gulrøter og paprika.  Etterpå hadde eg i ein boks tomatar, pizzakrydder, litt ekstra basilikum, salt, sukker og pepar.

Ein kan servere brød til denne retten om ein vil.

Fotballspelaren kom glad inn døra.  Dei hadde vunne 4-2, og så var her middag!

P.S.
Fekk retta kylinglår til kyllinglår.  Viss ikkje hadde eg vel risikert like mange treff som på jutubinnlegget mitt ...

Romeo and Juliet


Vi har kome til Romeo and Juliet i engelskboka.  Der er vist til to filmar, den gamle frå 1968 og den nye moderne versjonen frå 1996.  I fjor skaffa eg meg gamleversjonen, men har ikkje kome så langt som til å sjå han.

Dei siste åra har vi sett den nye med Leonardo Di Caprio.  Elevane mine fekk velje i år, og dei valde den gamle versjonen - heldigvis.  Det er berre å innsjå at 1996 også er gammalt for dei.  Leonardo Di Caprio er ingen ungdomshelt lenger.

Versjonen frå 1968 er tru mot teksten og samtida og derfor mykje lettare å forstå. På førehand åtvarar eg mot at dette er ikkje underhaldningsfilm, men eit klassisk stykke som dei bør ha kjennskap til.  Det gjer at ein slepp å høyre kor kjedeleg ting er.  Det ser derimot ut som dei kosar seg. I morgon skal vi sjå den tragiske slutten.  Eg gler meg!

onsdag 28. september 2011

Bok 48: Flimmer

Denne krimboka har Anne Holt skrive saman med Broren sin Even Holt som er lege.

Den som skal løyse krimgåta er Sara Zuckermann, ein jødisk/amerikansk lege busett i Norge.  Ho opererer inn hjartestartarar.  Desse viser seg å ha ein innprogrammert feil.  Så gjeld det å finne ut kva motivet er, økonomi eller hemn?

Eg synest boka er spennande.  Holt og Holt skriv godt og sakleg.  Språket er variert og godt.  Her manglar humor og snert, men det er ikkje noko krav i krimsjangeren.

Når ein les boka som lydbok, krev det full konsentrasjon, for her er mange personar å halde greie på.  Eg har spolt litt tilbake av og til for å få med meg alt.

Eg likte boka godt!

Les gjerne meir på Bokkilden.

tirsdag 27. september 2011

Moro med bok

Dette saksa eg frå Vikebladet i dag.

Skuletur til Atlanterhavsparken

 Tiandeklassingane har nettopp kome attende frå tematuren sin til Tyskland og Polen.  I går tok vi med dei som av ulike grunnar ikkje kunne vere med, til Atlanterhavsparken.  Høgdepunktet er kvar dag klokka eitt når  ein mann dykkar ned og matar fiskane i det største akvariet.
 Eg hadde berre med eit lite lommekamera, så bildekvaliteten er dårleg, men blogglesarane får kanskje eit lite inntrykk.  Dette er eitt av dei små akvaria.  Der er fiskar i alle storleikar og fargar.
 Det er viktig å ta seg tid til å lese informasjonsplakatane.  Der var også ein heil serie om havørna.
Ute er der pingvinar. Eg tok bilde av dei og elevane.  Desse bilda har eg ikkje lov til å legge ut på bloggen.  Men der var enkelte andre som smilte til fotografen!

