fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

 Då vil eg ønskje alle blogglesarane eit riktig godt nytt år!  Eg kjem attende med ei "bloggerklæring" ut på nyåret.
Bilda er tatt klokka tre, og som de ser er det regn her i dag.

Her står det same på menyen på nyttårsaftan som på julaftan, nemleg pinnekjøt og to sortar Brudevollmôr.  Middagslaginga er det mannen i huset som står for.  Eg lagar dessert.  I dag vert det byggrynskrem.  Eg kokte  byggrynsgraut i går til lunsj/tidleg middag.

Det er mange som kikar innom bloggen min, og det er kjekt.  Det er ikkje så mange som legg att kommentarar, og det forstår eg godt.  Sjølv tek eg meg ofte ei bloggrunde, men kommenterer berre hos dei eg kjenner eller har hatt litt kontakt med.   No vil eg prøve å lage ei meiningsmåling som kanskje fleire vil vere med på.

Godt nytt år til alle blogglesarar!

torsdag 30. desember 2010

Halv steikt kalkun - vel, vell

Etter ein halv dag med norskretting, har eg endeleg fått kalkunen i omnen.  Det skulle verte ein lettvint kalkunmiddag, men då eg tok han opp frå kjøleskåpet, var kalkunen framleis halvfrosen etter 1 1/2 døgn i kjøleskåp.

Eg filosoferer ein del medan eg rettar norskstilar.  Korleis skal ein rette slik at elevane lærer av det.  For feil er det ikkje vanskeleg å finne!  Det er ikkje der problemet ligg.

Nok med ein k i nok
Dette er ein ny regel for tiandeklassingane.  Det er i alle fall nokon som hardnakka hevdar det.  Når ein får raud strek under eit ord, må det då ringe ei bjølle!

Neste bøyg er skilnaden mellom vel og vell.  Her får ein ikkje hjelp av datamaskina.

Datamaskina liker å dele opp ord.  Her har retteprogramma vorte betre. Men ein får ikkje hjelp til å skilje mellom halv steikt og halvsteikt.

Henda og føta
Ein lærer mykje om dialekta når ein rettar.  Eg ser at mange av spådomane frå 80-talet har slått til.  Vi seier snart vi på heile Sunnmøre.  Når elevane skriv henda og føta, så kjem vel det frå hovudstaden?  Teoretisk sett bør dei seie det i Ålesund først.  Ingen har spist enno.  Men kvart år les eg gjennom kva elevane har spist
i Polen. Mitt slagord om at  "oss æte på Hareid" slår ikkje gjennom.  Eit anna bokmålsord som har kome inn i dialekten er foran.  Framfor er eit framifrå ord å bruke!

NB!
Legg merke til første avsnitt i dette blogginnlegget.  Korleis skal ein hjelpe folk som skriv på den måten?

onsdag 29. desember 2010

Spenning til siste slutt

 Det er alltid kjekt å vinne!  Og det er verst å vere keeperens mor, bruker eg å seie.  Her leiar dei 1-0 og keeperen har redda ein av mange sjansar.
 Eg tok ikkje fram lommekameraet før finalen.  Men semifinalen var mykje jamnare.  Stemninga der var oppheita til tider.

I finalen tok det andre laget time-out og tok keeperen sin ut dei siste minutta.  Eldstemann scora det siste målet då han kom inn heilt mot slutten.  Dei tre brørne sit framme mot høgre.

Det enkle er ofte det beste - eller - heia Camorra?

Mamma, du treng berre å kome til finalen!

Det tek eg ikkje sjansen på.  Etter ei handlerunde i både by og bygd, fekk eg ny forsyning med ferske gardsegg. Lunsjen bestemte seg sjølv!  Eg kjøper ein slik boks med ansjos til kvar jul.  Elles i året går det i den ferdigreinsa.

