Det har etter kvart vorte ein vane, eller tradisjon, at den dagen Øystein hentar juletre, bakar eg krumkaker. I år fann eg ut at eg heller ville lage strull. Det er nesten like lett som å lage krumkaker. Dei vert litt fortare stive, så ein må vere rask når ein formar dei. Litt varmare er dei og.
Oppskrifta er tilpassa eit rømmebeger. Ei ms=15 ml
Strull er som de ser utan egg.
Strull
3 dl seterrømme
6 ms sukker
4 ms kaldt vatn
150 g kveitemjøl
Pisk rømme og sukker til "krem". Ha i kaldt vatn og sikt på mjølet.
Steik i krumkakejern. Form kakene rundt skaftet på ei tresleiv t.d.
Avkjøl på rist.
Eg trur det vert moltekrem og strull til dessert på julaftan i år.
Laga strull i fjor- i tillegg til krumkakene, lova på at det skulle vere siste gong. Dei er mykje, mykje betre på smak enn krumkaker og mykje vanskligare å handtere. Eller er det meg det er noko i vegen med?
SvarSlettDei er nok vanskligare å lage enn krumkakene,enig.
SvarSlettMen ahh, så mykje bedre,mine er laga av kremfløten,mjøl og sukker.Og dyppa i sjokoladen.Må være veldig rask og er ofte brent på fingra :-)
Eg liker rømmesmaken, men ein kan sjølvsagt lage dei av fløyte!
SvarSlett