mandag 26. september 2011

Å springe langt

 I fjor sprang Øystein maraton i Oslo for første gong.  Eg var heime og passa heim og ungdomar.  I år heiv eg meg med sidan eg kunne overlate ansvaret til eldstemann.
 Oslo maraton eit storhende i hovudstaden.  Gater er sperra av.  Tre politimenn starta med motorsykkel.  Pressekorpset er stort.  For meg som tilskodar er der mykje å få med seg.
 På heilmaraton starta dei i fleire puljar. Nokre utvalde sprang med oranje ballongar med sluttider på.  Dei som satsa på å springe på 3.30 flokka seg rundt han som hadde det som idealtid.
 No hadde ikkje eg tenkt å bruke heile dagen ved start og mål, så eg rusla meg ein tur attende til hotellet og slappa av litt før eg sjekka ut.  På ein spasertur på Karl Johan ser eg brått at Øystein spring forbi meg.  Han kjem seg eit stykke før eg får fram fotoapparatet.
 Eg lurte på kvar løypa var, og akkurat forbi stortinget ser eg han igjen.
 Laurdag vert det ingen tur til Aker Brygge, så eg tenkte eg kunne gå ned dit og kjøpe meg ein is og ein kopp kaffi og slappe av i fineveret.  Men der støtte eg igjen på løypa.  Då 3.15 ballangen kom, tenkte eg at eg fekk sjå om mannen dukka opp att.  Her lag han godt an i høve den tida han satsa på.
 Så eg leita fram målområdet for å få eit bilde av han då han passerte målstreken.  Eg er godt nøgd med innsatsen som fotograf.  Eg gjer det same som i bagasjekøen.  Eg står bak og følgjer med, men når det eg vil oppnå nærmar seg, bryt eg meg gjennom folkemassen på ein augneblink, og så får eg tatt bildet eller henta kofferten.
 Kva føler du no?
 Eit godt gjennomført løp! I mål som nummer 308 på tida 3.26.58.  Nr 30 av 148 i klassa 45-49.
 Erfaringsutveksling.
 Medalje.
Ei brikke som måler tider er festa til eine skolissa.  Ei frivillig dame hjelper med å ta av brikka og knyte skoa.

Så er det berre å gå vidare og få sportsdrikke, cola, vatn, kaffi og bananar.  Ein må fylle på med ny energi.  Eg ber sekk og trillar koffert resten av dagen.  På hotellet var det topp sørvis.  Han fekk låne dusj som høyrer til saunaen, og dei leita fram rein handduk.

Heldigare med veret kunne dei ikkje ha vore.  Det vart ein flott septemberdag!

søndag 25. september 2011

Vel heime!

No er vi vel heime frå Osloturen.  Reisa gjekk raskt og greitt begge vegar.  Vi sette frå oss bilen på Vigra, slik at vi slapp å  bli uroe oss for å nå båten dersom flyet skulle verte litt forseinka.

I morgon får eg kome sterkare attende om løpet i dag.  Bildet over er frå laurdag då vi tok studenten med på Nasjonalgalleriet og på shopping.

torsdag 22. september 2011

God helg!

I dag vil eg ønskje blogglesarane ei riktig god helg.  Øystein og eg reiser til Oslo i morgon og vert der til etter at han har sprunge maraton søndag.  Vi tek fly og bur på hotell, så for meg vert det i alle fall fin avkopling.  Eldstemann flyttar inn og tek over kommandoen i heimen.    Bildet er frå sist vi var i Oslo, nærare bestemt 2. august.

Er det vits?

 Eg har tre kirsebærtomatplantar som eg har fått av ei venninne i vindaugskarmen.  Eg har lese at ein skal ta vekk sideskot slik at dei ikkje tek krefter frå planten.  For eit par veker sidan sette eg nokre slike sideskot i vatn.  Dei er fulle av røter. Det eg lurer på, er om det er lurt å sette dei i mold no.  Vert det plantar som får ein tidleg vår?  Skal eg kjøpe nye frø til våren, vert det neppe ...

onsdag 21. september 2011

Innhaldsrik dag

I går vart ein interessant og kjekk dag på mange måtar.  Ut på ettermiddagen la eg turen over Eidet for å vere med på lanseringa av Smalhans på Kaffikari.  For å oppnå mine 10 000 steg, la eg inn ei økt med mallwalking på begge kjøpesentra.  Eg har vore på jakt etter løkplantar med tanke på konfirmasjonen til våren, men synest utvalet har vore dårleg og prisen høg.  Heldigvis kom eg over desse økonomipakningane.

Det var artig å møte Gunda!  Ho var akkurat slik eg hadde førestilt meg frå blogg og radioprogram. Bente Riise, som eg heller ikkje har helst på før, men som Øystein kjenner godt, heldt ei innleiing før Gunda slapp til. Dei fortalde om korleis boka vart til, og Gunda heldt fram med å fortelje om oppbygginga av boka.  Hovuddelen av hennar vesle foredrag, var å gjere greie for bodskapen i boka.  Når livet buttar i mot, er det lett å slurve med maten, som vi seier her.  Ein kan laga god mat og invitere vener utan at det skal gå hardt ut over økonomien.  Elles heldt ho ein lett tone og krydra med små artige historier. Det ho seier er fornuftig.