No skal eg begynne å engsjere meg i årets romjulsfotball.  Heia Camorra!
http://grendacupen.hareidil.no/#cid=28

tirsdag 28. desember 2010

Byggrynskrem steg for steg

 Idéen til å lage byggrynskrem fekk eg på Frukost-TV.  Oppskrifta der var med 2 dl fløyte, så eg gonga den med 1,5, og laga den med ein pakke fløyte.  Det einaste som er vanskeleg med denne desserten, er at du må kome på å legge gryna i blaut kvelden før.
 120 g byggryn + bløytevatn

9 dl mjølk (Eg brukte H-mjølk.)
4 1/2 ms sukker
1 1/2 ts vaniljesukker
1 1/2 krm salt

1 pk fløyte
 Gryna skal koke 15 i bløytevatnet.  Sil av resten før du har i mjølka og kokar graut.  Eg venta med å ha i sukker og salt til slutt.  Koketid ca 45 minutt.  Lengre viss du berre set plata på 1 og rettar stilar.

Eg smakte på denne grauten for å sjekke om den kunne vere eit alternativ til risgraut.  Eg synest den var nydeleg.
Raud saus
2 dl saft
3 dl vatn
(1 ms sukker om safta di er heimelaga og litt sur)
1 ms potetmjøl

Bland saman alt i ei panne og kok opp.  Sausen er ferdig når du ser den første bobla.
Viss du bruker ein fin mugge, kan det vere lurt å varme han med å ha varmt vatn i han på førehand.

Kvardagen kallar...

I dag er resten av familien opptekne med Grendacupen.  Gutane spelar på same lag, frøkna stiller i dameklassa.  Sjølv har eg , som de kanskje skimtar på bildet, drive med matlaging og retting. Eg skal "knekke" nynorskbunken i løpet av dagen har eg tenkt.  Til middag laga eg Coop kupp. Ein treng litt mager mat om ein skal orke dessert.  Ein grovbrøddeig står til heving. Elles skal eg gjennomføre tysdagsturen saman med ei venninne i dag.  Ingen grunn til å skulke når gradestokken kryp opp mot  -8 grader.  Ein kvardag er akkurat det eg treng i dag!

mandag 27. desember 2010

3. juledag

 I dag har vi vore med å arrangere julefest på bedehuset.  På føremiddagen pynta karane juletreet og vi to damene handla og pynta bord.  Der var varmt og godt i salen.  me då vi skulle sette koppar på borda, oppdaga vi at vatnet var frose.  Heldigvis rann der kaldt vatn i to kranar, og toaletta virka.  Men røra til oppvaskmaskina og kaffimaskina var tette.  Vi var snare å handle pappbeger og papptallerkar.  Kaffitraktarar tok vi med heimanfrå.  Festen gjekk fint, og oppvasken har aldri gått så raskt!
I morgon startar romjulsmoro for borna i familien.  Grendacupen har si eiga side for dei som vil følgje med.

søndag 26. desember 2010

2. juledag

I dag samla Besta og Besten slekta til treff i Ørsta.  Søskenbarna var ein tur ut i -16 grader, men det vart mest inneaktivitet.  Mykje god mat og prat vart det som vanleg.  Det er framleis kaldt på Sunnmøre.  I Ulsteivik var det -8 grader medan det på Hareid er -16.

Julefilm

I går såg vi den første av alle filmnane eg har fått til jul.  Også denne gåva seier vel noko om mottakaren!

Filmen baserer seg på to sanne historier.  Julia Childs, også kalla Amerikas Ingrid Espelid, og matbloggaren Julie Powell som vert inspirert av kokebokforfattaren.  Historiene i seg sjølv er enkle.

Det som løftar filmen er Meryl Streep sine skodespelarprestasjonar.  Det vi har sett av Julia Child i Noreg, har vore nok til å forstå at ho er litt av ein type, og det får Meryl Streep fram på ein meisterleg måte.

For spesielt interesserte: På YouTube finn ein mange klipp både av Julia Childs og klipp frå filmen.

lørdag 25. desember 2010

Mor bloggar. Far joggar.

Nærare bestemt 22 km i 16 minusgrader.

1. juledag: Vis meg ...


