fredag 28. februar 2014

Hobbyrom

 Det som til no har vore datarommet i huset, skal halde fram å vere det.  Men no har mannen pussa det opp og sett saman BBB-reolen.

Før var det furupanel og blåmala tapet, noko som var fint på nittitalet.  No ønska vi eit lysare rom.  Noko betre hyllesystem når ein vil ha mykje plass, fann vi ikkje. Elles er eg glad i hjørneskåp.  Dei rommar mykje,  Det er også greitt med skuffer.  Den eine skuffeseksjonen tenker eg til skrivesaker og papir, den andre til hobbyting som strikkepinnar og anna.
Rommet skal og få nytt teppe og nye gardiner.  Eg ser for meg noko i grått?

No skal det vaskast før eg fyller hyllene.  Det er ikkje få kokebøker, hobbybøker og hagebøker rundt om i hyllene våre.

onsdag 26. februar 2014

Bok 12: En sannsynlig historie

Frå omslaget:
Helena får oppfylt en gammel drøm når hun og mannen kjøper en liten gård i Norrland for å drive et hotell. Men ekteskapet knaker i sammenføyningene, og snart er skilsmissen et faktum. Tilbake står Helena med hotellet, en ødelagt tilværelse og en ulykkelig tenåringsdatter. Finansmannen Anders' karriere har vært fremgangsrik. Men i takt med at pengene har strømmet inn, har tilværelsen blitt stadig mer meningsløs. På en landevei i Norrland utfordrer han skjebnen, lukker øynene, gir gass og tenker at nå får det gå som det går. Han våkner på sykehuset. Etter oppholdet der tar han inn på et lite hotell i en norrlandsk småby. Dette er en historie der to ulykkelige mennesker møtes og oppdager at vi faktisk kan forandre vår måte å betrakte tilværelsen, og at det finnes helt andre valg i livet enn dem vi kanskje tror. Med sikker hånd, sterk psykologisk ladning og en usvikelig evne til å blottlegge det dypt menneskelige skildrer Karin Alvtegen forhold, sorg, konfliktredsel, fordommer og kjærlighet.

I romanen møter vi ulike personlegdomar.  Alle går gjennom ei endring. Skildringar av ekteskap og skilsmisser er heller klisjéaktig framstilt. Også framstillinga av Anders, den rike mannen som ikkje finn meining med livet, vert noko enkel. Han møter mannen i det vesle huset som han har mykje meir til felles med enn han aner. Begge har dei hoppa av "karusellen", noko vi får vite etter kvart.

No vil eg nok seie at dei viktigaste hendingane i romanen er heller lite sannsynlege.  Men likevel er boka kjekk å lese. Den er enkel og lettlesen.  Vi kjenner att personane og konfliktane. Eit stort pluss for avslutninga.

Sidan eg har gitt nokre karakterar i det siste, skal og så denne få det: 4-.



mandag 24. februar 2014

UFO og det tredje øyet

Då vi tømde skåpa på hobbyrommet mitt, dukka dette lesteparet opp.  Eg har gøymt det bakarst nokre gonger.  Det hadde stoppa opp på grunn av garnmangel. I dag rakk eg akkurat å strikke den siste grå tåa medan eg såg TV2-serien "Det tredje øyet". Eg ser serien har fått gode kritikkar.  Sjølv seier eg førebels "tja".

søndag 23. februar 2014

Rar dag

Det går an å bli døgnvill i feriar, men no stussar eg i tillegg på kva dag det er.  Eg hadde ei kjensle av at det var søndag i går sidan vi hadde besøk og feiring.  Ikkje gjorde eg dei tinga eg plar gjere laurdagane heller.

Vi stod relativt tidleg opp.  Studenten skulle skyssast på flyplassen.  Det gjorde faren.  Eg tenkte eg skulle ta meg på tak å opne veska mi med dei to prøvene som har lagt der trygt heile ferien. Den første på 15 eksemplar var halvretta, så det gjekk fort og greitt.  Deretter skulle eg motivere med for 27 eksemplar med sju sider utfyllingsoppgåver, kvar prøve med 102 poeng. Eg starta med å ta første sida på alle, deretter andre og tredje.  Når eg byrjar slik, vert eg ikkje svolten, men det vert andre i familien.  I dag hadde vi enkel middag: Restar av svinesteik frå i går varma i mikrobølgjeomn.  Etter middagspausen sa eg til meg sjølv at eg skulle rette litt til før eg fann fram kakerestane. Litt vart til alt. Då hadde det vorte mørkt ute, og vi kunne omtrent slå kaffien saman med kveldsmaten ...

