I dag har vi planta buskane som vi fekk i går. Vi brukte ein sekk kugjødselkompost som vi planta i jorda som var full av leire. No håper vi dei vil trivast i hagen.
WEIGELA FLORIDA " MILK AND HONEY" Roseklokkebusk. Blomstrar i august-september står det på lappen.
Forsythia skal vere fin å plukke inn kvistar av til påske.
WEIGELA FLORIDA "ALEXANDRA" Klokkebusk. Blomstrar i mai.
Katten tek livet med ro, men liker selskap.
"Kompostblomster" kallar eg desse villege sortane som skjuler kompostbingen.
For nye lesarar av bloggen kan eg opplyse at her er det ikkje bloggtørke og agurknytt, men skvåsjnytt.
Kjekt å sjå hageprosjekta dykkar!
SvarSlettTakk for fine buskar!
SvarSlett