lørdag 30. juli 2011

Ripsgelé

 I dag stod eg på altanen og såg ned på ripsbuskane mine.  Ripsen er ikkje moden enno.  Då slo det meg at det er lenge sidan eg har laga ripsgelé.  Vil ein ha frisk og god ripsgele, må ein lage det sjølv.  Oppskrifta er tatt frå den raudruta kokeboka.
 Eg plukka ripsen rett i panna. Litt umoden rips er berre ein fordel, for den inneheld meir pektin, og ein er sikra stiv gele. Panna mi er utstyrt med litermål, noko som er praktisk til safting og sylting.
 Ha i 1 1/2 dl vatn pr l rips.  Kok bæra til dei saftar seg og skiftar farge.  Her skal det ikkje rørast slik at bæra vert knuste.
 Aus bæra over i eit sileklede.  Slikt utstyr får ein mellom anna kjøpt på Jernia.

No skal safta renne gjennom kledet.  Dette tek minst 30 minutt, gjerne lenger.  Fall for all del ikkje for freistinga til å vri kledet.  Då vert geléen grumsete.
 Mål opp safta og kok ho opp.  Ha i 9 dl sukker pr liter saft.  Kok i 10-15 minutt.  Ta av skummet.  Eg bruker ei fiskeause til dette.
 Slik ser skummet ut.

Viss du er usikker på om geléen er stiv, kan du ta geléprøva: Legge litt gelé på eit fat og dra ei skei gjennom for å sjekke om den er stiv.  Viss ikkje må du koke geléen lenger eller ha i meir sukker eller stivelse.
Fyll geléen på små glas.  Ha på lok. (Sjekk kommentarfeltet)

Denne oppskrifta kan brukast til solbærgelé (berre med 2 dl vatn pr liter bær) og til rognebær eller rognebær og eple.

Framgangsmåten til gelé er lik den til saft.  Men då bruker ein litt meir vatn og mindre sukker.

9 kommentarer:

  1. Eg har lært at ein skal vente litt med å ha på loka, for at geléen skal verte stiv. Bestemor brukte å ha eit nystrøke (altså sterilt) kjøkkenhandkle over glasa over natta, og så sette ho på loka. Men med såpass umodne bær som du brukte var det kanskje ikkje nødvendig?

    Sist eg lagde ripsgelé brukte eg pektinpulver. Det var potent! Nesten litt i overkant. Med det kan ein lage gelé av kva som helst, trur eg. Mykje meir stivingsevne i det enn i dei gamaldagse certo-flaskene.

    SvarSlett
  2. Eg har alltid fått stiv gele. I Espelid si oppskrift stod der at ein skulle ha parafinvoks over, men det trur eg ikkje er aktuelt. Kva med syltesukker om ein vil bruke bær med lite pektin?

    Elles trudde eg at eg skulle få lage rosegele eit år, men i år er det dårleg med aloharoser som venninna mi har laga av. Eg veit du laga eit år.

    SvarSlett
  3. Rosegeléen lagde eg med syltesukker, no hadde eg kanskje gjort det med pektinpulver. Eg skreiv i bloggposten at eg skulle melde tilbake kor godt det heldt seg, men det vart borte før eg rakk å sjekke. :-) Oppete! (Og det er jo bra. men det betyr at eg må lage ny runde. Det får bli til neste år.)

    SvarSlett
  4. Eg forstår at eg mnå finne pektinpulver! Eg må innrømme at eg ikkje veit korleis pakken ser ut. Trur det må vere noko anna enn grøn certo?

    Her har det vore ein kjølig sommar, så alt er seint. Når bæra vert modne ved skulestart, er det stor fare for at dei ikkje vert plukka.
    Gele er lettvint med plukking i alle fall. I eventuelle neste runde med gele, er nok bæra mine for modne, så då vil eg prøve med pektin.

    SvarSlett
  5. Den ser ut som ein certo- eller jam-pakke. Vi brukte det då vi tok bilde til sylteboka mi, som kjem neste år i mai. :-) Kjøpte det på rema i Stjørdal.

    SvarSlett
  6. Då finst det sikkert her på landet. Eg må til dømes til Ulsteivik for å få tak i flytande Bremykt og syltesukker, eller for å vere heilt sikker, kjøpe syltesukker på Mega i Ørsta. Spar her har hatt begge delar.
    Gler meg til bøkene dine!

    SvarSlett
  7. Etterpåklokskap: Fruktpektin får ein kjøpt i alle butikkar i grøne certopakkar. Vi har brukt det på skulekjøkenet dei siste åra. Eg synest det er praktisk til 1 1/2 - 2 kg bær og oppover. Til små porsjonar er det lettvint med syltesukker.
    Ta geléprøva, og tilsett fruktpektin om geléen ikkje vert stiv, får vere det siste rådet.

    SvarSlett
  8. Den første boka, Smalhans, vert ei nybyrjarbok for dei med dårleg råd. Den egnar seg som gåve til nyutflytta studentar og andre som for ei periode får dårleg råd. Neste år kjem sylte- og safte-boka. Den har vi allereie vore i trøndelag og teke bilde til, GundaM stylar og tek bilde. Det blir spennande, eg er litt skrekkslagen over det heile! :-)

    SvarSlett
  9. Julegåve til studenten kanskje? Han meiner han kan ete for 50 kroner om dagen. Eg brukte det mot karane då dei skulle stelle heime, og gav dei 100 kroner dagen til mat. Litt enklare når mor har fulle kjøleskap og frysarar.
    Ekstra kjekt med kokebøker på nynorsk også!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...