... bordet ditt, og eg skal seie deg kven du er?  I dag har eg funne fram ein juleduk som eg kjøpte etter jula i fjor på -70% på Kid.  Det vil seie, eg kjøpte like godt like dukar til alle borda mine.  Serviettane med julesongnotar på, fann eg på Nille til 5 kr pakken.  På menyen i dag stod lutefisk i tillegg til restar frå i går.  
 ... julegåvene dine, og eg skal seie deg kven du er?  Blogglesarane får ikkje sjå alt eg har fått, berre eit par smakebitar i dag.  Eg ser ikkje vekk frå at fleire kjem på bloggen seinare, spesielt slike som krev litt aktivitet. Denne quiz(eg gler meg til det vert lovleg å skrive kviss)-boka inneheld akkurat den type spørsmål og svar som eg synest er interessante.
 Bok under er eit lite spark til meg.  Eg har nok irritert på meg ein del folk med å vere noko påståeleg i spøkelsessaka.  Eg har aldri meint å såre nokon, berre "misbedømt" mitt publikum.  Ein bør ikkje le av det andre tek alvorleg.  Det var sjølvsagt det berømte TV-programmet som utløyste diskusjonen.
Eg reknar med at dei fleste blogglesarane har fått mykje å kose seg med i dag.  Her går det i spel, bøker, filmar og musikk.

fredag 24. desember 2010

God jul!

 Vi skal feire jul på tradisjonelt vis saman med besteforeldra frå Ørsta.  På menyen står pinnekjøt og Brudevollmôr.  Til dessert vert det karamellpudding med krem og strull.  Litt hermetisk frukt kjem nok også fram.
 Jula handlar om tradisjonar.  Vi tek ned gamle julehefte frå loftet til underhaldning for ungdomar og vaksne.  Kvart år vert det lagt fleire julehefte i kassa som vert sett på loftet over jul.

Ein kan diskutere kva som er tradisjonar, og kva som er (u)vanar.  Julaftan startar litt seinare no enn då ungane  var små.  Derfor la vi grautetinga til  "lisjejulafta".  I år gjekk det ei stund før nokon fekk mandelen.  "Mamma he'kje du hatt mandel i grauten? Ikkje morsomt!" Eg var heilt uskuldig - i år.  Då dei var yngre la eg ein mandel i kvar tallerk og bad dei velje tallerk.  Etterpå vart det premiar til alle.  No er dei så vaksne at dei må lære seg at det er ein vinnar, i år yngstemann, og så må vinnaren lære seg å dele.
Det er ikkje alle som får feire jula slik dei aller helst skulle ønske.  "Ønsk velkomen det du ikkje kan unngå," har vore mitt motto innimellom.

Då ønskjer eg alle blogglesarane ei riktig god jul!

torsdag 23. desember 2010

Bok 59: Ei hjelpande hand

Eg likte den førre kriminalromanen til Trude Teige relativt godt. Denne romanen er med same "detektiv", journalisten Kajsa Coren.  No skriv ho frå sjukeheimsmiljø der eldre vert tekne av dage.  Dette er mindre interessant enn behandlinga av barneheimsbarn etter mitt syn.

Privatlivet til journalisten kalla eg klisjéaktig, og det står eg på.  Ein får assosiasjonar til Liza Marklund, berre at ho meistrar det så mykje betre. Kajsa  heng ut ein utru politikar, og er sjølv utru.  Her vert det litt mykje amerikansk "overforklaring".

Likevel liker eg det eg les.  Det er heilt grei underhaldning.  Men boka manglar det er vil kalle x-faktor.

Opplesaren spelar litt meir enn eg set pris på.  Eg ønskjer bøkene opplesne, ikkje  spelt.  Når ein person hyler til dømes, treng ikkje opplesaren hyle det personen seier.  Tolke vil eg helst gjere sjølv.

Blogglesarane får lese boka og gjere seg opp si eiga meining.

Solveigs skjulte sider

I fjor hadde eg ein periode eg dreiv og strikka vottar.  Desse to para fann eg i skåpet.  Dei vart ikkje ferdige til vi skulle i barselvisitt hos dei tamilske naboane våre.  No har eg sett band i det raude paret og tova det.  Det kan ikkje ha vore på same programmet som det grøne.  Men varme må dei ha vorte.  Eg møtte gjengen på veg heim frå barnehagen ein dag det var kaldt.  Vi kom i snakk om vottar.  Ho har så lyst til å lære seg å strikke, seier ho. Men vi har det så travelt.  Kva skal ein seie?  At eg ikkje kan drive med "privatundervisning" oppå full jobb, er ein ting.  Men ho har tre små born som ho må passe.  Frivillegheitssentralen har vel innvandrartreff?

