Når ein har så flinke fiskarar i familien, er det viktig å variere fiskerettane. Ein rett som er populær her, er det eg kallar "Fish and chips". Eg steiker fisken i steikepanne, ikkje frityrgryte. Chipsen steiker eg i steikomnen etter rettleiing på pakken.
Den mest vanlege måten å steike fisk på er vel å legge den i mjølblanding. For den som vil ha oppskrift: 3 ms kveitemjøl, 2 ts salt og 1 krm pepar.
Deretter dyppar du fisken i samanpiska egg.
Deretter legg ein fisken i knust kavring. Eg brukte strøkavring i butikken. Det går an å bruke sesamfrø i denne blandinga.
Steik fisken på middels varme, litt lågare temperatur enn til vanleg fisk.
Server nysteikt med chips og salat.
Eg har fått sansen for hjertesalat i sommar. Ein salat er passeleg til ein familie. Ekstra kjekt er det å hente ruccola og arurkurt i hagen. Blå mat er ganske sjeldan. Det er vel derfor vi får blått plaster til skulekjøkenbruk?
Dette såg såååå herleg ut! Kjøper du vanleg pommes frites? Hjertesalat, har du oppskrifta på det? Ser at eg burde så litt agurkurt igjen, tek tilbake det eg sa om den...fargen er fantastisk.
SvarSlettElin.