tirsdag 1. november 2011

1. november - nye kupp og kupongar

I dag stakk eg innom butikken for å kjøpe mjølk og frukt.  Vel heimkomen ser eg at det har dotte litt forskjellig opp i handlekorga.  Frukostjusen var det 3 for 2-tilbod på.  Eg synest det er greit å sette ein kartong jus på middagsbordet.  Sjølvsagt burde ein tatt fram juspressa oftare.

I dag var det også nye få-attpå-tilbod.  Slike lasagne-kit bruker eg ikkje til å lage lasagne av.  Av og til kan det vere greit å ha ein kvit saus til gratinering.  Grønsaksausen vert gjerne brukt på ein pizza.  Den indiske kyllingretten tok eg med for å prøve ein dag.  Eg kjem ikkje på å kjøpe slikt til vanleg.

Ved kassa låg ein slik verdikupong på mandelpoteter.  Den kan nyttast neste veke.  Mandelpoteter kokar raskt.  Eg tek litt vatn i panna med poteter og kokar resten opp i vasskokaren først.

Det er berre å konstatere at eg har bite på det meste i dag og.

10 kommentarer:

  1. Vi kokar mandelpoteter nesten kvar dag. Vi kokar dei over damp i 15-20 min.
    Elles finn eg nesten aldri noko eg treng på desse verdikupongane. Sist eg fekk var det SNOP.Heilt teit,spør du meg, men det var vel Halloween?

    SvarSlett
  2. Ja, det er lenge sidan eg har brukt kupongar. Det er ikkje alt som er så billeg. Novemberkuppa var ikkje så fantastiske, men dei kjem med andre tilbod langsmed. Forandring fryder, så eg kjøper likevel ...

    SvarSlett
  3. Kva butikkar dei har desse kupongane? Ser ikkje slike i mine coop-butikkar...

    SvarSlett
  4. Kupongane får ein i kassa veka før på Prix, men dei andre butikkane står på ...

    SvarSlett
  5. Ok, har aldri sett slike kuponger på den prixbutikken vi bruker.. :/

    SvarSlett
  6. Etterlys! Det hender der er gode tilbod - og så treng ein ikkje kjøpe 5 sjølv om det er max (seier eg til meg sjølv.)

    SvarSlett
  7. Den teknikken brukar eg og når eg kokar poteter. Då går det mykje fortare å koke opp vatnet, særleg når ein som meg ikkje har induksjon.

    SvarSlett
  8. Skal høre med dei:) Kanskje dei ansatte nyttar alle kupongane sjølv:)

    SvarSlett
  9. Eg har ikkje prøvd meg med to kupongar. Reknar med at kjøpa vert registrert på medlemsnummer...

    SvarSlett
  10. Komfyren min er skikkeleg treig, Gunda. Den gamle med vanlege plater, hadde hurtigplater. Denne nye med keramisk topp var eit tilbakeskritt sånn sett. Men då eg kjøpte meg vasskokar,løyste litt av problemet seg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...