Kokkane på Kaffikari hadde laga nokre av rettane frå boka. Denne Mulligatawnysuppa har eg hatt lyst å lage, men ikkje kome så langt.  Den var kjempegod, så den skal prøvast.  Høne er det år og dag sidan eg har kokt, men kanskje det er på tide?  Det vert vel helst snøggvarianten med kyllingfilet.

Smalhans er ei bok som bør vere øvst på flyttelasset når studentane flyttar ut, meinte dei.  Eg trur det er stor skilnad på dei som har eige kjøken og dei som deler med mange. Eg trur mange vel for lettvinte løysingar.  Som mor kjenner eg på bekymringa om dei et sunt nok.  Når studenten er forkjøla, sender eg pengar til frukt og grønt.  Det er mykje helse i sunn og god mat!

tirsdag 20. september 2011

Snømusa


... eller eit aprops til kjeldebruk.

I dag har eg vore på lesekurs på Høgskulen.  Undervisninga var krydra med ei lita historie om ein lærar som hadde lagt ned forbod mot bruk av Wikipedia.  Eleven som skulle søke på snømus, gjekk derfor litt lengre ned på lista og fann denne artikkelen.

P.S.
Det er kjekt om fleire stemmer på den finaste votten.

mandag 19. september 2011

Bok 47: Honningtunger

Denne boka er ei av dei eg har hatt lyst til å legge frå meg ganske kjapt.  Men så hadde eg lite anna på lager, og eg bestemte meg derfor for å fullføre boka.  Forfattaren les sjølv.  Hadde ho overlate det til ein skodespelar, kan det hende han eller ho ville ha løfte boka.  Første halvdelen er monoton og masande.

Som lesar irriterer eg meg over desse snart førtiåringane med fjortisfakter.  To av dei har vore populære, eller kanskje heller frykta, sidan barneskulen.  Dei utgjer den harde kjerne i syklubben.  Og så er der eit par andre som prøver å få innpass.  Dei vrakar andre jenter som gjerne vil vere venner med dei til fordel for desse kreksene med skarpe tunger.  Desse to som ikkje gjer anna enn å finne åt andre.

I vaksen alder lyg og bedreg dei.  Dei er ikkje venninner, men konkurrentar. Prinsessefaktoren er høg.

Etter kvart får vi innblikk i kvifor desse to har blitt som dei er.  På ein tur til København vert det meste avslørt.

Boka set deg i ei spesiell stemning, og den set tankar i gang.  Likevel er ikkje dette ei bok eg vil anbefale.  Eg synest boka er meir tragisk enn morosam.

søndag 18. september 2011

Blandabalj

I går sende far min med meg 3 kg malen fisk til å lage fiskekaker av.  Det vart litt snakk om fiskebollar, og at ein då kunne bruke foodprosessoren.  Eg kom på ein rett eg aldti har laga, nemleg blandabalj.  Vi laga det då eg gjekk på heimkunnskap i Bergen.  Eg meiner det var ei frå Ona som kom med oppskrifta.  For etter det er forstår, er dette ein typisk Nordmøre- og Romsdalsrett.  Og det er Kristiansund som har tatt den til sin rett, av det utnamnet Baljsund.

Svigermora mi laga ein gong fiskeball til oss, som ho kalla det.  Den var meir finmalen, men svært god.  Ho var trønder. Ho serverte både rabbe (kålrot) og gulrot til. Mine formødrer er som kjent frå Sogn og Nordfjord.  Men no for tida er det berre å søke på nett , så ligg der oppskrifter og informasjon.
Eg brukte denne oppskrifta:

1 kg rivne poteter
1 kg malen fisk
1 løk
2 ms kveitemjøl
2 ms potetmjøl
1 ms salt

Kokekraft: 3 l vatn og 2 ms salt

Bacon inni og steikt ved sida av.

Baljen min vart litt laus i fisken.  Det skuldar eg ikkje på oppskrifta, men på at eg brukte for fint rivjern.  Neste gong bruker eg det grove.

