mandag 7. november 2011

Premiering

Då eg melde meg på dytt.no var det ikkje med tanke på premiering.  Spesielt høge mål hadde eg heller ikkje.  Minst 10 000 steg om dagen er det ein på ein måte forpliktar seg på.  Så eg tenkte at om eg skjerpar meg, så greier eg 12-13000 steg i gjennomsnitt.  Det var før eg reiste til Oslo og trakka på Gardermoen og i gatene, og gjennomsnittet auka til 17000 steg om dagen.  Då tok konkurranseinstinktet meg, og eg skifta plate: Ikkje ein dag under snitt!  No ligg snittet på 18000!  Einskilde røyster er begynt å ymte frampå om at det skal bli godt når perioden er over ...

No har eg altså fått premie.  Men det skal ikkje ende der.  Etter 15. november skal snittet ned.  Det eg saknar mest, er nemleg å sykle på jobb.  Det "taper" eg 2000 steg på, så det skal trekkast frå i det nye målet. Og premiering skal eg stå for sjølv.  Det vert nok minst like premiar heretter!

Nei, her kan eg ikkje sitte med 11000 steg hittil i dag ...

4 kommentarer:

  1. Eg held meg på berre 10000 skritt for dag, men plar ro litt i tillegg. Ditt nye snitt er imponerande!

    SvarSlett
  2. Som sagt skal det halde ut perioden på to månader. Før når eg ikkje har registrert det heller offentleg, har 10 000 vore målet.

    SvarSlett
  3. Eg er imponert over at du rekk både å halde snittet så høgt, jobbe, blogge og ha tid til hus og heim. Her går det utover både hus,heim, og blogging. Og ikkje har eg særleg med familie heller å tenkje på! ;)Og snittet har vorte dårlegare etterkvart.. eg gikk nok for hardt ut i starten!

    SvarSlett
  4. Eg får lese mykje på desse gåturane. Elles har eg fått uventa hjelp frå to hald: !1: veret 2: RiksTv-boksen som har vore øydelagt i fem veker.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...