No kan eg sjå fram til ei veke der eg har tid å gjere andre ting enn retting ettermiddagane.  I morgon har eg tenkt meg på strikkekafé.  Bildet over er av det garnet eg hadde att då eg strikka siste stripe med det på jakka mi.  No har eg att å sy den saman og strikke halskant og stolpar.  Det skal gjerast med finull.

lørdag 22. februar 2014

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med 24-årsdagen!  I år var det kjekt at han var heime på dagen sin, og at vi kunne feire den saman med besteforeldra!  Eg fekk beskjed om at midden måtte serverast presis klokka tre slik at vi rakk å sjå skiskyttarstafetten.  Kaker og meir kaffi vart servert etter den.
Dette bildet dukka opp på facebook.  Eg tippar han feira saman med farfaren som var akkurat 75 år eldre?
Om nokon vil sjå tidlegare helsingar fin de dei her og her. Ein kan klikke seg heilt attende til 18-årsdagen hans.

fredag 21. februar 2014

K-spade med silikon til Kenwood

 Ein dag eg var sjåfør til Lefdal, såg eg ei smart oppfinning, nemleg ein K-spade som bade rører og er slikkepott samtidig. Det er ikkje det aty eg bakar så mange kaker, men når eg gjer det, irriterer det meg at eg må stå med slikkepotten både titt og ofte.  Og sidan det nærma seg morsdag, var det vel lov å ønske seg!
Først i dag har eg prøvd ut vedunderet.  Det einaste problemet eg fekk, var før eg kom i gang.  Sidan mi maskin er nokre år, måtte eg bytte ut øvste delen med den gamle. Vispen ville ikkje feste seg. Eg brukte den reiskapen som følgde med til justering. Det gjekk greitt.  Maskina rørte smør og sukker lett og luftig, og eg kunne ha i egga eitt og eitt utan å måtte ty til slikkepotten. Eg bruker å kakke alle egga og ha dei i eit halvlitermål, og så heller eg frå det.

Om nokon lurer på prisen, så kosta den 599 kroner på Lefdal i Ulsteinvik.  (Der fekk dei litt gratis reklame...)

torsdag 20. februar 2014

Bok 11: Drømmeløs

Frå omslaget:
En 250 år gammel vuggevise som bringer evig søvn. En drøm verdt å drepe for. I 1767 rømmer en fattig visesanger fra Stockholm etter å ha fornærmet datteren til en av byens mektige menn. Samme år finner politimester Nils Bayer et nakent mannslik i fjæresteinene utenfor Trondheim. Vinteren 2011 blir en ung kvinne funnet drept på Kuhaugen i samme by. Drapsmannen har fjernet strupehodet til offeret, og en spilledåse med en ukjent melodi er plassert på kvinnens bryst. Så forsvinner en ungjente på seksten år fra sitt hjem, og etterforsker Odd Singsaker frykter at de bare har kort tid på seg før også hun blir et offer for mannen med spilledåsene. Forbrytelsene er adskilt i tid med nesten 250 år. Men én ting ser ut til å knytte sakene sammen: den spinkle melodien fra spilledåsen.

Eg ser at dette er den andre boka i serien, og at eg har lese den tredje, Menneskets natur, før.  Den var utruleg spennande.  Det var denne og men på ein annan måte.

Handingar i fortida som vert fletta inn i handlinga i notid, er ei ganske vanleg oppskrift på ein kriminalroman.  Eg er usikker på om eg synest det fungerte her.  Eg kjende derimot at eg vart rett og slett irritert over å få avbrote hendingane i notida med den gamle historia, som også var spennande på sitt vis.  Dette er sjølvsagt tilsikta frå forfattaren si side.

Forbrytaren er psykisk sjuk, "drømmeløs", og tek offera sine til fange før han drep dei.  Så spørs det om Singsaker og teamet hans kan stoppe han før det skjer med det siste offeret.