Her i huset var det ein del skepsis blant dei yngste.  Må alt vere så sunt at ein til og med har fisk i baljen?  Når du først lagar balj, så kan den vel vere skikkeleg. Men det var ingen klager på maten då han kom på bordet.  Og alt vart oppete.

Det vart verken forrett eller dessert i dag.  Eit forslag eg såg, var surmjølksuppe til.  Eg synest det er nok med surmjølk til drikke.  Men folk må få følgje sine eigne tradisjonar.

Blogglesarane må gjerne kome med innspel om denne retten.

lørdag 17. september 2011

Heimbygda

I dag hadde vi eit par ærend i Ørsta.  Forfattaren for til Vartdal på research.  I Ulsteinvik var dei utselde for dei rette fotballskoa.  Frøkna hadde dessutan ein 50% rabattkupong på Bik Bok som heldt på å gå ut på dato, og eit stort behov for ei varm jakke.  Det vart fotballsko og dunjakke i tillegg til litt meir til tenåringane.
 Det ligg an til å bli ein lat dag sidan vi skal vekk i kveld og.  Så då gjeld det å gå når ein kan. Tenåringane fekk gleda av å gå delar av min gamle skuleveg som er mykje lengre enn deira er.  Mykje har endra seg, men mykje er og likt.  Det som slår ein først, er at der har kome mange rekkehus.

I sentrum var der underhaldning med både korps og song.  Der er mykje folk og reine bystemninga laurdag føremiddag.
 Når ein har kongeleg namn, kan ein finne si eiga gate.
 Denne vegen har eg gått mange gonger.  Men ein av dei kjekkaste dagane i barndomen leika vi her heile dagen.  Det var i 1973 då det var oljekrise og bilfri søndag.  Mora mi hadde sydd oss brune boblebukser som var våte etter ein heil dag med aking i vegen.  Eg var 10 år og vi ønska oss fleire slike dagar då borna eigde gata.

Vel heime hos foreldra mine kosa vi oss og fekk servert lasagne og is.  Takk for oss!

fredag 16. september 2011

Nest sist

 Eg bruker å seie atein set mest pris på dei første og dei siste plantane som blomstrar i hagen.  Men dei er ikkje så verst desse nest siste heller.  Solhatt har eg fått av ei venninne som har sådd dei frå frø.  Dei har blitt flytta til ein stad der dei får betre plass.
 Kva desse heiter, veit eg ikkje, men dei er og flytta.  Eg gler meg til eg får så mange av desse at eg kan plukke inn bukettar.
 Floks har eg i lilla og rosa.
Så kom det ei peacerose til på det siste eksemplaret dei hadde på plantasjen.

God helg til alle blogglesarane!  Eg håper at ingen av dykk trudde eg låg nest sist i dyttkonkurransen ...

torsdag 15. september 2011

Torsdagstur til Eika

I dag går startskotet til Dytt-konkurransen. Eg har vore inne og registrert meg.  Der er og ei oversikt over ulike aktivitetar som kan reknast om i steg.  Kor mykje eg kjem til å bry meg med det, vil tida vise.  Det er helst for folk som driv med sykling, spinning og liknande.

I går var eg litt uvillig til å vere med på tur, skal eg innrømme.  Litt smart får ein vere, og det å ta ut for mange krefter dagen før dagen, er vel heller lite taktisk.

Elles gjeld det å ha gode hjelparar, slike som kan gje ein eit spark bak.  I dag kom det inn tre ulike forslag til tuar og aktivitetar omtrent samtidig.  Eg valde å gjere det som eg ikkje var så gira på i går, nemleg ein tur til Eika.  Det var berre å stille i regndress.  På bilturen innover høljregna det og var 6,5 grader.  Men då vi kom fram, skein sola, og det gjorde ho til vi sette oss i bilen att.
 Eiksundsambandet startar med ei bru over til Eika.
 Vatn med Ivar Aasen-ordtak.
 Det gamle skulehuset.  den tida hadde dei dass.

 På høgste punktet kan ein skrive seg inn.
 På vegen tilbake gjekk eg over brua og tok nokre bilde.  Eg synest dei har laga det fin til.







Kor mange skritt eg har gått i dag, vil eg halde for meg sjølv.  Målet er minst 10 000 skritt om dagen.  I dag ligg eg godt an.  Men konkurransen varer i to månader.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...