Då eg ga namn til bloggen, ville eg kallehan Solveig sine sider, men så kom det eit innspel frå sidelinja om at Solveig si side var betre.  No vil visst Samlaget innføre Solveigs side som nynorsknormalen.  Ein får berre merke seg det.  Problemet med denne forma er at mange blandar ho med engelsk Solveig's page. Sjølv angrar eg på namnet, men uansett så kjem eg til å vise ulike sider av meg sjølv!

onsdag 22. desember 2010

22. desember

I dag har vi vore i Ørsta og utveksla gåver med systra mi.  Både ho og eg hadde frisørtime i dag, så det vart ein ettermiddagstur.

Den store bulkedagen
I går var eg ute og parkerte utanfor kjøpesenter i Ulsteinvik.  Då hadde eg ei kjensle av at det nærma seg den store bulkedagen.  På kveldsnyheitene fekk eg svaret; det er 22. desember.  Og den dagen med færrast bulkar, er 1. juledag.  I dag fekk Øystein stå for parkeringa.  Heldigvis har vi ikkje kome inn i den statistikken.

Den store handledagen
22. desember er den dagen nordmenn bruker mest pengar.  Vi ville unngå den store trengselen og la handleturen til den siste opningstimen.  Og ja, vi er nok med i den statistikken.  Butikkane åtvarer mot å vente for lenge, for det vert "utplukka".  I dag ligg fine kle og andre varer til halv pris.  Så til den næraste familien kan det løne seg å vente.


Eg var redd systra mi skulle få bakoversveis når ho såg den store sekken med gåver.  Men for å seie det slik; badehandukar ruvar meir enn diamantar.

tirsdag 21. desember 2010

Karamellpudding

I dag hadde vi spleiselunsj på jobb.  Eg stilte med karamellpudding.  Det er alltid populært.  Mange trur det er vanskeleg å lage karamellpudding.  Det er det ikkje.  På gamlebloggen min finn de ei steg-for steg-oppskrift om de skulle få lyst til å prøve.

mandag 20. desember 2010

Heilsteikt kalkunbryst med eplesaus

Det vert som regel nokre grupper som får fleire timar på skulekjøkenet enn andre.  I år fekk vi lyst til å prøve ein rett frå gamleboka.  Det elevane var mest skeptiske til i dag, var sausen.  Dei ville hatt vaneleg bearnéssaus eller kyllingsaus.  Vi oppdaga at steiketida var litt lengre enn på pakken.  Bildet er  av eit "elevarbeid".  Oppskrifta er skriven for niandeklassingar.




Oppskrifta er henta frå ”Frå bollar til burritos” første utgåva.

Kalkunbryst
Vi bruker ferdig krydra kalkunfilet, så les korleis det skal steikast på pakken.

Ris
4 dl vatn
2 dl middagsris
1 krm salt

Eplesaus:
1 pose bearnéssaus
3 dl eplemost (skal erstatte vatnet/mjølka)
½ dl kremfløyte

 Grønsaker/garnityr
Salat, ananas, blå druer.

  1. Set kalkunfileten i steikeomnen.
  1. Kok ris:  Kok opp vatnet.  Ha i ris og salt.  Kok i 15 min.  Slå av plata.
  1. Kok sausen: Visp alt saman og kok opp under omrøring.
  1. Legg garnityret pent på tallerken.  NB! Ikkje på kanten. 
  1. Når kalkunfileten er steikt, bør han kvile 15 minutt før du skjer han i skiver.  Legg kalkunfilet, ris og saus på kvar tallerk.  Server!

søndag 19. desember 2010

Strull

Det har etter kvart vorte ein vane, eller tradisjon, at den dagen Øystein hentar juletre, bakar eg krumkaker.  I år fann eg ut at eg heller ville lage strull.  Det er nesten like lett som å lage krumkaker.  Dei vert litt fortare stive, så ein må vere rask når ein formar dei. Litt varmare er dei og.

Oppskrifta er tilpassa eit rømmebeger.  Ei ms=15 ml  
Strull er som de ser utan egg.

Strull
3 dl seterrømme
6 ms sukker

4 ms kaldt vatn
150 g kveitemjøl

Pisk rømme og sukker til "krem".  Ha i kaldt vatn og sikt på mjølet.
Steik i krumkakejern.  Form kakene rundt skaftet på ei tresleiv t.d.
Avkjøl på rist.

Eg trur det vert moltekrem og strull til dessert på julaftan i år.

