onsdag 31. oktober 2012

Bok 52: Det som ventet meg

Denne romanen fortel om ei iransk jente,Masoumeh, som veks opp i Iran.  Ho vert gifta vekk då ho er 16 år til ein mann som er politisk aktiv mot sjahen.  Det hasta å få henne gift fordi ho har snakka og forelska seg i ein ung gut ho ikkje kan få.

Vi får god innsikt i korleis folk tenker om familie og ære.  Hovudplagg for jenter vert også tatt opp.  Elles er det ein fin balanse i romanen.  I det arrangerte ekteskapet er også mannen pressa av sin familie.

Eg synest forteljinga om eit kvinneliv er interessant. Vi følgjer henne frå ho er ung til ho har passert 50. Det vil seie, forfattaren har ikkje vit å setje punktum.  Det at ho møter att barndomskjærasten, vert berre hakket for mykje.  Ikkje har ho lært av livet heller.  Banda andre har lagt på henne, held ho no på sjølv.  Dette må kanskje sjåast ut ifrå kulturen.  I Iran var romanen for sterk kost.

Masoumed vert ikkje politisk interessert nok etter min smak.  Visst får ho studere på universitetet.  Burde ikkje det få konsekvensar?  Rett nok er ho tøff mot familien sin etter kvart. Det er kanskje summen av små opprør som endrar verda?

Når det gjeld språket i romanen, prøvde eg å vere tolerant.  Men her føler ho alt i hjartet sitt.  Og så kan ho dø både for det eine og det andre. Språket vert "klissete". Noko av det kan kanskje skuldast kulturskilnader.

tirsdag 30. oktober 2012

Morgonstund har gull i munn

Eg er så heldig å bu så nær arbeidsplassen at eg kan gå eller sykle heile året. Ein ekstra bonus kan vere slike naturopplevingar om morgonen.

søndag 28. oktober 2012

(Nesten) heime åleine

 Eg har betre vit enn å legge ut på nett at eg er heime åleine. Heilt sant er det heller ikkje, for yngstemann er her.  Øystein har vore i Riga på personaltur, og frøkna har vore på jentetur til Giske.  Så skulle ein kanskje tru at vi kunne leve på enkel mat?  Nei, då har eg invitert journalisten på middag.  I går serverte eg kyllinglår, og i dag slo eg til med heimelaga kjøtkaker.  Desserten kjem kanskje på bloggen i morgon.

Når det er så fredeleg i heimen, kan ein lytte til lydbok medan ein gjer andre ting.  Det aukar arbeidslysta.
Vi har nok litt mindre snø enn i meir indre strøk.  No har eg nettopp hatt meg ein køyretur i journalisten sin Golf.  Vi bytte bil sidan han skulle over Ørskogfjellet i dag.  Då kom eg på første gongen eg køyrde svigerfar sin Opel.  Det gjekk greitt heilt til eg skulle rygge. Girkassa var annleis bygd enn på Mazdaen. Men eg fann ut av det, med litt hjelp frå næraste nabo.

I morgon trur eg at eg går inn i den mest travle veka i året med to kurs og to kontaktmøtedagar.  Eg satsar på å kome innimellom med eit blogginnlegg kvar dag.  Men eg kjem til å gjere det enkelt!  Kurs fører ofte med seg inspirasjon.  Så det vert kanskje noko å dele med blogglesarane?

Då ønskjer eg dykk ei fin veke!

lørdag 27. oktober 2012

Under i vindaugskarmen

 Eg har ein del orkidéar, dei fleste kjøpt på Floriss for 99.  Dei finaste får stå i vindaugskarmen, og så set eg dei som er avblomstra inn på eit anna rom til dei som oftast kjem med nye blomster eller stilkar.

På frukost-TV på måndag sa Finn Schöll at det kan kome nye plantar oppetter stilken.  Det har eg aldri opplevd!
 Men ein skal aldri seie aldri.  Denne orkidéen har stått bak godstolen min.  Det må ha skjedd relativt fort, for eg vatna han og tørka støv i vindaugskarmen for ei veke sidan.
Skal tru om eg skal kutte den vesle planten av og prøve å la den vekse seg stor.  Eg bør i alle fall dusje røtene innimellom?

fredag 26. oktober 2012

Korterma jakke

Det vart til at eg sydde i dei knappane eg hadde kjøpt, slik at eg kunne ta plagget i bruk.  Midt i strikkinga bestemte eg meg for å la vere å strikke ermar. Eg har ein tendens til å brette opp ermane.  Med ein langerma topp under vert antrekket meir tilpassa varmen på jobb.

torsdag 25. oktober 2012

I dag kom han ...