Elles har eg sansen for slutten på begge historiene. Livet er ikkje svart/kvitt!

Eg har ikkje problem med å anbefale romanen, som eg ville gitt karakteren 5.


Brød i nye former

 Det er ganske dyrt å ha ferie - spesielt når ein tek seg nokre handlerunder.  Ei av freistingane eg har falle for, er desse brødformene i silikon.  Mora mi fekk ei til jul som ho skulle teste ut.  Ho meinte ein kunne bruke dei utan å smørje dei.  Eg laga tre rørebrød til besøket i går. (Oppskrift her.)  Formene verka heilt flott!

Bloggen min skal vere reklamefri, men eg kan røpe at formene kostar 79 kr på Jernia.
I dag tidleg - for ferierande -såg vi kombinertstafetten.  Det var spennande til siste sekund. Etter middag ville eg sjå kunstløp.  Der vart eg sittande ... Eg hadde ikkje tenkt at det tok så lang tid.  Men det var utruleg flott å sjå.

No hadde eg tenkt å lage taco til han som kjem frå hovudstaden.  Men det viser seg at han har kome til Molde, ikkje Vigra. Det spørs om det vert sett opp buss?

Time will tell ...

onsdag 19. februar 2014

Midt i ferieveka

Også i dag har vi hatt sol frå klår himmel her hos oss. Vi har fått gjort nokre nyttige ting i tillegg til å sole oss, gå tur (andre spring)og sjå OL.

Dagen vart toppa med eit besøk av systera mi med born. Ho hadde med seg denne potta med løkar.  Dei er koselege å ha ved inngangspartiet.

tirsdag 18. februar 2014

Snøen som fall i går

 I dag vakna vi til ei kjensle av både vinter og ferie!
 Så mange centimeter snø er det ikkje snakk om. Eg tok tysdagsturen midt på dag.
No har vi sol heile dagen, og sola varmar slik at det går godt an å sole seg ...

mandag 17. februar 2014

Karpe Diem-genseren ferdig!

I dag gjaldt det å gripe dagen og få genseren montert!  Strikking reknar eg som hobby, men når det kjem til monteringa er det meir som arbeid å rekne ...

Mønsteret (Gratismønster finn de her.)var kjekt og raskt å strikke. Freestyle-garnet må eg til byen får å kjøpe. Frøkna ville sjølvsagt ha genseren så lik søskenbarnet sitt sin som mogeleg. Eg vil ikkje begynne å samle på fleire restegarntypar  Derfor har eg gitt restetråden vekk til ei venninne som også vil strikke den. Så får ho gi vidare det ho løyver.

Denne genseren finn ein og i hønsstrikkboka som nettopp har kome ut.  Der er og andre fargevariantar og ein ilitt tynnare garn med rundfelling til born.

søndag 16. februar 2014

Søndag med småregn og skodde

Sjølv om ein ikkje synest ein gjer på så mykje, går dagane fort!

Det beste med denne søndagen er at ein slepp å tenke jobb.  Eg har rett nok eit par bunkar i veska, men dei skal eg ta ein annan dag ...

I dag laga eg ballj som eg serverte Brudevollmor og rabbe til.  Av balljesodet laga eg to brøddeigar.  Så vert det kanskje ikkje meir brødbaking i ferien?

Medan eg styrer på, lyttar eg på ei svært spennande lydbok som eg for alvor begynte på i går. Det vart og eit godt alternativ til skiskyting... Ei stund verka det som skodda la seg i sympati her.

Elles går det framover med oppussinga her.  No skal eg bestille hyller.  Enn så lenge er serviettsamlinga vekkpakka.  Dei eg fann i dag er frå ein konfirmasjon.  Om eg ikkje tek feil, var det mellomstemann sin?  Han kjem forresten heim frå hovudstaden i slutten av veka.

lørdag 15. februar 2014

Laurdag 15.februar

 Som så ofte når det er ferie, bruker ein den første dagen til å lande.  Siste veka har vore fylt av aktivitetar.  Ikkje minst klarte eg å gløyme at eg er 50+ og stilte på damelærarlaget i landhockeyturnerina.  Då eg var 40 brukte eg å seie at eg kunne gjere det same som då eg var 30, berre at konsekvensane dagen etter er annleis.  Det same kan vel seiast når ein er 50 ...  Vi vann i alle fall!
 Laurdagane stikk eg gjerne innom biblioteket.  I dag fann eg denne lydboka.
Det eg ikkje tnkte over då eg begynte på jakka mi, var kor seint rillestrikk går samanlikna med glattstrikk.  No har eg tatt meg ein pause frå bolen for å strikke ermar.

