lørdag 28. april 2018

Tilbake

 
 

Dei siste dagane har vore prega av å ta tilbake kvardagen. Hovudet må omstillast på å kome tilbake på jobb. Noko av det eg prøver å lære elevane mine, er at vi ikkje er så spesielle som vi trur.  Vi er ikkje åleine om å tenke å tru som vi gjer.

Med meg har det hopa seg opp rettingsarbeid. Eg har hatt ein bunke engelsktentamenar liggande i veska mi i fleire veker. Mi ventesorg har vore prega av strikking.  Eg har gjort det eg må på jobb, men rettingsarbeid som eg vanlegvis lett gjer heime, har eg fått ein slags aversjon mot. Det har vorte mykje strikking på ettermiddags- og kveldstid. Når ein strikkar, flyg tankane.  Ein får roa nervane litt.

No har Håkon ønska seg ein jegergenser, ein som liknar på dei mormora strikka i kamuflasjefargar til gutane då dei var små. Så har eg sett strek under ønskelista. Eg skal seie ifrå når det er lov å ønske seg strikkeplagg.

Eg hadde eitt ønskje for meg sjølv onsdag etter gravferda, og det var at energien og rettelysta skulle kome tilbake.  Det skjedde omtrent med ein gong.  I dag har eg bretta opp ermane. No har eg berre att å føre karakterane inn i listene mine.

Opp i det heile tenker eg at det siste pappa hadde villa, var at vi skulle gi oss over.  Han hadde alltid høg arbeidsmoral, og det ville han sjølvsagt at vi skulle ha. Eg tenker mykje på han medan eg styrer på.

 
I går vaska vi hus.  Då fordelte eg alle dei fine blomane og plantane rundt på bord og i vindaugskarmar.

I dag køyrde Audun tilbake til hovudstaden.  Han kjem heim allereie til 17. mai.  Einar for til Alta onsdag. Han kjem tilbake om berre eit par veker og.  Olaug, som no har tatt seg eit namn til, nemleg Marie, fekk berre ein dag fri frå tannlegestudiet.

I morgon skal vi på hytta til svigerinne og svoger på 61-årsdagen hennar.

onsdag 25. april 2018

Omtanke

Vi har fått mange fine ord, mange gode klemmar, hjarte på facebook og fine plantar.  Vi har sett stor pris på alt.  Folk er utruleg omtenksame, og mange bryr seg. Eg har vorte overvelda.

Eg samla plantane på kjøkenbordet dei første dagane.  Det var godt å gå og sjå på dei.  i ettermiddag har eg sett dei rundt i heimen der eg synest dei høver best.  Eg skal ta godt vare på alle!

Bok 18: Byens spor


Nytt storslått episk verk fra Lars Saabye Christensen! Byens spor er første bind i en trilogi, og vi befinner oss på Oslo vest rett etter krigen der vi møter Ewald og Maj Kristoffersen med deres sønn Jesper. Ewald jobber i et reklamebyrå som får i oppdrag og lage kampanjen i forbindelse med Oslos 900-årsjubiléum og Maj engasjerer seg i Røde kors. Bli med når vi legger øret inntil konkylien og lytter: Hør lyden av Oslo. Se gatene som binder den sammen, se menneskene som bor i dem. Se Ewald og Maj, se slakteren, se legen, hør hyggepianisten på Bristol, høre telefonen ringe hos fru Vik i etasjen over. Se Maj gå på møte i Røde Kors, hør glassen klirre på Bristol. Høre lyden av hvinende bremser.

Eg begynte på denne romanen to gonger. Eg synest det var vanskeleg å få tak på han i byrjinga, men då det først tok laus, fekk eg verkeleg sansen for romanen. Det er flotte person- og miljøskildringar, og ikkje minst tidsbilete.

Bok 17: Sov du vesle spire


Fra forfatterne bak suksess-serien Springflo, som gikk på NRK1 sommeren 2016.

En natt snubler den hjemløse Muriel over en gråtende jente på gaten. Jenta heter Folami og er flyktning fra Nigeria. Muriel får låne et sommerhus i skogen av en venn og tar med seg Folami dit. Men en ettermiddag blir Folami angrepet av en mann i området og Muriel tør ikke være igjen alene med jenta. De kontakter Tom Stilton for hjelp.

Tom arbeider nå for Mette Olsäter, kriminalførstebetjent på Rikskrim. Sammen med Olivia Rönning etterforsker de drapet på en tenåringsgutt som ble funnet nedgravd i Småland, med avskåret hals. Etterforskningen får forgreininger til kloakken i Bucuresti.
Da Olivia får treffe Folami, ser hun at hun har et smykke som ligner på det den døde gutten hadde. Sammen med jenta lykkes Olivia Rönning og Tom Stilton å avsløre en sjokkerende virksomhet.

«Sov du vesle spire» er en krim som lykkes med å integrere samfunnsengasjement med troverdige karakterer og spenning utenom det vanlige.


Dette er ein krimroman der ein set fokus på heimlause born og dei som er villege til å utnytte dei på det aller grovaste.  Makaber underhaldning, kort fortalt.

Bok 16: Den digitale festning


NSAs uovervinnelige supercomputer TRANSLTR stilles overfor en mystisk kode den ikke klarer å knekke. Sjefskryptograf Susan Fletcher blir tilkalt. Det hun avdekker, sender sjokkbølger gjennom maktens korridorer. NSA blir holdt som gissel - ikke med våpen eller bomber, men en kode så genial at den vil lamme landets samlede etterretning dersom den slippes løs. Susan Fletcher fanges i et desperat kappløp som bringer leseren fra maktens hemmelige korridorer, via Tokyos skyskrapere, til Spanias mektige katedraler. Det er en kamp på liv og død - et avgjørende forsøk på å ødelegge en ugjennomtrengelig formel som truer verdens maktbalanse. Susan må kjempe alene, ikke bare for sitt land, men også for livet og mannen hun elsker.