...  den første snøen.  Så står det att å sjå om han vert liggande til våren slik han gjorde for to år sidan.  Eg håper ikkje det.

I morgon er det Operasjon dagsverk.  Så då kan eg gle meg til å kome heim til reint hus!

onsdag 24. oktober 2012

Og jula varer heilt til...?

Nei, det er ikkje det som er temaet for tida.  Men kor tid begynner jula?

Førre torsdag var eg ein liten bytur.  Butikken eg hadde tenkt meg på, hadde ikkje langope.  Då vart det til at eg gjekk meg ei runde på dei to kjøpesentera.  Eg var førebudd på at det skal kjøpast inn til halloween.  Som kjent er ikkje det yndlingdagen min.  Folk skal få feire i fred for meg.  Kanskje eg slår til med noko godt av graskar. Det starta vel med at Nille og enkelte andre butikkar hadde litt dårleg sal i oktober, tenker eg. Men no står altså halloween- og julevarer side ved side.

I dag vart julemannane diskutert.  Eg såg dei i sal i september i Stavanger. På lokalradioen i dag vart det hevda at dei kom frå Bergen.  Der vart dei kalla "spekulasjer" fordi bakarane spekulerte i å selje dei til vanlege folk.  Og når ein ser på prisen og kva dei er laga av, forstår ein at her er noko ein  kan ein gjere pengar på.  Ålesundaren som vart intervjua, meinte at her på Sunnmøre heiter det ikkje kakemenn, men julemanna.  Kanskje som eit resultat av dette, har fleire kome inn på bloggen min ved å søke på nettopp "julemanna".

Sjølv kom eg heim att med brødposen over.  Han var sjølvsagt å tilbod!  Den kan  høve godt til både rundstykke og aniskringler. Eg kan no ha raudt på kjøkenet mitt heile året.

tirsdag 23. oktober 2012

Bok 51: Korsbæreren

Eg sleit litt med å kome inn i denne thrillaren.  Det var mange personar å verte kjende med, og handlinga skjer i ulike tider og på ulike kontinent.  Der er også ein eg-person som ein ikkje heilt veit kven er.

Elvira, hovudpersonen i romanen, får besøk av ein gamal elskar som tilbyr henne, eller banken hennar, gode investeringar.  Dette er eit svindelforsøk som ballar på seg.  Den japanske mafiaen er involvert.

Då eg først hadde kome inn i konflikten, greidde eg ikkje å legge boka vekk. Dette er ein skikkeleg pageturnar av ein krimroman.  Og eg likte løysinga, eller slutten får ein heller kalle den.

Eg har ikkje sjekka om der er fleire romanar med same "krimhelt", ein banksjef til ein variasjon.  Det er ein fordel å sleppe å sette seg inn i privatliva til alle personane i ein roman ...




mandag 22. oktober 2012

Terrible Tudors

Åtvaring: Denne kan ein lett få på hjernen!

Divorced, beheaded and died
divorces, beheaded, survived

søndag 21. oktober 2012

21. oktober

I dag gjekk eg ein tur rundt vatnet før eg laga middag.  Slik såg det ut på Hareid i dag.  Markane er grøne, og ein ser både sauer og hestar, eller er det ponniar?  Eg håper vinteren let vente på seg!

