lørdag 6. oktober 2012

Go'bitar frå besta si kokebok

 At meldinga av boka har late vente på seg her på bloggen, kjem av at eg tenkte den eg skreiv for Vikebladet kanskje kom på nettida.  Det vert litt kunstig for meg å skrive to meldingar.  I går fann eg meldinga på heroynytt.no.
Eg synest det er flott at Sunnmøre har fått si eiga kokebok med tradisjonsmat!  Det er ikkje berre på Voss og omegn ein et smalahove.  På Sunnmøre et ein sjølvsagt saudehaud, ein rett eg har til gode å smake. 

Elles håper eg at eg får tid til å lage fleire rettar frå boka no når eg har fått ferie.

(For dei som kjenner meg og begynner å lure: Eg har ikkje skifta namn.  Mellomnamnet har avisa gitt meg.  Det er inga stor sak for meg.  Eg forstår at folk kan ta feil. I framtida skal eg vere flinkare å signere, ikkje berre sende e-post og tru det vert rett.)

7 kommentarer:

  1. Eg har ete SAUDEHAUD eller skjelte som dei sa i Sunnfjord der eg smakte delikatessen. For godt var det, smaka som vanlig "juleribbe". Dei hadde flådd hauda, salta og tørka dei. Kjøpte nokre på butikken ein annan gong-halve vakumpakka haud. Ikkje særlig godt det, nei.

    SvarSlett
  2. Skjeltesøndag vert vel "feira" av nokon. Meiner det er det andre kallar skitnesøndag -siste søndagen før jul då det er "lov" å vaske/arbeide?

    SvarSlett
  3. Smalahove he eg endå til gode å smake.. eg også,så lenge maten "ser"på meg,blir det vanskelig :-)

    SvarSlett
  4. Sikkert ei kjekk bok å lese i. Fin bokanmelding!

    SvarSlett
    Svar
    1. Mykje godt lesestoff, ja. Og mykje som er viktig det vert nedskrive.

      Slett
  5. Til Milena: Dei saudehauda eg åt, var utan auger. Det er slett ikkje påkreva å ete augene.

    SvarSlett
  6. Linda Eide serverte det på 4-strjernes middag. Ho meinte ein MÅTTE kunne sjå maten i augene. Trur ikkje gjestene var heilt einige.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...