Om nokon lurer på kva matrett eg har laga i dag, så er det berre tilbehør, nemleg søtpotetstappe.  Eg serverte det til ein gryterett der ein ville servert potetstappe eller poteter.  I dag kokte eg poteter og søtpotetstappe, for eg har no sett reklamen!  Familien likte stappa, men ville ha poteter også.  Søtpotet er kanskje for søtt til å ete mykje av?

torsdag 13. februar 2014

Bok 10: Den frosne kvinnen

Frå omslaget:

Vilhelm Thygesen er blitt 63 år gammel. Han livnærer seg på kjøp og salg av frimerker, samt sporadiske advokatoppdrag. I ekte Thygesen-tradisjon blir han innhentet av virkeligheten, og vikler seg inn i forbrytelser. En morgen i februar 2001 finner han en død kvinne i hagen sin. Funnet avstedkommer brutale hendelser med forgreininger til et motorsykkelmiljø i skogene i Østfold. Vi stifter for første gang bekjentskap med Kripos-etterforskerne Stribolt og Vaage som er satt på saken.

Denne krimromanen gjekk det raskt å lese.  Den er spennande og underhaldande. Oppklaringa er eg litt usikker på kva eg skal meine om.  Forbrytarane er noko gapne, for å seie det slik.  Men det er kanskje meir realistisk enn utspekulerte, intelligente forbrytarar som endå flinkare politietterforskarar skal avsløre?

Elles ser eg at Jon Michelet fekk Rivertonprisen for romanen i 2001.

onsdag 12. februar 2014

Pjona?

 Då OL-deltakarane dukka opp med nye huer, tok det ikkje lang tid før det dukka opp kopiar på strikkesida på facebook og andre stader.  I dag gjekk eg glipp av eit innslag på NRK. Oppskrifter finst det fleire av på nett.  Mange forklarer korleis dei har gjort det, medan andre er meir "hekne", som vi seier på Sunnmøre, og tek seg godt betalt for oppskrifter.
Men er dei verkeleg pjona? Eg bruker å skryte av at eg kan bådde pjone, hakke og gimpe om det trengs.  I dag børsta eg støv av pjonekunnskapane frå 70-talet.  Eg hadde noko lysebla Alfa-garn liggande.  Noko stort prosjekt ville eg ikkje gi meg ut på sidan mange hevdar det er fastmasker som skal til. Me kanskje Baby born-dukka mi kan bli moderne?  Eg pjona så langt som garnet rakk. No synest eg ikkje det ser ut som de er denne teknikken som er nytta?

P.S.
Om nokon lurer på om det er vanskeleg å pjone, så er det slett ikkje det.  Det er ein hekleteknikk der du berre dreg tråden gjennom maskene framme eller bak.  Det er berre å søke på nett, så finn de forklaringar.

mandag 10. februar 2014

Bok 9: Fange 59 taterpige

Denne romanen plukka eg med meg frå skulebiblioteket.  Eg såg at systra mi likte den, og så tenkte eg at eg kunne like godt lese romanen og kanskje anbefale den for elevane mine.

Handlinga er lagt til 17-hundre talet.  Hovudpersonen er ei ung taterjente.  Ho kjem vekk frå familien sin og vert arrestert og sendt på tukthus.  Seinare får ho jobbe som tenestejente hos prosten. For ein erfaren lesar er det som skjer der noko føreseieleg.

Det historiske stoffet er interessant. Ikkje minst er det viktig å få fram taterane si historie.   Forfattaren viser til skriftlege kjelder i form av protokollar. Der er også andre interessante lagnader.

