fredag 11. november 2011

Julemanna

Ein blogglesar har spurt om eg kan legge ut ei julemann oppskrift på bloggen.  I butikken går dei under namnet kakemenn. I fjor brukte eg ei ny oppskrift på skulekjøkenet.

Heime har eg brukt ei anna oppskrift som er litt større, og som har fleire ingrediensar.  Kjekvlar ein deigen tynt, får ein sprø kaker, og kjevlar ein han tjukt, får ein mjuke kaker.

Kakemenn/julemanna
150 g smelta smør
1 1/2 dl mjølk
1 1/2 dl vatn
4 1/2 dl sukker
1 egg
3 ms hornsalt
1 1/2 dl potemjøl
mjøl(sikta kveite) til passeleg deig
(eg meiner det er ca 1 kg, så begynn med litt mindre)

Bland alt saman til ein fin deig.
Kjevle ut deigen (del han opp) og trykk ut figurar.
Steik ved 200 grader i 8-10 minutt.

P.S.
Bildet er frå 2009.  Det vert nok minst ein månad til eg bakar julemanna i år?

2 kommentarer:

  1. Mine julemanna er utan egg og utan mjølk..fattigmann? Men ganske gode likavel..tidlig? nei....det er nå det smaka best;-)

    SvarSlett
  2. På skulekjøkenet bruker eg den billege og enkle. Heime spanderer eg egg og mjølk slik at dei blir som dei alltid har blitt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...