Til samanlikning: 21. oktober 2010

Fisk på grønsakseng

Det er lettvint med middag som ein kan lage i ei form. Til denne fiskeretten bruker ein frosne grønsaker.  Det høver godt for små familiar i det daglege også.  Det tek litt meir tid å steike fisk i omnen enn i steikepanna.  Men retten "lagar seg sjølv".
Blogglesarane skal få oppskrifta, og så kan de doble eller halvere som det høver.  Små porsjonar går raskt å lage i ein mikrobølgjeomn.  Oppskrifta fann eg i ei brosjyre frå Tine.
600 g grønsakblanding, frosen (fransk?)
600 g seifilet, tint

1 1/2 dl seterrømme
1 ts salt
1/2 ts pepar
150 g riven ost, gjerne jarlsberg

Legg grønsakblandinga i ei eldfast form.
Skjer seifileten i serveringsstykke og legg dei over.
Bland resten av ingrediensane og legg det over fisken.
Du kan gjerne legge fisk og grønsaker i fleire lag.
Steik retten 12-14 minutt i mikrobølgjeomn på full styrke (600 W)
eller i steikeomn ved 200 grader i ca 40 minutt.

lørdag 20. oktober 2012

Havregraut

 I dag har eg tenkt å slå eit slag for havregrauten.

Eg har vakse opp med at havregryn er sunt. Havregryn med mjølk var ein vanleg kveldsmat. På 80-talet bestemte myndigheitene seg for at havresalet skulle doblast.  Det meiner eg det gjorde.

Havregryn er 100% grovt.  Dei inneheld mykje fiber og sunt feitt i tillegg til dei langsame karbohydrata.

Rundt om i barnehagar og skulefritidsordningar skulle eg ønskje dei tok puffa ris og corn flakes vekk frå menyen til fordel for havregryn og havregraut.
Oppskrift finn ein bak på pakken.  Ein kan lett koke seg graut i mikrobølgeomnen. Eg bruker litt mindre salt, og så har eg i litt sukker - sjølvsagt for å kunne gøyme unna sukkerskåla.  Vaksne får gjere som dei vil, men sukker er ei vanesak, og i Noreg et vi no altfor mykje sukker.  Dei siste tala eg høyrde, var at vi får i oss 15% av energien frå sukker.  Mitt råd er å eventuelt blande litt sukker eller vaniljesukker saman med kanel i ei skål, og så la borna heller få rosiner på grauten. For å få grauten raskare kald, kan ein slå på litt mjølk.  Til drikke er det lurt med litt appelsinjus for å auke jernopptaket.

1 l mjølk
1 l vatn
8 dl havregryn
1/2-1 ts salt
1 ms sukker

Kok opp mjølk og vatn.  Har ein det travelt, bruker ein vasskokar til vatnet.
Ha i havregryn og kok til graut.  Lettkokte havregryn kokar på eit par minutt.
Smak til med salt og eventuelt sukker.

Set gjerne fram litt frukt attåt også!

fredag 19. oktober 2012

Jahn Teigen (medley) live

I dag har Jahn Teigen halde på Hareid. Vi hadde ikkje sikra oss billettar, men fekk nyss om at dei ikkje vart utselde.

I går var det ungdomskveld.  Eg spurde elevane mine i dag om dei hadde vore der.  Mange svarte ja.  Då eg spurte vidare om dei skulle på Jahn Teigen-konsert, svarte dei: "Nei, men ho mamma skal". Det gjorde sitt til at eg tenkte at eg fekk fare.  Det er nærare 30 år sidan sist. Og i salen sat nok mange av dei som var der den gongen.

Teigen innfridde.

torsdag 18. oktober 2012

Inn i varmen

 I haustferien fekk engletrompeten og ein fuksia som var gåve frå systera mi, kome inn i varmen.  Engletrompeten har ikkje kome med ein einaste blomster i år.  Det er ein stikling som var liten i vår, så kanskje den kjem sterkare tilbake neste sommar?
 Fuksiaen er oppstamma og har nydelege rosa blomster.
 Om detskulle gå dårleg med desse store, så har eg tatt stiklingar av dei.
Det er kjekt å avle fram nye generasjonar!

onsdag 17. oktober 2012

Bok 50: En lykkelig mann

Eg har lese fleire bøker av Arto Paasilinna tidlegare.  Dette er finst forteljarglede på sitt ypparste.

Ingeniør Akseli Jaatinen kjem til Granbacka for å bygge ei ny bru.  Han kjem godt ut av det med arbeidarane, noko borgarskapet ikkje liker.  Eit par kvinnehistorier gjer det ikkje betre.  Det vert gjort fleire forsøk på å knekke han på ulike vis, men han reiser seg kvar gong.  Til slutt er han både fabrikkarbeidar og rådmann.

