lørdag 26. november 2011

Ny butikk i Hareid

I dag opna Kari butikk/vevstove på Hareid. Bak sjølve butikken har ho rigga opp fleire vevstolar.  
 De finn butikken ved sida av Strax bokhandel i det store rosa bygget midt i Hareid.
 Fram til jul vil butikken vere open på laurdagane.
 Kari fortel at ho er på jakt etter eit namn til butikken.  Vevstove dekkjer ikkje heilt.  Her er anna handarbeid.  Desse skinnfellane med trykt mønster på, er berre nydelege!  Namnet låg berre laust på som eit døme.
 Tova gryteunderlag.
Handvovne produkt.

Dette er berre litt av det ein kunne finne i butikken. Der var ein del strikka produkt også. Prisane var greie.  Og ikkje minst var alt handarbeidet nydeleg utført.  Det kan absolutt gåast etter i saumane.

Dette er ein butikk der eg kunne tatt med meg omtrent alt heim.  Eg skal ned att ein annan dag og kjøpe meg ein løpar til advent.

4 kommentarer:

  1. I fjor kjøpte eg raude tova gryteunderlag, forma som hjerte, til jul.
    Gler meg til å ta dei fram.
    Hadde dei liggande på det store spisebordet heile jula, med eller utan gryter oppå ;)

    Flott handarbeid.

    Ynskjer butikken lukke til !
    Helsing Anne-Mari Kaldhol

    SvarSlett
  2. Så flott den butikken så ut. Kari lager flotte ting

    SvarSlett
  3. Hei Kari..Gratulerer med ny butikk. Var på arbeid i dag og hadde ikkje høve til å stikke innom, men gler meg til neste laurdag. Då kjem eg...:-)))

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...