... bordet ditt, og eg skal seie deg kven du er? I dag har eg funne fram ein juleduk som eg kjøpte etter jula i fjor på -70% på Kid. Det vil seie, eg kjøpte like godt like dukar til alle borda mine. Serviettane med julesongnotar på, fann eg på Nille til 5 kr pakken. På menyen i dag stod lutefisk i tillegg til restar frå i går.
... julegåvene dine, og eg skal seie deg kven du er? Blogglesarane får ikkje sjå alt eg har fått, berre eit par smakebitar i dag. Eg ser ikkje vekk frå at fleire kjem på bloggen seinare, spesielt slike som krev litt aktivitet. Denne quiz(eg gler meg til det vert lovleg å skrive kviss)-boka inneheld akkurat den type spørsmål og svar som eg synest er interessante.Bok under er eit lite spark til meg. Eg har nok irritert på meg ein del folk med å vere noko påståeleg i spøkelsessaka. Eg har aldri meint å såre nokon, berre "misbedømt" mitt publikum. Ein bør ikkje le av det andre tek alvorleg. Det var sjølvsagt det berømte TV-programmet som utløyste diskusjonen.
Eg reknar med at dei fleste blogglesarane har fått mykje å kose seg med i dag. Her går det i spel, bøker, filmar og musikk.
Den Quiz-boka har eg omtalt på min blogg, men no kjem eg til å nekte å skrive kviss same kor lovlig det blir, for eg har endelig lært meg å skrive ordet rett.
SvarSlettNår det gjeld spøkelse og desslike kjem eg aldri til å tru på dei.Og eg krev retten til å mobbe dei som bit på spøkelseshistoriene på TV-hugsar ikkje kva kanal det er. Mellomalderen er slutt!