Sonja og eg

Dronninga tek visst bilde av alle bord som vert dekte på slottet. Når eg legg ut bilde av kjøkenbordet mitt, så er det ikkje utan ein viss porsjon sjølvironi.  Eg ser for meg dei to damene i golfbilen som ser i blad og seier "vanlig, vanlig".  Ja, her er det vanleg, og slik eg liker det.

I dag hadde eg lyst å vise fram sviblane mine.  Eg kjøpte 10 stk på Mestergrønn for 10 kr stk.  Dei er nesten finast før dei har sprotte ut.  Stetteglasa tok eg ned frå hylla for å få dei køyrt gjennom oppvaskmaskina før julaftan.  Så fekk det bli litt raudt og grønt i dag.

4. søndag i advent

Det var tolv minusgrader og nesten ein meter snø då frøkna og faren la i veg for å hogge juletre.  Det er fast tradisjon her siste søndagen før jul.

lørdag 18. desember 2010

18. desember

 I dag har vi hatt triveleg besøk av svoger og niese.

Kva eg serverte?  Eg bruker å ta utgangspunkt i kva folk liker.  Opp til fleire her i huset vil gjerne ha mors kjøtkaker, så i dag laga eg likegodt kjøtkaker av 2 kg kjøtdeig.
Desserten vart vaniljepudding, inspirert av meg sjølv.  Eg brukte ekte vaniljesukker, men det kan hende eg kjem til å brukte vaneleg vaniljesukker i framtida for fargen sin del.

fredag 17. desember 2010

Vaniljepudding

I dag laga vi ein gammal klassikar på skulekjøkenet, nemleg vaniljepudding.  Oppskrifta fann eg i Ingrid Espelid si "Velkommen til mitt kjøkken - 20 år i fjernsynskjøkkenet", og så har eg tilpassa ho skulekjøkenet.  Denne desserten høver godt å lage når ein har eggeplommer til overs.

Elevane startar med å lage raud saus.  Vi brukte H-mjølk i dag.



Raud saus

¾ dl raud saft
1 ¼ vatn
1 ts potetmjøl

  1. Bland alt kaldt saman i panna.  Rør til det kokar opp.
  1. Hell sausen i ein mugge.

Vaniljepudding

5 dl mjølk
3 ms maisenna

1 eggeplomme
1 ms sukker
1 ½ ts vaniljesukker

  1. Bland mjølk og maisenna i ei teflon- eller aluminiumspanne.
  1. Visp saman eggeplomme, sukker og vaniljesukker i ei skål.
  1. Kok opp mjølk/maisenna.  Rør  til det kokar opp, og lat det koke eit par minutt.
  1. Ta ”grauten” til side og rør inn egg/sukker/vaniljesukker.
  1. Hell puddingen i ei skål.  Set gjerne skåla i vassbad til nedkjøling.
(Skålene på skulekjøkenet toler dette, men ver forsiktig heime, ei krystallskål vil sprekke.)

(Ein kan ikkje bruke metallreiskap når ein kokar puddingar med egg i aluminiumspanner.)

17. desember - ein stemningsrapport

Vi har nydeleg vinterver med 10 minusgrader her i dag.

torsdag 16. desember 2010

Bok 58: Finsk forteljarglede

Eg skal ikkje gje meg ut på noko handlingsreferat av boka.   Sjekk gjerne på Bokkilden.  Ein kan undre seg over at ei slik forteljing kan bli til så god litteratur.  Eg har kosa meg frå først til sist.

Kva er det som gjer at eg liker denne boka?  Det er noko med måten forfattaren fortel på.  Skildringane er herlege.  Prostefrua er svensklektor og får sitt pass påskrive på ein herleg måte.  Når ei setning følgjer på ei anna, gir det tilsikta assosiasjonar.  Elles veit du aldri kva som kan skje på desse reisene som er typiske for bøkene til Arto Paasilinna.  Ein kan gjerne kalle det eventyr for vaksne.  Men det er ikkje utan brodd.

Viss du aldri har lese ei lydbok, kan dette vere rette boka å begynne med!

onsdag 15. desember 2010

Vørterbrød

Medan frøkna baka "julemanna" i går, baka eg vørterbrød.  Oslostudenten kom heim i går, og mora lagar sjølvsagt slikt som han liker.  Viss noko kan kallast ei familieoppskrift, så trur eg denne som mi mormor laga må vere var familie si.  Eg har ikje sett ho nokon annan stad.  Her må blogglesarane gjerne arrestere meg.