Det er måten dette vert fortalt på som er genial.  Ein kosar seg med den heller naive forteljarstilen. Samtidig er det alvorlege problem han tek opp.  Men hemnen mot maktmisbrukarane er søt.

tirsdag 16. oktober 2012

Kjøtpudding

Søndag bestemte eg meg for å lage ein enkel middag.  Som eit alternativ til kjøtkaker laga eg kjøtpudding. Det passa godt, for eg hadde kraft att etter lammefrikassé.  Det er eit godt grunnlag for ein god, lys saus. Ein kan bruke ei vanleg kjøtkakeoppskrift eller berre bruke pepar og muskatnøtt, ikkje ingefær.  Eg laga av 4 pk kjøtdeig, men oppskrifta under er til 3 pk. Her er det brukt måleskeier. Det er lurt å bruke stor kjøkenmaskin med K-spade.
1200 g kjøtdeig
1 1/2 -2 1/2 ts salt 
1 ts pepar
1 ts muskatnøtt
5 ms (3/4 dl)

6-7 dl mjølk, gjerne ekstra lett

1. Rør kjøtdeigen saman med salt, krydder og potetmjøl.
2. Spe med mjølka.  NB! Tynn stråle, litt om gongen.
3. Fordel deigen i to 1 1/2 liters former.  Steik ved 200 grader 45-60 mninutt.

Lys saus kan du lage anten med ristejamning eller starte med smør og mjøl.

4 ms flytande margarin/60 g smør (ev. meir om du ser det vert for tjukk jamning)
1 dl kveitemjøl
ca 1 l kraft (ev. buljong)
salt?
pepar
sitronsaft

1. Smelt smøret i ei panne.
2. Ha i mjølet.
3. Spe med kraft eller buljong.
4. Smak til med salt, pepar og sitronsaft.

Server kjøtpudding med poteter og grønsaker.  Ein kan koke grønsaker eller lage råkost.


mandag 15. oktober 2012

Knappejakt

 No er eg godt i gang med å montere jakka mi.  Den vart korterma.  Då veit eg at den vert brukt meir.  Knappane eg kom heim med, veit eg ikkje om eg er heilt nøgd med.  Det spørs om eg skal sjå etter nokre andre?  Bilde av heile plagget kjem truleg ein gong ut i veka.

Til neste prosjekt kjøpte eg knappar med ein gong. Det skal bli ei enkel jakke med 3/4 ermar.  Den skal strikkast fram og tilbake - utan maskinsaumar denne gong.

søndag 14. oktober 2012

Bok 49: Siste natt i Twisted River

Eg har ikkje lese bøker av John Irving sidan eg las Hotell New Hampshire på 80-talet.  Den romanen gjorde eit sterkt inntrykk.

Når eg no har lese Siste natt i Twisted River, så sit eg att med eit inntrykk av at ingen andre kunne ha skrive romanen.  Ein kjenner att fleire typiske trekk.  Her er død og ulykker, merkeleg kjærleik og bjørnar. Og forfattaren viser ei fantastisk forteljarevne.  Dette er litteratur i særklasse. Han har og fletta seg sjølv inn i historia på ein finurleg måte. Les gjerne meir om innhaldet på Bokkilden.

Om blogglesarane ikkje har lese bøkene, så har dei sikkert sett filmatiseringane av dei.

Ein må setje av tid til lesing av Irving.  Eg har hatt denne liggande til ferien, 631 sider eller 19 CD er ei "leseløft".


lørdag 13. oktober 2012

Tzatziki

 Menyen på skulekjøkenet vaka før haustferien var omnsbakte aure/laks med bakte poteter, marinerte grønsaker og tzatziki.  Til dessert var det eplekake med heimelaga vaniljeis.
 I oppskrifta på tzatziki i kokeboka "Kokebok for alle Frå bollar til burritos" skal det vere matyoghurt og dippmix. Matyoghurt viste seg å vere vanskeleg å få tak i. "Kvifor ikkje bruke gresk yoghurt? Eg har ikkje prøvd, men ..." sa ein av kollegaene mine.  Eg kjøpte ei bøtte på Prix.  Og her fekk ein oppskrift på kjøpet/loket.
Vi grovraspa agurken og har 1/2 kryddeermål salt på.  Den får renne av seg før ein blandar den med resten av ingrediensane.  Ei anna lita endring vi gjorde, var å bruke 1/2 ts sitronsaft i staden for eddik.

