søndag 19. desember 2010

Strull

Det har etter kvart vorte ein vane, eller tradisjon, at den dagen Øystein hentar juletre, bakar eg krumkaker.  I år fann eg ut at eg heller ville lage strull.  Det er nesten like lett som å lage krumkaker.  Dei vert litt fortare stive, så ein må vere rask når ein formar dei. Litt varmare er dei og.

Oppskrifta er tilpassa eit rømmebeger.  Ei ms=15 ml  
Strull er som de ser utan egg.

Strull
3 dl seterrømme
6 ms sukker

4 ms kaldt vatn
150 g kveitemjøl

Pisk rømme og sukker til "krem".  Ha i kaldt vatn og sikt på mjølet.
Steik i krumkakejern.  Form kakene rundt skaftet på ei tresleiv t.d.
Avkjøl på rist.

Eg trur det vert moltekrem og strull til dessert på julaftan i år.

3 kommentarer:

  1. Laga strull i fjor- i tillegg til krumkakene, lova på at det skulle vere siste gong. Dei er mykje, mykje betre på smak enn krumkaker og mykje vanskligare å handtere. Eller er det meg det er noko i vegen med?

    SvarSlett
  2. Dei er nok vanskligare å lage enn krumkakene,enig.
    Men ahh, så mykje bedre,mine er laga av kremfløten,mjøl og sukker.Og dyppa i sjokoladen.Må være veldig rask og er ofte brent på fingra :-)

    SvarSlett
  3. Eg liker rømmesmaken, men ein kan sjølvsagt lage dei av fløyte!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...