Vørterbrød (4 runde)

100 g margarin
2 1/2 dl sirup
2 flasker vørterøl
1 1/2 pk gjær+1 kopp lunka vatn
1 kg fint (sikta) rugmjøl
ca 1/2 kg (7 1/2 dl) kveitemjøl
1 ts salt
1 ts anis (malen)
1 ts allehånde
2 pk rosiner
Pensle med sirup i vatn (lunka)
Steikast ved 175 grader i 50 minutt.

Eg brukar å lage 3 avlange brød. Mine heva seg store i 1 1/2 liters former.  Steiketida må ein vurdere sjølv.  Min nye omn steiker mykje fortare enn den gamle ved same temperatur.

tirsdag 14. desember 2010

Julemanna

 Torsdag skal vi lage "julemanna", som vi seier på Sunnmøre, på juleverkstaden vår.  I fjor brukte eg TV2 si oppskrift, men elevane var ikkje heilt fornøgde med den. I dag tok vi ei prøverunde.  Eg synest dei var heilt greie, men sukkeret var ikkje heilt oppløyst i deigen. Etter at dei var steikte, merka ein ikkje noko til det.


I dag fekk eg ei ny oppskrift av ein kollega.  Eg laga deigen heime og sette frøkna i sving.  Som de ser, vart det kattar og kaninar.  Og smaken vart god.  
2 dl vatn
300 g sukker

50 g smør
600 g kveitemjøl
2 ts hornsalt

Kok opp vatnet.  Løys sukkeret i vatnet.
Smuldre saman mjøl og smør og ha i hornsalt.
Bland alt godt saman.
Set gjerne deigen kaldt ei lita stund.

Kjevle ut deigen og trykk ut figurar.

Steik kakene ved 200 grader i 8-10 minutt.
Eg var pinleg nøyaktig med ingrediensane.  Eg vog til og med vatnet.  At det står 56 g på vekta, betyr at eg har hatt hornsalt i etter smøret.  Foodprosessoren fekk stå for smuldring og elting.

mandag 13. desember 2010

13. desember

 I går laga eg ein stor deig til lussekattar.  Frøkna fekk jobben med å trille ut.  Eg viste henne nokre S-ar slik eg lagar dei når eg masseproduserer, men ho ville trille dei lengre slik at dei vart snurra meir.  Dermed vart hennar finast.  Ho var ikkje gamle jenta før ho fekk seg ein liten del av brøddeigen og nokre rosiner.  Då hadde ho arbeid lenge. For ordens skuld får eg nemne at brørne hennar fekk sjølvsagt same opplæringa.

Eg brukte ikkje noko spesiell oppskrift i går, men deigen var både feit og søt, for å seie det sånn. Ingrediensane er viktige. Eg brukte safran, egg, raud gjær og smør.

Det var vel då barnehagane kom at Luciafeiringa starta i Noreg.  Eg har aldri gått i barnehage slik som systra mi.  Men mamma baka lussekattar på 70-talet med safran.  Eg har alltid likt det godt. På skulen bakar vi sjølvsagt med gurkemeie. Då vert det meir som vanlege kveitebollar.

søndag 12. desember 2010

3. søndag i advent

I dag har vi kosa oss med å bake litt forskjellig.  Det kjem nok meir på bloggen i morgon.

Elles har vi vore i kyrkja og høyrt korpsa spele jula inn.  I år hadde dei slått saman skulekorpsa.  Det var svært vellykka.  Det vart god lyd, og så slapp dei å skifte plassar.  Nokon peika på at det vart samspel, ikkje konkurranse mellom korpsa. Barnekantoriet sang rørande og flott. Det var kollekt ved utgangen.  Ein liten kar får stå for dagens kommentar: "Her må ein betale for å kome ut!"

Fruktkake

Dei siste åra har eg stilt spørsmål ved om ein skal halde fram å bake kaker ein ikkje liker.  Peparkaker til dømes et eg berre viss eg ikkje greier å takke nei.  Perioden då ein bakte småkaker i steikeomnen var ikkje så lang, historisk sett.  Skikken høyrde 1900-talet til, meiner no eg.  No får vi bake det vi liker, og føre vidare dei tradisjonane vi ønskjer.  Denne fruktkaka begynte Besta å bake.  Eg har tipassa den kakeforma mi.