Eg har ikkje brukt å ha gresk yoghurt i hus.  Men i framtida trur eg at den vert å finne i kjøleskåpet her.  Den kan kanskje erstatte lettrømme på poteter.  Eg er glad i naturell yoghurt med müsli, nøtter og tørka frukt.  Feittprosenten er 10.  Lettrømme har 18% feitt og vanleg naturell yoghurt 4%.

fredag 12. oktober 2012

Fredag med fornying

 Eg har lenge vore på jakt etter ein ny "voksduk" til kjøkenbordet.  Aller helst ville eg ha hatt noko med raudt eller blått i.  I dag enda eg opp med ein i grønt med litt blått og lilla i.
I går fekk eg ei forsyning med eple dyrka i bygda. I dag tok eg fram Go'bitar frå besta si kokebok og laga eplegraut frå oppskrifta der.  Eg dobbelsjekka med den raudruta kokeboka, og fann ut at eg burde velje minste sukkermengd.  Då var ikkje oppskriftene så ulike.  Mor mi seier det er umuleg å bestemme ei sukkermengd for plommer, og det gjeld nok for eple også.  Min eplegraut fekk dei strø sukker på i dag.  Elles serverte eg H-mjølk på.  Desserten fall i god smak i heimen.

Det kan hende eg kjem attende ein annan dag med mi eiga tilpassa eplegrautoppskrift - slik eg har gjort med mjølkepuddingane.  I 2012 kan ein unne seg eggeplommer i mjølkepuddingane, og ein treng ikkje spe fruktgrautar så mykje, synest eg.  Kokar ein "eplegraut" utan potetmjølsjamning, kan den nok også frysast.

torsdag 11. oktober 2012

11. oktober

 I dag får det bli ei lita "hagevandring" på bloggen.  Aloharosa kom seint, men godt i år.
 Desse to andre rosene veit eg ikkje namna på.


 Buskar i haustfargar.  Dei er kanskje på sitt finaste no!
 Floks.
 Jordbærplanten eg kjøpte i vår har kome med bær i heile sommar.  Men smaken kan ikkje måle seg med dei norske!
 Oktoberbergknapp.
 Hengeplantane skal få henge under altanen til dei frys i hel.  Andre plantar har fått kome inn.

onsdag 10. oktober 2012

Treng du?

 Nokre butikkar har som salstriks å få deg til å kjøpe meir når du har kome i kassa for å betale. Dette er ein sjølvsagt etter kvart budd på, så ein svarer berre: "Nei takk".  I dag skulle eg ikkje ha sokkar, trudde eg. Men to par for 15 kroner - billegare sokkar får ein vel ikkje!  Då må eg kjøpe 10, tenkte eg, for det er berre å be om trøbbel å kjøpe to par sokkar med striper.  Dess fleire like sokkar ein har, dess lettare vert det å pare dei, er min teori.
Då eg pakka dei ut, viste det seg at halvparten var svarte.  Eg veit at det finst plastklyper som ein kan bruke for å halde sokkar samla i vask.  Men til no har eg "greidd meg" utan.

Tankane gjekk attende til 80-talet og tennissokkar.  Her var det fire gutar/menn med ulike sko- og sokkenummer.  Når ein kjøpte pakkar med tennissokkar, hadde dei striper i ulike fargar.  Nokre hadde den raude stripa øvst, andre nedst. Til slutt innførte eg regelen: Kjøp alltid 10 eller 20 par heilt like sokkar.  Har du kjøpt 10 svarte par med adidas på i storleik 41-45, kan du kjøpe 10 par kvite i 38-41.  Det har nok glidd litt ut etter kvart, men framleis ser eg etter store pakningar.  Og eg er i utgangspunktet svært kritisk til striper ...

I dag fekk vi ein ny dag med regn.  Det passa godt å ta seg ein bytur. Yngstemann fekk utvida garderoben sin med to fulle plastnett med klede.Med to tenåringar på slep, vert det ikkje kjøpt noko spennande til seg sjølv.  Men ferien er ikkje slutt enno.


tirsdag 9. oktober 2012

Haustferie dag 2

 I dag vakna vi til sol på Sunnmøre.  Eg fekk meg eit par etterlengta fineverstimar i hagen.  Skvåsjdyrkinga mi har vore eit sørgeleg kapittel i år.  Dei vaks seint, og sniglane har forsynt seg rikeleg.  No har eg rydda åkeren.  Kanskje eg skal prøve å dyrke knutekål til våren?