Den digitale festning er rystende aktuell og spekket med etterretningshemmeligheter. Den bringer leseren dypt inn i den mektigste sikkerhetsorganisasjonen i verden - National Security Agency (NSA). NSA har operert med milliardbudsjetter og har vært ultrahemmelig og ukjent for de fleste før Dan Brown skrev om organisasjonen i denne boken.


Vi har hatt fordjuping i norsk i tiande.  Eit par av gutane valde Dan Brown.  Inspirert av dei tok eg med meg denne romanen frå 2010 heim frå biblioteket. det er ein skikkeleg pageturner!

tirsdag 24. april 2018

Gravferd



I dag har vi gravlagt far min, Nils Steinar Trovåg. Han døydde på Ørstaheimen onsdag 18 april klokka 18 (i 2018)etter lang tids sjukdom.  Både mor mi, søstera mi og eg var der hos han.

Dagane fram til gravferda har vi brukt til å planlegge og til å vere saman.  Eg har følt meg heilt tom, og eg har nok grudd meg meir enn eg har vore klar over til sjølve gravferda.

Det er tungt å gravlegge sin eigen far. Han har vore svært sjuk, og ingen ønskte han noko lengre liv slik det var.  Vi har mist han gradvis.   Han har kjendt oss att og vore glad for å sjå oss.  Men dei vakne augneblinka har vorte stadig kortare. Sjølv om det var godt for han å sleppe, er det trist når det skjer.

Gravferda i dag vart ei trist, men fin stund.  Dei som talte i kyrkja og på minnestunda, kjende pappa frå ulike stader og tidspunkt i livet.  Vi følte at det vart teikna eit godt og rett bilde av han.

Mor mi vart og takka for bloggen.  Mamma og pappa vart samde om at ho kunne fortelje om sjukdomen hans på bloggen sin.  I fjor då han vart innlagt heile seks gonger og ting endra seg frå dag til dag, var det ein grei måte å oppdatere mange om gongen på. Vi la oss aldri før vi hadde lese bloggen.

Det har vore mange tankar i dag.  Og eg sit eg att med ei kjensle av at pappa ville ha likt si eiga gravferd.

- Takk for alt du har vore for oss -

mandag 16. april 2018

Lang genser med lommer og raglanfelling


Genseren strikka eg i vinter då eg hadde lånt Ellen Wessel si bok #STRIKK. Boka kjøpte eg seinare på Mammutsal. Garnet er Melody og tynn alpakka.  

søndag 15. april 2018

Janneckegenser


Genser nummer to frå Enda mer bystrikk. Denne er i Pus og tynn alpakka på pinnar nummer 9.

lørdag 14. april 2018

Mologenseren

Olaug er heime i helga. Sist vi såg henne var i jula. Eg har hatt tid til å strikke to genserar til henne. Denne er frå Ingunn Myklebust si bok Enda mer bystrikk. 


Garnet er Fairytale og tynn alpakka.

mandag 9. april 2018

Birte i blått

No har eg laga meg ei eiga oppskrift på kvardagsgenser. Eg har snudd ei oppskrift på Mikagenseren til Knitting Inna og laga hals etter Hverdagsgenseren frå Sandnesgarn.  Då får eg strikka nedanfrå og opp, og så får halsen ei finare utringing.  Oppskrifta har eg nedskriven i strikkedagboka eg fekk i fjor til jul. Til denne genseren har eg brukt Drops alpakka og Brushed Alpakka, ein tråd av kvar.

mandag 2. april 2018

Baalsrud-genseren til Eirik

Oppskrifta på denne genseren fann eg i eit Hjemmet.  Eg abonnerer på nettutgåvene av ein haug med vekeblad. I utgangspunktet strikka eg genseren til mannen, men så vart den noko knapp.   På Eirik sat den som støypt! Det er kjekt at ungdoamne liker heimestrikk, eller kle med sjel som han kallar det.

Garnet er Dale garn Lonolin Wool, eit godt garn å strikke i.
 

Bok 15: Hålke


Gatene er dekket av glatt is, inne sitter Ebba og Karl.

Ebba og Karl har vært gift i snart en mannsalder. De har delt sorger og gleder, de har oppdratt barn sammen, elsket, sveket og bedratt. Sår har oppstått, blåmerker er blitt leget. Nå er de pensjonister, med aldrende kropper; ute er det vinter, og når verden en dag er glasert i tykk og hard is, når kommunen ikke har råd til strø, når en brukken lårhals kan bety begynnelsen på slutten, da holder de seg inne.

Ebba og Karl er et ektepar som fremdeles kan kjenne på spenningene seg imellom, både som erotisk tiltrekning og som en dirrende og iblant foruroligende undertone. I én dag, to dager, flere dager har de bare hverandre. Kaffen tar slutt, og brødet. Innestengtheten, isolasjonen, den ekteskapelige dynamikken ... i løpet av noen vinterdager blir fortidens svik, brutalitet og uvisshet igjen levende, og reiser det farlige og umulige spørsmålet: Hva er kjærlighet verdt?


Denne romanen har eg begynt på nokre gonger før eg no endeleg har lese han ferdig.  han har gitt meg ei kjensle av fjernsynsteater.  Alt skjer over ei kort periode i eitt rom(ei leilegheit). Forholdet mellom ektefellane kjem til eit slags oppgjer.

Det er greitt å lese noko anna enn krim innimellom, men no treng eg noko lettare litteatur ...

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...