4 dl kveitemjøl
3 dl sukker
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

6 store egg

1 l paraneter
1 kg dadlar eller anna tørka frukt
(Eg brukte 3 pakkar paraneter, 2 pakkar aprikosar og 3 boksar dadlar. Sjå bildet.)
 Bland saman det tørre i ein bolle.
Pisk egga lett saman og bland dei i det tørre.
Bruk sleikjepott.
(Her "juksar" eg og bruker kjøkenmaskina.  Men eg rører minst muleg.)
Ha i frukta og netene.




Steik kaka ved 150 grader i ca 1 time.


Slik ser røra ut når du har ho i forma.  Fruktblandinga ligg litt oppå, men når kaka vert steikt, hevar røra seg og kaka vert som på bildet øvst.


Når kaka er kald, skjer du ho i høvelege stykke t.d. åtte - ni, og pakkar dei i folie.  Kaka har godt av å modne.

Når lyset går opp...

...føler ein seg ikkje særleg lur, berre opplyst ...

No har eg i alle fall forstått kor enkelt det er å lagre MP3-plater på datamaskina og legge dei over på MP3-en på kva måte ein vil.  Det er sjølvsagt enkelt og logisk! Eg vel å ikkje legge over heile boka på ein gong, i tilfelle eg vil høyre på den ei natt eg ikkje får sove.  Elles kjem eg til å ha Knausgård på si.  Eg vil lese ei anna bok samtidig, slik at eg ikkje får overdose og går lei.

lørdag 11. desember 2010

"Knausgårdklubben"

Ja, då ser det ut til at eg og kan melde meg inn i "Knausgårdklubben".  Eg var først i tvil om eg skulle lese desse bøkene.  Dei høyrest sære ut.  Men så skryt både slekt og venner av dei.

Det einaste problemet eg no har, er lagringskapasitet.  Eg får ikkje til å lagre MP3-filer på datamaskina, berre rett på spelaren.  To familiemedlemer har same MP3-spelar som eg.  Min er 2 GB, og dei fekk seg 4 GB.  No har eg gått inn i forhandlingar om å få låne av den eine.  Aukar sjansane då for å få seg I-pod til jul?  Eller kan han/ho vente seg ei gåve frå Knausgårdnissen?

fredag 10. desember 2010

Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager

I dag har vi sett ferdig Kransen i 10A.  Eg ser den saman med elevar for tredje år på rad, og kvar gong ser eg nye sider.  Vi ser den på storskjerm.  I år har eg studert filminga og verkemidla sidan eg har historia friskt i minne.  Veret og naturen er flotte verkemiddel.

Kva er det som gjer at vi vert fascinerte av denne middelalderhisoria i dag?  For min del er det kjærleikshistoria.  Kristin bryt mange barrierer for å få Erlend.  Ho har mange sjansar til å trekke seg som til dømes då Eline dukkar opp.

Historia er spekka med visdomsord.  Her er mykje å filosofere over. Ein kan tolke filmen på mange plan.

Finst den store kjærleiken?  Likar vi å tru at han finst?  Er han noko garanti for at ein vil leve lukkeleg alle sine dagar?  Det siste veit vi som har lese heile trilogien at Kristin ikkje gjorde.  Men ho stod for vala sine.  Den som har drukke opp vinen og ølet, får leve på surmelk resten av livet, meiner eg Åshild sa.

Når Kristin bryt festarmålet med Simon, seier ho til han at han vart heller ikkje spurt. Slik er det for mange også i dag.  Arrangerte ekteskap er vanleg i store delar av verda. Her treng ein ikkje å gå ut av byggjefeltet vårt.  Eg tenkjer også på Prins Charles og Camilla.  Det er bra at  sonen får gifte seg med den han vil ha!

Filmen Kransen er ein flott film.  Ein får eit innblikk i norsk middelalderkultur.  No er filmen 15 år. Liv Ullmann har visst pensjonert seg.  Men burde ikkje ho og dei femten år eldre skodespelarane, som ein slepp å sminke eldre, lage ein storfilm av Husfrue og Korset?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...