Her i familien er vi svært glade i rørt syltetøy. Ripsbæra har begynt å bli modne no. I går plukka eg inn eit kilo rips og blanda med tilsvarande mengde frosne bringebær som fekk tine litt før eg rørte dei. Inspirasjonen til denne blandinga fekk eg i Gunda si bok. Eg brukte same sukkermengd som eg bruker til rørt rips
1 kg ripsbær
1 kg bringebær
1 pk Jam/Certo rørepulver
7 1/2 dl sukker
Eg rørte syltetøyet i Kenwooden til sukkeret er oppløyst. Sidan ripsbæra var akkurat modne, brukte eg stavmiksaren til slutt for å knuse dei. Syltetøyet vart friskt og godt.
Kanskje eg skal prøve dette i år.
SvarSlettLagar som oftast ripsgele, av og til litt bringebær i eller rein bringebærgele.
Borneborna likar det godt og kallar det farmorsylte :)
Det går sjølsagt rett i hjertet til farmor..
Men greit å prøve nye ting innimellom.