Romanen er lettlesen.  Eg las den i trua på at det var ein ungdomsroman.  No ser eg at Samlaget har gitt den ut som vaksenroman.  Då vart eg meir i tvil om kven eg vil seie romannen passar for.  I utgangspunktet ville eg sagt ei ung jente 15-18 år?

søndag 9. februar 2014

Mors dag


Det er mykje sport på TV for tida. Noko stor feiring la vi ikkje opp til.  Det er snart vinterferie, og studenten kjem heim rundt fødselsdagen sin. Men eg fekk no klemt inn ein middag i ein pause. I dag stod det svinesteik på menyen.  Det er greitt å kunne gå ein tur rundt vatnet medan middagen steiker seg sjølv.

Elles har eg fått både blomster sjokolade og gåver. Ei av dei vil nok dukke opp på bloggen etter kvart.

Serviettane mine er vekkpakka for tida, berre eit par pakkar ligg i ei skuffe i  "nyestova". Dei er noko vårlege, kanskje i stil med temperaturane i dag?

lørdag 8. februar 2014

Bok 8: Verdens ende

Frå omslaget:
Forlagsredaktør Aslak Timbereid følger sin ni år gamle datter Emma opp til hennes mor, forfatteren Hanne Lovund ved Alstahaug på Helgeland, der hun skal tilbringe skoleferien. Under landing i sterk vind på Stokka flyplass ved Sandnessjøen, bryter understellet på Widerøe-flyet sammen, og Emma dør en uke senere etter skadene hun pådrar seg. "Verdens ende" er en roman om to mennesker som prøver å finne fotfeste i livet, etter at grunnen er revet bort. Samtidig er det historie om det destruktive - hevnen og hatets plass i våre liv, hovedpersonens opplevelse av at det vi kaller sivilisasjon bare er en tynn, tynn skorpe over det moralske kaos. Gir kunsten og kulturen oss noe hjelp når alt står på spill? Og i hvilken grad vil vår egen selvinnsikt kunne redde oss fra sammenbruddet?

Dette var ei av dei få bøkene eg ikkje hadde lese i lydbokbiblioteket. Eg har ikkje lese noko av forfattaren tidlegare. Boka overraska positivt.  Historia er enkel med få personar og ei viktig hending.  Likevel er historia komplisert.  Forfattaren stiller mange spørsmål om hemn. Kven skal ein hemne seg på, den eller dei som tok livet av Emma eller den eller dei som gjorde livet hennar vanskeleg. Det at Emma vart mobba på skulen, vert sårt skildra.  Kva har ein far å stille opp med mot mobbarar når klassekontakten (eller meiner han kontaktlæraren?) ikkje ser.

Etter granskinga kjem det fram at den ein først meinte hadde skulda, ikkje var rett person.  Kva då om ein hadde tatt lova i eigne hender?

Eg synest forfattaren skildrar godt, og at han reflekterer godt om viktige spørsmål. Ikkje minst let han lesaren frå reflektere sjølv, utan å gi fasitsvar.

torsdag 6. februar 2014

Bytur med bibliotekbesøk

I dag tok eg meg ein bytur for å sikre meg lesestoff til helga.  Det er lite ny litteratur å finne i lydbokformat for tida.  det gjer at ein kanskje finn skjulte skattar, ikkje berre dårleg litteratur?  Blogglesarane må gjerne kome med tips om bøkene på bildet!

onsdag 5. februar 2014

Bok 7: Huset du elsket

Frå omslaget:
"Man sluker den like fort som et pain au chocolat som akkurat har kommet ut fra ovnen."
Marie France

Paris, 1860-årene: Den store byfornyelsen pågår for fullt. Gammel bebyggelse må vike plassen for de nye, brede boulevardene og majestetiske bygningene. Hele kvartaler blir revet for å gi plass til det praktfulle Paris vi kjenner i dag.
Men mange må betale en høy pris for denne forvandlingen. En av dem er Rose, en kvinne i 60-årene. I hele sitt voksne liv har hun bodd i huset som har vært i mannens familie i generasjoner. Før mannen døde hadde hun lovet ham at hun skulle ta vare på hjemmet deres, men nå har byfornyelsen nådd deres kvartal og huset skal rives. Rose nekter å flytte og forskanser seg i kjelleren der hun tilbringer tiden med å skrive brev til ektemannen. I brevene forteller hun om kampen for å bevare familiens hjem, og hun gjenopplever deres felles liv i huset og om sin tilværelse etter at mannen døde. Det har vært et liv fylt av glede, men også med stor sorg. Til slutt tar hun mot til seg og avslører en grusom hemmelighet...
Huset du elsket er en gripende fortelling om en sterk og usedvanlig kvinne, i en tid med store ytre forandringer. Det er en roman som viser hvordan samfunnet rundt oss påvirker vårt liv. Men mest av alt er det en historie om kjærlighet og tilhørighet, og om viljen til å slåss for det man har kjært.
Boken ble en umiddelbar suksess i Frankrike.

