mandag 13. desember 2010

13. desember

 I går laga eg ein stor deig til lussekattar.  Frøkna fekk jobben med å trille ut.  Eg viste henne nokre S-ar slik eg lagar dei når eg masseproduserer, men ho ville trille dei lengre slik at dei vart snurra meir.  Dermed vart hennar finast.  Ho var ikkje gamle jenta før ho fekk seg ein liten del av brøddeigen og nokre rosiner.  Då hadde ho arbeid lenge. For ordens skuld får eg nemne at brørne hennar fekk sjølvsagt same opplæringa.

Eg brukte ikkje noko spesiell oppskrift i går, men deigen var både feit og søt, for å seie det sånn. Ingrediensane er viktige. Eg brukte safran, egg, raud gjær og smør.

Det var vel då barnehagane kom at Luciafeiringa starta i Noreg.  Eg har aldri gått i barnehage slik som systra mi.  Men mamma baka lussekattar på 70-talet med safran.  Eg har alltid likt det godt. På skulen bakar vi sjølvsagt med gurkemeie. Då vert det meir som vanlege kveitebollar.

3 kommentarer:

  1. Eg veit ikkje kva tid det vart vanlig i Norge å feire Lucia. Eg trur vi høyrde om henne i min barndom, men det var aldri noka feiring. Men ei klasseveninne fylte år den dagen, så vi feira i alle fall henne! Ho er 70 år i dag!

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje du bakte lussekattar før vi flytta på Vallabøen?

    SvarSlett
  3. Det er kjekt med Luciafeiring! På jobb med oss er det karane som kler seg ut og så går dei rundt og spelar gitar og syng til alle elevane. Dei har også med seg lussekattar til alle.Kjekk tradisjon! Lukke til med innspurten til jul!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...