Journalisten vart invitert på middag.  Menyen var enkel med pasta bolognese med grov spagetti.  Til dessert var det plommer kokt i krydderlake med is attåt.

No i kveldinga har eg gått tur saman med ei venninne.  Det regna på halve turen.  Då set ein ekstra pris på å kunne ta av seg hetta siste delen.
 Focaccia er alltid populært.  I dag vart det eit ryddeprosjekt.  Eg tømte eitt glas med oliven og eitt med fetaost.  Så fekk eg eit firkanta glas.

Eigentleg skulle eg vise blogglesarane før- og etterbilde av hagen.  Men det vart mørkt før eg kom meg ut.  Så de får ta til takke med før- og etterbilde av fennikelkrydderet mitt ...

mandag 8. oktober 2012

Du har vel sett?

Det var ein elev som meinte at Hellstrøm ryddar opp måtte vere eit program for meg.  Temaet kom opp då eg sa at eg aldri ville ha gitt nøkkelhol til ei såkalla frukostblanding. Folk flest har vel fått med seg at corn flakes er reine sukkerbomba.  Eg meiner at den som går under namnet fitness ikkje ligg langt unna. Sjølv om den er laga av av fullkorn, inneheld den nesten like mykje sukker som corn flakes.  Og fitness har fått nøkkelhol!  Vel heller firkorn eller havregryn!

I går tok eg meg tid til å sjå ein episode av Hellstrøm ryddar opp heime.  Han kom til ein familie der borna ikkje likte grønsaker, og der faren var det største barnet. Far laga pølser og makaroni til seg sjølv og borna. Fisk til middag hadde dei aldri ete.  Det var artig å sjå korleis Hellstrøm greidde å få eldstejenta til å ete rå grønsaker.  Då Hellstrøm kom attende, åt sjølvsagt familien ein fiskemiddag laga frå grunnen av.

Familien fekk lære om ferdigmat.  Dette var god folkeopplysning. Eg har trudd at sommarkotelettar er røykte.  Men dei er tilsette røyksmak!  At ferdigmarinert mat ikkje er verken godt eller sunt, det visste vi vel frå før.  Men også borna her i huset liker det.  Hellstrøm gjekk gjennom ein god del bestseljarar.  Det er tankevekkande.  Eg hugsar då eg prøvde å få kjøpt ein kylling i butikken før dei grilla han ...

Det eg også synest var positivt med programmet, var at Hellstrøm fokuserte på matglede og sunn og god mat.  Der var rett nok ein ernæringsfysiolog som poengterte at maten dei åt før, var energirik og næringsfattig.  Ofte elles vert det snakka om slanking. I neste episode skal han ta for seg ein aktiv familie som slurvar med matstellet.
Elles la eg merke til at Hellstrøm drakk raud saft att åt fisk.  Det hadde eg ikkje trudd han gjekk med på!

Dagens tips frå meg: Lag sitronvatn:  Del ein økologisk sitron i litt store båtar.   Fyll på vatn.  Etter måltidet fyller du på meir vatn.  Sitronen gir smak til mange liter.  Når vatnet smakar beiskt, spanderer du ein ny sitron.

søndag 7. oktober 2012

Skaporden

Det begynte med at mor mi fekk innsyn i matskapet mitt.  Eg opna sjølv døra, berre så det er sagt. Prosjektet vart utsett til haustferien.

I går gjekk eg laus på kjøleskåp og matskåp.  Rydding og vasking gjer sjølvsagt at det vert reint, men ein nyttar vel alltid høvet til å rydde litt.  Eit fenomen som alltid dukkar opp hos meg, er at eg har mykje av ein ting.  Denne gongen var det posar med heil pepar.  Eg hadde nok til å fylle eit glas.

No har eg rydda og fylt firkanta boksar og glas.  Det sparer plass.

Elles må eg seie at eg gler meg til den dagen eg får nytt kjøken med skuffer, ikkje skåp.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...