Romanen er skriven av same forfattar som skreiv Saras nøkkel.  Då eg melde den, visste eg at fleire av "jentene mine" likte den godt.  Derfor var eg svært forsiktig.  Den romanen hadde trass alt eit viktig historisk bakteppe. Forteljinga var også interessant.

Denne romanen derimot likte eg ikkje.  Språket er klissete. Døme: "Huset følte ømhet for meg". Når hovedpersonen slår fast at ho elska sonen meir enn dottera, lurer eg på om forfattaren har born sjølv. "Violet var et lite monster". "Det var den lille gutten som senere erobret hjertet mitt." Treng eg sitere meir?

Dei dramatiske hendingane er ikkje nye for lesaren, utan at eg vil seie meir om det.  Det er heller ikkje noko nytt at underteikna ikkje liker franske suksessromanar ...



tirsdag 4. februar 2014

Bok i postkassa

 Eg er medlem i Hobbyklubben.  Dei fleste bøkene avbestiller eg. Men då eg såg det skulle kome ei ny bok om hønsestrikk, fekk eg lyst på den. Mønsreret på genseren på bildet ligg som før skrive gratis på nett.  I boka finn ein også ein til barn med rundfelling.
 Sjekk denne gardsgenseren.
 Denne er kanskje min favoritt!
 Mønsteret kan tilpassast eigaren.
Eit par puter er også med.

Boka inneheld mange mønsterborder som ein kan sette saman sjølv, og det er vel heile vitsen med hønsestrikk!

mandag 3. februar 2014

Spøtemøte

I dag har eg vore på koseleg strikkekafé på Trådkråa.  Eg hadde førebudd meg.  Mønsteret hadde eg studert på Raumaull.  Typisk meg er å kjøpe meg blå skjorter og bukser.  Skjortene bruker eg eit par gonger ... Derfor treng eg ei mørkeblå jakke til skulebruk.  I heftet er der både kort og lang modell.  Fordelen med å strikke sjølv er at ein kan strikke så sidt som ein vil.

Eg skal sjølvsagt berre strikke litt på det nye prosjektet, til dømes når eg skal følgje med på Mammon. Karpe Diem-genseren skal ha høgste prioritet. Kors på halsen!

søndag 2. februar 2014

2. februar

 I dag har det blåse og regna ute.  Det siste er vi spesielt glade for.  Brannane den siste tida har vore skræmande.

Til middag serverte eg i dag ertesuppe kokt på fenalårknoken etter jul.
Til dessert vart det òg ein resterett, appelsinris.  Eg let appelsinar og ris stå og trekke saman med litt sukker ein times tid før eg piska krem og hadde i. Journalisten, som var på vakt, fekk med seg eit heimebaka brød då han for.

Resten av veka vert det nok heller lettvint matlaging, gjerne av andre enn meg ...

lørdag 1. februar 2014

1. februar

Dagen i dag har gått fort.  To av borna skulle springe Grimstadvatnet rundt. Mitt oppdrag var å levere eit brett med sveler til arrangementet.  For at vi skulle ha nokre sjølve, laga eg like godt røre av tre liter kulturmjølk.  Då eg skulle steike dei, takka takka for seg, eller rettare sagt slo jordfeilbrytaren seg av kvar gong eg sette i kontakta.  Eg fekk ordna meg med ei alternativ løysing. Svelene vart leverte til rett tid.

Bildet over har eg knabba frå Vikebladet.  Frøkna vann si klasse.  De kan lese om det her om de vil.

God helg!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...